Searching the World's top universities for courses with:

source
Universitetet i Bergen (X)
level
department
Kvinne- og kjønnsteori (X)
true *,score on 1 0 department:"Kvinne- og kjønnsteori" source:"Universitetet i Bergen" AND 2.2 25
Total results: 4

Universitetet i Bergen - Introduksjon til kjønnsforsking

Vår. Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. KVIK101: Introduksjon til kjønnsforsking - kjønnsforskingas aktualitet i dagens globaliserte samfunn er ein innførande, fleirfagleg modul som skal a) gje ein presentasjon av den historiske utviklinga av kvinneforskingas første fase i 1960-70-åra som eit politisk, feministisk og fleirfagleg prosjekt. Sentrale omgrep som kvinneforsking, kvinneundertrykking, patriarkat og seksisme vil bli drøfta. Det vil bli fokusert både på norske og internasjonale bidrag til denne utviklinga. b) gjennomgå utviklinga frå kvinneforsking til kjønnsforsking. Dette inneber ei problematisering av kvinneforskingas første fase på grunnlag av forståingar av kjønn som noko som skapast gjennom språk og symbol så vel som gjennom historisk erfaring. Den aukande interessa for menn sine kjønnsidentitetar innan maskulinitetsforsking vil inngå som ein del av denne utviklinga. Sentrale spørsmål som vil bli drøfta i denne samanhengen er: Har kjønn alltid hatt den same tydinga? Har kjønn den same tydinga overalt? Kva for rolle speler kjønn og kjønnsforskjell i dagens globaliserte samfunn? Og kva for rolle speler globaliseringa for vår oppfatning av kjønn og kjønnsforskjell? c) gje eit overblikk over idear knytte til kjønn og seksualitet innan ulike teoriutviklingar - dvs. feministisk teori, psykoanalyse, såkalla skeiv teori (queer theory), og postkolonialistisk teori. Spørsmål som vil bli tekne opp er mellom anna: Kjem kjønnet 'innanfrå' eller 'utanfrå'? Blir vi fødde med et kjønn eller er kjønn noko vi blir - og i så tilfelle korleis? Er likestilling ei sjølvfølgje? Har kvinner noko til felles fordi dei er kvinner? Har menn noko til felles fordi dei er menn? Kva er forholdet mellom feministisk teori og mannsforsking? d) gje ein introduksjon til teoriar om seksualitet og kjønnsforskjell ut frå ulike kulturelle perspektiv. Undervisninga knytt til KVIK101 er fleirfagleg og derfor veleigna til å fungere som ei grunnleggjande innføring i sentrale omgrep og spørsmål som gjeld kjønn og seksualitet innan ei rekkje fagområde - til dømes sosiologi, filosofi, historie, litteraturvitskap, sosialantropologi, medisin, psykologi og helsefag. KVIK101 - Introduksjon til kjønnsforsking - kjønnsforskingas aktualitet i dagens globaliserte samfunn - tek sikte på å gje ei brei innføring i kjønnsforsking for å vise korleis analyser av problemstillingar knytt til kjønn og seksualitet kan vere ein nøkkel til å forstå dagens globaliserte samfunn. Studenten skal opparbeide innsikt i den historiske utviklinga av kjønnsforskingsfeltet, ei generell oversikt over sentrale problemstillingar i fagfeltet så vel som evne til å gjere greie for ulike retningar innan kjønnsteorien. Ingen Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Undervisninga vil bli gitt som dobbelførelesingar (2 x 45 minuttar) og omhandlar: " Frå kvinneforsking til kjønnsforsking " Menn og maskulinitetar " Kjønnsteori " Forståingar av kjønn og seksualitet ut frå ulike kulturelle perspektiv. Kollokvieundervisning. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. i) Det er obligatorisk oppmøte på 75% av kollokviesamlingane i løpet av semesteret. ii) Studenten skal skrive eit framlegg i løpet av semesteret. Framlegget kan vere anten eit munnleg innlegg eller ei skriftleg innlevering. 6-timars skuleeksamen. Studenten må ha gjennomført dei obligatoriske aktivitetane for å kunne gå opp til eksamen. Karakterskala A-F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen
Score: 13.7421255 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Litteratur, kjønn, teori og analyse

Annan kvar vår. (Vårsemester i år med partal) Norsk. Kan undervisast i engelsk dersom det skulle være behov for det. Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. KVIK204 kan erstatte ALLV201/ALLV303 eller ALLV304 og er spesielt retta mot studentar som ønskjer å fordjupe seg i forholdet mellom kjønnsteori og litteraturteori med vekt på litterær analyse, samt mot studentar som ønskjer å skrive ei bachelor- eller masteroppgåve ut ifrå eit kjønnsperspektiv. Emnet fungerer også som eit tilbod til andre fag, både på og utanfor Det humanistiske fakultet, og som eit etter- og vidareutdanningstilbod for dei som er interesserte. KVIK204 tek sikte på å gje studentane eit overblikk over og innsikt i sentrale kjønnsteoretiske og litteraturteoretiske problemstillingar, med vekt på forholdet mellom desse. Gjennom lesing av teoretiske og skjønnlitterære tekstar, skal studentane øvast opp i å reflektere over forholdet mellom kjønn og litteratur, samt utvikle analytiske evner slik at teoretiske problemområde kan aktualiserast og diskuterast gjennom konkrete tekstlesingar. Studenten lærer å arbeide sjølvstendig med kjønns- og litteraturteoretiske problemstillingar slik at han/ho kan drøfte ulike innfallsvinklar til kjønn og litteratur, analysere litterære tekstar og problematisere teoriane med utgangspunkt i dei litterære tekstane. Det blir kravd generell studiekompetanse. Det er også mogleg å søkje opptak på grunnlag av realkompetanse. Det er ein føremon om eksamen i ex. pil. er gjennomført. Me rår i tillegg til at emnet blir kombinert med andre litteraturvitskaplege eller kjønnsteoretiske emne. KVIK204 baserer seg i hovudsak på seminarundervisning, om lag 42 timar (tilsvarande ein trippeltime i veka i 14 veker). Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyste ved instituttet. 7-dagars heimeeksamen. Karakterskala A-F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen

1 - 4