| source Universitetet i Bergen (X) |
level |
department Informasjonsvitskap (X) |
Haust Norsk Haust og vår For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. Emnet skal gjere studentane kjende med samfunnsfaga si historie og gi ei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkjemåtar. Det skal formidle kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag. Det vert gitt ei innføring i samfunnsvitskapane si framvekst og utvikling fram til i dag, med vekt på klassiske tema og sentrale omgrep i faga. Ulike metodar, omgrep og modellar som samfunnsforskarar nyttar eller forutset i si forsking vert også introdusert. Bruk av teori, modellar, metode og empiri i samfunnsvitskapen blir kasta lys over gjennom eit utval av teoriar om sentrale samfunnsforhold. Emnet vil også ta opp tilhøvet mellom (den/dei) utforska, forskar og samfunn. Gjennom emnet skal studenten ha tileigna seg ei første, grunnleggjande oversikt over sentrale perspektiv, menneskemodellar, grunnomgrep, metodiske innfallsvinklar og problemstillingar som kjenneteiknar samfunnsvitskaplege studiar. Studenten skal vidare ha fått elementær kjennskap til sentrale bidrag til den samfunnsvitskaplege faghistoria. Endeleg skal studenten ha tileigna seg kunnskap om utvalde, sentrale teoriar og hypotesar innan ulike samfunnsvitskaplege disiplinar, og kunne drøfte deira relevans i høve til dagsaktuelle problemstillingar. Førelesingar Talet på førelesingstimar: 20-24 Ei innleveringsoppgåve (ca 2000 ord). Oppgåva må vere godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret. 4 timar skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no
Score: 12.086785 Details | Listing | Web page
Vår/haust Norsk Vår/haust Full overlapp mot INFO300 og MEVI300 Emnet er reservert studentar på masterprogramma i informasjonsvitskap og i medievitskap. Målet med kurset er å få studentane tidleg i gong med arbeidet med masteroppgåva gjennom å gi praktisk og handverksmessig kunnskap om korleis ein gjennomfører eit masteroppgåveprosjekt frå idé til eit tilnærma fyrsteutkast. Gjennom utarbeiding av ei omfattande prosjektskisse (15-20s) skal dei få auka innsikt i akademisk skriving, litteratursøking og forskingsdesign meir allment, med særskild vekt på val av relevant teori og metode og ei fornuftig avgrensing av prosjektet. Prosjektskissa dannar grunnlaget for masteroppgåva. Studentane skal ha utvikla ei forståing for forskingsprosessen der eit opphavleg tema vert vidareutvikla, avgrensa og formulert som ei forskbar og eksplisitt problemstilling. Studenten skal ha fått ei større innsikt i dei sentrale forskingsmiljøa på instituttet, korleis søkje etter litteratur og andre relevante data, den akademiske skriveprosessen og dei genremessige krav til masteroppgåva, og korleis utforme eit metodisk opplegg som passar til problemstillinga. Gjennom å skrive ei omfattande prosjektskisse, og å mottake og gi tilbakemeldingar på andre sine prosjektskisser vil både dei auke sin kompetanse til akademisk argumentasjon og vurdering av fagleg kvalitet i tekstar, samt demonstrere si emne til å gjennomføre og rapportere frå eit forskingsprosjekt på mastergradsnivå. Kurset skal fungere som del av den overordna ramma for arbeidet med masteroppgåva. Bachelorgrad eller tilsvarande. Førelesning og seminar. Individuell og plenumsbasert rettleiing. Det er tre obligatoriske innleveringar. Etter fire veker skal studentane levere eit kortare framlegg til prosjektskildring på 3-4 sider. Etter åtte veker skal studenten levere eit fyrsteutkast på 10-15 sider. Ved kursslutt skal studenten levere eit endeleg utkast på 15-20s. Det er obligatorisk oppmøte. Prosjektskildring. Bestått/ikkje bestått Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret. studieveileder@media.uib.no

Autumn English Autumn Master in Information Science or Media Studies. Other master students may apply for admission. Students are expected to acquire an independent understanding of the role of technologies for social change. Through student presentations and plenary discussions we will study central articles and books in the field, with a particular focus on history and theory of modern media and information technologies. The course draws on resources from both information science and media studies. This course aims to provide students with the theoretical grounding necessary to understand the processes of change in ICT and media technologies, and to assess public discourse about them. Much of the course will be oriented to the history and functionalities of individual technologies, primarily electronic and digital media. Central theoretical traditions in technology studies will be discussed, such as technological determinism, social constructivism and actor network-theory. The lectures and literature will address modern media and technological cultures. We will discuss the social, economical and material forces influencing media change. We will ask: How can we understand technology both as a cultural force and a cultural consequence? How should we understand the relationships among cultural, political and technological change? The course combines perspectives from information science and media studies, and aims to build and reinforce common theoretical frameworks for research at the Department of Information Science and Media Studies. INFOMEVI344 will enable the students to reason in both written and verbal form about the role of technologies, using the theories of social constructivism and technological determinism. They will also know the main dimensions of the history and theory of modern media and information technologies. Bachelor´s degree in Information Science or equivalent. Lectures and obligatory student presentations. Compulsory attendance. Obligatory student presentations. The student is evaluated on the basis of an essay. The essay should be of about 15 pages, and should be written under supervision. The subject of the essay has to be approved by the supervisor. The grading system has a descending scale from A to E for passes and F for fail. INFOMEVI344 is evaluated by students every three years, by the Department every year. advice@info.uib.no advice@mevi.uib.no

Vår Norsk Vår/haust Emnet overlappar 5 studiepoeng med MNF130, 5 studiepoeng mot INFO131 og 5 studiepoeng mot IV131. Emnet skal gje grunnleggjande kunnskaper om formelle omgrep og metodar nytta innanfor grener av informasjonsvitskap. Det dannar grunnlag for studier i databasar, programmering og kunstig intelligens. Fagleg innhald: Elementær logikk og mengdelære, relasjonar og funksjonar. Grafar og tre. Studentane skal kjenne til grunnleggjande diskret matematikk og være rusta til å bruke dette innanfor mange ulike felt i informasjonsvitskap, under dette formell teori, konseptuell modellering, kunnskapsrepresentasjon og praktisk bruk av ulike språk for databasar og programmering. Førelesingar, labøvingar og gruppeøvingar (normalt 4 timar forelesing, 2 timar datalab og 2 timar gruppeøving i ca. 10 veker). Det blir forventa at studentane sjølve organiserer kollokvium. To beståtte innleveringsoppgåver. Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende. 3 timar skriftleg eksamen. Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år. studieveileder@info.uib.no

Vår Norsk Vår Full poengreduksjon mot INFO211 Ope Emnet skal gi det teoretisk grunnlaget for deltaking i arbeid med informasjonssystem, enten det gjeld administrering, utgreiing- eller vurderingsarbeid eller planlegging og gjennomføring av prosjekt. Emnet presenterer ulike typar informasjonssystem og diskuterer korleis dei på ulike måtar støttar moderne verksemder. Sentrale forhold knytt til administrering, utvikling, anskaffing, innføring, drift og vidareutvikling av informasjonssystem blir presentert og drøfta, saman med forhold knytt til tryggleik, personvern og etikk. Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi på individuelt, gruppe- og organisatorisk nivå blir vektlagt. Eit praktisk prosjekt blir gjennomført som ein obligatorisk emneoppgåve. Emnet gir ei oversikt over ulike typar av informasjonssystem og deira plass i organisasjonar og samfunn. Emnet gir og kunnskap om korleis slike system kan nyttast for å realisere organisatoriske og forretningsmessige mål i verksemder. Vidare tar emnet opp sentrale oppgåver knytt til administrering, utvikling, anskaffing, innføring, drift og vidareutvikling av informasjonssystem. Forhold knytt til tryggleik, personvern og etikk blir og drøfta. Ingen INFO100 eller tilsvarande Forelesingar, karaktersett(e) oppgåve(r) og frivillige øvingar (normalt 2-4 timar forelesing og 2 timar øvingar per veke i ca. 10 veker). Ingen 3 timar karaktersett skriftleg prøve (60%). 3 karaktersette obligatoriske gruppeoppgåver (40%). Oppgåvene må gjerast i undervisningssemesteret. Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år. studieveileder@info.uib.no

Vår Norsk Vår Ingen Ope Emnet skal gi ei grunnleggjande forståing av og kritisk perspektiv på den sosiale veven, kjenneteikn ved veven, bakgrunnen for veven og plassen til veven i samfunnet. Emnet tar for seg den såkalla sosiale verdsveven, ein vidareutvikling av veven som kjenneteiknast av deling av brukarskapt innehald og bygging av virtuelle samfunn. Teoretiske perspektiv som positiv nettverkseksternalitet og "the long tail" vert presentert og diskutert. Eit eller fleire slike system vert analysert og vurdert i detalj i ein emneoppgåve som vert utført i grupper. Emnet gir døme på og ei oversikt over ulike typar av sosiale vevsystem, deira fellestrekk og skilnader. Utvalde sosiale vevsystem vert studert og diskutert. Gjennom arbeidet med emneoppgåva får studentane og erfaring med å analysere og vurdere slike system. Ingen INFO100 eller tilsvarande vert tilrådd. Førelesingar, karaktersett(e) oppgåve(r) og frivillige øvingar (normalt 2-4 timar forelesing og 2 timar øvingar per veke i ca. 5 veker). Ingen 2 timar karaktersett skriftleg prøve (60%). Karaktersett obligatorisk gruppeoppgåve (40%). Oppgåvene må gjerast i undervisningssemesteret. Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år. studieveileder@info.uib.no

Vår Norsk Vår/haust Emnet gjev 10 studiepoeng reduksjon saman med INF100. Frå og med H10 gir emnet 5 studiepoeng reduksjon saman med INF100 og 5 studiepoeng reduksjon saman med INF101. Ope Emnet gjev innføring i objektorientert teori og programmering. Studentane skal læra å skriva enkle program i Java, og å forstå grunnleggande omgrep i eit moderne programmeringsspråk. Emnet gjev ei praktisk innføring i objektorientert programmering ved bruk av programmeringsspråket Java. Emnet omfattar utforming av klassar, klassehierarki, objekt og samspel mellom objekt. Ein får også innføring i bruk av Javas klassebibliotek, modellering, utforming av grafiske brukargrensesnitt og bruk av program til simulering. Emnet er spesielt tilpassa studentar utan realfagleg bakgrunn, og i undervisninga nyttar ein utviklingsverktøyet BlueJ, som er særskilt utvikla for innføringskurs i programmering. Studenten skal lære enkel objektorientert programmering i eit moderne programmeringsspråk. Dette omfattar kunnskap om klasser, objekt og arv, samt enkle datatypar og kontrollstrukturar. Studenten skal, ut frå en enkel problembeskriving, kunne lage eit program der objekt frå ulike klasser samarbeidar. INFO100 eller tilsvarande. Førelesingar, labøvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 4 timar datalab i ca. 10 veker). Løysing av obligatoriske oppgåver. Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende. 4 timars karaktersett skriftleg eksamen. Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år. studieveileder@info.uib.no

Vår Norsk Vår Full poengreduksjon mot INFO161. Ope Emnet skal gi det teoretiske og praktiske grunnlaget for å delta i planlegging, utforming, prototyping og evaluering av menneske-maskin grensesnitt (MMI). I dette emnet koplar ein teori og praksis for å medvitsgjera studenten om konsekvensar ved ulike designval. Ved å gi ei grundig innføring i ulike designprinsipp, går ein vekk frå "synsing" om brukargrensesnitt til karakteristikkar basert på faglege omgrep. Emnet tar opp grunnleggjande omgrep, prinsipp, modellar, metodar, teknikkar og verkty for planlegging, utforming og evaluering av brukarvenleg menneske-maskin interaksjon (MMI). Det vil bli brukt døme frå kommersiell programvare. Brukargrensesnitt for nye teknologiar vil bli vektlagt, t.d. brukargrensesnitt for vevbaserte system, e-forretningssystem, handhaldt datautstyr og interaktiv TV. Studentane vil få praktisk røynsle i utvikling av program med høg grad av interaktivitet, t.d. gjennom grafiske brukargrensesnitt som gjer bruk av direkte manipulasjon. Metodar for forsking i menneske-maskin grensesnitt vil bli gjennomgått. Andre emne som blir tatt opp er feilmeldingssystem, hjelpefunksjonar, hypermedia og multimediateknikkar, "desktop"-metaforen og direkte manipulasjon. Kurset gjer studenten skikka til å delta i utvikling av system for organisering og distribuering av multimedieinnhald. Ingen INFO100 og INFO132 eller tilsvarande forkunnskapar vert tilrådde. Førelesingar og gruppeøvingar. Studentpresentasjonar og kommentering av oppgåver. (normalt 2 timar førelesing og 2 timar gruppeøvingar per veke i ca. 15 veker). Mappeevaluering som inneheld: innleverte oppgåver, der minst 1 av dei er individuell. Oppgåvene skal demonstrere kunnskap om design, evaluering og innovasjon. munnleg presentasjon av ei av oppgåvene. Munnleg tilbakemelding på ein medstudent sin presentasjon. Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år. studieveileder@info.uib.no

Vår Norsk Vår Ope Føremålet med emnet er å gi studentar på bachelorprogrammet i Kognitiv vitskap ei forståing av fagfeltet kognitiv vitskap med eit tverrfagleg perspektiv. Emnet tek opp modeller for kognisjon som er utvikla med basis i empiriske studium av menneskeleg og kunstig intelligens. Vi vil sjå på modeller for representasjon av kunnskap, resonnering, læring, forståing og bruk av naturlege språk, sansing, hugs, emosjonar og andre eigneskapar knytt til tenking. Vidare vil vi sjå korleis kognitiv vitskap har sine røter i ulike fag som informatikk, informasjonsvitskap, lingvistikk, psykologi og filosofi. Vi vil også peke på desse faga sine felles føresetnader og korleis samanhengane mellom faga byggjer opp om kognitiv vitskap som eit tverrfagleg forskingsområde. Studenten får eit oversyn over korleis kunnskap frå datafag, lingvistikk, psykologi og filosofi samla kan gje oss ei forståing av tenking. Faget medverkar til å gje studenten ei forståing av korleis dei andre kursa i studieprogrammet bidreg i kognitiv vitskap, og gjev studenten eit grunnlag for spesialisering mot mastergradar der problemstillingar frå kognitiv vitskap kan studerast. Studenten får øving i munnleg og skriftleg refleksjon omkring problemstillingar som er sentrale i kognitiv vitskap. Ingen Grunnleggjande kunnskap i programmering, lingvistikk, logikk og diskret matematikk Førelesingar, gruppeundervisning, rettleiing knyta til emneoppgåve. (Normalt to timar førelesingar og to timar gruppeundervisning per veke i 10 veker.) Presentasjon av emneoppgåve i plenum. Studentane må pårekne aktiv deltaking i gruppeundervisinga. Obligatorisk rettleiing (minst ei rettleiing) av semesteroppgåva. 3 timar karaktersett skriftleg prøve (50%). Karaktersett oppgåve på om lag 3000 ord (50%) Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år. studieveileder@info.uib.no

Vår Norsk Vår Ope Emnet skal gi det teoretiske og praktiske grunnlaget for sjølvstendig arbeid med multimediadatahandsaming frå datanivå, til MAM-system og vidare til distribuering av innhald til brukaren. Emnet gir ein introduksjon i bruk og oppbygging av eit avansert Multimedia Asset Managment (MAM) system. I kurset vert det gitt ei djupare forståing av datatypar (video, lyd, GeoPos, grafikk, bilete) og korleis ein nyttar desse til å presentere innhald til brukaren. Vidare vil kurset gå gjennom metodar for distribuering av innhald til brukarar og mellom brukarar. Kurset gjer studenten skikka til å delta i utvikling av system for organisering og distribuering av multimedieinnhald. INFO122, INFO123, INFO102 og INFO132 Førelesingar, labøvingar og oppgåverettleiing (normalt 2 timar førelesing og 2-4 timar datalab i ca. 15 veker). Ingen 3 timar karaktersett skriftleg prøve (40%) og 3 karaktersette emneoppgåver (60%). Dei to første tel 15% og den siste 30% av den totale karakteren. Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år. studieveileder@info.uib.no
Score: 12.086785 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Vår INFO231 gir overlapp med 5 studiepoeng dersom ein tar både INF101 og INF102. Ope Emnet skal gi det teoretiske grunnlaget for sjølvstendig og praktisk arbeid med overgangen frå utforminga av og til konstruksjon og implementasjon av informasjonssystem ("software engineering") med bruk av objektorientert metode, programvarearkitekturar ("software architecture"), deriblant bruk av rammeverk og andre former for gjenbruk, og avanserte klassar. Det vert undervist i utforming, konstruksjon og implementasjon av informasjonssystem ("software engineering") med objektorienterte metodar, programvarearkitekturar, bruk av rammeverk og andre former for gjenbruk, samt avanserte klassar. Dessutan diskuterer ein styring av objektorienterte systemutviklingsprosjekt. I samband med emnet blir det dessutan gitt opplæring i bruk av systemutviklingsverkty. Kurset gir studenten grunnleggjande kunnskap om sentrale metodar og teknikkar som vert brukte i programutviklingsprosjekt. Kunnskapen er eit grunnlag for spesialisering mot ein mastergrad med programvareutvikling som tema, og er i tillegg eit fundament for å kunne forstå og delta i profesjonelle programutviklingsprosessar. Studenten får vidaregåande kunnskap om programmering i eit moderne objektorientert programmeringsspråk og skal etter kurset kunne programmere enkle klient-tenar-applikasjonar med bruk av profesjonelle utviklingsverktøy. Ingen INFO132 og INFO102 Førelesingar, labøvingar og oppgåverettleiing (normalt 2 timar førelesing og 2-4 timar datalab i ca. 15 veker). Førelesingar, labøvingar og emneoppgåverettleiing. (normalt 2 timar førelesing og 4 timar datalab i ca. 15 veker). Ingen. 4 timar karaktersett skriftleg prøve (40%) og 3 karaktersette innleveringar (20% kvar) Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år. studieveileder@info.uib.no
Score: 12.086785 Details | Listing | Web page
Vår/Uregelrett Norsk Vår/Uregelrett Master i informasjonsvitskap. Studentar på andre mastergradar kan søkje om å få ta emnet. Seminaret skal gi den naudsynte bakgrunnen i teori og praksis innan fagområda IKT-støtta samarbeid (CSCW) og gruppevaresystem (groupware). Seminaret skal gjere studentane fortrulege med litteraturen i CSCW og gi dei relevant erfaring i presentasjon og diskusjon av aktuelle forskingstema. Studentane skal få opplæring i bruk av aktuelle gruppevaresystem som de vil kunne bruke til å løyse ei større seminaroppgåve. Seminaret vert fokusert rundt presentasjon og diskusjon av ei rekke aktuelle tema innan fagfelta CSCW og gruppevare. Dei ulike tema er organiserte i bolkar, tentativt: System og teknologiar, Evaluering og kasusstudium, Aktørar, verktøy og kommunikasjon, Teoriar om arbeid, kommunikasjon og design, Sosiale nettverk og analyse, Koordinering og samarbeid, Spesielle tema innan læring, design og brukartilpassing. I tillegg vil ein gjennomgå og demonstrere aktuelle gruppevaresystem. Disse systema (eitt eller fleire) vil så bli nytta til å løyse ei seminaroppgåve. Emnet skal gi det teoretiske og forskingsmetodiske grunnlaget for rettleia forsking innan IKT-støtta samarbeid (Computer Supported Cooperative Work). Emnet skal også gi det praktiske grunnlaget for å leie arbeid med planlegging, utforming, identifisering og evaluering av samarbeids- og kommunikasjonsløysingar i offentlege og private verksemder. Bachelorgrad i informasjonsvitskap eller tilsvarande Førelesingar, øvingar, presentasjonar og gjennomgang av litteratur. Deltaking i alle kursaktivitetar, mellom anna alle førelesingar/seminar. Karaktersett seminaroppgåve (50%), munnleg prøve (30%), mappe med refleksjonsnotat over eiga deltaking og mindre skriftlege innleveringar (20%) Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år. studieveileder@info.uib.no
Score: 12.086785 Details | Listing | Web page
Spring English Spring Master in information science. Other students may apply for admission. The students should obtain advanced theoretical knowledge and technical skills on the topics covered in the course. The course will enable students to carry out advanced research projects on topics within artificial intelligence and apply the knowledge to complex intelligent system design and development. The course covers advanced theoretical and technical issues in artificial intelligence. It will focus on some selected topics and applications, such as artificial life, agent and multi-agent systems, machine learning, neural networks, genetic algorithms and programming, data mining, natural language processing, case-based reasoning, cognitive science, and neuro-computing. Each seminar is about one major topic and will be organized by experienced researchers within the field. The course will enable students to carry out advanced research within artificial intelligence as well as apply the knowledge learned on intelligent system design and development. Solid background in Informatics/Information Science/Computer Science, especially in Programming. Bachelor´s degree in information science or equivalent. Seminars. Participation in the course activities. Oral Exam (40%) and assignment (60%). The grading system has a descending scale from A to E for passes and F for fail. INFO381 is evaluated by students every three years, by the Department every year. advice@info.uib.no
Score: 12.086785 Details | Listing | Web page
Vår/haust Vår/haust Mastergradsstudentar i informasjonsvitskap. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing om eit relevant tema innanfor informasjonsvitskap. Studenten skal vise at ho/han har og kan nytte avansert kunnskap og vitskapleg metode innanfor fagområdet. Vidare skal studenten meistre bruk av kjelder. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, metode og resultat og skal syne at studenten meistrar fagområdet sine uttrykksformer. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten ha lært seg heile prosessen for eit forskingsprosjekt. Studenten har oppøvd evne til å velje relevant teoretisk og metodisk tilnærming. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten ha utvikla ei kritisk haldning til bruk av kjelder og informasjon, og opparbeidd evne til sjølvstendig analyse og tolking. INFOMEVI300 Rettleiing på masteroppgåve. Etter at masteroppgåva er innlevert, skal studenten gi ein presentasjon på 30 minutt av masteroppgåva. Presentasjonen finn stad normalt same dag som avsluttande eksamen. Eksamenskommisjonen vurderer presentasjonen til godkjend/ikkje godkjend. Dersom presentasjonen ikkje kan godkjennast, vil studenten få høve til å gi ein ny presentasjon, utan å levere oppgåva på nytt. Dette må gå føre seg innafor same semester som da oppgåva vart levert. Godkjend presentasjon er ei føresetnad for å gå opp til avsluttande eksamen. Munnleg eksaminasjon i form av samtale mellom studenten og kommisjonen om masteroppgåva, normalt avgrensa til 45 minutt. Kommisjonen fastsett karakteren etter ei samla vurdering av oppgåva og samtalen om denne. Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). INFO390 er gjenstand for kontinuerlig evaluering. studieveileder@info.uib.no
Score: 12.086785 Details | Listing | Web page
Spring/ Irregular English Spring/Irregular Master in Information Science or Media Studies Other master students may apply for admission. The students will learn the central perspectives, theories and concepts of computer game research, and develop the skills to critically analyse and discuss games, game genres and game elements. There will be a particular emphasis on the understanding of the role of narrative in games, and on the relationship between computer games and film. The students must also demonstrate a theoretical and analytical understanding of the role of computer games in a wider social and cultural context. Contemporary computer games are technologically sophisticated and highly complex in terms of how they combine, mix and re-interpret different cultural and media forms. Through presentations and game analysis we will introduce and discuss the dominant generic forms and conventions of popular computer games. There will be a particular emphasis on narrative and the relationship with other media, especially film, and on the use of computer games as a tool for education and public debate. The students will be introduced to the central perspectives, theories and concepts of computer game research, learn how to analyse and understand games, and also get hands-on experience with some of the core challenges of game design. The course will also address gaming practices in a wider economical, social and cultural context. The course will enable the students to perform research projects within the topics the course has covered, as well as enable them to use this knowledge within practical project work in future professional life. Bachelor´s degree in information science or equivalent. The course will be arranged as a series of seminars with presentation of theory, game analysis, and game design exercises. Compulsory attendance. Each student must give a 10-minute presentation of a selected article/chapter from the reading list, followed by questions and discussion. An oral exam counts 40% of the final grade. A course essay of 4000-6000 words counts 60% of the final grade. The grading system has a descending scale from A to E for passes and F for fail. INFOMEVI345 is evaluated by students every three years, by the Department every year. advice@info.uib.no advice@media.uib.no