Searching the World's top universities for courses with:

source
Universitetet i Bergen (X)
level
department
Arabisk (X)
true *,score on 1 0 department:"Arabisk" source:"Universitetet i Bergen" AND 2.2 25
Total results: 8

Universitetet i Bergen - Innføring i moderne standard arabisk

Vår Norsk Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. Dette er eit tilbod til studentar som treng intensiv grunnopplæring i moderne skriftleg standardarabisk. Studentane skal skaffa seg hovudlinene i moderne arabisk grammatikk ved bruk av norske termar og omgrepsapparat til grammatisk analyse. Studentane skal læra arabisk uttale, oppnå ein viss lese- og skrivedugleik, og kunne føra ein enkel samtale på språket. Målet er at ordforrådet studentane skal skaffa seg vil være på om lag 400 ord. Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk. Etter fullført emne blir det venta at studentane skal kunne syna at dei har rimeleg til god kjennskap til dei grunnleggjande elementa nemnte under "Mål og innhald" ovanfor. Prinsipielt skal dei på grunnlag av emnet kunne halda fram med studiet av språket i eit arabisktalande land. Ingen Det blir tilrådd at studentar som ønskjer ARA101 som del av bachelorgraden sin, særleg dei som har lita røynsle med framandspråk, tek ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon. Arbeid med det arabiske alfabetet før semesterstart kan være til stor hjelp. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Innføringsemnet i arabisk er eit heiltidsstudium som omfattar minst 12 kontakttimar i veka i 14 veker med aktiv undervisning. To prøveeksamenar på 3 timar er også inkluderte i opplegget. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 174. Emnet tel tre komponentar som kvar har 4 timar undervisning i veka. Komponent 1 inneheld førelesingar i moderne arabisk grammatikk. Komponent 2 inneheld førelesingar med ulike skriftlege øvingar i omsetjing frå norsk eller engelsk til arabisk og andre grammatiske oppgåver. Komponent 3 inneheld førelesingar og/eller seminar i tekstgjennomgåing og ulike munnlege øvingar, inkludert høgtlesing, svar på spørsmål og enkel samtale i gitte tema. Dei tre komponentane blir gitt tilnærma lik vekt gjennom studiet. Det blir dessutan gitt to friviljuge prøveeksamenar som studentane kan få retta i løpet av semesteret. Dato og tid blir kunngjorde ved semesterstart. Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Vurderingsforma er todelt og er samansett av: 1. Ei skriftleg prøve på åtte timar som omfattar a) omsetjing til norsk eller engelsk av tekstar frå språk- og tekstpensum, samt eventuelle mindre oppgåver knytte til tekstane, på om lag 80 ord, b) omsetjing til arabisk av einskilde setningar og fraser, eller ein tekst på til saman om lag 50 ord, c) grammatisk analyse av understreka ord eller uttrykk frå pensumtekstane (om lag 10 ord), d) nokre andre grammatiske oppgåver, e) fullstendig vokalisering av stutte tekstutdrag frå tekstpensum (om lag 40 ord). Del a) og b) tel 25% kvar og resten til saman 50%. Grammatikkdelen må være greidd for at eksamen skal være greidd. 2. Ei munnleg prøve (om lag 20 minutt) som består av a) opplesing og omsetjing av ein kort tekst frå pensum (anten med full vokalisering eller i samsvar med reglane for utelating av kortvokalar ved pause), og dessutan svar på grammatiske og andre spørsmål i samband med teksten, b) enkel samtale på moderne standardarabisk om tema frå tekstpensumet. Den munnlege prøven justerer den skriftlege karakteren, og maksimal endring er éin bokstav. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 13.219861 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Klassiske og moderne arabiske tekstar

Vår Norsk og/eller engelsk ARA202 (100 %) Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. ARA201 konsentrerer seg om lesing og forståing av skjønnlitteratur og fagprosa som er skrive på klassisk og moderne standardarabisk. Kurset rettar seg mot å fremja innsyn i skilnadene mellom klassisk arabisk (frå 600-talet til 1900-talet) og moderne standardarabisk (etter 1900-talet). Samstundes er målet å utbetra og utvikla vidare studentane sin kunnskap i arabisk. Emnet utgjer ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk. Kurset tek sikte på å betra den lesedugleiken som studentane har skaffa seg i ARA103, og skal utvida ordforrådet monaleg. Gjennom emnet skal studentane utvikla sin kunnskap i arabisk språk generelt ved å styrka forståinga av struktur, grammatikk og semantikk. Som språkretta kurs skal emnet gi dugleik i arabisk, då dette er grunnleggjande for å halda fram med mastergrad. Ingen ARA103 eller tilsvarande. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Emnet inneheld førelesingar med tekstanalysar av klassiske tekstar (om lag 4 timar i veka i 14 veker) og moderne tekstar (om lag 6 timar i veka i 14 veker). Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Vurderingsforma er todelt og er samansett av: 1. Ei skriftleg prøve på seks timar som omfattar tekstar frå skriftspråkpensum og ein ukjend tekst som skal omsetjast til norsk eller engelsk, vidare ein del grammatiske og stilistiske spørsmål, og dessutan fullstendig vokalisering eller transkripsjon av nokre oppgitte liner. Grammatikkdelen må være greidd for at eksamen skal være greidd. Tillatte hjelpemiddel: Inntil tre ordbøker, men ikkje arabiske ordbøker som er ordna alfabetisk. 2. Ei munnleg prøve (om lag 30 minutt) som inneheld a) opplesing og omsetjing av ein stutt tekst frå pensum, og svar på språklege spørsmål i tilknyting til teksten, b) samtale på arabisk (standard eller dialekt). Den munnlege prøven justerer den skriftlege karakteren, og maksimal endring er éin bokstav. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema. studierettleiar@if.uib.no Bergen
Score: 13.219861 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Seminar i Midtaustens språk og kultur

Vår, haust, når ressursane tillèt det. Norsk og/eller engelsk Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. Seminaret kan ha vekslande innhald (språk, språkvitskap, litteratur, kultur og liknande), og blir berre halde når ressursane tillèt det. Tal på kontakttimar vil variera i høve til kva tema som blir presentert, kor mange studentar det blir, med meir. Emnet er ikkje ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk, men kan, med godkjenning frå instituttet, koma i staden for ARA105. Seminaret har som mål å gi studentane eit variert tilbod og faget ein variert profil når ressursar og talet på tilsette tillèt det. Emnet kan være særskilt nyttig for studentar som startar med arabisk allereie i sitt andre semester ved UiB og ønskjer å halda fram med arabiskstudium etter at dei har fylt krava til spesialisering. Ingen Forventa forkunnskapar varierer etter kva tema som blir presentert. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. innehalda førelesingar 6 timar i veka i 14 veker. Det blir kravd at studentane har 75% prosent oppmøte til undervisninga for å kunne avleggja eksamen. Vurderingsforma er todelt og er samansett av: 1. Ei skriftleg prøve på 6 timar. 2. Ei justerande munnleg prøve (om lag 30 minutt) som maksimalt kan endra den skriftlege karakteren éin bokstav. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 13.219861 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Arabisk språk og samfunn

Vår Norsk og/eller engelsk ARA104 (100 %) Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. ARA252 er eit vidaregåande kurs i arabisk med eit sjølvstendig skriftleg arbeid som vurderingsform. Målsetjinga er at studentane skal få ei innføring i forskarutdanningsmetodologi i arabisk på 200-nivå, samt eit breiare spekter over språkvitskaplege spørsmål om språket. Kurset kan skiftast ut, etter søknad, med ARA254. Tema for oppgåva blir gitt av fagmiljøet. Kurset tek sikte på å gi studentane ei utdjupa røynsle, både praktisk og teoretisk, av den aktuelle språksituasjonen i den arabisktalande verda. Dei skal skaffa seg kompetanse i å transkribera arabisk samt arbeida sjølvstendig med kjeldemateriale for å skriva ei godt strukturert og samansett oppgåve. Ingen ARA103 og ARA105 eller tilsvarande. For å kunne gjennomføre dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Emnet inneheld: a) 4 timar førelesingar i veka i 7 veker. Førelesingane vil dekkja skrivetekniske og fagspesifikke spørsmål (til dømes dataressursar og transkripsjon), samt emne som er direkte relevante til skriving av oppgåva. Dette kan til dømes være utviklinga av klassisk og moderne standardarabisk og dei noverande dialektane, diglossi, skilnader i skriftleg og tala standardarabisk, døme på dei mest avgjerande skilnadene på standardarabisk og ei eller fleire dialektar, ei innføring i ein arabisk dialekt, språkpolitikk i arabisktalande land, tilpassinga av standardspråket til moderne behov og språksituasjonen generelt i Midtausten. b) Gruppe- og/eller individuell rettleiing i samband med det sjølvstendige arbeidet. Dei siste sju vekene av semesteret blir vigde til ferdigskriving av oppgåva. Kvar student har rett på fire timar med rettleiing. Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få avleggja eksamen. Vurderinga inneheld ei rettleidd oppgåve på om lag 15 sider. Oppgåver blir gitte av faglærar med eit tema innanfor område i emneomtalen. Dei obligatoriske aktivitetane nemnde under Obligatoriske arbeidskrav må være greidde for at ein skal kunne levera den rettleidde oppgåva til vurdering i undervisningsfritt semester. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 13.219861 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Semesteroppgåve i arabisk

Vår, haust, når ressursar tillèt det. Norsk og/eller engelsk ARA204 (100 %) Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. På ARA254 skal ein skriva ei rettleidd oppgåve av språkvitskapleg eller kulturvitskapleg art med tema godkjent av rettleiar. Emnet er ikkje ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk, men kan, med godkjenning frå instituttet, koma i staden for ARA252. Oppgåva skal visa at studenten er i stand til å gjera greie for språkvitskaplege (fonetikk, morfologi og/eller syntaks) eller kulturvitskaplege (litteratur eller islamvitskap) spørsmål i arabisktalande land i dag. Ingen Forventa forkunnskapar varierer etter kva tema som blir valt. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Oppgåvetema blir gitt av fagmiljøet. Kvar student har rett til 4 timar med rettleiing. Normalt vil det òg bli gitt 4-6 timar med førelesingar i veka i 14 veker. I undervisningsveke sju skal studentane ha levert og fått godkjent ein detaljert skisse eller utkast til den rettleidde oppgåva. I tillegg er det obligatorisk å møta til ein rettleiingstime. Dei obligatoriske krava må være godkjente for at ein skal kunne levera oppgåva til vurdering. Ei rettleidd oppgåve på om lag 20 sider. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 13.219861 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Arabisk: Metodologi I

Vår, haust Norsk og/eller engelsk Emnet er ope for alle masterstudentar i arabisk ved UiB. Innhaldet vil variera etter kva forskingsinteresser studenten har. Det kan skiftast ut med fellesopplegg ved Det humanistiske fakultetet og andre fakultet, eller med kurs ved andre institutt eller institusjonar. Emnet kan også skiftast ut med ARA203 eller ARA254 om desse emna ikkje går inn i ein lågare grad. Opplegget skal utdjupa dei vitskapsteoretiske og fagspesifikke kunnskapane som studentane vil trenga i dei forskingsområda dei har valt å fordjupa seg i. Emnet skal gi dugleik for å skrive masteroppgåva i dei tema studentane har valt. Bachelorgrad med spesialisering i arabisk. ARA301 og ARA302. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Kvar student har rett til 4 timar med rettleiing. I undervisningsveke sju skal studentane ha levert og fått godkjent eit detaljert utkast til pensumlista. Obligatoriske arbeidskrav må være godkjente for å utlevert heimeeksamen. Eksamen består av ein 7-dagars heimeeksamen med eit omfang på 10 sider, der oppgåva skal spegla relevansen av det utvalte materialet for forskingsintensjonane til studenten. Eksamen arrangerast kvart semester, slik at studentane får høve til å være eit heilt år i eit arabisktalande land . Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er eit elektronisk, anonymt skjema. studieveilder@if.uib.no Bergen
Score: 13.219861 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Arabisk: Metodologi II

Vår, haust Norsk og/eller engelsk Emnet er ope for alle masterstudentar i arabisk ved UiB. Innhaldet vil variera etter kva forskingsinteresser studenten har. Det kan skiftast ut med fellesopplegg ved Det humanistiske fakultetet og andre fakultet, eller med kurs ved andre institutt eller institusjonar. Emnet kan også skiftast ut med ARA203 eller ARA254 om desse emna ikkje går inn i ein lågare grad. Sperre: Tema for oppgåva kan ikkje være det same som i ARA303. Opplegget skal utdjupa dei vitskapsteoretiske og fagspesifikke kunnskapane som studentane vil trenga i dei forskingsområda dei har valt å fordjupa seg i. Emnet skal gi dugleik for å skriva masteroppgåva i dei tema studentane har valt. Bachelorgrad med spesialisering i arabisk. ARA301 og ARA302. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Kvar student har rett til 4 timar med rettleiing. I undervisningsveke sju skal studentane ha levert og fått godkjent eit detaljert utkast til pensumlista. Obligatoriske arbeidskrav må være godkjente for å utlevert heimeeksamen. Eksamen består av ein 7-dagars heimeeksamen med eit omfang på 10 sider, der oppgåva skal spegla relevansen av det utvalde materialet for forskingsintensjonane til studenten. Eksamen arrangerast kvart semester, slik at studentane får høve til å være eit heilt år i eit arabisktalande land . Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er eit elektronisk, anonymt skjema. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 13.219861 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Arabisk mastergradsoppgåve

Vår og haust Norsk og/eller engelsk Emnet er ope for alle masterstudentar i arabisk ved UiB. Masteroppgåva skal være ei vitskapleg gransking av eit tema som studenten vél i samråd med rettleiaren eller rettleiarane. Innhaldet vil variera etter kva forskingsinteresser studenten har. Tema veljast fritt innanfor området arabisk språk og kultur. Tema kan også være av tverrfagleg art. Ved fullført mastergrad skal kandidaten ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område ha grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen kunna arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar kunna setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet kunna skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget kunna gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer kjenna normene for akademisk skriving kunna bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet sjølvstendig kunna halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering kunna uttrykkja på arabisk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde kjenna til relevante kommunikative sjangrar kunna ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet Bachelorgrad med spesialisering i arabisk. ARA301, ARA302, ARA303 og ARA304, eller tilsvarande. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk eller engelsk. Det blir gitt 30 timar rettleiing. Ingen Vurderingsforma er todelt og er samansett av: 1) Ei masteroppgåve på 70-110 sider med lineavstand 1,5, når ikkje tabellar og vedlegg er medrekna. Oppgåva blir skriven på norsk eller engelsk. 2) Ei munnleg prøve som kan justera karakteren på masteroppgåva med ein bokstavkarakter. Under den munnlege prøven kan det bli aktuelt med prøving av kunnskapane til kandidaten og av evna til å tala arabisk. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 13.219861 Details | Listing | Web page

1 - 8