Searching the World's top universities for courses with:

source
Universitetet i Bergen (X)
level
department
Geografi (X)
true *,score on 1 0 department:"Geografi" source:"Universitetet i Bergen" AND 2.2 25
Total results: 46

Universitetet i Bergen - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar

Haust Norsk Haust og vår For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. Emnet skal gjere studentane kjende med samfunnsfaga si historie og gi ei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkjemåtar. Det skal formidle kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag. Det vert gitt ei innføring i samfunnsvitskapane si framvekst og utvikling fram til i dag, med vekt på klassiske tema og sentrale omgrep i faga. Ulike metodar, omgrep og modellar som samfunnsforskarar nyttar eller forutset i si forsking vert også introdusert. Bruk av teori, modellar, metode og empiri i samfunnsvitskapen blir kasta lys over gjennom eit utval av teoriar om sentrale samfunnsforhold. Emnet vil også ta opp tilhøvet mellom (den/dei) utforska, forskar og samfunn. Gjennom emnet skal studenten ha tileigna seg ei første, grunnleggjande oversikt over sentrale perspektiv, menneskemodellar, grunnomgrep, metodiske innfallsvinklar og problemstillingar som kjenneteiknar samfunnsvitskaplege studiar. Studenten skal vidare ha fått elementær kjennskap til sentrale bidrag til den samfunnsvitskaplege faghistoria. Endeleg skal studenten ha tileigna seg kunnskap om utvalde, sentrale teoriar og hypotesar innan ulike samfunnsvitskaplege disiplinar, og kunne drøfte deira relevans i høve til dagsaktuelle problemstillingar. Førelesingar Talet på førelesingstimar: 20-24 Ei innleveringsoppgåve (ca 2000 ord). Oppgåva må vere godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret. 4 timar skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Scandinavian Area Studies - Geography: Environment and Society

Autumn English Autumn Open to exchange students. Introductory course to Scandinavia, geography and society, with particular emphasis on Norway. The course is only intended for foreign students with little previous knowledge of the subject of geography or of the Scandinavian countries and the Nordic states and nations. Topics: The Nordic physical environment and human adaptation. The territorial development of the Scandinavian states. Settlement pattern and economic structures. Energy resources and energy policy. Resource management and environmental protection. Planning and regional development politics in Scandinavia. Scandinavia and European Union. Through lectures and excursions, the students shall have achieved an introductory overview of central aspects of the geography of the Nordic countries and (Western) Norway in particular, with a special focus on natural resources and their use. The students shall be enabled to understand and interpret recent observations in the landscape against their historical, land-use related background, "how people have shaped their land". This includes physical ('natural'), social, cultural, economic and legal issues. Through work on the exam paper the students shall have achieved training in scientific review work and oral presentation, at the same time as they shall have gained a deeper understanding of a particular topic related to the geography of the Nordic countries (or a part of them), which they consider particularly interesting - either personally or against their previous academic background. Lectures, seminars and excursions 2 lecture á 2 hours pr. week. Total: 19-21 lectures 3 excursions (0,5 day + 1 day + 2 days): 11-12 weeks in total Presentation of a subject of their own choice (approx 15 minutes) and oral exam. Grading A-F SAS8 will be evaluated minimum every third semester Department of Geography Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Landformdannande prosessar

Vår Norsk Vår GEOL106 - 10 studiepoeng reduksjon Emnet er ope for studentar ved UiB. Målet er å gje innsikt i og forståing av korleis landformer vert danna og dei prosesser som ligg til grunn. I tillegg skal det gi generell kunnskap om natur som grensesetter for menneskeleg aktivitet. Ved emneslutt skal studenten sjølv kunne identifisere ulike landformer, mellom anna ved hjelp av kart og flyfoto, forstå deira danning og teoriane bak, samt vere fortruleg med omgrep og termar knytt til emnet. Emnet introduserer det geofaglege innhaldet i naturgeografien. Førelesningar og pensum vil gje studenten ei systematisk innføring i ulike landformdannande prosesser, deira verkemåte og samhandling og teoriar knytt til desse. Tema er generelle, men med særskild fokus på norske landformer. Det vil også bli gitt ei viss innføring i grunnleggjande geologi samt ei innføring i generell hydrologi og pedologi (jordsmonnlære). Studiet avsluttar med eit feltkurs kor kunnskapar utøvast i praksis og visast gjennom ein innlevert rapport (gruppearbeid) som vert vurdert. Gjennom kurset skal studenten ha tileigna seg kunnskapar om naturgeografiske forskingsproblemstillingar i Noreg og resten av verden. Alle dei viktigaste naturprosessane er grundig gjennomgått både teoretisk og praktisk. Studentane skal ha inngåande kunnskap om dei sentrale landformdannande prosesser som dannar grunnlaget for landskap og naturresursar i Noreg og andre land. På denne måten dannar faget ramane for betre å forstå dei samfunnsmessige konsekvensane av dei naturgitte forhold. GEO115. Kurset kan takast parallelt med GEO111 (same semester). 2-3 førelesingar á 2 timer pr veke. Totalt 25-27 førelesingar 1 heildagsekskursjon 1 feltforeberedende seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 3 seminar 1 feltkurs 4-5 dagar Obligatorisk deltaking på ekskursjon og feltkurs. Feltrapporten vil vere eit gruppearbeid (2-4 studentar pr. gruppe) og vert vurdert som det. Feltrapporten skal presenterast i plenum. Skriftleg eksamen 5 timer. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerar ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO111 vil difor bli evaluert kvar tredje gong det er undervising i kurset. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Kartografi og feltkartlegging

Vår Norsk Vår GEO111 før haust 2006 gir 3 studiepoeng reduksjon Emnet er ope for studentar ved UiB. Målet er å gi innsikt i kartografi og vanlege metodar i samband med bruk av topografiske kart, økonomiske kart og ulike spesialkart, samt flybilete. Det vil bli gitt opplæring i kartografi, samt praktisk bruk av topografiske kart, økonomiske kart og ulike typar spesialkart. I tillegg vil det bli gitt opplæring i prinsippa bak og den praktiske bruken av flybilete. Gjennom kurset skal studenten ha tileigna seg grunnleggjande teoretisk og praktisk kunnskap om kart og kartografi. Dei skal vere i stand til å bruke kart, kompass, gps på ein slik måte at dei sikkert skal kunne orientere seg i eit landskap ut frå kartstudiar. Ingen GEO100 1 førelesing á 2 timer pr. veke. Totalt 3 førelesingar 1 oppgåveseminar á 2 timer pr. veke. Totalt 5 seminar Skriftlege innleveringar av 5-6 oppgåver Skriftleg eksamen 3 timer Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerar ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO115 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gang det vert gitt undervising i kurset. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Økonomisk globalisering, ny romlig arbeidsdeling og stad

Vår Norsk Vår Emnet er ope for studentar ved UiB. Emnet gir introduksjon til problemstillingar og sentrale tenkjemåtar i samfunnsgeografien. Studentane får innføring i økonomiske, sosiale og kulturelle prosesser som skaper, vedlikehelder og endrar geografisk rom, både globalt og lokalt. Emnet fokuserer på økonomiske globaliseringsprosessar med konsekvensar for ny romlig arbeidsdeling. Utgangspunktet er økonomisk geografi som analyserer endringsprosessar i internasjonal, nasjonal og lokal økonomi. Undervisninga vidareførast i kultur- og sosialgeografiske problemstillingar kopla mot spørsmål om stad og stadsidentitetar i ei fleirkulturell tid. Gjennom kurset skal studenten ha tileigna seg oversikt over sentrale tema i samfunnsgeografiske emne knytt til Noreg og andre land i eit globaliseringsperspektiv. Kurset gir kompetanse som blant annet er relevant for strategisk næringsplanlegging. GEO100 1 førelesning á 2 timer pr. veke. Totalt 11-13 førelesningar 1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 8-9 seminar Ingen 5 timar skriftleg eksamen Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerar ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO121 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gang det vert gitt undervising i kurset. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Ressursforvaltning og utvikling i Den tredje verden

Vår Norsk Vår og haust Emnet er ope for alle studentar ved UiB. Studentane får ei innføring i måtar natur og samfunn interagerar på i forvaltning av naturressursar. I løpet av kurset skal studentane samanfatte den generelle kunnskapen i ei konkret prosjektoppgåve. Kurset dreier seg om ressursforvaltning og miljøeffektar i Asia, Afrika, og Latin-Amerika, med fokus på jordbruk, skogbruk, og husdyrhald. Ein del forhold som påverkar den lokale ressursforvaltning vert teken opp (økologi, demografi, samfunnsstruktur, kunnskapssystem, modernisering/marginalisering), samt dei effektar ein gitt praksis inneber (land degradering, stabilisering m.m.). Etter kurset skal studentane vera kjende med ymse klassiske og nyare teoriar om tilhøvet mellom landbasert matvareproduksjon, folkesetnad, og miljø. Studentane skal også sitje igjen med grundig innsikt i fordeling og produksjon av landbruksvarer på ulike skalanivå, frå det enkelte bruk til den globale matvareøkonomien. Ingen 1 førelesning á 2 timer pr. veke. Totalt 12-14 førelesningar 1 seminar á 2 timer Godkjent skriftleg essay, ca. 4 sider 5 timar skriftleg eksamen Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer en tredjedel av kursporteføljen hvert semester. GEO131 vil derfor bli evaluert minimum hver tredje gang kurset undervises. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Kvantitativ metode -1

Vår Engelsk Vår Emnet er ope for studentar ved UiB. Kurset gir opplæring i kvantitative metodar og skal ha relevans for natur- og samfunnsgeografar. Studenten skal ha tileigna seg oversikt over elementære metodar for å handsame kvantitative data, og ha tileigna seg grunnleggjande innsikt i kva slags typar data desse metodane er eigna til å handsame. Vidare skal studenten gjennom praktiske øvingar ha opparbeidd ferdigheiter i elektronisk datahandsaming ved hjelp av eit relevant statistikkprogram. Studenten skal ha oppøvd grunnleggjande kompetanse i å tolke resultat av datahandsaminga. Ingen 1 førelesing á 2 timer pr. veke. Totalt 5-6 førelesingar. 1 datalab/seminar á 3 timer pr. veke. Totalt 5 datalab/seminar Kurset undervisast og har eksamen i januar og februar. Fire-fem obligatoriske oppgåver. Oppgåvene må vere godkjent før ein kan ta eksamen. Prosjektmappe: teller 1/3 av sluttkarakteren. Slutteksamen, munnleg med spørsmål frå pensum og prosjektoppgåve: tel 2/3 av sluttkarakteren. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO204 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert gitt undervisning i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Kvalitativ analyse

Vår Engelsk Vår. Kurset undervisast og har eksamen i januar og februar. GEO307- 5 studiepoeng Emnet er ope for studentar ved UiB. Gjennom kurset skal studenten tileigne seg kunnskap om utforming av kvalitative forskingsopplegg, utvikling av problemstillingar og bruk av metodar og feltteknikkar med vekt på intervju, tekstanalyse, deltaking og observasjon. Kurset gir undervising i god forskingspraksis i geografi med fokus på teori som støttar kvalitativ forsking. Sentrale tema er forskingsdesign, subjektivitet og objektivitet, kritisk refleksivitet, forskingsetikk, samt kvalitative metodar og teknikkar brukt i feltforsking. Studenten skal sitje igjen med ei god oversikt over kva eit kvalitativt forskingsopplegg er gjennom å ha tileigna seg innsikt i sentrale kvalitative metodar og teknikkar. Studenten skal kjenne godt til og kunne bruke kvalitative metodar som intervju, spørjeskjema og observasjon. Studenten har vidare fått innsikt og erfaring i å sjølvstendig vurdere val av metodisk tilnærming gjennom å utarbeide eit individuelt forskingsopplegg. Studenten skal kunne følgje forskingsprosessen og sjå samanhengen frå planlegging til datainnsamling og ferdig tekstprodukt. Ingen GEO121, GEO131, GEO151 eller tilsvarande 1 førelesning á 2 timer pr. veke. Totalt 5-6 førelesingar. 1 seminar (studentpresentasjonar) á 2 timer pr. veke. Totalt 1 seminar Kurset undervisast og har eksamen i januar og februar. Aktiv deltaking på seminar + studentpresentasjonar. Mappevurdering (2 individuelle essays). Bestått/ikkje bestått Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO206 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Terrestriske klima- og miljøendringar

Vår Norsk Vår GEO211 - 10 studiepoeng Ope for alle studentar ved UiB. Studenten skal med særleg vekt på norske forhold ha kjennskap til korleis ulike eksogene prosessar og økologien bak vegetasjonsendringar kan brukast til å rekonstruere klima- og miljøendringar i terrestriske miljø i fortid og notid. Emnet gir ein oversikt over korleis klima- og miljøendringar i terrestriske miljø kan rekonstruerast i tid og rom ved å studere fluviale-, glasiale-, kystnære-, periglasiale- og skråningsrelaterte prosessar, samt naturlege vegetasjonsendringar. Ulike metodar for å rekonstruere klima- og miljøendringar i fortid og notid vil bli presentert, og moglege årsaker til desse endringane vil bli diskuterte. Studenten skal gjennom førelesingar og ei praktisk feltoppgåve ha tileigna seg oversikt over dei agensar/prosessar som i tid og rom påverkar terrestriske klima- og miljøendringar med særskild vekt på norske forhold. GEO115, GEO111 og GEO112, eller tilsvarande. GEO204 og GEO215 2 førelesingar i geografisk faghistorie á 2 timer pr. veke felles med GEO221 og GEO282. Totalt 4 førelesingar på engelsk i geografisk faghistorie. 2 førelesingar á 2 timer pr. veke. Totalt 15-18 førelesingar. 1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 2 seminar Seminarinnlegg. Skriftleg eksamen 5 timer. Karakter på felles teoretisk/praktisk oppgåve tilsvarande 5 ECTS tel 30%. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO212 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis

Haust Engelsk Haust GEO205 (5 studiepoeng) og GEO305 (5 studiepoeng) Emnet er ope for studentar ved UiB Dette er eit introduksjonskurs i GIS som eit analyseverktøy for romleg data. Førelesingane introduserer det teoretiske aspektet medan det gjennom datalab vert gitt praktisk øving med kommersiell software. Emne som datainput, datastruktur, analyse og kartproduksjon vil bli gjennomgått. Studentane vil gjennomføre eit individuelt prosjekt med GIS analyse. Dette innføringskurset i GIS gir ein moglegheit for learn-by-doing. Gjennom førelesingar, seminar og pensum vil basisomgrep i geografisk informasjonsmodellering og analyse bli presentert. Studenten utviklar sin kompetanse ved hjelp av ein serie datalab og øvingar. I eit avsluttande prosjekt vil studenten få demonstrert sin forståing av prosjektdesign, implementering og presentasjon. Basiskunnskap i bruk av PC. GEO115 eller tilsvarande GEO111, GEO112 og/eller 204 1 førelesing á 2 timer pr. veke. Totalt 8-10 førelesingar. 1 datalab introduksjon á 3 timer pr. veke. Totalt 4-5 introduksjon datalab. 1 datalab mappeoppgåver á 3 timer pr veke. Totalt 3 oppgåvedatalab Totalt: 20 timer førelesing og 24 timer datalab Kurset går over 10-12 veker totalt 4-5 skriftlege innleveringar (i tillegg til dei 3 oppgåvene som inngår i mappeevalueringa) samt obligatorisk deltaking på seminar. Mappeevaluering (med 3 oppgåver) tel 50% av karakteren og munnleg eksamen tel 50% av karakteren. Det vert gjeven ein samla karakter. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO215 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no Universitetet i Bergen
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Regioner og nyskaping

Vår Engelsk Vår Emnet er ope for studentar ved UiB. Studentane skal få kjennskap til ulike teoriar om regional endring og nyskaping, samt innsikt i korleis globale og lokale økonomiske og sosiale endringar kan sjåast på med basis i geografisk teori. Emnet fokuserer på teoriar om regional endring og nyskaping. Med utgangspunkt i teoriinnføringa og empiriske dømer vert evna til omstilling og entreprenørskap i regionar drøfta. Gjennom kurset skal studentane tileigne seg kunnskap om teoriar om regional endring og nyskaping. Studentane skal tileigne seg kunnskapar om drivkreftene bak dei endringane som skjer og kva slags føresetnader som må vere til stade for at regionar utviklast og tilpassast i spenninga mellom krefter på ulike geografiske nivå, frå det lokale til det globale. GEO123 eller tilsvarande GEO115, GEO121 og GEO151 2 førelesingar i geografisk faghistorie á 2 timer pr. veke felles med GEO212 og GEO282. Totalt 4 førelesingar i geografisk faghistorie. 2 førelesingar á 2 timer pr. veke. Totalt 9-11 førelesingar i regionar og nyskaping. 1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 4-5 seminar Obligatorisk seminardeltaking og innlevering av minst 1 øving. Skriftleg eksamen 5 timer Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO221 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Bacheloroppgåve for studentar ved Bachelorprogram i utviklingsstudiar og Bachelorprogram i Latin-Amerikastudiet

Vår og haust Norsk Vår og haust Berre for studentar ved Bachelorprogram i utviklingsstudiar og Bachelorprogram i Latin-Amerikastudiet Bacheloressayet har ein særeigen plass i studieprogrammet. Essayet inngår i den faglege spesialiseringa, men skal fokusera på utviklingsrelaterte tema, med bakgrunn i eigne erfaringar frå utanlandsopphald. Føremålet med oppgåva er at studentane skal gjere ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei geografisk problemstilling i Sør/Latin-Amerika med hjelp av den "verktøykassen" dei har tilegna seg gjennom bachelorstudiet. Studenten skriv eit sjølvstendig arbeid basert på den faglege innsikt frå minimum 60 poengs studium i geografi. Innhaldsmessig kan essayet gjerne utnytte kunnskap frå studiar i andre fag som inngår i det tematiske studieløpet. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftast ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ein empirisk analyse av data. Eit utanlandsopphald ved eit universitet i sør dannar grunnlag for datainnsamling. Det er også mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar. I bacheloroppgåva skal studenten kunne ta i bruk kunnskapen om sentrale tema og teoriar i utviklingsgeografi som ho eller han skal ha tileigna seg i løpet av bachelorstudiet. Studenten skal kunne formulere ei geografisk problemstilling, presentere eit utviklingsrelevant tema og belyse dette teoretisk. Studenten skal ha tileigna evne til sjølvstendig tenking og teoretisk innsikt. Dersom oppgåva er basert på data innsamla under feltarbeid under utvekslingsopphaldet skal studenten kunne bruke kvalitative og/eller kvantitative analysemetodar. Gjennom bacheloroppgåva skal studenten også ha oppøvd grunnleggjande akademisk skrive- og referanseteknikk. Minst 60 poeng i geografi, av desse minst eitt av metodekursa på 200-nivå. Ein dobbeltime innføring. Innleiande samtale med rettleiar, og ein time rettleiing av skriftleg oppgåveutkast. Skriftleg oppgåve, ca. 20 sider Vurdering av bacheloroppgåve, munnleg eksamen Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO250 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Kulturlandskapets geografi

Vår Norsk Vår Ingen Emnet er ope for studentar ved UiB. Emnet gir ein oversikt over ulike kulturlandskapstypar, med vekt på Noreg og Vest-Europa, og viser korleis dei har utvikla seg over tid og rom. Ulike tilnærmingar til studiet av landskap vert gjennomgått, både korleis temaet er handsama i den geografiske fagtradisjon og innan andre fagfelt. Utvikling av ulike typar kulturlandskap vert drøfta. Drivkreftene i omforminga av kulturlandskapet vert sett på, både med tanke på driftsformer og dei miljøkonsekvensane som følgjer av desse. Endelig vert det drøfta korleis globale miljøendringar og marknadsendringar vil påverke jordbruksproduksjonen, biodiversitet og andre forhold av relevans for menneske sin velferd. Studenten skal ha fått oversikt over ulike typar kulturlandskap, og ulike tilnærmingar til landskap og kulturlandskap. Gjennom kurset skal studenten ha utvikla forståing for kva slags drivkrefter som ligg bak landskapsendringar og skal kunne sjå dei komplekse samanhengane mellom dei. Studenten skal ha fått innsikt i miljøkonsekvensar av landskapsendringar. Ingen GEO115, GEO111, GEO112 og GEO131. Anbefalast kombinert med GEO281 og GEO291. 2 førelesingar i geografisk faghistorie á 2 timer pr. veke felles med GEO212 og GEO282. Totalt 4 førelesingar i geografisk faghistorie. 1-2 førelesingar á 2 timer pr. veke. Totalt 11-13 førelesingar i kulturlandskapet sin geografi. 1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 5-7 seminar 1 halvdagsekskursjon Ingen 5 timar skriftleg eksamen. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO282 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Natur- og miljøgeografisk feltkurs

Vår Engelsk Vår GEO241 (10 poeng), GEO271 (10 poeng) Emnet er ope, men har avgrensa antal plasser. Studentar ved Bachelorprogrammet i geografi og Bachelorprogrammet i Miljø og ressursforvaltning som vel spesialisering i geografi vil bli prioritert. Ytterlegare prioritering blir gjort etter antal studiepoeng i GEO-emne. Studenten skal ha kjennskap til vanlege natur- og miljøgeografiske metodar og teknikkar, og vite korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg vert utvikla gjennom ei natur- eller miljøgeografisk feltoppgåve. Studentane arbeider saman i grupper om ei feltbasert forskingsoppgåve innanfor natur- eller miljøgeografi, og saman med litteraturstudiar dannar gruppa sin utarbeida rapport basis for ein korrigerande munnleg eksamen. Feltkurset går kvart år, anten i Noreg eller til utlandet. Etter forhandsgodkjenning er det mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar. I feltrapporten skal studenten ha lært seg å bruke kunnskapen om sentrale tema og teoriar i natur- eller miljøgeografi som ho eller han har tileigna seg i løpet av bachelorstudiet. Studenten skal ha utvikla evna til å gjennomføre eit mindre forskingsprosjekt. Studenten skal presentere eit tema, belyse dette teoretisk og formulere ei geografisk problemstilling. Studenten skal ha tileigna evne til sjølvstendig tenking og teoretisk innsikt. Studenten kunne velje og bruke kvalitative og/eller kvantitative felt- og analysemetodar. Gjennom feltrapporten skal studenten også ha oppøvd grunnleggjande akademisk skrive- og referanseteknikk. GEO115. Anten GEO212, GEO281, GEO282 eller tilsvarande, samt godkjent metodekurs (GEO204/215/206) eller tilsvarande. Studenten må ha minimum 60 studiepoeng GEO-emne (ekskl. GEO100) før ho/han kan takast opp på GEO291 GEO111 og GEO112 1 førelesing á 2 timer pr. veke. Totalt 1-2 førelesingar. 1-2 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 5 seminar Feltkurs 6-8 dagar. Antal dagar avhengig av reiseavstand. Obligatorisk deltaking på seminar og feltkurs Vurdering av feltrapport. Feltrapporten er en gruppeeksamen. 2-3 studentar skriv feltrapporten saman og den skal maks vere på 30 sider. Individuell munnleg eksamen. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO291 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no Universitetet i Bergen og eit feltområde anten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Regionalgeografisk feltkurs

Vår Engelsk Vår GEO251 (10 poeng), GEO286 (10 poeng) Ope, men har avgrensa antal plasser. Studentar ved Bachelorprogrammet i geografi vil bli prioritert. Ytterlegare prioritering blir gjort etter antal studiepoeng i GEO-emne. Studenten skal praktisere sine teori- og metodekunnskapar, og gjennom ei feltoppgåve vise korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg utviklast i ein samfunnsgeografisk kontekst. Deltakarene får muligheit til å praktisere sine teori- og metodekunnskapar i ei empirisk undersøking av eit regionalgeografisk problem. Tema og problemområde, veljast i samråd med faglærer. Feltkurset går kvart år, anten i Noreg eller til utlandet. Etter forhandsgodkjenning er det mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar. I feltrapporten skal studenten ha lært seg å bruke kunnskapen om sentrale tema og teoriar i samfunnsgeografi som ho eller han har tileigna seg i løpet av bachelorstudiet. Studenten skal ha utvikla evna til å gjennomføre eit mindre forskingsprosjekt. Studenten skal presentere eit tema, granska dette teoretisk og formulere ei geografisk problemstilling. Studenten skal ha tileigna evne til sjølvstendig tenking og teoretisk innsikt. Studenten ha lært å velje og bruke kvalitative og/eller kvantitative felt- og analysemetodar. Gjennom feltrapporten skal studenten også ha oppøvd grunnleggjande akademisk skrive- og referanseteknikk. GEO115. Enten GEO221, GEO231, GEO285 eller tilsvarande, samt godkjent metodekurs (GEO204/215/206) eller tilsvarande. Studenten må ha minimum 60 studiepoeng GEO-emne (ekskl. GEO100) før ho/han takast opp på GEO292. GEO151 1 førelesing á 2 timer pr. veke. Totalt 5-6 førelesingar. 1 datalab/seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 3-4 seminar. Feltkurs: 5-8 dagar (Antal dagar avhengig av reiseavstand). Obligatorisk deltagelse på feltkurs Vurdering av feltrapport. Feltrapporten er ein gruppeeksamen. 2-3 studentar skriv feltrapporten saman og den skal maks vere på 30 sider. Individuell munnleg eksamen. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO292 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no Universitetet i Bergen og et feltområde anten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Kvalitativ metode: feltarbeid og tolkning av feltmateriale.

Vår Engelsk Vår GEO307 (5 studiepoeng) Ope for studentar på masternivå som oppfyller forkunnskapskravet. Studentane skal trenast i å gjennomføre feltarbeid i samband med masteroppgåva. Det vil bli lagt særskilt vekt på tolking av kvalitative data og bruk av visuelle feltteknikkar. Kurset fokuserer på fortolking av tekster (intervju, offentlege dokumenter, avisinnlegg, skulestilar med meir) ved hjelp av semiotikk, kategorianalyse og analyse av metaforbruk: visuelle teknikkar i felten og analyse av visuelle data (foto), og diskursanalyse Kurset er intensivt og føresetjar at studentane har lese deler av pensum i forkant. Etter kurset skal studenten kunne utføre tolking av kvalitative data i form av skriftlege dokument, intervjudata og feltobservasjonar. Grunnleggjande kjennskap til samfunnsvitskaplege metodar GEO 206/221/231/292 eller tilsvarande 2-3 førelesing á 2 timer pr. veke. Totalt 9-11 førelesingar. 1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 2 seminar Antal veker totalt: 5 veker inkl. skrivepause Deltaking i seminar Metodeøvingar Bestått/ikkje bestått Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO306 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Semesteroppgave

Vår og høst Engelsk og norsk GEO303 (10 poeng) Forbeholdt studenter ved Master i geografi, Master's in Resources and Human Adaptations og Master i regioner og regionalisering Kurset gir studenten en innføring i teorier, metoder og forskningsdesign som skal anvendes i egen masteroppgave. I samarbeid med veileder skal studenten sette seg inn i relevante teorier, metoder og forskningsmessige fremgangsmåter (forskningsdesign) tilpasset egen master i geografi. Studenten skal ha fått et overblikk over viktig teoretisk og kontekstuell viten innen feltet for masteroppgaven og utvikle en metodisk ramme for å analysere problemstillingen. Tatt opp på master i geografi eller andre masterprogram Institutt for geografi deltar i. GEO310 og GEO308 Form: Veiledning, selvstendig skriving, presentasjon i plenum Utkast til semesteroppgaven skal presenteres i plenum med veileder og opponent. Dette er milepæl nr. 2 i masterprogram i geografi og Master's in Resources and Human Adaptations Godkjent/ikke godkjent semesteroppgave (ca. 5-6000 ord). Muntlig til endelig mastereksamen (GEO350). Bestått/ikke bestått Institutt for geografi evaluerer en tredjedel av kursporteføljen hvert semester. GEO 309 vil derfor bli evaluert minimum hver tredje gang kurset undervises. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Environmental Monitoring

Vår - uregelmessig Engelsk Vår - uregelmessig Ope for studentar på masternivå som oppfyller forkunnskapskravet. Dette kurset introduserer satellittbasert fjernmåling som eit verktøy for overvaking og analyse av globalt miljø. Kurset vil fokusere på tolking av satelittbasert informasjon. Fokuset vil variere frå år til år for å tilpasse seg staben og studentane sine dagsaktuelle forskarinteresser og behov. Dei aktuelle tema for kvart år vil bli annonsert på kurset sin heimeside før kursstart. Førelesingar, seminar og pensum vil dekkje teorien innhenting av data: studentane vil få høve til å praktisere desse teoriane i labøvingar med satelittbileteomarbeiding. Ved kursslutt vil studentane ha trening i å utvikle og implementere eigne prosjekt med satellittdata, og vere i stand til å integrere satelittbiletedata med andre romleg data i GIS. Tidlegare forsøk med ratar GIS er anbefalt. Kva slags tema og type data som fokuserer vil variere frå år til år for å svare til studentane og staben sine interesser. GEO112 og GEO215 eller tilsvarande Erfaring med image processing og rasterbasert GIS, kvantitative metoder, innføringskurs i biologi eller geofysikk. 8 førelesingar (seminarmodell). Timeplanen vil variere, men kurset er ofte lagt opp som eit intensivkurs med opptil 4 førelesingar i veka. Obligatorisk deltaking i seminar og workshops Semesteroppgåve og munnleg eksamen. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO311 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Naturgeografiske laboratorie- og feltmetodar

Vår og haust uregelmessig Norsk Vår og haust uregelmessig, men berre i undervisningssemesteret. Ope for studentar på masternivå som oppfyller forkunnskapskravet. Emnet tek sikte på å førebu studentar i naturgeografi på metodiske utfordringar dei vil møte i samband med masterprosjektet. Kurset inneheld fem førelesingar og fem praktiske øvingar der laboratorieprosedyrar og ulike feltteknikkar ved prøvetaking og bruk av georadar vert gjennomgått. Det vil også verte gitt ei obligatorisk oppgåve tilpassa studenten sitt planlagde masterprosjekt. Gi studenten ei innføring i aktuelle laboratorie- og feltteknikkar i naturgeografi, gjerne med relevans for masteroppgåva. GEO212 og GEO291, eller tilsvarande Førelesningar, laboratorieøvingar og feltundervisning Deltaking på laboratorieøvingar og feltundervisning samt skriving av rapport. Mappevurdering Bestått/ikkje bestått Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO313 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no Universitetet i Bergen
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Særemne i rural- og regionalgeografi

Vår Engelsk Vår GEO331 - 5 studiepoeng i reduksjon GEO321 - 5 studiepoeng i reduksjon Ope for studentar på masternivå som oppfyller forkunnskapskravet. Kurset er eit særemne. Det kan difor inngå i det obligatorisk kravet om to særemner i Master i geografi. Gi studenten ei djupare innføring i aktuelle forskingstema i samfunns- og miljøgeografi. Emnet er knytt til aktuelle forskingstema i samfunns- og miljøgeografi, og varierer frå år til år. Etter avtale med rettleiar kan eige pensum definerast i dette emnet. Det teoretiske rammeverket for dette kurset er knytt til omgrep, strukturer, føresetnader og endringar som påverkar økonomi, samfunnsaktivitetar og miljø. Geografisk nivå dekkjer lokalsamfunn og regionar, men også individ, føretak og stader relatert til ein vidare global setting. Førelesingane vil kombinere teoretiske og empiriske dømer med akademisk litteratur basert på forsking frå Noreg og andre land. GEO292 eller GEO291, og GEO221 eller GEO282, eller tilsvarande Bachelor i geografi 1 førelesing á 2 timer pr. veke. Totalt 9-10 førelesingar. Ingen Heimeeksamen (opptil ein vekes varigheit), munnleg eksamen. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO324 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Myter, narrativ og institusjonar: Kritiske perspektiv på miljø og utvikling

Vår Engelsk Vår GEO335 - 5 studiepoeng GEO336 - 5 studiepoeng Ope for masterstudentar uavhengig av program, men har avgrensa tal på plasser. Studentar ved Master's in Resources and Human Adaptations og Masterprogrammet i geografi vil bli prioritert. Emnet er obligatorisk for Master's in Resources and Human Adaptations. GEO337 er eit særemne. Det kan difor inngå i det obligatorisk kravet om to særemne i Master i geografi. Gi studenten ei innføring i nyare teoriar om miljø og utvikling. Skape ei djupare forståing av aktuelle forskingstema i utviklingsgeografi og miljøgeografi, gjerne med relevans for masteroppgåva. Emnet byggjer på forsking innan miljø og utvikling og legg opp til eit kritisk perspektiv på etablert kunnskap som har dominert bistand/utviklingsstrategiar. Myter og narrativ om tema som klimaendringar, avskoging, forørkning og erosjon blir analysert i lys av vitskapsteori der kunnskap blir sett på som sosiale konstruksjonar. Konvensjonell kunnskap om landdegradering blir utfordra i lys av ny økologi og politisk økologi. I samspelet mellom naturen og menneska er institusjonar, dvs. etablert sosial praksis, viktige. Institusjonar er viktige med omsyn til maktforhold i lokalsamfunn og ulike grupper sin tilgang til ressursar. Studenten skal gjennom kurset ha tileigna seg ei brei oversikt over kritiske perspektiv på miljø og utvikling, og skal ha oppnådd innsikt i korleis kunnskap om komplekse problem vert konstruert og presentert i vitskapen og på andre maktarenaer. Gjennom innlevering, tilbakemelding frå fagleg rettleiar og vidare arbeid med skriftlege oppgåver via ein internettbasert kommunikasjonsportal skal studenten ha oppøvd evne til å kritisk og aktivt bruke litteratur og andre kjelder i presentasjon og diskusjon av miljø- og utviklingsproblematikk. Studenten skal også ha trena opp evna til å kunne bruke korrekt akademisk skrive- og referanseteknikk. Bachelor i geografi, bachelor i utviklingsstudiar, bachelor i Latin-Amerikastudiet eller tilsvarande. Basiskunnskapar i bruk av internett og PC. GEO131, GEO231 og GEO292 Web-basert emne. 7-8 førelesningar, 3-4 oppgåver med rettleiing, Online debatter Samlingar for dei studentane som er i Bergen Online oppgåver, online debattdeltaking og online rollespel. Mappe med 3 oppgåver samt online debattdeltaking og online rollespel. Online heimeeksamen (varer i ca. 10 dagar). Det vert gitt ein samla karakter. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO337 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no Web-basert undervisning.
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Mastergradsfeltkurs i naturgeografi

Vår Norsk Vår GEOL109 gir 10 studiepoeng reduksjon Kurset er reservert studentar ved Masterprogrammet i geografi med naturgeografisk studieretning eller tilsvarande bakgrunn. GEO341 er obligatorisk for studentar på Masterprogrammet i geografi med naturgeografisk studieretning. Kurset er eit særemne. GEO341 kan difor inngå i det obligatorisk kravet om to særemne i Master i geografi Gi deltakarane ei brei innføring i aktuelle naturgeografiske problemstillingar og forskingstema i Noreg gjennom ein eigen, mindre feltundersøking og ekskursjon. Langs eit vest-aust transekt i Sør-Noreg frå Måløy i ytre Nordfjord til Østerdalen får deltakarane eit innblikk i dei agensene som har forma dette landskapet. Gjennom ein blanding av ekskursjon og eigne feltundersøkingar får deltakarane ei innføring i aktuelle naturgeografiske problemstillingar og forskingsprosjekt langs dette transektet. Kurset samkjørast med GEOL109 ved Institutt for geovitskap, UiB. Studenten skal gjennom emnet ha fått ei praktisk innføring i feltmetodar og teknikkar som nyttast for å rekonstruere terrestriske klima- og miljøendringar i tid og rom. Tatt opp på mastergrad i geografi (naturgeografi), eller tilsvarande bakgrunn. GEO212 og GEO291 Førelesing, feltkurs 1 førelesing á 2 timer 10 heile dagar i felt Obligatorisk deltaking på feltkurs Feltrapport Bestått/ikke bestått Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO341 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no Universitetet i Bergen og feltkurs frå Måløy i ytre Nordfjord til Østerdalen
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Praktisk/teoretisk masteroppgave i geografi

Haust og vår Valfritt, norsk, skandinavisk eller engelsk Haust og vår Reservert studentar tatt opp ved Master i geografi, Master's in Resources and Human Adaptations og Master i regionar og regionalisering. Utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter og evner til å utforme, drøfte og analysere geografiske problemstillingar. Det vert lagt vekt på å utvikle sjølvstendige arbeidsmetodar og munnleg og skriftleg framstillingsevne. Studenten skal med rettleiing gjennomføre eit praktisk/teoretisk forskingsprosjekt som etter 2 år skal resultere i ei masteroppgåve. I oppgåva skal studenten vise at ho/han er i stand til å nytte geografiske metodar til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem. I samråd med rettleiar skal studenten utforme ei problemstilling og setje seg inn i relevante teoriar og tidlegare arbeider med relevans for temaet og/eller forskingsområdet. Studenten skal vidare gjennomføre eit sjølvstendig arbeid av praktisk og/eller teoretisk art knytt opp mot problemstilling. Normalt er arbeidet basert på feltarbeid. Etter praktisk/teoretisk omarbeiding skal dette resultere i ei masteroppgåve. Oppgåva skal ha eit omfang på mellom 80-100 sider. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, teori, metode og resultat. Studenten skal på ein oversiktleg måte gjere greie for dei tematiske, metodiske og teoretiske føresetnadene som arbeidet byggjer på. Også det empiriske materialet som vert analysert skal framstillast på ein oversiktleg måte. I vurderinga av avhandlinga legg ein vekt på korleis studenten meistrar relevant teori, metode og evne til å analysere. Studenten skal gjennom arbeidet med masteroppgåva ha lært seg heile prosessen for eit forskingsprosjekt, frå val av tema, utvikling av problemstilling, oppstilling av hypotesar, val av adekvat teoretisk og metodisk tilnærming, innhenting av kjelder og informasjon, vurdering av kjeldenes bruksverdi og pålitelegheit, analyse og tolking. Studenten skal også ha lært seg god akademisk skrivemåte, argumentasjon og bruk av referansar. Tatt opp på masterprogrammet i geografi, Master's in Resources and Human Adaptations eller Master i regionar og regionalisering ved Universitetet i Bergen. Bestått kursdel på 60 studiepoeng inklusiv prosjektskildring, vitskapsteori, semesteroppgåve, særemne og milepælar. Godkjent bachelor i geografi eller tilsvarande. Rettleiing basert på individuelle møter med rettleiar innanfor ein ramme på 21 timer, det vil seie omlag 5 timer pr. semester frå og med 1. semester til og med 4. semester. Deltidsstudentar har normalt krav på rettleiing i same omfang som heiltidsstudenten fordelt på det antal semester man har krav på rettleiing. Kvar e-postrettleiing tel som ein rettleiingstime. Rettleiing i felt tel også som rettleiingstimar. Milepæl 1, 2 og 3 må vere gjennomført før oppgåva kan leverast. Milepæl 1 utgjerast av seminardelen av GEO310 (prosjektskildringa), milepæl 2 er seminardelen av GEO310 (semesteroppgåve). Milepæl 3 haldes etter avslutta feltarbeid, helst i september (februar for studentar som har byrja i vårsemesteret). Milepæl-seminara haldes gruppevis for studentar med liknande tema og deira rettleiarar. Formålet er å trene munnleg presentasjon av status for prosjektet og få tilbakemelding frå rettleiarar og studentar. Rettleiarar så vel som studentar fungerer som opponentar på presentasjonane. Avsluttande mastereksamen består av tre deler: ei innlevert masteroppgåve, ein munnleg presentasjon (ca. 20 minutt) av dei viktigaste resultata i masteroppgåva ein munnleg prøve innanfor masteroppgåva sitt temafelt. Det vert gitt 1 - ein samla karakter for desse. Studenten kan levere masteroppgåva til 4 fastsette datoar i året - 1.februar, 15.mai, 1.september og 15.november. Karakterskala A-F Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO350 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i. Institutt for geografi Studieveileder@geog.uib.no Universitetet i Bergen og individuelt feltområde for datainnsamling
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar

Haust Norsk Haust og vår For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. Emnet skal gjere studentane kjende med samfunnsfaga si historie og gi ei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkjemåtar. Det skal formidle kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag. Det vert gitt ei innføring i samfunnsvitskapane si framvekst og utvikling fram til i dag, med vekt på klassiske tema og sentrale omgrep i faga. Ulike metodar, omgrep og modellar som samfunnsforskarar nyttar eller forutset i si forsking vert også introdusert. Bruk av teori, modellar, metode og empiri i samfunnsvitskapen blir kasta lys over gjennom eit utval av teoriar om sentrale samfunnsforhold. Emnet vil også ta opp tilhøvet mellom (den/dei) utforska, forskar og samfunn. Gjennom emnet skal studenten ha tileigna seg ei første, grunnleggjande oversikt over sentrale perspektiv, menneskemodellar, grunnomgrep, metodiske innfallsvinklar og problemstillingar som kjenneteiknar samfunnsvitskaplege studiar. Studenten skal vidare ha fått elementær kjennskap til sentrale bidrag til den samfunnsvitskaplege faghistoria. Endeleg skal studenten ha tileigna seg kunnskap om utvalde, sentrale teoriar og hypotesar innan ulike samfunnsvitskaplege disiplinar, og kunne drøfte deira relevans i høve til dagsaktuelle problemstillingar. Førelesingar Talet på førelesingstimar: 20-24 Ei innleveringsoppgåve (ca 2000 ord). Oppgåva må vere godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret. 4 timar skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Scandinavian Area Studies - Geography: Environment and Society

Autumn English Autumn Open to exchange students. Introductory course to Scandinavia, geography and society, with particular emphasis on Norway. The course is only intended for foreign students with little previous knowledge of the subject of geography or of the Scandinavian countries and the Nordic states and nations. Topics: The Nordic physical environment and human adaptation. The territorial development of the Scandinavian states. Settlement pattern and economic structures. Energy resources and energy policy. Resource management and environmental protection. Planning and regional development politics in Scandinavia. Scandinavia and European Union. Through lectures and excursions, the students shall have achieved an introductory overview of central aspects of the geography of the Nordic countries and (Western) Norway in particular, with a special focus on natural resources and their use. The students shall be enabled to understand and interpret recent observations in the landscape against their historical, land-use related background, "how people have shaped their land". This includes physical ('natural'), social, cultural, economic and legal issues. Through work on the exam paper the students shall have achieved training in scientific review work and oral presentation, at the same time as they shall have gained a deeper understanding of a particular topic related to the geography of the Nordic countries (or a part of them), which they consider particularly interesting - either personally or against their previous academic background. Lectures, seminars and excursions 2 lecture á 2 hours pr. week. Total: 19-21 lectures 3 excursions (0,5 day + 1 day + 2 days): 11-12 weeks in total Presentation of a subject of their own choice (approx 15 minutes) and oral exam. Grading A-F SAS8 will be evaluated minimum every third semester Department of Geography Studieveileder@geog.uib.no
Score: 11.784325 Details | Listing | Web page

1 - 25 26 - 46