| source Universitetet i Bergen (X) |
level |
department Historie (X) |
Vår Normalt undervises emnet på norsk. Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet inngår i det obligatoriske grunnlaget for bachelorprogrammet i Midtausten-kunnskap. Emnet kan òg studerast uavhengig av dette bestemte studieprogrammet og emnet kan inngå i ei spesialsering i historie. Emnet gjev studentane ein oversikt over Midtaustens historie frå 600-talet fram til i dag. Midtausten er her i hovudsak definert som området frå Nord-Afrika til Iran. Emnet legg vekt på den politisk historia og dei lange linene. Utviklinga av islam som religion og sosio-politisk normsystem vert òg studert, i tillegg til utvalde kulturhistoriske og økonomiske tema. Det overordna perspektivet vil dels vere orientert mot dei langvarige strukturane, dels mot viktige endringsprosessar og dels mot aktørane på gruppe og individnivå. Historisk teori og metode er ein del av pensum og undervisninga. Kunnskapar: Ved fullført emne skal studenten ha grunnleggande kunnskapar om dei viktige fasane så vel som dei lange linene i Midtaustens historie frå 600-talet og fram til i dag. Vidare skal studentane få innsikt i karakteristiske trekk ved statsdanningar, administrasjon, politikk, samfunnstilhøve og islams utvikling. Studenten skal kjenne til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking. Ferdigheiter: Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar knytt til Midtaustens og islams historie og trekke eigne konklusjonar. Generell kompetanse: Studentane skal vise evne til å sette seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentere for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid. Ingen Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad. Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar). Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i vår-semesteret. Dersom det er ressursar, vil det i tillegg bli arrangert oppgåveseminar. Ingen 6-timars skriftleg skuleeksamen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret). Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Emnet vert evaluert jamleg. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 23 09/ 55 58 30 70 Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
Score: 12.326147 Details | Listing | Web page
Vår Normalt undervises emnet på norsk. Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet skal gi oversikt over dei viktigaste sosiale, økonomiske og politiske utviklingslinene i norsk og internasjonal historie sidan ca. 1750. Emnet har tre tematiske tyngdepunkt: Det første, Demokratisering og politisk mobilisering, tek utgangspunkt i den amerikanske og den franske revolusjonen og omhandlar politiske ideologiar og rørsler. Det andre temaet, Industrialisering og samfunnsendringar, omhandlar økonomisk og sosial historie, med hovudvekt på Noreg i europeisk perspektiv. Det tredje temaet, Statssystem og internasjonalisering, handlar i første rekkje om internasjonal historie, med vekt på den vestlege verda frå ca. 1750 og fram til i dag. Emnet er obligatorisk i ein spesialisering i historie, og i et historie årsstudium. Kunnskapar: Ved fullført emne skal studenten ha grunnleggande kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar innanfor økonomisk, sosial og politisk historie etter 1750. Kunnskapane ska ha både norsk, europeisk og global referanseramme. Studenten skal også ha grunnleggjande kunnskap om historiefagets metode. Ferdigheiter: Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar og trekke eigne konklusjonar. Generell kompetanse: Studenten skal vise evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar derifrå og til argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid. Ingen Gode kunnskapar i engelsk er viktig. Undervisninga blir gitt i form av førelesingar. Normalt 40 førelesingar. For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha bestått ei obligatorisk oppgåve, oppgåva skal være på 5-700 ord. Frist for innlevering av oppgåva blir gjort kjent ved semesterstart. Oppgåva vert vurdert bestått/ikkje bestått. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende. 6 timars skriftleg skuleeksamen. Obligatoriske arbeidskrav må vera gyldige for å kunna møte til eksamen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret). Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Emnet vert evaluert jamleg. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 23 09/ 55 58 30 70 Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Det blir normalt undervist i dette emnet kvart vårsemester. Det vil ikke bli tilbudt undervisning i emnet vårsemesteret 2010. Emnet drar opp lange linjer i norsk og europeisk historie frå antikken til våre dagar med vekt på kjønnsperspektivet. Innafor kvar av dei store historiske periodane vert det spurt etter kva kontinuitet og endring i kjønnsarbeidsdeling og i tilhøve som gjeld makt og avhengigskap mellom kvinner og menn har hatt å seia både for dagleglivet og for dei store økonomiske, sosiale og politiske prosessane i samfunnet. Tilsvarande vert det spurt etter korleis utvikling og endring i samfunna har verka inn på levekår og handlingsrom for dei to kjønna gjennom tidene. Det inngår i emnet å få ei viss innsikt i kjønnshistorias teori og forskingshistorie. Emnet inngår i Studieprogrammet for kvinne- og kjønnsstudier. Emnet kan også studerast uavhengig av dette studieprogrammet. Generell studiekompetanse. Undervisninga blir gitt i form av førelesingar. Emnet vert evaluert jamleg. 6 timars skriftleg skuleeksamen. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F. Denne eksamenen er open for personar utan studierett. Det blir normalt undervist i dette emnet kvart vårsemester. Normalt undervises emnet på norsk. Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet drar opp lange linjer i norsk og europeisk historie frå antikken til våre dagar med vekt på kjønnsperspektivet. Innafor kvar av dei store historiske periodane vert det spurt etter kva kontinuitet og endring i kjønnsarbeidsdeling og i tilhøve som gjeld makt og avhengigskap mellom kvinner og menn har hatt å seia både for dagleglivet og for dei store økonomiske, sosiale og politiske prosessane i samfunnet. Tilsvarande vert det spurt etter korleis utvikling og endring i samfunna har verka inn på levekår og handlingsrom for dei to kjønna gjennom tidene. Det inngår i emnet å få ei viss innsikt i kjønnshistorias teori og forskingshistorie. Emnet inngår i Bachelorprogrammet for kvinne- og kjønnsstudier. Emnet kan også studerast uavhengig av dette studieprogrammet. Emnet kan inngå i ein spesialisering i historie. Kunnskapar Studentane skal ha oversyn over kvinne- og kjønnshistorie gjennom å studera skiftande tilhøve mellom kjønn og samfunn gjennom tidene. Dei skal kjenne til sentrale forklaringar på den historiske utviklinga og dei vanlegaste teoriane omkring tilhøva mellom kjøna. Ferdigheiter Studenten skal vise evne til kritisk drøfting av historiske problemstillingar i eit kjønnsperspektiv og kunne trekke eigne konklusjonar ut av eit historisk materiale. Generell kompetanse Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid. Ingen Gode kunnskapar i engelsk er viktig. Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar). Ingen 6-timars skriftleg skuleeksamen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret). Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Emnet vert evaluert jamleg. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 23 09/ 55 58 30 70 Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Vår Engelsk Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Studiet har som målsetting å gi ei samanfattande innføring til USAs historie frå den første europeiske busetnaden i 1607 fram til i dag. Studiet er ordna kring tre hovudtema. Det første, Demokrati og nasjonsbygging , dekkjer stillinga til dei tretten koloniane innanfor det britiske imperiet, kampen deira for sjølvstende opp til 1783, utviklinga av ein konstitusjon og ein føderativ stat, og konsolideringa av stat og nasjon fram til krisa som kulminerte med Borgarkrigen 1861-65. Temaet vert deretter strekt opp til den nære fortida på slutten av 1900-talet, med søkelys på politisk utvikling, sosiale endringar etter Andre verdskrigen, borgarrettsstriden og andre reformrørsler. Det andre hovudtemaet, Innvandring og industrialisering , startar med eit tilbakeblikk på Nord-Amerika i kolonitida, men er vesentleg oppteke av den oppsiktsvekkjande utviklinga i den amerikanske økonomien på 1800- og 1900-talet. Emne som jordbruk, infrastruktur, demografi, sosiale relasjonar, utdanning og vitskap er også med. Temaet vert avrunda med ei skildring av depresjonen og New Deal i 1930-åra. Det tredje og siste temaet, USA i verda , dekkjer 1900-talet og granskar USA som aktør på den globale skodeplassen. Deltakinga i dei to verdskrigane blir gjennomgått, og likeeins USAs rolle i internasjonale forhold i den lange kalde krig-perioden, og omdefineringa av denne rollen etter 1989. Hendingane blir betrakta både frå amerikansk og frå utanforståande hald. Til slutt blir det lagt spesiell vekt på den amerikanske innverknaden på verdsøkonomien. Kunnskapar: Studenten skal ha gode kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar og prosessar i utviklinga av det amerikanske samfunnet. Studenten skal også ha grunnleggjande kunnskap om historiefagets metode. Ferdigheiter: Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar i amerikansk historie og trekke eigne konklusjonar. Generell kompetanse: Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid. Ingen Gode kunnskapar i engelsk er viktig. Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (normalt 12 førelesingar). Ingen 6-timars skriftleg skuleeksamen. Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret). Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Emnet vert evaluert jamleg. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 23 09/ 55 58 30 70 Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Vårsemesteret Instituttet tilbyr kvart vårsemester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei (per emne). Studiet omfattar perioden frå ca. 1750 og fram til i dag. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før vårsemesteret. Generell studiekompetanse. Det er òg mogeleg å søkja opptak til studiet på grunnlag av realkompetanse. Gode kunnskapar i norsk og engelsk er viktig. Om ein ikkje alt har eit oversiktsemne, bør ein ta eit slikt emne samstundes. Undervisninga skjer i form av førelesingar og oppgåveseminar. Seminararbeidet omfattar innlevering av tre skriftlege oppgåver og kommentering av oppgåver til medstudentar. Seminararbeidet (oppgåvene og kommentarane) går inn i studenten si mappe og utgjer saman med skuleeksamen grunnlaget for karakterfastsettinga. Instituttet fastset kvart semester talet på oppgåver studenten skal kommentera, kva oppgåver som skal kommenterast og når kommentarane skal vera innkomne. I seminaret vil studenten få kommentar frå medstudentar og lærar på dei to første oppgåvene, medan den tredje oppgåva ikkje blir kommentert. Alle tre oppgåvene skal inn i mappa som ein del av vurderingsgrunnlaget. Studenten har høve til å levera inn reviderte versjonar av dei to første oppgåvene. Studenten har ikkje høve til å revidera den tredje oppgåva. Dei skriftlege oppgåvene skal vere på 1500 - 2000 ord og skal ha tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta. Studenten står fritt til å trekkja inn annan litteratur i arbeidet med oppgåvene. I tillegg må studenten avleggja ein totimars skriftleg skuleeksamen. Instituttet utarbeider pensumlister. Studentane må delta i seminararbeid. Arbeidet omfattar innlevering av tre skriftlege oppgåver og kommentering av oppgåver til medstudentar. Emnet vert evaluert jamleg. Eksamen består av to komponentar: 1.Mappeinnhaldet: Tre skriftlege oppgåver på 1500 - 2000 ord, saman med dei skriftlege kommentarane til andre studentar sine oppgåver. Det vert lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar. 2.Ein totimars skriftleg skuleeksamen. Alle eksamensdelar må vera bestått for å få godkjent eksamen i emnet. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F. Mappeinnhaldet tel 75 prosent, og den totimars skuleeksamenen tel 25 prosent av den endelege karakteren. Vår (emnet blir tilbydd kvar vår, såframt ressursane tillet det) Normalt undervises emnet på norsk. Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle historiske tema i tida etter ca. 1750. Instituttet tilbyr normalt undervisning i eitt eller fleire tema, avhengig av ressursar, og studentane vel eitt tema (per emne). Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før undervisningssemesteret. Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie. Kunnskapar: Ved fullført emne skal studenten ha gode realhistoriske kunnskapar om og kjenne til sentrale teoriar og debattar innan det valde temaet. Studenten skal også kjenne til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking. Ferdigheiter: Studenten vise evne til å drøfte historiske problemstillingar innan temaet, samt kritisk vurdere historiske framstillingar i forskingslitteraturen og i studentarbeid. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere historiske data formidla gjennom kjelder og litteratur, og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i fleire skriftlege arbeid. Generell kompetanse: Dei skriftlege arbeida skal vise evne til å argumentere og dokumentere akademisk. Gjennom å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon. Ingen Gode kunnskapar i engelsk er viktig. Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar) og oppgåveseminar. Seminararbeidet (oppgåvene og kommentarane) går inn i studenten si mappe og utgjer saman med skuleeksamen grunnlaget for karakterfastsettinga. I seminaret vil studenten få kommentar frå medstudentar og lærar på dei to første oppgåvene. Alle tre oppgåvene skal inn i mappa som ein del av vurderingsgrunnlaget. Studenten har høve til å levera inn reviderte versjonar av dei to første oppgåvene. Studenten har ikkje høve til å revidera den tredje oppgåva. Dei skriftlege oppgåvene skal vera på 1500-2000 ord og skal ha tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta. Studenten står fritt til å trekkja inn annan litteratur i arbeidet med oppgåvene. I tillegg må studenten avleggja ein totimars skriftleg skuleeksamen. Studentane må delta i seminararbeid. Arbeidet omfattar innlevering av tre skriftlege oppgåver og kommentering av oppgåver til medstudentar. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende. Eksamen består av to komponentar: 1. Mappeinnhaldet: Tre skriftlege oppgåver på 1500 - 2000 ord, saman med dei skriftlege kommentarane til andre studentar sine oppgåver. Det vert lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar. 2. Ein totimars skriftleg skuleeksamen Andre del av eksamen (skuleeksamen) kan takast i eit undervisningsfritt semester om den første delen av eksamen (mappa) er godkjend i eit undervisningssemester. Den første delen av eksamen må framleis vere gyldig, jamfør regelverket om obligatoriske arbeidskrav. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F. Mappeinnhaldet tel 75 prosent, og den totimars skuleeksamenen tel 25 prosent av den endelege karakteren. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Emnet vert evaluert jamleg. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 23 09/ 55 58 30 70 Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Vår Instituttet tilbyr kvart vårsemester undervisning i eitt eller fleire tema, og studentane vel eitt av dei (per emne). Studiet omfattar perioden frå ca. 1750 og fram til i dag. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før vårssemesteret. Generell studiekompetanse. Det er òg mogeleg å søkja opptak til studiet på grunnlag av realkompetanse. Gode kunnskapar i norsk og engelsk er viktig. Om ein ikkje alt har eit oversiktsemne, bør ein ta eit slikt emne samstundes. Undervisningstilbodet er førelesingar. For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha bestått ei obligatorisk oppgåve. Det vert arrangert særskilt eksamen for studentar utan studierett. Emnet vert evaluert jamleg. 6-timars skriftleg skuleeksamen. Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Denne eksamenen er open for personar utan studierett. Vår (emnet blir tilbydd kvar vår, såframt ressursane tillet det) Normalt undervises emnet på norsk. Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Når ressursane tillet det tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema, og studentane vel eitt av dei (per emne). Studiet omfattar perioden frå ca. 1750 og fram til i dag. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før kvart vårsemester. Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i det aktuelle tema. Dei skal læra seg å formidla historisk stoff best mogeleg, å nærma seg historiske problem på ein vitskapleg måte og å bruka historisk teori og metode i behandlinga av historiske spørsmål. Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie. Kunnskapar: Studenten skal ha god kunnskap innan det valde fordjupingsteamet. Studenten skal kjenne til synsmåtar, forklaringar og teoriar knytt til temaet. Studenten skal også ha god innsikt i sentrale kjelde- og metodespørsmål. Ferdigheiter: Studenten skal kunne problematisere, nytte relevant fagterminologi og drøfte historiske framstillingar innan temaet. Vidare skal studenten kunne vurdere og analysere litteratur/kjelder og kunne trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av denne analysen. Generell kompetanse: Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid. Ingen Gode kunnskapar i engelsk er viktig. Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar). For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha bestått ei obligatorisk oppgåve, oppgåva skal være på 5-700 ord. Frist for innlevering av oppgåva blir gjort kjent ved semesterstart. Oppgåva vert vurdert bestått/ikkje bestått. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende. 6-timars skriftleg skuleeksamen. Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Obligatoriske arbeidskrav må vera gyldige for å kunna møte til eksamen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret). Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Emnet vert evaluert jamleg. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 23 09/ 55 58 30 70 Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Du kan ikkje skrive bacheloroppgåve om eit tema du har tatt som fordjuping på 100-nivå historie. Vår og haust Normalt undervises emnet på norsk. Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet er obligatorisk i en spesialisering i historie. Emnet skal gi studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva. Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Studiet omfattar heile perioden, frå antikken og fram til i dag. I haustsemestre vil det vere tilbod i tida før ca. 1750 og i vårsemestre vil det vere tilbod i nyare historie, tida etter ca. 1750. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester. Kunnskapar: Ved fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva. Ferdigheiter: Studenten vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet. Studenten skal demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid. Generell kompetanse: Studenten skal ha grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid. Ved å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon. Gjennom bacheloroppågva skal studentane vise sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar. Ingen Gode kunnskapar i engelsk er viktig. Det er tilrådd at studenten har begge oversiktsemna, HIS101 og HIS102, og to forjupingsemne på 100-nivå før ein skriv bacheloroppgåva. Studentane kan velja mellom fleire tema. Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd og individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av ei større oppgåve, og kommentering av andre studentar sine oppgåver. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og når kommentarane skal vera innkomne. Som førebuing til skrivinga av bacheloroppgåva vil det kvart semester normalt bli arrangert eit kurs i praktisk metode. Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter instituttet sine retningslinjer. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord og må ikkje overskrida 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og eventuelle kjelder, og ha ei liste over kjelder og litteratur som er nytta i oppgåvesvaret. Ingen Eksamen har tre komponentar: 1. Studenten skal levera ei bacheloroppgåve i tre versjonar til fastsette tidspunkt: a. Den første versjonen som skal innehalde skisse av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur, er basis for diskusjon mellom lærar og studentar. b. Den andre versjonen er ei ferdig utforma oppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar. c. Den tredje og endelege versjonen. Alle dei tre versjonane må vere godkjente for å kunna avleggja eksamen. Ved fastsetjing av karakteren tel tredje versjon. 2. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine oppgåver. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar. 3. Studentane skal framstille seg til ei munnleg prøve. Studenten må bestå alle tre komponentane. Det blir nytta ein gradert karakterskala frå A til F for samla karakter for bacheloroppgåva og kommentardelen. Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Emnet vert evaluert jamleg. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 23 09/ 55 58 30 70 Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Vår (emnet blir tilbydd kvar vår såframt ressursane tillet det) Normalt undervises emnet på norsk. Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Når ressursane tillet det tilbyr instituttet kvart vårsemester undervisning i eit gitt tema i perioden frå ca. 1750 og fram til i dag. Kva tema som vert tilbydd er i tillegg avhengig av kva lærarressursar som er tilgjengelege. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart vårsemester. Emnet er anbefalt som 15 sp i ein spesialisering i historie. Kunnskapar Studenten skal kunne definere sentrale omgrep og ha god kunnskap om ulike historiesyn om det valde temaet. Studenten skal òg kjenne til teori som er relevant for å analysere den historiske utviklinga. Ferdigheiter Studenten skal kunne gje ei sjølvstendig drøfting av sentrale problemstillingar knytt til det aktuelle temaet basert på litteratur som gjenspeglar ulike tilnærmingar, teoriar og historiske forklaringar. Generell kompetanse Studenten skal vise evner til kritisk tenking og problematisering av tematikk, teori og metode. Studenten vil ha erfaring med å analysere komplekse fenomen og prosessar, samt å formidle historisk innsikt. Ingen Gode kunnskapar i engelsk er viktig. Det er tilrådd at studenten har begge oversiktsemna, HIS101 og HIS102, i tillegg til minst eit fordjupingsemne i historie frå tidlegare. Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar). Det kan også vere aktuelt med frivillig oppgåveskriving. Ingen 6-timars skriftleg skuleeksamen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret). Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Emnet vert evaluert jamleg. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 23 09/ 55 58 30 70 Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Emnet gir studentane ei innføring og orientering i eit forskingsfelt i historiefaget som kan vere relevant for ei mastergradsoppgåve. Emnet er ope for studentar som er tekne opp på mastergradsstudiet i historie. Emnet er obligatorisk, og skal normalt takast i første semester. Studentane skriv ei semesteroppgåve. Val av tema skjer i samråd med rettleiar. All undervisning skjer i masterseminaret og studentane pliktar å delta aktivt i det masterseminaret dei høyrer inn under. Studentane skal munnleg presentere HIS301-oppgåva i masterseminaret og være opponent på innlegget til ein medstudent. Emnet vert evaluert jamleg. Studentane skal innan 1. desember i haustsemesteret og innan 1. juni i vårsemesteret levere inn, i to eksemplar, ei semesteroppgåve på 10-12 sider. For å kunne levere semesteroppgåva må studentane ha fått godkjent arbeidet i seminaret. Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

I dette emnet lærer studentane korleis dei skal førebu ei forskingsoppgåve med særleg vekt på problemformulering, avgrensing og kjeldekunnskap. Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB. For mastergradsstudentar i historie er emnet obligatorisk, og skal normalt takast i andre semester. Instituttet tilbyr ulike periode-/temaseminar, og studentane vel i starten av semesteret kva seminar dei vil delta i. Studentane skriv ei semesteroppgåve. Oppgåva vil kunne innehalde avgrensing av tema, problemformulering og drøfting av kva litteratur og kjelder som vil vera relevante for testing av hypotesar som er avleidde av problemformuleringa, gi konkrete døme på slike kjelder, drøfte problem knytt til bruken av dei og gjerne også døme på analyse. Studentane vil få rettleiing i dette arbeidet, og dei vil kunne leggja utkast fram til diskusjon i seminaret. Undervisninga vil elles vere organisert slik at det vil vere praktisk mogleg for ein student å arbeida med kjelder andre stader enn i Bergen. Emnet vert evaluert jamleg. Studentane skal innan 18. november i haustsemesteret og innan 18. mai i vårsemesteret levere inn, i to eksemplar, ei semesteroppgåve på 15-20 sider og elles framstille seg til ei munnleg prøve. Den munnlege prøva justerer karakteren på semesteroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter. Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Det blir undervist i emnet i alle vårsemester, og i haustsemester om instituttet har ressursar til det. Studiet er bygd opp kring ulike teknikkar som er aktuelle for studentar som arbeider med historie på mastergradsnivå. Studentane kan velje grad av spesialisering innafor dei ulike teknikkane. Kvar av desse teknikkane/disiplinane kan differensierast i omfang, frå fem studiepoeng til 15 studiepoeng. Studentane kan sjølv setje saman ulike teknikkar, slik at dei samla utgjer 15 studiepoeng. Instituttet vil vere fleksibelt med omsyn til kva teknikkar ein kan la gå inn i emnet, og undervisninga vil i ein viss grad vere tilpassa det studentane til ei kvar tid treng. Døme på teknikkar som instituttet normalt vil kunne tilby undervisning i: Paleografi, statistikk, databaseteknikkar, prosopografi/genealogi, demografi, munnleg historie/intervjuteknikk. Instituttet vil tilpasse undervisninga etter kor mange studentar som melder seg til dei enkelte teknikkane. Ein legg opp til stor grad av sjølvstudium frå studentane. Til kvar av teknikkane vil det liggja føre eit sjølvstudieopplegg, med framlegg til litteratur og øvingsoppgåver, gjerne tilgjengeleg på Internett. Dette sjølvstudieopplegget vil differensiere litteratur og øvingsoppgåver etter kor stor del dei ulike teknikkane utgjer av heile emnet. Instituttet vil utvise stor grad av fleksibilitet overfor studentar som tek relevante kurs ved andre lærestader eller institutt, særleg dersom instituttet ikkje sjølv kan tilby undervisning i ein relevant teknikk. Dersom studentar tar kurs/emne andre stader enn ved Historisk institutt, skal dette skje i samråd med rettleiar. Emnet vert evaluert jamleg. Studentane skal levere inn ei øvingsoppgåve i den utvalde teknikken, som må vere godkjent før dei kan gå opp til eksamen. Studentane skal framstille seg til ein munnleg prøve. Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Mastergradsgradssoppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som bygger på eit sjølvstendig studium av historiske kjelder og/eller historisk litteratur. HIS 350 er tilgjengeleg for studentar som er tekne opp til mastergrad i historie, og som har avlagt og bestått minst HIS 301 og HIS 303. Ein ventar at studentane jamleg deltek på masterseminar, og også legg fram delar av oppgåva si til diskusjon i seminaret. Alle studentar som er tekne opp til mastergradsstudiet ved Historisk institutt, har rett til individuell rettleiing i arbeidet med mastergradsoppgåva. Rettleiinga er regulert gjennom ei individuell rettleiingsavtale. Mastergradseksamen består av mastergradsoppgåva (80-110 sider) og ei munnleg prøve. Mastergradsoppgåva skal leverast elektronisk via Mi side. Oppgåva skal vere instituttet i hende innan 1. februar eller 15. mai i vårsemesteret og innan 20. november i haustsemesteret. Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Etter at karakteren på mastergradsoppgåva er fastsett, må studentane framstille seg til den munnlege prøven der mastergradsoppgåva blir diskutert. Den munnlege prøven justerar karakteren på mastergradsoppgåva som maksimalt kan endrast med éin bokstavkarakter.