| source Universitetet i Bergen (X) |
level |
department Administrasjon og organisasjonsvitskap (X) |
Haust og vår Norsk Haust og vår Det er full poengreduksjon mellom 102-metodeemnet i sosiologi, samanliknande politikk og administrasjon og organisasjonsvitskap. Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i konkrete forskningsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis. Kurset gir ei generell innføring i samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling og analyse av forskjellige typar data. I kurset vert m.a. casestudier, historisk metode, komparativ metode, regresjonsanalyse og diskursanalyse, gjennomgått. Studentar som har gjennomført kurset skal kunne gjere greie for grunnleggjande omgrep innan samfunnsvitskapeleg metode. Dei skal kunne gjere velbegrunna metodeval, og gjere kritiske vurderingar av kjelder og data. Studentane skal kunne gjennomføre kvalitative intervjuer, kvalitative tekstanalyser, tabellanalyse, korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse. Dei skal dessutan ha kjennskap til mellom anna observasjon som metode, komparativ metode, historisk metode og case studiar. Studentane skal vere kjent med etiske problemstillingar i samfunnsvitskapleg forskning. SOS100 Invitasjon til sosiologi, og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar Førelesingar, seminar, kollokvie og laboratoriearbeid i PC-stover. Talet på førelesingstimar: rundt 36 Talet på seminar/kollokvietimar: 20-24 Innlevering av fire øvingsoppgåver, to i kvalitative og to i kvantitative metodar. Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra. Seks timers skriftleg eksamen (09:00-15:00). Tillatte hjelpemiddel på eksamen: Kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: Casio FX-82 Hewlett-Packard HP30 Texas instruments TI-30 Fagleg ansvarleg for MET102 kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. A-F Hanne Gravermoen ( hanne.gravermoen@sos.uib.no )
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page
Haust Norsk Haust og vår For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. Emnet skal gjere studentane kjende med samfunnsfaga si historie og gi ei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkjemåtar. Det skal formidle kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag. Det vert gitt ei innføring i samfunnsvitskapane si framvekst og utvikling fram til i dag, med vekt på klassiske tema og sentrale omgrep i faga. Ulike metodar, omgrep og modellar som samfunnsforskarar nyttar eller forutset i si forsking vert også introdusert. Bruk av teori, modellar, metode og empiri i samfunnsvitskapen blir kasta lys over gjennom eit utval av teoriar om sentrale samfunnsforhold. Emnet vil også ta opp tilhøvet mellom (den/dei) utforska, forskar og samfunn. Gjennom emnet skal studenten ha tileigna seg ei første, grunnleggjande oversikt over sentrale perspektiv, menneskemodellar, grunnomgrep, metodiske innfallsvinklar og problemstillingar som kjenneteiknar samfunnsvitskaplege studiar. Studenten skal vidare ha fått elementær kjennskap til sentrale bidrag til den samfunnsvitskaplege faghistoria. Endeleg skal studenten ha tileigna seg kunnskap om utvalde, sentrale teoriar og hypotesar innan ulike samfunnsvitskaplege disiplinar, og kunne drøfte deira relevans i høve til dagsaktuelle problemstillingar. Førelesingar Talet på førelesingstimar: 20-24 Ei innleveringsoppgåve (ca 2000 ord). Oppgåva må vere godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret. 4 timar skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no

Haust Norsk Haust/Vår For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. Ope emne. Studentane skal gjennom kurset tileigne seg kunnskap om sentrale grunntema i faget. Det vil bli lagt vekt på å få fram: særtrekk ved den historiske utviklinga av ulike perspektiv i faget, i skjeringsfeltet mellom organisasjon/administrasjonsforsking og statsvitskap/offentleg politikk korleis denne analysemåten artar seg på ulike utvalde empiriske og tematiske nedslagsfelt sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon Gjennom introduksjon av sentrale faglege tema skal studentane øvast opp til å bruke organisasjon og organisering som forklaringsfaktor i analyse av forskingsresultat frå empiriske undersøkingar av sektorar i offentleg politikk. Gjennom kurset skal studenten ha tileigna seg grunnleggande kunnskap om norske politiske og administrative institusjonar, og kunne bruke teoriar om politikk og administrasjon til å analysere desse institusjonane. Studenten skal ha fått oversikt over sentrale perspektiv i faget, som ligg i skjeringsfeltet mellom organisasjonsforsking og statsvitskap. Vidare skal studenten ha fått oversikt over sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon. Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse Ingen Førelesingar og seminar. Skriftleg oppgåve. Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing. 4 timar skriftleg eksamen Karakterskala A-F Emne vert evaluert kvart 3. studieår. post@aorg.uib.no

Haust/Vår Norsk Haust/vår Ope emne Den verda vi lever i er gjennomorganisert - vi lever og døyr i meir eller mindre formelle organisasjonar. Å kunne analysere ulike organisasjonsmønstre og -prosessar er grunnleggjande for å kunne forstå korleis avgjerder fattast og korleis vi påverkast og påverkar som enkeltborgarar, konsumentar og som grupper. Innanfor ein statsvitskapleg ramme vert organisering ein viktig forklaringsfaktor for korleis samfunnet styrast og dermed eit viktig studieobjekt. I økonomisk samanheng er organisasjonsutforming viktig for effektivitet og nyskaping og kulturelle og religiøse strømmingar uttrykkjast gjennom organisasjonar. Kurset skal gi oversikt over grunnleggjande omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar og gi innsikt i korleis organisasjonsteoriar kan tene som reiskap for å kunne analysere offentlege så vel som private organisasjonar. Ein skal øvast i å bruke ulike innfallsvinklar til analysane og kunne vise kritisk sans og sjølvstende i val av omgrep og metodar. Emne for kurset vil mellom andre vere følgjande : Korleis fungerer byråkrati og kva er dei samfunnsmessige føresetnadene for byråkratisering? Kva kjenneteiknar ekspertorganisasjonar og organisasjonar som gir rom for entreprenøreigenskapar? Kva slags muligheiter og avgrensingar ligg i organisering i grupper og såkalla team? Korleis skiljar offentleg sektor seg frå privat sektor når det gjeld oppgåver, organisasjonsformer, leiing og ytre arbeidsføresetnader? Korleis kan ulike måtar å organisere på fremje bestemte formål og gruppeinteresser og stenge andre ute? Korleis kan vi forstå den såkalla postmoderne verden med nettverk, virtuelle organisasjonar og sosiale medier i organisasjonsteoretisk samanheng? Kva slags former for leiing kan ein identifisere og korleis samverkar leiingsformer med organisasjonstypar, sektoreigenskapar og eigenskapar ved nasjonale kulturar? Kurset gir ein oversikt over moderne og postmoderne perspektiv på organisasjonar. Cases og dømetilfang blir henta frå ulike samfunnsfelt og arbeidslivsområde. Kurset er organisert ut frå følgjande temainndeling: Del 1: Introduksjon til studiet av organisasjonar, med presentasjon av "klassiske" idear om organisering og ein oversikt over ulike analysemodellar. Del 2: Presentasjon av sentrale organisasjonsteoretiske omgrep og prosessar. Det vert lagt særleg vekt på ulike styrings - og leiingsformer. Del 3: Sentrale problemstillingar og tema i studiet av organisasjonar med vekt på kultur, samfunn og offentleg sektor som kontekst for teori, organisasjonsformer og handling. Studentane skal ha tileigna seg kunnskap om omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar. Dei skal også ha god kunnskap om ulike typar organisasjonar og kunne vite kva slags leiarskap som er mest sannsynleg i kvar av typane. Studentane skal kunne gjere ein elementær klassifisering og analyse av organisasjonar og kunne finna ut av korleis den kulturelle og samfunnsmessige konteksten verkar inn på organisering og leiarskap. Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse AORG100 Førelesningar og seminargrupper Gruppeoppgåve. Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing. Heimeeksamen og skuleeksamen. Heimeeksamen tel 1/3 og skuleeksamen tel 2/3 av endeleg karakter Karakterskala A-F Emne vert evaluert kvart 3. studieår. post@aorg.uib.no

Vår Norsk Vår og haust Ope for studentar med studierett ved UiB Kurset tar utgangspunkt i vestleg politisk tenking i høve til ei kompleks moderne verd der ulike interesser, verdisyn, demokratisyn og rettferdsoppfatningar står imot kvarandre. Er det i ein slik situasjon mogleg å etablere styreformer og avgjerdsprosedyrar som kan aksepterast av folk flest og som ikkje verkar undertrykkjande på nokon? Har politikk noka meining? Kva for konkrete kriterium kan nyttast for å vurdere eksisterande ordningar for kollektiv avgjerdstaking? Korleis kan framveksten av dei eksisterande styringsordningane, og konfliktar knytt til denne framveksten, bli forstått og forklart? Kurset gir ein introduksjon til omgrep og idear innan politisk teori, demokratiteori og politisk analyse, og svarer til innføring i politiske teori innan statsvitskaplege fag. Særleg vil moderne demokratiproblem bli vektlagt og studentane skal setjast i stand til å kritisere og analysere ulike styreformer, inkludert vår eiga. Målet er å kritisk kunne analysere ut frå ulike teoretiske og normative posisjonar. Studentane skal kunne bruke dette i arbeidet med praktiske samfunnsvitskaplege problemstillingar, dels for å kunne formulere interessante problemstillingar, dels for å forstå grunngjevinga, og for å vere i stand til å stille seg kritisk til eksisterande politiske prosessar og strukturar. Studenten skal ha fått oversikt over den grunnleggjande oppbygginga av liberale demokrati, samanhengande logikk og grunngjeving knytt til det politiske system, den utøvande makt, rettsstaten, det sivile samfunn, den offentlege sfære, velferdsstaten og marknaden (og korleis dette vert gjenspeila i den norske, den amerikanske (USA) og den europeiske (EU) politiske orden). Vidare skal studenten ha fått innsikt i sentrale omgrep knytt til det normative grunnlag for det liberale demokrati og kritikk av dette. Studenten skal ha fått ei kritisk haldning til situasjonar der ulike instrumentelle, moralske og etiske ønskjer eller oppfatningar står mot kvarandre. Det gir også betre grunnlag for å forstå og analysere institusjonelle strukturar og aktuelle politiske prosessar i eit demokrati. Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse. AORG100 Førelesingar og seminar. Obligatorisk arbeidskrav i form av ei oppgåve som må vere godkjent før eksamen kan avleggast. Arbeidet med oppgåva vert organisert i seminargrupper. Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing. 4 timar skriftleg eksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår. post@aorg.uib.no

Vår Norsk Vår og haust Full faglig overlapp og fullstendig poengreduksjon i forhold til AORG106 Ope for studentar med studierett ved UiB Sentralt i emnet står spørsmål om korleis politikk påverkar fordelinga av godar/byrdar, og korleis det politiske system verkar selektivt på produksjonsformer, på politisk deltaking og på forholdet til minoritetar internt og til andre land og multilaterale organisasjonar. Merksemda vil bli lagt på statar i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Føremålet med emnet er å gi ei innføring i politikk og forvaltning i ulike kulturar, med særleg vekt på statar i sør. Fokus blir retta mot samanhenger mellom politikk og samfunn, utforminga av og innhaldet i offentlege tiltak. Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om korleis politikk og forvaltning artar seg ulikt i ulike kulturar. Studenten skal ha innsikt i korleis samanhengen mellom politikk og samfunn verkar inn på fordelinga av gode og byrder i samfunnet og innhaldet i offentlege tiltak. Studenten skal ha forståing for korleis det politiske systemet i eit utviklingsland verkar selektivt på politisk deltaking og produksjonsformer og korleis det politiske systemet verkar inn på forholdet til andre land og organisasjonar. Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse AORG100 Førelesingar og seminar Ingen 1 veke heimeeksamen (ca. 15 sider) Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår. post@aorg.uib.no

Vår Norsk Vår og haust Fagleg overlapp og 10 studiepoeng poengreduksjon i forhold til AORG105 Ope for studentar med studierett ved UiB Sentralt i emnet står spørsmål om korleis politikk påverkar fordelinga av godar/byrdar, og korleis det politiske system verkar selektivt på produksjonsformer, på politisk deltaking og på forholdet til minoritetar internt og til andre land og multilaterale organisasjonar. Merksemda vil bli lagt på statar i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Føremålet med emnet er å gi ei innføring i politikk og forvaltning i ulike kulturar, med særleg vekt på statar i sør. Fokus blir retta mot samanhenger mellom politikk og samfunn, utforminga av og innhaldet i offentlege tiltak. Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om korleis politikk og forvaltning artar seg ulikt i ulike kulturar. Studenten skal ha innsikt i korleis samanhengen mellom politikk og samfunn verkar inn på fordelinga av gode og byrder i samfunnet og innhaldet i offentlege tiltak. Studenten skal ha forståing for korleis det politiske systemet i eit utviklingsland verkar selektivt på politisk deltaking og produksjonsformer og korleis det politiske systemet verkar inn på forholdet til andre land og organisasjonar. Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse AORG100 Førelesingar og seminar Ingen 1 veke heimeeksamen (ca. 10 sider) Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår. post@aorg.uib.no

Vår og haust Norsk Vår og haust Emnet skal formidle meir inngåande kjennskap til forsking innan utvalte hovudtema i studiet av forholdet mellom politikk og organisasjon. Undervisninga skal gje innsikt i forsking, funn og tolkingar i studiet av politisk styring, makt og demokrati, og styrke di evne til å nærma deg problemstillingar omkring desse tema på ein sjølvstendig og kritisk måte. Emnet skal gi deg eit betre fagleg grunnlag for fordjuping og spesialisering, mellom anna for arbeidet med bacheloroppgåva. Sentralt i emnet står forholdet mellom politikk og organisasjon slik dette artar seg på ulike styringsnivå: på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå og i relasjonar mellom dei ulike nivåa. Det vert fokusert på ulike organisasjons- og reguleringsformer, dei kunnskapsmessige føresetnader som politisk styring er tufta på og konsekvensar av desse. Studenten skal ha fått innsikt i politiske institusjonar, politisk styring og regulering og i ulike former for politisk organisering. Studenten skal ha utvikla forståing for nye former for politisk makt, organisering og styring i ulike samfunn og oversikt over nyare forsking, tenkjemåtar og debatter i studiet av politikk. Studenten skal kjenne til teoriar om læring og innovasjon i offentleg og privat verksemd. Studenten har gjennom obligatorisk essay fått øving i å bruke den teoretiske kunnskapen til drøfting og analyse av ulike former for politisk styring og organisering. Ingen AORG101, MET102, AORG104 og AORG103 / AORG105 Førelesning og seminar Godkjend obligatorisk 5-siders individuelt essay. Godkjend arbeidskrav har inga tidsavgrensing. 4-timar skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår post@aorg.uib.no

Vår og haust Norsk Vår og haust Ingen Emnet skal formidle meir inngåande kjennskap til forsking innan utvalte sentrale hovudtema i organisasjons- og institusjonsteori med fokus på analyse av organisasjon og tiltak i ulike sektorar i samfunnet. Emnet skal ytterlegare styrkje dine evner til å leggja ulike teoretiske perspektiv, samt fremje sjølvstendig tenking å andsynes organisasjonsproblem og organisasjonsløysingar. Emnet skal gi deg eit betre fagleg grunnlag for fordjuping og spesialisering, mellom anna for arbeidet med bacheloroppgåva. Emnet skal kaste lys over nyare organisasjonstenking, og korleis denne har nedfelt seg i ulike organisasjonsformer og organisasjonsmåtar. Undervisninga er basert på ein kombinasjon av sentrale artiklar og empirisk orienterte studiar. Emnet byggjer på AORG101 Organisasjonsteori og etablerar nye kategoriseringar og nye måtar å forstå organisatoriske strukturer og prosessar på. Studenten skal ha tileigna seg ein oversikt over forsking innanfor utvalde sentrale hovudtema i organisasjons- og institusjonsteori med fokus på analyse av organisasjon og tiltak i ulike sektorar i samfunnet. Vidare skal studenten ha styrka sine evner til å sjå ulike teoretiske perspektiv, samt sine evner til sjølvstendig tenking om organisasjonsproblem og organisasjonsløysingar. Studenten har gjennom obligatorisk essay fått øving i å bruke den teoretiske kunnskapen til drøfting og analyse av utvalde tema innan organisasjons- og institusjonsteori. Ingen AORG101 Førelesingar og seminar Godkjend obligatorisk 5-siders individuelt essay. Godkjend arbeidskrav har inga tidsavgrensing. 4-timers skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår. Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap post@aorg.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page
Vår og haust Norsk Vår og haust 10 studiepoeng mot AORG202 Målet med bacheloroppgåva er å gi deg ei forståing av korleis teoretiske perspektiv og empirisk materiale knytast saman i eit forskingsarbeid, og å gi deg trening i å utarbeide eit sjølvstendig skriftleg arbeid under rettleiing. Bacheloroppgåvekurset er innhaldsmessig fokusert kring sentrale aspekt ved oppgåveskriving: Formelle krav: Korleis ser ei bacheloroppgåve ut? Kva formelle krav vert stilt? Problemstillingar knytt til sjølve skriveprosessen. Korleis går ein fram for å skrive oppgåva? Kurset skal munne ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid. Oppgåvetema og problemstilling for bacheloroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematiske fordjupingsemna på 200-nivå som det til ei kvar tid vert undervist i ved instituttet. Dersom studenten ikkje føljer slik undervisning så kan det etter søknad bli opna for unntak, men då i samråd med instituttet. Gjennom bacheloroppgåva skal studenten, med utgangspunkt i relevant litteratur på faget, ha fått øving i å gjennomføre eit vitskapleg resonnement og strukturere eit forskingsarbeid innafor ramma av ein vitskapleg sjanger. Studenten skal vere i stand til å formulere ei klar og avgrensa fagleg problemstilling, klargjere sentrale omgrep og gjere greie for teoretiske grunnlag og empirisk kunnskap på ein sjølvstendig og reflektert måte. Studenten skal kunne argumentere og nytte eit materiale og trekkje rimelege konklusjonar i forhold til problemstillinga på grunnlag av den teori, metode og det datagrunnlaget som er valt. Ingen AORG101, MET102, AORG104 og AORG103 / AORG105 Seminar Studentane skal leggja fram eit skriftleg utkast til bacheloroppgåve og kommentera eit tilsvarande utkast frå ein medstudent på rettleiingsseminaret Innlevering av bacheloroppgåve. (ca. 20 sider 12. punkt 1,5 linjeavstand.) Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår. Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap post@aorg.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page
Vår og haust Vår: Norsk Haust: Norsk og engelsk Føremålet med emnet er å hjelpe deg til å forstå og analysere forholdet mellom organisasjon og offentleg politikk på ein sjølvstendig og kritisk måte. Utvalte teoritradisjonar og diskursar i kvar av desse områda er sentrale, men hovudvekta ligg på den forskingstradisjonen som studerer relasjonar mellom dei. Emnet skal formidle empirisk basert kunnskap om maktforhold i og mellom organisasjonar i ulike sektorar av samfunnet. Emnet er bygd opp omkring tre sentrale sider ved faget: Faget sin historie, sentrale tema, teoriforankring og klassiske bidrag, Organisasjonsteorien sin historiske utvikling og institusjonalisering av ulike skuleretningar og sentrale relaterte diskursar, Ulike analysetradisjonar og tilnærmingar til studiet av offentleg politikk, makt og organisasjon. Studentane skal ha tileigna seg ein oversikt over nyare forsking innan organisasjonsteori og offentleg politikk og korleis desse felta kan kombinerast. Vidare skal dei ha utvikla eit sjølvstendig og kritisk forhold til kurslitteraturen gjennom eit undervisningsopplegg som kombinerer førelesingar og seminarformatet som medfører skriving, presentasjon og diskusjon av essays. Læringsutbyttet her er studenten si evne til å drøfte og nytte emnet sitt innhald ved eksamen og arbeidet med masteroppgåva. Ingen AORG101, AORG104, AORG103/AORG105, AORG209/AORG210 Seminar og førelesingar Presentasjon av eit kortare essay om eit pensumrelatert tema. I tillegg skal du minst ein gong kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Skuleeksamen og heimeeksamen (½ + ½) Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår. studieveileder@aorg.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page
Vår og haust Vår: Norsk Haust: Norsk og engelsk Vår og haust AORG307B - 15 studiepoeng og AORG307A - 10 studiepoeng. Føremålet med emnet er å ta opp grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget til diskusjon, fremje innsikt i teoretiske problemstillingar, trene deg i å sjå samanhengen mellom teori og data og å gjere deg i stand til sjølv å kunne utvikle slike samanhengar. Emnet byggjer på kunnskap om ulike metodiske tilnærmingar og teknikkar tilsvarande det som vert undervist i på MET102 Samfunnsvitskapleg metode. Emnet gir ein vidaregåande framstilling av samanhengen mellom teori og empiri i utvalte områdar. Gjennom eksamensessayet vil du sjølv kunne få høve til å sameine eit forskingsproblem med eit metodisk adekvat forskingsopplegg. Studentane skal ha tileigna seg dei grunnleggjande metodiske prinsipp som ligg til grunn for vitskapeleg tekstproduksjon innan faget. Dei skal vere i stand til å formulere eit forskingsopplegg, analysere og kritisk utlegge forholdet mellom forskingsspørsmål, data, omgrep og teori. Dei skal vidare vere i stand til å påvise argumentasjonsstrukturen i ein vitskapeleg tekst og evaluere den. Dessutan skal studentane kunne skilja mellom ulike typar forklaringar og fortolkingar. Dette medfører at dei skal vere fortrulege med relevansen av positivistiske, hermeneutiske og diskursive forskingstilnærmingar og deira relevans i studiar av organisasjon og politikk med omsyn til å fundere eit vitskapeleg opplegg. MET102, eller tilsvarande metodekunnskapar godkjend av instituttet. AORG101, AORG104, AORG103/AORG105, AORG209/AORG210 Seminar og førelesingar Presentasjon av utkast til eksamensessay. I tillegg skal du minst ein gong kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student 20 sider essay og munnleg eksamen (2/3 + 1/3) Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår. Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap studieveileder@aorg.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page
Vår og haust Vår: Norsk og engelsk Haust: Norsk Siktemålet med dette emnet er å gi deg innsikt i og praktisk røynsle med utforming av forskingsdesign med vekt på samanhengen mellom problemstilling, teoretiske perspektiv, metodisk tilnærming og datagrunnlag. Emnet skal gi deg praktisk øving i å skrive eit forskingsdesign: formulere forskingsproblem, trekkje inn relevant teori og gjennomgang av litteratur, identifisere relevante datakjelder og datainnsamlingsmetodar, diskutere vilkår for generalisering. Studenten har gjennom emnet lært å utvikle eit sjølvstendig forskingsdesign som dannar grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva. Dette inkluderer øving i å formulere forskingsproblem, trekkje inn og nytte relevant teori og gjennomgang av litteratur. Studenten skal dermed ha styrka evne til å identifisere relevante datakjelder og metodar for datainnsamling. Han/ho har utvikla evne til kritisk vurdering av kjelder, akademisk argumentasjon og bruk av referansar. Ingen AORG320 Organisasjon og politikk og AORG321 Metode Seminar og førelesingar. Godkjent utkast til paper og oppmøte på skriveverkstad Innlevering av ca 15 siders paper Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår. Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap studieveileder@aorg.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page
Vår og haust Vår: Norsk og engelsk Haust: Norsk AORG308B 15 studiepoeng, AORG308A 10 studiepoeng og AORG309 10 studiepoeng. Emnet skal gi studentane ei substansiell innsikt i kunnskapsstatusen i det forskingsfeltet som dei har valt for si masteroppgåve. Emnet tek sikte på å gi eit godt startgrunnlag for arbeidet med ei mastergradoppgåve gjennom kritisk analyse og diskusjon av sentral litteratur innafor det forskingsfeltet studenten har valt. Følgjande spørsmål er sentrale: Kva for studiar pregar feltet? Kva for teoriar, metodar og datakjelder vert nytta og korleis vert funn tolka? På denne bakgrunn skal studentane bli i stand til å posisjonere og argumentere for relevansen til sine eigne studiar i ein større samanheng. Studentane skal i tillegg velje ut eit pensum på ca 1000 sider som skal godkjennast av rettleiar. Gjennom arbeidet skal studenten ha fått eit teoretisk grunnlag for arbeidet med masteroppgåva. Studenten skal ha fått kjennskap til sentral litteratur innanfor det valte forskingsfeltet. Han/ho skal ha fått oversikt over relevante teoretiske bidrag som pregar feltet og korleis funn vert tolka. På denne bakgrunn skal studenten vere i stand til å posisjonere og argumentere for relevansen til masteroppgåva si i ein større samanheng. AORG320 Organisasjon og politikk og AORG321 Metode Seminar og førelesingar. Godkjent utkast til paper og oppmøte på skriveverkstad Innlevering av ca 15 siders paper Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår. Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap studieveileder@aorg.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page
Vår og haust Vår og haust I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling. Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for administrasjon og organisasjonsvitskap. Oppgåvetema og problemstilling for masteroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematisk organiserte forskargruppene som til ei kvar tid strukturerer forskings- og seminarverksemda ved instituttet. Det vert forventa at du følgjer forskingsseminaret som forskargruppa organiserer i arbeidet med masteroppgåva. Du pliktar å følje eit av forskarseminara som di forskargruppe organiserar. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten ha lært seg heile prosessen for eit forskingsprosjekt. Studenten har tatt sjølvstendige val av tema, problemstilling og hypotesar, og oppøvd evne til å velge relevant teoretisk og metodisk tilnærming. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten ha utvikla ei kritisk haldning til bruk av kjelder og informasjon, og opparbeidd evne til sjølvstendig analyse og tolking. Studenten skal også ha lært seg god akademisk skrivemåte, argumentasjon og bruk av referansar. AORG320 Organisasjon og politikk, AORG321 Metodelære, AORG322 Forskningsdesign og AORG323 Forskningsfelt Deltaking på forskargrupper og individuell rettleiing. Presentasjon av utkast til eksamensessay. I tillegg skal studentane minst ein gong kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Eksamenssemester: Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester og det er følgjande faste fristar for vår- og haustsemesteret: 1. juni og 1. desember. Innlevering av masteroppgåva på anna tidspunkt må skje etter individuell søknad Eksamensform: Innlevering av masteroppgåve. Masteroppgåva skal leverast elektronisk på emnet si heimeside på studentportalen. Innlogging over Mi Side. Karakterskala A-F Emnet vert evaluert kvart 3. studieår. Studierettleiar ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. studieveileder@aorg.uib.no / Telefon: 55 58 21 78/75
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page
English In writing the thesis you are required to pursue independent scientific work and presentation. The Master's Thesis shall explore a topic/issue which is relevant to Administration and Organizational Science. It is required that the topic and research problem of the Master's Thesis takes its point of departure from the research agenda of the research groups which structures the research activities of the institute. It is also required that You follow the research seminar organized by Your research group as an integral part of your work with your master´s thesis. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten ha lært seg heile prosessen for eit forskingsprosjekt. Studenten har tatt sjølvstendige val av tema, problemstilling og hypotesar, og oppøvd evne til å velge relevant teoretisk og metodisk tilnærming. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten ha utvikla ei kritisk haldning til bruk av kjelder og informasjon, og opparbeidd evne til sjølvstendig analyse og tolking. Studenten skal også ha lært seg god akademisk skrivemåte, argumentasjon og bruk av referansar. Fulfilment of general admission requirements for the Master of Philosophy in Public Administration Programme Individual and collective supervision and dissertation seminars The Master's Thesis shall be submitted in the fourth semester and the fixed date is June 1. in the spring semester. Submitting on a different date may be granted based on individual application. The thesis shall be submitted in 5 copies (4 copies to the Department and 1 copy to the Faculty of Social Sciences).
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page
Haust Norsk Nei Tilbodet er kome i stand gjennom eit samarbeid mellom LO Stat/Norsk Tjenestemannslag og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Studietilbodet skal gi grunnleggande kompetanse innanfor det statsvitskaplege studiet av forvaltningspolitikk, men skal også vere ein møtestad mellom arbeidslivet og universitetet. Studentane sine erfaringar frå eige arbeid i organisasjon og verksemd vert kombinert med allmenn og teoretisk vidareføring på sentrale problemområde. Målgruppe: Studiet er primært retta mot tilsette og tillitsvalde i arbeidslivet. Emnet skal medverke til å kartlegge og analysere forvaltningspolitikken og dei aktuelle organisasjonsformene i sentraladministrasjonen. Det vil verte diskutert kva som meinest med forvaltningspolitikk og vilkår for å drive ein aktiv forvaltningspolitikk. Ulike perspektiv på reform og endring vert gjennomgåtte. Siktemålet er å auke kunnskapsgrunnlaget om alternative organisasjonsformer i staten, om effektane av administrative reformer og om korleis ulike organisasjonsformer vert til og endrar seg. Eit sentralt tema er spenningsforholdet mellom aktiv folkevald styring, administrativ kontroll og tilsettes medbestemming. Tilpassing til internasjonale forvaltningspolitiske doktrinar, slik dei m.a. kjem til uttrykk gjennom 'New Public Management', og til etablert forvaltningstradisjon og kultur vert også tatt opp. Det vert fokusert særleg på statsbudsjettet som case. Studiet er lagt til rette for lærande med og utan allmenn studiekompetanse. Det vil seie at også studentar utan vidaregåande skule eller tilsvarande kan søke om opptak. Studentane vert tatt opp på grunnlag av forkunnskapar og erfaring frå arbeidslivet som vert rekna som nødvendige/relevante for å nyttiggjere seg studietilbodet. Det vert innvilga avgrensa studierett. Dette inneber at retten til å studere ved universitetet er knytt opp mot dette studietilbodet. Samlingar Obligatorisk kursoppgåve. Eksamenssemester: Haust Eksamensform: 5 timar skriftleg skuleeksamens Universitetslektor Dag Runar Jacobsen Faglig ansvarlig: Professor Paul G. Roness