| source Universitetet i Bergen (X) |
level |
department Digital kultur (X) |
Haust/Vår Norsk. Det blir undervist på engelsk dersom det er naudsynt. Emnet er ope for alle med studierett Publisering og kommunikasjon på nettet blir ein stadig viktigare del av moderne humanistar sin måte å arbeide på. Emnet gjev grunnleggjande kunnskapar om: Vevteknologi, kjennskap til ulike formater som vert nytta ved publisering på nettet, teknologiar for å handtere desse, samt trening i tilpassing og bruk av medium for nettkommunikasjon. Emnet legg vekt på korleis teknologiane kan vurderast frå ein humanistisk ståstad, og gir praktisk kunnskap om teknologiar for publisering og kommunikasjon på nettet. Emnet skal gje studentane eit grunnlag for å kunne vurdere moglegheiter og avgrensingar ved kommunikasjonsteknologi brukt i ein humanistisk samanheng, og gjere dei i stand til å utnytte i praksis noko av det potensial som ligg i nye nettbaserte publiserings- og kommunikasjonsformer. Studentane får opplæring i akademisk skriving. Ingen. Ingen. Førelesningar i lab, 5 dobbeltimar. Undervisninga føregår i byrjinga av semesteret. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Innlevering av tre skriftlege arbeid og publisering av eitt av desse på nettet innan fastsette tidsfristar i løpet av semesteret. Dei skriftlege arbeida blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Mappevurdering. Studenten veljar sjølv eit av dei skriftlege arbeida som teljande til eksamen. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Tlf: 55 58 24 00 Bergen.
Score: 12.66124 Details | Listing | Web page
Vår Norsk. Det vert undervist på engelsk om naudsynt. Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen Emnet skal gi oversikt over datateknologiens historiske utvikling, frå tidleg konseptualisering av prinsipp for datamaskinens virkemåte til dagens informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Den teknologiske utviklinga vil verta drøfta i eit sosialt og kulturelt perspektiv. Ein kombinasjon av førelesningar og tett oppfølging i datalaboratorium vil gje studentane ei teoretisk og praktisk innføring i emne som algoritmisk tenkemåte, ulike former for programmeringsspråk og informasjonsarkitekturar, kunstig intelligens, dataspel, internetthistorie og internett-teknologiar. Emnet er obligatorisk for bachelor med spesialisering i digital kultur. Etter fullført emne skal studenten: kunne gjera reie for sentrale aspektar ved datateknologiens historiske utvikling. ha oversikt over sosiale og kulturelle faktorar som har fungert som drivkrefter i utviklinga av datateknologi ha opparbeidd seg forståing for datamaskiner og internetts oppbygning og virkemåte. kjenne til forskjellar mellom ulike former for programmeringsspråk og informasjonsarkitekturar. kunne delta i vurdering og planlegging av programvare og informasjonssystem. Ingen. Ingen. Fire timer forelesing i uka, dels i datalab. 4 timer i veka 14 veker Totalt 56 timer Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. For å kunne gå opp til eksamen krevjast det at studenten har deltatt i minst 75 prosent av undervisninga i emnet og i dei aktivitetane som undervisninga omfattar. Kursdeltaking blir godkjend av kursleiar. Det blir gitt obligatoriske oppgåver i samband undervisninga. Obligatoriske oppgåver vert vurdert til godkjend/ikkje godkjend. 5-timers skuleeksamen Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.

Vår Norsk. Det vert undervist på engelsk om naudsynt. Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen Emnet gir ei innføring i formidling på web, med vekt på kulturformidling. Studentane vil få trening i å analysera tekstlege og visuelle uttrykksformer som er knytt til web, og dei vil få kjennskap til utviklinga og estetikken til desse utrykksformene. I tillegg vil dei få ei innføring i informasjonsarkitektur, og dei vil få kjennskap til relevant nettverksteknologi og teoriar om brukarvenleg preg. Emnet gir også ei innføring i dei tekniske sidene ved webdesign. Emnet gir innføring i dei grunnleggjande tekniske evnene som er naudsynte for å laga og publisera ein website, mellom anna HTML, CSS, bruk av bilete og lyd på web. Saman med den tekniske innføringa får studentane eit teoretisk grunnlag for å gjera grunngitte val av presentasjons- og formidlingsformer. Målet er å gjera studentane i stand til å foreta kritiske analysar av formidlingsoppgåver i humaniora i ein webkontekst, og bruka moderne teknologiar for å tilpassa kulturmateriale for web. Etter å ha tatt emnet skal studentar kunne: skrive ein tekstanalyse av ein nettstad og demonstrere kjennskap til de vanligaste websjangrane beskrive og samanlikne ulike design, skrive- og organisasjonsstrategier for webformidling skrive, kode og publisere ein enkel nettstad med XHTML, CSS og bildar, og som har design, skrive og organisasjonsstrategiar som passer innhaldet skrive ein rapport som beskriver praktisk arbeid med ein nettstad og forklarer val som er gjort Ingen. Studentar utan noko bakgrunn i HTML og CSS kan ta DIKULT100 i starten av semesteret som ei støtte til DIKULT105. Undervisninga vil ha form av førelesingar, seminar, grupperettleiing, prosjektarbeid og individuelle øvingar, og går over 14 veker. Det er to dobbelttimar førelesing og ei øvingstime kvar uke. I undervisninga blir det lagt stor vekt på skriving av tekstar for web. Studentane skal i grupper gjennomføra eit praktisk formidlingsprosjekt for web. Problemstillinga blir utforma saman med rettleiar. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Studentar må løyse obligatoriske oppgåver annankvar uke gjennom heile semesteret. Nokre av desse oppgåvene vil gå inn i vurderingsmappa. Dersom studentar grunna sjukdom eller velferdsgrunnar treng utsetting, må dei sende skriftlig søknad til emneansvarleg innan kvar innleveringsfrist. Nokon oppgåver skal løysast i grupper. For å kunne gå opp til eksamen krevjast det at studenten har delteke i minst 75 prosent av undervisninga i emnet og i dei aktivitetane som undervisninga omfattar. Kursdeltaking blir godkjent av kursleiar. Studentane skal gjennom semesteret byggja opp ei mappe med teoretiske og praktiske arbeid. Mappa skal innehalde ein nettstad laga i gruppe, ein individuell rapport om arbeidet med nettstaden, ei tekstanalyse av ein nettstad og eit utval mindre arbeid. Mappa danner grunnlaget for evalueringa. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Tlf: 55 58 24 00 Bergen.

Haust/Vår Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. I dette emnet skal studentane fordjupa seg i eit sentralt emne innan digital kultur, gjennom arbeid med ei sjølvvald oppgåve. Problemstilling, opplegg og litteratur blir bestemt av studenten i samråd med rettleiaren. Bacheloroppgåva kan vera: - Ein teoretisk orientert studie. - Eit programmerings- eller systemutviklingsprosjekt. Semesteroppgåva gir studentane høve til å fordjupa seg på det området som interesserer dei aller mest innan digital kultur. Det vert gitt opplæring i reglar og normer for akademisk skriving. Emnet skal gjera studentane i stand til å utføra ei kritisk analyse av IKT i en sosial og kulturell kontekst. Fagleg og metodisk fordjuping gir grunnlag for sjølvstendige arbeidsoppgåver i yrkeslivet, og er god førebuing til forskingsinnsats på masternivå. Etter gjennomført kurs skal studentane kunne skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i regler og normer for akademisk skriving. 60 studiepoeng i digital kultur/humanistisk informatikk eller tilsvarande. Sjå krav til forkunnskapar. Det vert gitt eit seminar i samband med emnet, der arbeidet med oppgåva blir handsama, og der studentane skal leggja fram idear og utkast til oppgåva. Seminaret går over 5-7 gonger, kvar på 2 timer. Det vert gitt individuell rettleiing i samband med semesteroppgåva. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Semesteroppgåva kan anten vera ein teoretisk orientert studie eller eit prosjekt innanfor programmering eller systemutvikling. Dersom semesteroppgåva til dømes består av utvikling av ein algoritme og/eller eit program, skal det følgja med ei skriftleg utgreiing for kva arbeidsoppgåver som er forsøkt automatisert. Ei semesteroppgåve kan etter avtale også leverast som hypertekst. Dersom semesteroppgåva er av teoretisk karakter, bør omfanget vera på rundt 15 sider. Oppgåva skal ha med litteraturliste og tilvisingar til den litteraturen som er nytta. Det fagdidaktiske perspektivet vil bli teke hand om i den individuelle rettleiinga og i oppgåveseminaret, der det blir gitt undervisning i akademisk skriving. Eit obligatorisk arbeidskrav er at studentane skal leggja fram to arbeidstekstar i løpet av oppgåveseminaret. For å kunne gå opp til eksamen krevjast det at studenten har delteke i minst 75 prosent av undervisninga i emnet og i dei aktivitetane som undervisninga omfattar. Kursdeltaking blir godkjent av kursleiar. Det blir fastsett ein innleveringsfrist for semesteroppgåva. Kandidatar med ståkarakter får ein munnleg eksamen. I den munnlege prøven kan karakteren maksimalt justerast opp eller ned éin bokstav. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen

Vår Engelsk. Emnet skal gi ei fordjuping innan eit tema knytt til samfunn, kultur og teknologi. Temaet vil variera frå semester til semester, og innfallsvinkelen kan til dømes vere historisk, kjønnskritisk, etnografisk, mediekritisk eller filosofisk. Studentar skal utvikle evna til å reflektere kritisk omkring korleis teknologi påverkar og blir påverka av samfunnet. Dei skal kjenne og kunne bruke teoretiske omgrep og perspektiv på ein fruktbar måte. Emnet byggjer på HUIN106 eller tilsvarande grunnkunnskap om teknologi og samfunn. Ein reknar med at studentar har noko erfaring med akademisk skriving. Undervisninga er seminarbasert og det vert forventa at studentane tek aktivt del. Det vil vere ei obligatorisk oppgåve. Emneansvarleg avgjer omfang og innhald. Ved semesteroppgåve som eksamensform: Rettleiing er obligatorisk for alle studentar, og skal baserast på minimum to rettleiingsmøter. For å kunne gå opp til eksamen krevst det at studenten har deltatt i minst 75 prosent av undervisninga i emnet og i dei aktivitetane som undervisninga omfattar. Kursdeltaking blir godkjent av kursleiar. Eksamen kan vere ein skoleeksamen, mappevurdering eller ei rettleia semesteroppgåve. Eksamensforma blir bestemt av den som underviser i emnet og blir kunngjort saman med emnet. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. Alternativ 1: Heimeeksamen Eksamen er ein sju dagars skoleeksamen på 3500-5000 ord. Alternativ 2: Mappevurdering Studentane leverer inn ei mappe som inneheld eit utval av dei skriftlege arbeida dei har jobba med i løpet av semesteret. Mappa kan setjast saman av ulike element: diskusjonsinnlegg (f.eks. nettbasert diskusjonsforum), korte og/eller lengre oppgåver og artikkelsamandrag. Alternativ 3: Rettleia semesteroppgåve Eksamen i emnet er ei rettleia semesteroppgåve på omlag 5000 ord, som skal leverast i to maskinskrivne eksemplar. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet. Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Vår Norsk. Det vert undervist på engelsk om naudsynt. Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i Digital kultur. I dette emnet skal studentane arbeida med ei praktisk utviklingsoppgåve i digital kultur, eller gjere systematiske studiar av eksisterande teknologiar og/eller IKT-løysingar. Det praktiske utviklingsarbeidet kan til dømes dreia seg om utvikling av eit program, eit undervisningsopplegg, ein nettstad eller utvikling av ein informasjonsarkitektur. Arbeidet skal leia fram til eit produkt, i samanheng med ein realistisk brukskontekst. Arbeidet kan gjerne skje i eit miljø utanfor instituttet. Saman med det praktiske resultatet skal det liggja ved ein rapport på om lag 10 sider som sett prosjektet i samanheng med tidligare forsking og utvikling gjort innan feltet, dokumenterer arbeidsprosessen, analyserer resultatet, og gir ei eiga evaluering av prosess og resultat. Dersom ein vel å analysere eksisterande teknologiar kan det skje i ein konkret empirisk brukskontekst eller ein kan studere meir generelle aspekt som t.d. usability eller dei kulturelle implikasjonane denne har. Analysen skal vere på om lag 20 sider. Problemstilling og opplegg for prosjektet skal godkjennast av ein faglærar. Emnet skal gi studentane realistisk erfaring i arbeidet med å utforma, gjennomføra og evaluera eit praktisk utviklingsarbeid. Prosjektarbeidet skal gi arbeidsmessig relevant erfaring, og trena studentane i å knyta saman dei teoretiske og praktiske sidene av faget. DIKULT 301 DIKULT105, DIKULT205 eller tilsvarande. Det vil bli arrangert eit seminar over 5 til 7 gonger i tilknyting til emnet, i tillegg til at det blir gitt rettleiing. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. For å kunne gå opp til eksamen krevjast det at studenten har deltatt i minst 75 prosent av undervisninga i emnet og i dei aktivitetane som undervisninga omfattar. Det blir stilt krav om aktivitet i form av seminarinnlegg. Kursdeltaking vert godkjend av kursleiar. Grunnlaget for karaktersetjinga er resultatet av prosjektet og rapporten som skal følgja med. Det er i tillegg ein justerande munnleg prøve. Eksamen vert halden både vår og haust. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. PhD-studentar får karakteren bestått/ikkje bestått. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.

Vår. Engelsk. Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i Digital Kultur. Emnet skal gi ei forskingsbasert fordjuping innan eit tema knytt til informasjonsteknologiar samfunn, kultur. Emnet tek sikte på å formidla både forskingsperspektiv, og fordjuping i eit konkret applikasjonsområde. Vektlegginga av tema og val av applikasjonsområde vil variera frå semester til semester. Innfallsvinkelen kan til dømes vere historisk, kjønnskritisk, etnografisk, mediekritisk eller filosofisk. Studentar skal utvikle evna til å etablere ein sjølvstendig forskingsbasert refleksjon og argumentasjon om korleis teknologi påverkar og blir påverka av samfunnet og korleis nye kulturelle dimensjonar kjem til uttrykk. Studentane skal få kjennskap til sentrale intellektuelle debattar om tematikken og nytta slike perspektiv på ein fruktbar måte. Etter gjennomført kurs vil studentane kunne visa til og utvikla ei forskingsbasert forståing av sentrale kjenneteikn ved informasjonssamfunn, digital kultur og kunne argumentera heilheitleg om menneskelege dimensjonar ved informasjons- og kommunikasjonsteknologiar. Avlagt DIKULT206 eller tilsvarande er ein fordel. Kjennskap til akademisk skriving og bibliografiske standardar er eit krav. Emnet er fleirfagleg og byggjer på DIKULT106: Kultur og normer i informasjonssamfunnet og DIKULT206: Kritiske innfallsvinklar på teknologi og samfunn I eller tilsvarande. Interesse for og fagleg bakgrunn i humanoria, samfunnsvitskap eller estetiske fag er ein fordel. Innsikt i informasjonsteknologi utover basiskravene ved faget er ikkje påkravd, men vil koma til nytte. Undervisninga er seminarbasert og det vert forventa at studentane tek aktivt del. Deltakarane vil i den grad det er mogleg få kunne fordjupa seg i sentrale spørsmål med direkte relasjon til planlagd masteroppgåve eller PhD. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Det vil vere ei obligatorisk oppgåve. Emneansvarleg avgjer omfang og innhald. Obligatorisk oppgåve kan ikkje inngå som ein del av masteroppgåva eller doktorgradsavhandling, men kan relaterast aktivt til sentrale spørsmål i masteroppgåva. Emneansvarleg avgjer tvilstilfelle. Rettleiing er obligatorisk for alle studentar, og skal baserast på minimum to rettleiingsmøte. Eksamen i emnet er ei rettleia semesteroppgåve på omlag 5000 ord, som skal leverast i tre maskinskrivne eksemplar. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. PhD-studentar får karakteren bestått/ikkje bestått. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.

Haust/Vår Norsk. Det vert undervist på engelsk om naudsynt. Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i digital kultur. Mastergradsoppgåva er eit større skriftleg arbeid som skal vera resultat av ei sjølvstendig utforsking av ein relevant problemstilling i humanistisk informatikk. Oppgåva kan kombinera teoretiske, metodiske og teknologiutviklande perspektiv. Emnet for oppgåva blir valt i samråd med rettleiar. Mastergradsavhandlinga er eit arbeid med forskingskarakter, og målet er å arbeida fram ny, relevant kunnskap. Eit vellukka mastergradsarbeid krev praktisk dugleik, til liks med analytiske og kreative evner. Emnet for oppgåva blir valt i samråd med rettleiar. Gjennom arbeid med masteroppgåva skal studentane opparbeide seg evne til å finne fram til og handsama relevante problemstillingar på ein sjølvstendig måte. Masteroppgåva skal dokumentera studentanes evne til sjølvstendig arbeid, og visa at dei meistrar vitskapelege arbeidsteknikkar, teoriar og metodar. Etter gjennomført kurs skal studentane: vera i stand til å planlegga og gjennomføre eit større sjølvstendig prosjekt, kunne produsere akademiske tekstar på eit høgt nivå. Gjennomført og bestått DIKULT301 / HUIN301 Gjennomført fire emne på 300-nivå. Arbeidet med mastergradsoppgåva skjer med individuell rettleiing. Ved slutten av første semester av mastergradsstudiet skal det oppnemnast ein rettleiar for studentane. I prinsippet kan emnet for masteroppgåva veljast fritt i samråd med rettleiaren, innanfor dei totale rammene til faget, og ut frå eigne interesser og faglege føresetnader. Instituttet vil likevel rå til at studenten vurderer grundig om han eller ho vil delta i ei prosjektgruppe som blir leia av faglærarar med særskild interesse og kompetanse for prosjektområdet. Det kan vera svært krevjande å gjennomføra ei masteroppgåve viss ein er fagleg og personleg isolert. Det er elles høve til å lata rettleiaransvaret bli delt på meir enn éin person, og det er mogleg å knyta oppgåva til konkrete behov i ulike institusjonar eller bedrifter. Slike faktorar vil kunna vera med på å hindra isolasjon for dei som ikkje er med i ei prosjektgruppe. Dersom hovudrettleiaren skal vera ein person utanfor faget, må denne godkjennast av instituttet. Det er høve til å levera masteroppgåva som del av eit større prosjektarbeid, men arbeidsinnsatsen som er knytt til prosjektet, må kunna evaluerast individuelt. Det vil til dømes seia at éin person kan stå for programmering, medan ein annan står for utviklingsarbeid i tilknyting til innhald og design. Det er også mogleg at fleire personar deltek med like oppgåver i eit større prosjekt, men då innanfor klart avgrensa område. Masteroppgåva er til vanleg på mellom 50-110 sider (lineavstand 1,5 og teiknstorleik 12). Minimum på 50 sider gjeld for oppgåver som har ei programteknisk vinkling, medan maksimum på 110 sider er for oppgåver av teoretisk eller meir deskriptiv karakter. Studentane skal leggja fram ei prosjektskisse i løpet av det første semesteret. Tema, særdrag og omfang på oppgåva skal godkjennast av rettleiaren. Oppgåva skal også leverast i digitalt format. Alle masterstudentar må skriva ein kontrakt med Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. I kontrakten blir rettar og plikter for partane presiserte. Retten til å ha rettleiar er til dømes tidsavgrensa. Fristar for innlevering av masteroppgåva blir fastsette av Det humanistiske fakultet, som også har hovudansvaret for innhaldet i kontrakten. Eksamen er knytt til ei fagleg vurdering av mastergradsoppgåva. Etter at karakteren for oppgåva er fastsett, går studenten opp til munnleg eksamen. Her blir studenten eksaminert i sjølve mastergradsoppgåva. Den munnlege prøven justerer karakteren på masteroppgåva med inntil éin bokstav. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.