Searching the World's top universities for courses with:

source
Universitetet i Bergen (X)
level
department
Litteraturvitskap (X)
true *,score on 1 0 department:"Litteraturvitskap" source:"Universitetet i Bergen" AND 2.2 25
Total results: 16

Universitetet i Bergen - Allmenn litteraturvitskap - Analyse, tolkning og genre

Vår. Norsk. Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet er bygd opp av genreteori, analyse- og tolkingsteori, og av praktisk arbeid med analyse og tolking av litterære tekstar. Kjernen i emnet er den brukte teorien, det vil her seie teoriane om dei fire hovudgenrane lyrikk, epikk, dramatikk og essayistikk. ALLV101 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap. Studentane vil få eit historisk og systematisk overblikk over dei fire hovudgenrane og lære seg å bruke denne kunnskapen i tolking og analyse av litterære tekstar. Ingen. Emnet krev forkunnskapar som svarer til det nivået fagplanane for den vidaregåande skulen, studieretning for allmennfag, føreset i framandspråk, samfunnsfag og norsk. Undervisninga blir gitt i form av førelesingar samt praktiske skriveøvingar og diskusjon i kollokvium. Normalt omfang er fire undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. Studentane skal levere inn 2 obligatoriske øvingsoppgåver. Studentane vel éi av desse som grunnlag for den skriftlege oppgåva som til slutt utgjer del av eksamen. Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet. Ein må levere inn og få godkjent ei skriftleg oppgåve på om lag 10-12 sider (3000-3500 ord) på slutten av semesteret. Det blir arrangert munnleg eksamen der ein kan bli eksaminert i heile pensum. Kandidaten må greie begge eksamensdelane i same semester. Kvar del vil telje 50% av den samla karakteren For skriftleg og munnleg eksamen får ein ei samla vurdering med karakter frå A-F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 12.66124 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700

Vår. Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet er bygd opp av litterære hovudverk frå antikken til ca. 1700, og av eit utval tekstar om grunnlagsproblem i eldre litteraturteori (historisk poetikk). Det vil bli lagt vekt på å sjå verka i lys av dei store litteraturhistoriske linene (frå antikken, gjennom mellomalder, renessanse, barokk, klassisisme og til opplysningstid) og å sjå verka i samanheng med den innføringa i tolking, analyse og genre som blir gitt i ALLV101. Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet. ALLV102 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap. Studentane vil få ein generell oversikt over litteraturhistoria frå antikken til 1700, øving i å analysere nokre av dei mest sentrale verka frå denne perioden og innsikt i korleis skiftande epokar har forstått kva litteratur er og korleis litterære tekstar fungerer. Ingen. Emnet krev forkunnskapar som svarer til det nivået fagplanane for den vidaregåande skulen, studieretning for allmennfag, føreset i framandspråk, samfunnsfag og norsk. Det er ein fordel at studentane har avlagt examen philosophicum, og har bakgrunn i lesing av litteratur frå fleire land. Det er òg ein fordel at emna vert tekne i "rett" rekkjefølgje, dvs. med studiestart i ALLV101 om våren. Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon samt praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. Studentane skal halde eit munnleg innlegg i samband med kollokvia. Innlegget må innleverast skriftleg (5-7 sider) og godkjennast av kollokvieleiar før ein kan gå opp til eksamen. Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet. Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen. Karakterskala A - F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.

Universitetet i Bergen - Allmenn litteraturvitskap Litteraturteoretisk særemne

Vår og haust. Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. ALLV201 er bygd opp kring ei litteraturteoretisk retning eller eit litteraturteoretisk problemområde, men slik at det blir kasta lys over litteraturteorien frå både teoretiske og litterære pensumtekstar. Innanfor ei spesialisering i allmenn litteraturvitskap skal studentane på 200-nivå sette saman eit litteraturteoretisk emne og eit litterært emne. Det litteraturteoretiske særemnet er ALLV201. ALLV201 kan erstattast av RET206, LITTEHF, KVIK201 eller KVIK204. Studentane vil lære å reflektere og arbeide sjølvstendig med litteraturteoretiske problemstillingar. Ingen. ALLV101-104. Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå: normalt omfang er på cirka 30 timar. Studentane blir tilrådde å byggje sitt emnepensum på tekstar og verk brukte på desse seminara, men det er også høve til å leggje opp eit individuelt pensum i samråd med faglærar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyste ved instituttet. 6-timars skuleeksamen eller alternativt, ei prøveforelesing med emne oppgitt 7 dagar før prøveforelesinga (ca. 30 minutts lengd). Karakterskala A - F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen

Universitetet i Bergen - Allmenn litteraturvitskap: Litterært særemne

Vår og haust. Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Særemnet kan byggjast opp omkring eitt av følgjande område: (1) ein sentral forfattarskap (med vekt på ulike tolkingar av forfattarskapen): (2) ein litterær genre (studert anten gjennom fleire periodar eller i éin sentral periode): (3) ein litteraturhistorisk periode (t.d. antikken: klassisismen: modernismen): (4) ein litterær tradisjon (t.d. kvinnelitteratur: arbeidarlitteratur: barne- og ungdomslitteratur: fantastisk litteratur: litterære hovudmotiv eller -symbol). Det litterære særområdet skal belysast ut frå både teoretiske og litterære pensumtekstar. Innanfor ei spesialisering i allmenn litteraturvitskap skal studentane på 200-nivå sette saman eit litteraturteoretisk emne og eit litterært emne. Det litterære særemnet er ALLV202. ALLV202 kan erstattast av KVIK203. Studentane vil få trening i å arbeide sjølvstendig og systematisk med litterære tekstar . Ingen ALLV101-104. Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå: normalt omfang er på cirka 30 timar. Studentane blir tilrådde å byggje sitt emnepensum på tekstar og verk brukte på desse seminara, men det er også høve til å leggje opp eit individuelt pensum i samråd med faglærar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. Rettleiing er obligatorisk for alle studentar, og skal baserast på minimum to rettleiingsmøte. Gjennom rettleiinga skal studentane i samråd med faglærar definere eit problemområde for ei gitt semesteroppgåve. Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side og blir opplyste ved instituttet. Med utgangspunkt i rettleiinga og den godkjende pensumlista formulerer studentane i samråd med faglærar eit problemområde, og skriv ei semesteroppgåve på 12-15 maskinskrivne sider (ca. 3500-5000 ord). I tillegg skal det avleggjast ei munnleg prøve der det blir eksaminert både i semesteroppgåva og resten av pensumet. Kandidatane får ein karakter på semesteroppgåva og ein karakter på den munnlege prøva. Kvar del vil telje 50% av den samla karakteren. Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester. Karakterskala A - F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen

Universitetet i Bergen - Litteraturvitskapleg grunnkurs

Vår og haust. Norsk Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB. ALLV301 tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar. I tillegg omfattar emnet ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med framdriftsplan, som er grunnlag for tildeling av rettleiar. ALLV301 er eit praktisk innføringskurs som skal munne ut i ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med framdriftsplan. Studenten skal òg løyse frå to til tre oppgåver som til saman utgjer ei mappe. Studenten vil lære å utarbeide relevante problemstillingar og meistre arbeidsmetodar som trengst for å jobbe sjølvstendig med eit lengre litteraturfagleg arbeid. Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande. Undervisninga er organisert som seminarsamlingar, men omfattar også gruppearbeid, eigne arbeid, felles og individuell rettleiing. Normalt omfang er omlag 30 undervisningstimar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. For å kunne gå opp til eksamen vert det kravd at studenten har teke del i minst 75 prosent av undervisninga i emnet ALLV301 og i dei aktivitetane som undervisninga omfattar. Kursdeltaking blir godkjent av kursleiar. ALLV301 skal munne ut i ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med arbeidsplan (inntil 8 sider). I tillegg skal studenten løyse frå to til tre oppgåver som til saman utgjer ei mappe . Bestått / ikkje bestått. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen

Universitetet i Bergen - Litteraturvitskapleg særemne I

Vår og haust. Norsk Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB. Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur. ALLV303 er eit litteraturfagleg spesialiseringsemne som blir valt ut frå dei kurstilboda som fagmiljøet har til ei kvar tid på 200- og 300-nivå. Det omfattar litterære tekstar og litteraturfagleg relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema. Det er også mogleg å byggje opp sine eigne særemne i samråd med faglærar. ALLV303 kan erstattast av KVIK203, KVIK204 eller RET206 dersom desse ikkje allereie inngår som ein del av studenten sin bachelorgrad. Studenten lærer å reflektere over litteraturvitskaplege problemstillingar og arbeide sjølvstendig med desse. Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande. Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman omlag 30 timar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyste ved instituttet. ALLV303 blir vurdert på basis av enten ein 7 dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt emne (12 sider eller 4000 ord), eller ei munnleg prøveforelesing med emne oppgitt 7 dagar før prøveforelesinga (ca. 30 minutts lengd). For ALLV302, 303 og 304 gjeld det at éin (og berre éin) av desse eksamenane skal avleggjast som prøveforelesing. Karakterskala A - F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen

Universitetet i Bergen - Litteraturvitskapleg særemne II

Vår og haust. Norsk Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB. Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur. ALLV304 er eit litteraturfagleg spesialiseringsemne som blir valt ut frå dei kurstilboda som fagmiljøet har til ei kvar tid på 200- og 300-nivå. Det omfattar litterære tekstar og litteraturfagleg relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema. Det er også mogleg å byggje opp sine eigne særemne i samråd med faglærar. ALLV304 kan erstattast av KVIK203, KVIK204 eller RET206 dersom desse ikkje allereie inngår som ein del av studenten sin bachelorgrad. Studenten lærer å reflektere over litteraturvitskaplege problemstillingar og arbeide sjølvstendig med desse. Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande. Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman omlag 30 timar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyste ved instituttet. ALLV304 blir vurdert på basis av enten ein 7 dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt emne (12 sider eller 4000 ord), eller ein munnleg prøveforelesing med emne oppgitt 7 dagar før prøveforelesinga (ca. 30 minutts lengd). For ALLV302, 303 og 304 gjeld det at éin (og berre éin) av desse eksamenane skal avleggjast som prøveforelesing. Karakterskala A - F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen

Universitetet i Bergen - Allmenn litteraturvitskap mastergradsoppgåve

Vår og haust. Norsk Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB. Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane dokumentere at dei kan finne fram til og avgrense problemstillingar, og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer. Masteroppgåva kan omfatte både litterære og teoretiske emne. Ein kan òg velje emne frå faghistorie, litteraturpedagogikk eller -formidling, eller ein kan ta for seg emne av tverrestetisk karakter. Som masteroppgåve kan også godkjennast fleire mindre arbeid som tematisk eller metodisk heng saman, eller delar av gruppearbeid som lar seg evaluere individuelt. Studenten lærer å arbeide med litteraturfaglege problemstillingar på ein kritisk og sjølvstendig måte. Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande. Alle studentane får ved utgangen av det første semesteret tildelt ein fagleg rettleiar for arbeidet med masteroppgåva. Oppgåva skal vere på 70-110 sider (23000-33000 ord), og skal svare til ein samla arbeidsinnsats på 2 semester (60 studiepoeng). Alle mastergradsstudentar må skrive kontrakt med instituttet, der rettar og plikter er presiserte. Masteroppgåva skal leverast innan dei gjeldande fristane. Etter at masteroppgåva er godkjent og vurdert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som har tilknyting til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil éin karakter opp eller ned. Karakterskala A - F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen

1 - 16