| source Universitetet i Bergen (X) |
level |
department Idéhistorie (X) |
Vår Norsk Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. IDH101 omhandlar visse periodar i den vestlege idéhistoria der det skjer endringar som får stor innverknad på den vidare utviklinga av kulturen. Periodar og tema som vert handsama er: - overgangen frå renessansen til nytida - overgangen frå opplysningstida til romantikken - kritikk av opplysningstida For å få best mogleg forståing av dei rådande ideane i dei utvalde epokane, er pensum sett saman av både filosofiske, litterære, religiøse og vitskapelege tekstar. Emnet er obligatorisk i spesialiseringa i idéhistorie. Etter fullført emne skal studenten ha oversyn over sentrale fasar i den vestlege idéhistoria med særleg vekt på overgangen frå renessansen til nytida og frå opplysningstida til romantikken. Studentane skal elles kunne reflektere over samanhengen mellom intellektuelle problem og historiske hendingar. Examen philosophicum og Akademisk skriving Studentane bør ha gode kunnskapar i engelsk fordi mykje av pensum vil vere på engelsk. Undervisninga vert gjeve i form av førelesingar og/eller seminar. Det vert lagt opp til diskusjonar i etterkant av førelesingane og seminara, anten i plenum eller i mindre grupper. Instituttet anbefalar at studentane organiserer eigenstyrte kollokvia. Førelesingar/seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar. Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane. - Individuell rettleiing i samband med oppgåveskrivinga. Utkast til oppgåva må vere levert innan ein bestemt frist før ein avtaler den individuelle rettleiinga. - Studentar må gje skrifteleg svar på 6 av 12 spørsmål med innlevering annankvar veke. Svara må vere godkjende for at ein skal få oppgåva sensurert. Ei rettleia oppgåve på 4000-6000 ord. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva sensurert. Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning. Karakterskala frå A til F Emnet vert evaluert med jamne mellomrom. studierettleiar@fof.uib.no Bergen
Score: 13.126831 Details | Listing | Web page
Haust Norsk Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Idéhistorie omhandlar ulike idear og måtar å tenkje på som har vore med på å forme vår sjølvforståing og vårt syn på den verda mi lever i. Idéhistorie er eit fleirfagleg og tverrfagleg emne og tekstane vert henta frå ulike fag som filosofi, religion og litteratur. Det at ein i idéhistoria les tekstar frå ulike fag (og fagtradisjonar) reiser særskilde spørsmål knytte til bruk av metode. IDH102 skal difor gje ei innføring i sentrale metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget. Gjennom ulike døme på eldre og nyare idéhistorisk forsking vil ein også sjå om, og eventuelt korleis fokus og metodar i faget har vorte endra opp gjennom åra. Emnet er obligatorisk i spesialiseringa i idéhistorie. Etter fullført emne skal studentane ha kunnskap om sentrale metodiske og teoretiske spørsmål i moderne idéhistorisk forsking. Studentane skal også kunne nytte idéhistorisk metode for å analysere tekstar frå ulike (humanistiske) fag. Examen philosophicum og Akademisk skriving Studentane bør ha gode kunnskapar i engelsk fordi mykje av pensum vil vera på engelsk. Undervisninga vert gjeve i form av førelesingar og/eller seminar. Det vert lagt opp til diskusjonar i etterkant av førelesingane og seminara, anten i plenum eller i mindre grupper. Førelesningar/seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar. Kollokvia: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar. - Innlevering av ei oppgåve på mellom 2000 og 4000 ord. Innleveringsfristar vert sette av instituttet. Oppgåva må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen. - Munnleg framlegging på forelesning/seminar av utkast til obligatorisk oppgåve. 6-timars skuleeksamen. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning. Karakterskala frå A til F Emnet vert evaluert med jamne mellomrom. studierettleiar@fof.uib.no Bergen

Haust og vår Norsk Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet omfattar eit sjølvstendig skriftleg arbeid innan eit idéhistorisk tema. Originallitteratur og sekundærlitteratur skal liggje til grunn for den skriftlege oppgåva. Målet for emnet er at studenten - gjennom rettleiing frå faglærar - skal få øving i å identifisere ei idéhistorisk problemstilling, identifisere og artikulerer dei sentrale omgrepa i dei aktuelle periodane og at dei kan peike på kva følgjer og verknader ein kan seie at intellektuelle (eller idémessige) endringar har. Studenten vil og få øving i å finne fram til relevant sekundærlitteratur på eige hand. Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å arbeide sjølvstendig med idéhistoriske problemstillingar originaltekstar og relevant sekundærlitteratur. Examen philosophicum og Akademisk Skriving eller tilsvarande: IDH101, IDH102 og FIL111 Individuell rettleiing, 3 timar per student. (ev. supplert med grupperettleiing) - 3 timar individuell rettleiing - Innlevering av utkast til semesteroppgåve før siste rettleiingstime Ei rettleia oppgåve på mellom 6000 og 8000 ord. Oppgåva vert sensurert ved slutten av semesteret. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva sensurert. Karakterskala frå A til F Emnet vert evaluert med jamne mellomrom. studierettleiar@fof.uib.no Bergen

Vår/ haust Norsk Lukka emne. For å ta emnet må ein vere tatt på masterprogrammet i filosofi, studieretning idéhistorie. IDH301 hentar sitt innhald frå eit av forskingsseminara på Filosofisk institutt i det aktuelle semester. Desse seminara har fokus på aktuell forsking på instituttet. Emnet skal gje studentane eit grunnlag for ein kritisk tilnærming til sentrale idéhistoriske problemstillingar, noko som skal gjere dei betre i stand til å arbeide sjølvstendig med masteroppåva. I seminaret vil det verte lagt vekt på både munnleg diskusjon og skriftleg framstilling. -Kunne arbeide sjølvstendig med ulike idéhistoriske tekstar og problemstillingar. -Kunne identifisere dei spesifikke idéhistoriske problema i ulike tekstar. -Kunne gi ei munnleg framstilling av ei idéhistorisk problemstilling -Kunne utarbeide eit avgrensa skriftleg arbeid, med ei klår problemstilling og klår argumentasjon innan særemnet. Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i idéhistorie. Undervisninga vil ha form av seminar med ulike opplegg, men kor diskusjon alltid står sentralt. Studentane skal også legge fram eige bidrag på seminaret. Seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar Individuell rettleiing: 2 timar per student Følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar inngår i IDH301: - Innlegg på seminaret. - Innlevering av utkast til semesteroppgåve før rettleiinga. - Individuell rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva. - Innlevering av pensumliste 15. oktober i haustsemester og 15. april i vårsemester. Studentane skal skrive ei seminaroppgåve. Problemstillinga for denne vil vert bestemt av to (eller fleire) oppgåver som seminarleiar utformar, og som er i fokus på forskingsseminaret. Studentane kan òg formulere ei problemstilling på eige hand: problemstillinga må i så fall verte godkjend av seminarleiar. Seminaroppgåva skal vere på 4000 - 6000 ord. Det er obligatorisk rettleiing i samband med skrivinga av seminaroppgåva. Eksamen vert arrangert kvart semester. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F. Ein kan ikkje nytte det same forskingsseminaret til å ta eksamen i IDH302 eller som valemne i kursdelen av masterstudiet. Karakterskala frå A til F Emnet vert evaluert ved jamne mellomrom. studierettleiar@fof.uib.no Bergen
Score: 13.126831 Details | Listing | Web page
Vår/haust Norsk Lukka emne. For å ta emnet må ein vere tatt på masterprogrammet i filosofi, studieretning idéhistorie. IDH302 hentar sitt innhald frå eit av forskingsseminara på Filosofisk institutt i det aktuelle semester. Desse seminara har fokus på aktuell forsking på instituttet. Emnet skal gje studentane eit grunnlag for ein kritisk tilnærming til sentrale idéhistoriske problemstillingar, noko som skal gjere dei betre i stand til å arbeide sjølvstendig med masteroppåva. I seminaret vil det verte lagt vekt på både munnleg diskusjon og skriftleg framstilling. Kunne arbeide sjølvstendig med ulike idéhistoriske tekstar og problemstillingar. Kunne identifisere dei spesifikke idéhistoriske problema i ulike tekstar. Gitt ei stor mengde tekst, skal studenten raskt kunne plukke ut relevant frå ikkje-relevant stoff i høve til ei gitt problemstilling. Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i idéhistorie. Undervisninga vil ha form av seminar med ulike opplegg, men kor diskusjon alltid står sentralt. Studentane skal og legge fram eige bidrag på seminaret. Følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar inngår i IDH302: -Innlegg på seminaret. -Innlevering av pensumliste 15. oktober i haustsemester og 15. april i vårsemester. 1. Studentene skal ha ei vekes heimeeksamen. Eksamenssvaret skal vere på 4000-6000 ord. 2. Den skriftlege oppgåva skal forsvarast munnleg overfor faglæraren i hovudemnet og ein annan sensor. Munnleg eksamen kan justere karakter på grunnlag av det skriftlege arbeidet med ein karakter opp eller ned. Ved vurderinga vert det særleg lagt vekt på brei oversikt over sentrale problemstillingar innanfor heile hovudområdet. Eksamen vert arrangert kvart semester. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F. Ein kan ikkje nytte det same forskingsseminaret til å ta eksamen i IDH301 eller som valemne i kursdelen av masterstudiet. Karakterskal frå A til F Emnet vert evaluert ved jamne mellomrom. studierettleiar@fof.uib.no Bergen
Score: 13.126831 Details | Listing | Web page
Vår/haust Norsk Lukka emne. For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterprogrammet i filosofi, studieretning idéhistorie. Masteroppgåva skal dokumentere at studenten har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig med idéhistoriske problemstillingar. I IDH350 skal studentane skrive ei masteroppgåve ut frå det prosjektet som dei har utarbeidd i IDH304. Emnet er ein obligatorisk del av mastergraden. Masteroppgåva kan anten bestå av eit samanhengande arbeid, eller vere sett saman av fleire mindre arbeid som står i ein indre fagleg samanheng med kvarandre. Om studenten vel ei samansett masteroppgåve, skal denne innehalde ei innleiing som syner korleis dei ulike artiklane heng saman. Lengda på oppgåva skal vere i samsvar med fakultetet sitt vedtak om kva lengd ei masteroppgåve skal ha. Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å arbeide systematisk og sjølvstendig med idéhistoriske problemstillingar. Avlagd eksamen i FIL301, FIL302, FIL303 og IDH304 Arbeidet med masteroppgåva er normert til 2 semester og vert normalt lagt til dei to siste semestra av studiet. Det er ein føresetnad at studenten med jamne mellomrom drøftar masteroppgåva med den/dei faglege rettleiaren/rettleiarane sin(e). 10 timer individuell rettleiing per semester. - Individuell rettleiing - Halde eit 30 minutters førebudd munnleg innlegg om oppgåva mellom innlevering av masteroppgåva og munnleg eksamen. Etter innlegget er det sett av 30 minutter til diskusjon. Rettleiaren skal vere til stades under framlegging og diskusjon. Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider. Sjå utfyllande reglement for Det humanistiske fakultet. Innlevering av masteroppgåva kan skje fire gonger i året: 1. februar, 15. mai, 1. september og 20. november. Desse fristane er sette av Det humanistiske fakultet. Det vert sett ein karakter på studenten si masteroppgåve. Denne karakteren kan justerast inntil ein karakter opp eller ned gjennom ei munnleg prøve som omfattar masteroppgåva og særpensumet. Karakterskala frå A til F Emnet vert evaluert ved jamne mellomrom studierettleiar@fof.uib.no Bergen