Searching the World's top universities for courses with:

source
Universitetet i Bergen (X)
level
department
Det humanistiske fakultet Antikkens kultur (X)
true *,score on 1 0 department:"Det humanistiske fakultet Antikkens kultur" source:"Universitetet i Bergen" AND 2.2 25
Total results: 2

Universitetet i Bergen - Antikkens verd

Vår Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Antikkens verd er eit sams, obligatorisk emne for studieprogrammet i antikkstudiar. Emnet vil gje eit historisk oversyn over den antikke verda, samt ei innføring i sentrale tekstar og monument. Studentane skal tileigne seg eit oversyn over antikken som studieområde. Emnet skal både leggje grunnlag for den faglege spesialiseringa i studieprogrammet og gje generell, grunnleggjande kunnskap. Studentane skal kunne gjere bruk av oppslagsverk og andre informasjonskjelder. Ingen. Engelsk frå vidaregåande skule. Undervising vert gjeve i form av førelesingar. Om lag 46 timer. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. For å kunne gå opp til eksamen, må studentane ha bestått ei obligatorisk oppgåve. Skriftleg prøve på 6 timar. Karakterskala A-F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen
Score: 14.200167 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Antikkens litteratur

Vår Norsk Emnet overlappar heilt med det tidlegare emnet ANT101 og vil ikkje gje utteljing i nye 15 studiepoeng dersom ein allereie har teke eksamen i ANT101. Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet vil gje studentane breiare og djupare kjennskap til gresk og romersk litteratur frå perioden fram til ca. 400 e.Kr. Studentane skal få kunnskap om den antikke litteraturen og om den historiske og sosiale konteksten omkring den. Dei skal og bli kjende med forskingstradisjonane omkring gresk og romersk litteratur, og med problema rundt tekstoverlevering og tekstutgjeving. Gjennom ei øvingsoppgåve skal dei og vise evne til sjølvstendig vurdering av forskingsresultata innan denne tradisjonen. Ingen ANTV101 eller ALLV102. Undervisninga blir gitt i form av førelesingar/seminar over valde delar av pensum. Førelesingar: Om lag 26 timar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. Obligatorisk øvingsoppgåve. Seks timars skuleeksamen. Karakterskala A-F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen
Score: 14.200167 Details | Listing | Web page

1 - 2