| source Universitetet i Bergen (X) |
level |
department Islandsk (X) |
Vår Norsk, ev. dansk eller svensk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet skal gje studentane ei innføring i islandsk litteratur og islandske samfunnsforhold. Studiet byggjer på gjennomgåing av skjønnlitterære tekstar, for det meste i omsetjing, med hovudvekt på samtidslitteratur. Spesiell vekt blir lagd på å skildre samfunnsutviklinga slik ho avspeglar seg i desse tekstane, blant anna ved hjelp av artiklar om litteraturhistorie, einskildforfattarar og allmenn historie. Studentane skal kunne gje oversikt over einskilde delar av samfunnsutviklinga slik ho avspegla i pensumet, og i tillegg vere i stand til å analysere einskilde skjønnlitterære tekstar og setje innhaldet i samanheng med samfunnsutviklinga. Ingen Ingen Om lag 26 timar førelesingar, tilsvarande 1 dobbeltime i veka. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. Ei munnleg innleiing på 10-15 minutt, om sjølvvalt tema. Innlevering av pensumliste. Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering. Frist for innlevering av førsteutkast til semesteroppgåva er tre veker før endeleg innlevering. Rettleiing på semesteroppgåva er obligatorisk og blir gjeven etter reglar som instituttet fastset. Eksamensform er ei rettleidd semesteroppgåve og ei teljande, munnleg prøve. Studenten vel i utgangspunktet emne for semesteroppgåva. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 5000 ord eller 30000 teikn, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Den munnlege prøva omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Det blir gjeve eigen karakter for oppgåva og den munnlege prøva. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %. Karakterskala A-F Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 14.200167 Details | Listing | Web page