Searching the World's top universities for courses with:

source
Universitetet i Bergen (X)
level
department
Informatikk (X)
true *,score on 1 0 department:"Informatikk" source:"Universitetet i Bergen" AND 2.2 25
Total results: 58

Universitetet i Bergen - Grunnkurs i programmering (Programmering 1)

Haust og vår (Fargekode: grønn) Norsk. I110: 10stp Emnet gir ei innføring i programmering, som omfattar program- og Datastrukturar og algoritmebegrepet. Emnet gir ei grundig og praktisk innføring i bruk av eit høgnivå programmeringsspråk (Java). Hovudvekta blir lagt på objekt-basert programmering (OBP), som omfattar utforming av klassar og kommunikasjon mellom objekt. Sentrale begrep som vert dekka er datatypar, variablar, uttrykk, kontrollflyt, tabellar og filhandtering. Emnet dekkjer programutviklingsprosessen frå formulering av enkle problemstillingar til utforming av ei løysing på datamaskin. Øvingsopplegget er arbeidskrevjande med fleire innleveringsoppgåver, som er ein viktig del av emnet. Føresetnaden er at studentane skal gjere omfattande bruk av datamaskiner utanom gruppetimane. Å forstå grunnleggjande begrep og konsept i eit moderne programmeringsspråk. Studentane skal lære å løyse problemstillingar ved å nytta datamaskin, og å tileigne seg gode programmeringsteknikkar og metodar. Innleveringsoppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 2 semester. 3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på innleveringsoppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Alle skrivne og trykte hjelpemiddel er lovlege.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Vidaregåande programmering (Programmering 2)

Vår (Fargekode: rød) Norsk I110: 5 stp, I120: 5 stp Objekt-basert programmering er kjernen i kurset. Sentrale omgrep som blir dekte er abstraksjonar, spesifikasjonar og objekt-orientert design (kontrakt/implementasjon). Metodar for oppdeling, dokumentasjon, konstruksjon og testing av program blir vektlagt. Emnet gir ei innføring i bruk og implementering av klassiske datastrukturar. Bruk og utvikling av enkle programbibliotek står sentralt. Øvingsopplegget er arbeidskrevjande med fleire obligatoriske oppgåver. Studentane skal kjenne til og kunne nytte kunnskap frå dette emnet til å utvikle større programsystem. Byggjer på INF100 Godkjende obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige to semester. 3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Alle skrivne og trykte hjelpemiddel er lovlege.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Dataprogrammering for naturvitskap

Haust og vår (Fargekode: grønn) Norsk Kurset vil gje innføring i programmering med hovudvekt på praktiske øvingar. Undervisninga og øvingsopplegget vil leggje vekt på løysing av konkrete og reelle problem frå ulike naturfag. Studentane skal få praktisk kunnskap i bruk av datamaskiner som hjelpemiddel for å løyse naturvitskaplege problem. Dei skal få øving i å skrive dataprogram på eit nivå som gjer dei i stand til å løyse eigna naturvitskaplege problem datamaskinelt. Godkjente obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. 3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på innleveringsoppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Funksjonell Web-design

Vår I192: 10stp Formalisering, evna til å gi ein eksakt og eintydig skildring av ein prosess, er grunnlaget for all datahandsaming. Gjennom kurset skal ein få ei grunnleggjande forståing for dette omgrepet. Gjennom digitalisering kan vi la datamaskina handtere mange operasjonar som tidlegare var manuelle, til dømes tinging av billettar, overføring av pengar eller avspilling av musikk. Med desse omgrepa vil vi vere i stand til å vurdere bruk for moderne datahandsaming, og gi svar på spørsmål om kva som er vanskeleg eller umuleg å bruke datamaskina til. I kurset skal vi fokusere på Web-baserte bruksmåtar, både B2C (Business-to-Consumer) og B2B (Business to Business) applikasjonar. Ei rekke "case" frå norske og internasjonale Web-sider vil bli analysert. Vi skal få fram kva som skal til for å utvikle ei funksjonell Web-side, og kva fallgruver ein bør unngå. Kurset er praktisk lagt opp, og studentane vil gjennomføre egne analysar og testar gjennom øvingsoppgåvene. Vi skal studere forskjellige kommunikasjonskanalar, frå SMS, via e-post til videokonferansar. Standardar som HTML og XML vil bli presenterte. Vidare skal vi introdusere omgrep som brytningsteknologiar, semantisk Web og virtuelle verksemder. Funksjonelle Web-sider gir brukarane den informasjonen dei treng med minimal innsats. Gjennom kurset skal ein lære å analysere Web-sider ut frå funksjonalitet, og studere kva som skal til for at sida tilfredsstiller brukaranes behov. Samstundes skal ein få inn grunnleggjande omgrep om databehandling og moderne brukargrensesnitt. Byggjer på INF100 (evt INFO132) Godkjente obligatoriske øvingar Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. 3 timer skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Systemkonstruksjon

Vår (Fargekode: gul) Norsk Emnet er praktisk retta og gir ei innføring i konstruksjon av programsystem. Det blir lagt vekt på gruppearbeid ved at større oppgåver blir løyst i grupper. Emnet omhandlar prosjektorganisering modellar for livssyklus til programvare, systemvedlikehald samt lover og reglar som regulerer kva program som kan lagast. Det blir lagt vekt på objektorienterte metodar. Studentane skal få ei innføring i feltet software engineering. Spesielt skal dei forstå kvifor det er vanskeleg å utvikle og vedlikehalde store programsystem med lang levetid. Byggjer på INF101 Oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. 3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Lovlege hjelpemiddel vert kungjorte på Mi Side i starten på kvart semester.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Datanett

Vår (Fargekode: rød) Norsk I142: 10SP, INF142A: 5SP Ei innføring i og eit oversyn over dei viktigaste omgrepa i datanett. Emnet tar for seg problem som er aktuelle på ymse nivå i ein lagdelt kommunikasjonsmodell, og korleis desse problema kan løysast. Spesielt legg ein vekt på laga opp til og med transportlaget, og korleis ein brukar kan laga applikasjonar på grunnlag av transportlaget sine tenester. Merk at eit eige kurs (INF143) tar opp datatryggleik, og at datatryggleik difor ikkje inngår i INF 142. Emnet skal gje grunnlag for vidare fordjuping innanfor datakommunikasjon. Byggjer på INF100, INF101, MNF130 Oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semster. 3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Prosjekt i programmering

Uregelmessig Engelsk Eit programmeringsarbeid blir spesifisert, og skal implementerast i samråd med ein rettleiar ved instituttet. Merk: Avgrensa tal på oppgåver. Aktuelle prosjekt vil bli lagt ut på Mi side, på sidene til bachelor- og masterstudentane i informatikk, til bacherlostudenane i IMØ, samt på sida til INF219. Ta eventuelt kontakt med studierettleiar ved interesse ( studieveileder@ii.uib.no ). Å gi studentane trening i å utføre større programmeringsoppgåver. 60 studiepoeng i informatikk Semesteroppgåve Semesteroppgåve, bestått/ikkje bestått.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Kategoriteori

Vår Engelsk Kategoriteori er eit matematisk språk og verkty som dannar grunnlag for å formalisera ei rekkje daglege omgrep. Den er høgst relevant for datahandsaming - den gjev avanserte metodar for skildring og resonnering kring komplekse situasjonar som involverer strukturerte objekt. Kategoriteori fokuserer særskild på tilhøvet mellom dei aktuelle studieobjekta og prinsipp for å konstruere desse. Byggjer på INF121 Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Oppgåver Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. 3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel. Vår Engelsk Kategoriteori er eit matematisk språk og verkty som dannar grunnlag for å formalisera ei rekkje daglege omgrep. Den er høgst relevant for datahandsaming - den gjev avanserte metodar for skildring og resonnering kring komplekse situasjonar som involverer strukturerte objekt. Kategoriteori fokuserer særskild på tilhøvet mellom dei aktuelle studieobjekta og prinsipp for å konstruere desse. Studentane skal lære grunnleggjande omgrep og resultat frå kategoriteori slik at ein kan anvende dei i datahandsaming og særskild i programutvikling. Byggjer på INF121 Oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. 3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Innføring i logikk

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Vår Engelsk I127: 10 SP Emnet gir ei innføring i elementære omgrep innan utsagnslogikk og første ordens predikatlogikk. Ein tar opp tilhøvet mellom syntaks og semantikk, resonnementsystem og bevisstrategiar, samt kompletthetsomgrepet. Ein vil og sjå på elementær bruk innan informatikk, som logikkprogrammering og formell spesifikasjon. Emnet tar sikte på å gi studentane ei forståing av grunnleggjande omgrep og teknikkar frå formell-logikk som vert nytta innan ymse greinar av informatikk. Forståing av grunnleggande omgrep frå logikk er nyttig for alle informatikkstudentar. Særleg gir kurset det naudsynte grunnlaget for vidare studium innan teoretisk databehandling. Byggjer på INF121, MNF130 Oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. 3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Kompleksitetsteori

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Vår Engelsk I235: 10 SP Kompleksitet er eit mål for kor mykje ressursar (tid og plass) som krevst for å løyse eit problem algoritmisk. Kurset gir ein presis formell definisjon av algoritmeomgrepet (via Turingmaskiner). Hovudvekt blir lagt på sentrale kompleksitetsklassar, særleg NP-komplette problem, og algoritmer som gir tilnærma løysingar for NP-harde problem. Studentane skal få ei grunnleggjande forståing av kva ei algoritme er og kva problem som teoretisk kan løysast algoritmisk. Studentane skal vidare få oversyn over ressursforbruk ved algoritmisk løysing av ulike slag problem og forståing av kva problem som praktisk let seg løyse, eksakt eller tilnærma. Kurset skal m.a. gje grunnlag for vidare studium innan algoritmeanalyse og kompleksitet. Byggjer på INF234. Oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. 3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Parallelle algoritmer

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Uregelmessig Engelsk Emnet gir eit oversyn over arkitektur og inter-prosessor nettverk for parallelle datamaskiner. Grunnprinsipp for utvikling av effektive parallelle algoritmer blir gjennomgått, med døme frå enkle numeriske problem, sortering og grafproblem. Tilpassing av algoritmer til spesielle maskinerkitekturar blir diskutert. Studentane skal verte i stand til å utvikla effektive algoritmer for parallelle datamaskiner. Byggjer på INF234 Oppgåver Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. 3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Algoritme-engineering

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Uregelmessig Engelsk Kurset fokuserer på evna til å omsette teoretiske kunnskapar om algoritmar, datastrukturar og kompleksitet til raskt å kunne gjennomføre heile prosessen frå å analysere eit problem, vurdere føreslåtte løysingar si køyretid og å implementere ei effektiv løysing. Studentane skal lære korleis ein effektivt går frå eit algoritmisk problem via analyse og implementering til eit fungerande program. INF234 Oppgåver Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. Beståtte obligatoriske øvingar (vurdert til bestått/ ikkje bestått).
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Kryptologi

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Vår Engelsk I247: 10 SP Emnet gir ei vidareføring av teorien for kryptologi frå emnet INF240 (tidlegare INF145). Emnet handlar mellom anna om konstruksjon av og angrep på ymse vanlege blokk- og straumchiffer og offentleg nøkkel-kryptosystem, kryptografiske hashfunksjonar og digitale signaturar. Ein vil og ta opp andre emne i kryptologi, til dømes autentiseringskodar, elliptisk kurve-kryptografi, system for deling av løyndomar og for identifisering, "zero-knowledge" prov, og informasjonsteoretiske verktøy. Studentane skal få ei grunnleggjande forståing av teori for og bruk av kryptologi. Kurset skal gje grunnlag for ei masteroppgåve i kryptologi. Byggjer på INF240 Oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Munnleg eksamen. Dersom det er mange deltakarar på kurset, kan det bli skriftleg eksamen (3 timar). Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Grafisk databehandling

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Vår Engelsk I291: 10 SP, INF211: 10 SP Emnet gir ei grundig innføring i grafisk databehandling, og grafiske brukargrensesnitt. Det omhandlar: grafiske maskinerkitekturar, geometriske transformasjonar, flate- og volumvisualisering, design og implementasjon av grafiske brukargrensesnitt. Emnet skal setje studentane i stand til å utføra grafisk databehandling, og kunne vurdere ulik programvare og maskinutstyr til slik bruk. Emnet er grunnlag for hovudoppgåver innanfor grafisk databehandling. Byggjer på INF102 Oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. 3 timer skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel på muntleg eksamen. Kalkulator ved skriftleg eksamen.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Ikkje-lineær optimering

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Uregelmessig Engelsk I274: 10 SP Emnet gjev ei innføring i teorien for kontinuerlig optimering. Ein tek for seg nokre av dei mest kjende metodane for optimering av ikkje-lineære funksjonar med og utan sidekrav. Emnet skal gje inngåande forståing av kontinuerlege ikkje lineære optimeringsalgoritmar. Det gjev grunnlag for val av mest tenleg algoritme, basert på problem og datamaskinerkitektur. Kurset gjev grunnlag for hovudfagsoppgåver i optimering. Byggjer på INF270, MAT112 Munnleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Utvalde emne i algoritmer og kompleksitet

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Uregelmessig Engelsk Emnet tar opp aktuelle tema i algoritmer og kompleksitet, og innhaldet vil variere fra gong til gong. Undervisning i spesialemne på mastergrads- og doktorgradsnivå. 3 timar skriftleg eksamen. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Videregåande emne/seminar i kodeteori, kryptografi, datanett og datatryggleik

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Uregelmessig Engelsk Emnet rettar seg mot vidaregående studentar på master- og doktorgradsnivå. Innhaldet vil skifte frå gong til gong. Tema blir gjort kjent minst eit halvt år på førehand. Kjem an på innhald 3 timar skriftleg eksamen. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli muntleg eksamen. Ingen lovlege hjelpemiddel.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Utvalde emner i visualisering

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Vår Engelsk VISUAL2: 10 SP Dette kurset byggjer på det grunnleggjande kurset i visualisering (INF212/252). Innhaldet i kurset orienterer seg mot den nyaste forskinga til visualiseringsgruppa ved UiB. Kurset vil presentere medisinsk visualisering så vel som interaktiv analyse av data frå ulike applikasjonsfelt, mellom anna olje&:gass og fiskeri. Utvalde visualiseringsemne blir introduserte innanfor dei mest relevante applikasjonsfelta. Utvalet av applikasjonsfelt er orientert mot behova i norsk industri. Studentane blir kjende med avanserte og nyare visualiseringsemne som er aktuelle i visualiseringsforskinga ved Universitetet i Bergen. INF252 (INF212) Visualisering Oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester. Beståtte obligatoriske oppgåver. 3 timar skriftleg eksamen. Obligatoriske oppgåver kan telle i den samla karakteren. Om det er få studentar på kurset, kan det bli gitt muntleg eksamen i staden for skriftleg. Ingen hjelpemiddel ved muntleg eksamen, kalkulator ved skriftleg.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Biologisk sekvens- og strukturanalyse

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar. Uregelmessig Engelsk I283: 10 SP Studentane skal få ei god forståing av metodar og algoritmer som blir brukt i løysing av noen sentrale problemstillingar i molekylærbiologi, og bli i stand til å utvikle nye metodar. Byggjer på INF280, STAT101 Obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 2 semester. Midtvegs- og endeleg eksamen, begge munnleg. Det er høve til å gje karakterar på oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Ingen hjelpemiddel ved munnleg eksamen, kalkulator ved skriftlig eksamen.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Masteroppgåve i informatikk


Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Masteroppgåve i informatikk


Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Masteroppgåve i Informatikk - algoritmer

Programstyret på masterprogrammet og veiledere skal sørge for at det til enhver tid eksisterer et tilbud av definerte oppgaveprosjekter. Oppgaveprosjekter som tilbys skal fortrinnsvis være forhåndsgodkjent av programstyre med tanke på oppgavens utforming og omfang (dvs. gjennomførbarhet innen normert tid). Oppgaveprosjekter kan også bli utformet i en dialog mellom veileder og student og deretter godkjent av programstyret. De ferdige kandidatene skal ha fått solide vitenskapelig funderte kunnskaper og ferdigheter i informatikk. De skal ha fått en god innføring i arbeidsmåter og trening i selvstendig arbeid med omfattende og krevende faglige oppgaver. De vil ha utviklet spisskompetanse innen faget samt god oversikt over andre fagområder. Etter at masteroppgaven er innlevert og godkjent, avsluttes studiet med en muntlig mastergradseksamen. Denne eksamen består av en offentlig presentasjon på rundt 30 minutter hvor studenten selv gir en oversikt over oppgaven. Sensor og veileder skal være til stede ved den offentlige presentasjonen. Deretter følger en muntlig eksaminasjon/samtale med sensor og veileder om oppgaven. Før presentasjonen skal det være satt en karakter på oppgaven. Presentasjonen kan sammen med den påfølgende muntlige eksaminasjonen/samtalen være justerende på den endelige karakteren på oppgaven. Det er den endelige karakteren som gjøres kjent for kandidaten og som kommer frem på karakterutskriften. Frister: Oppgaver på 60 sp innleveres senest én måned før slutten av det 4. semesteret. Korte oppgaver på 30 sp får en tidsfrist og skal gjennomføres i løpet av ett semester.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Masteroppgåve i informatikk - bioinformatikk

Programstyret på masterprogrammet og veiledere skal sørge for at det til enhver tid eksisterer et tilbud av definerte oppgaveprosjekter. Oppgaveprosjekter som tilbys skal fortrinnsvis være forhåndsgodkjent av programstyre med tanke på oppgavens utforming og omfang (dvs. gjennomførbarhet innen normert tid). Oppgaveprosjekter kan også bli utformet i en dialog mellom veileder og student og deretter godkjent av programstyret. De ferdige kandidatene skal ha fått solide vitenskapelig funderte kunnskaper og ferdigheter i informatikk. De skal ha fått en god innføring i arbeidsmåter og trening i selvstendig arbeid med omfattende og krevende faglige oppgaver. De vil ha utviklet spisskompetanse innen faget samt god oversikt over andre fagområder. Etter at masteroppgaven er innlevert og godkjent, avsluttes studiet med en muntlig mastergradseksamen. Denne eksamen består av en offentlig presentasjon på rundt 30 minutter hvor studenten selv gir en oversikt over oppgaven. Sensor og veileder skal være til stede ved den offentlige presentasjonen. Deretter følger en muntlig eksaminasjon/samtale med sensor og veileder om oppgaven. Før presentasjonen skal det være satt en karakter på oppgaven. Presentasjonen kan sammen med den påfølgende muntlige eksaminasjonen/samtalen være justerende på den endelige karakteren på oppgaven. Det er den endelige karakteren som gjøres kjent for kandidaten og som kommer frem på karakterutskriften. Frister: Oppgaver på 60 sp innleveres senest én måned før slutten av det 4. semesteret. Korte oppgaver på 30 sp får en tidsfrist og skal gjennomføres i løpet av ett semester.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Masteroppgåve i Informatikk


Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Masteroppgåve i Informatikk

Siste ordinære opptak var våren 2007 Programstyret på masterprogrammet og veiledere skal sørge for at det til enhver tid eksisterer et tilbud av definerte oppgaveprosjekter. Oppgaveprosjekter som tilbys skal fortrinnsvis være forhåndsgodkjent av programstyre med tanke på oppgavens utforming og omfang (dvs. gjennomførbarhet innen normert tid). Oppgaveprosjekter kan også bli utformet i en dialog mellom veileder og student og deretter godkjent av programstyret. De ferdige kandidatene skal ha fått solide vitenskapelig funderte kunnskaper og ferdigheter i informatikk. De skal ha fått en god innføring i arbeidsmåter og trening i selvstendig arbeid med omfattende og krevende faglige oppgaver. De vil ha utviklet spisskompetanse innen faget samt god oversikt over andre fagområder. Etter at masteroppgaven er innlevert og godkjent, avsluttes studiet med en muntlig mastergradseksamen. Denne eksamen består av en offentlig presentasjon på rundt 30 minutter hvor studenten selv gir en oversikt over oppgaven. Sensor og veileder skal være til stede ved den offentlige presentasjonen. Deretter følger en muntlig eksaminasjon/samtale med sensor og veileder om oppgaven. Før presentasjonen skal det være satt en karakter på oppgaven. Presentasjonen kan sammen med den påfølgende muntlige eksaminasjonen/samtalen være justerende på den endelige karakteren på oppgaven. Det er den endelige karakteren som gjøres kjent for kandidaten og som kommer frem på karakterutskriften. Frister: Oppgaver på 60 sp innleveres senest én måned før slutten av det 4. semesteret. Korte oppgaver på 30 sp får en tidsfrist og skal gjennomføres i løpet av ett semester.
Score: 10.813622 Details | Listing | Web page

1 - 25 26 - 50 51 - 58