| source Universitetet i Bergen (X) |
level |
department Middelalderkunnskap (X) |
Vår Studiet skal gje studentane dei basiskunnskapane som er nødvendige for å orientere seg i den europeiske mellomalderkulturen. Studentane skal skaffe seg ei kronologisk og geografisk referanseramme for kulturstudiet. Vidare må studentane få kjennskap til hovudmoment i mellomalderleg religion, kyrkjeorganisasjon og klostervesen, visuell kultur, filosofi, skriftkultur, litteratur og sosiale og politiske strukturar. Emnet er obligatorisk i Bachelorprogrammet i Mellomalderstudiar. Generell studiekompetanse. Undervisinga blir gitt i vårsemesteret i form av førelesingar og kollokviegruppe. Fellespensum er til samen om lag 1000 sider oversiktslitteratur på skandinavisk og engelsk. I tillegg kjem eit ´monument´, det vil seie biletmateriale med artiklar/kommentarar eller ein mellomalderleg originaltekst i omsetjing (ca. 200 sider). Tidleg i semesteret vel kvar student eit monument frå ei monumentliste. Dette monumentet skal relaterast til dei overordna førelesingane og den generelle pensumlitteraturen og skal vera utgangspunkt for semesteroppgåva. Innlevering av prosjektskisse og førsteutkast til semesteroppgåve er obligatorisk. Emnet vil bli jamt evaluert, m.a. ut frå tilbakemeldingar frå studentane. Ei semesteroppgåve på om lag 15 sider, som under rettleiing blir skriven med utgangspunkt i det valde monument. I tillegg blir det gitt ei skriftleg prøve i pensum på 2 timar. Ved vurdering av prøva blir det nytta karakterskala frå A til F. Denne prøva må vere bestått for å få sensur på semesteroppgåva. Det vert også nytta gradert karakterskala frå A til F ved vurdering av semesteroppgåva. I den samla karakteren vil vurderinga av kontrolleksamen utgjera 1/4, medan karakteren på semesteroppgåva vil utgjera 3/4 av den samla karakteren. Eksamen kan bli tatt opp att i undervisingsfrie semester.
Score: 14.200167 Details | Listing | Web page