| source Universitetet i Bergen (X) |
level |
department Musikk (X) |
Emnet går over 4 semester, med start annankvar haust (like årstal). Generell studiekompetanse og greidd opptaksprøve ved Ole Bull Akademiet. 1) Læremeistersamvær, pedagogikk, eiga øving, teknisk utvikling: Dette er den viktigaste delen av studiet. Gjennom samværet med læremeister (individuelle undervisningstimar) skal studenten tileigne seg større forståing av tradisjonen i læremeisteren sitt distrikt, kunnskap om kjende utøvarar, slåttar/songar, slåttetypar/vokalgenrar, tradisjonslinjer, takt og rytme, spelestil/songstil, tekstforståing/dialektvariantar og tradisjonen sin pedagogikk. Studenten skal få innføring i å spela/tralla til dans, og for vokalstudentane vert det også praktisk innføring i songdans og songleikar. Studenten kan ha ein eller fleire læremeistrar gjennom studiet, og det blir lagt opp til individuelle planar som skal ta omsyn til trongen for større innsyn og forståing for eigen tradisjon og impulsar frå andre tradisjonar. Med "eigen tradisjon" meiner vi den tradisjonen studenten ved opptaket har gjort til sin eigen - det treng såleis ikkje vere den rådande tradisjonen på studenten sin heimstad. Læremeisteren sin tradisjon er ideelt den same som studenten sin. Dersom det ikkje er råd å finne ein dugande læremeister i studenten sin tradisjon vil ein prøve å finne læremeister i ein så nær tradisjon som råd er. Dersom det er eit ynskje, vil studenten kunne få eit utvida tilbod i arkivbruk for å finne meir materiale knytt til eigen tradisjon. Dette skal likevel ikkje gå ut over læremeistersamværet. Samværet med læremeister er den viktigaste delen av studiet. Dette krev evne til sjølvstendig arbeid, og studenten må sjølv og i samarbeid med læremeister og studieleiinga ved OBA leggje opp timeundervisning, øvetid og elles finne fram til praktiske løysingar for å nå dei mål studiet set. Under opningsseminaret vert det lagt opp ein arbeidsplan for samværet med læremeister. Framdrifta blir evaluert kvart semester, og planen revidert i høve til målsetjinga. Studiet vil gje høve til timar i speleteknikk/songteknikk med andre lærarar enn den personlege læremeisteren, og timar med utøvarar frå andre tradisjonsområde. 2) Øveteknikk, mental trening, speleteknikk/stemme- og pusteteknikk: Innføring i grunnleggjande øvemetodikk og mentale treningsteknikkar til bruk ved innlæring og i framføringssituasjonar. Studiet vil også gje innføring i praktisk stell og vedlikehald av instrument, og råd og rettleiing i tekniske emne. Vokalstudentane vil få innføring i stemma sin fysiologi og anatomi, og råd og rettleiing av songpedagog. Studenten skal føre eiga øvingsdagbok som vert drøfta i samtalar med leiinga for studiet. 3) Trening i formidling og spel/song til dans: Gjennom heile studiet blir det lagt opp til aktiv trening i formidling. Dette skjer gjennom konsertar i ulike format, både internt på Ole Bull Akademiet og ved ulike typar offentlege konsertar. Studentane skal òg få praktisk trening i dansespel/slåttetralling. 4) Spel/song i ulike samarbeidsformer: Målet er å utvikle evne til musikalsk orientering i samspelsituasjonar. Dette kan vere eit samarbeid med musikarar innanfor eigen sjanger, eller på tvers av ulike musikksjangrar («cross-over»). Dette kan gjerast på heimstaden om det er mest praktisk, eller i samband med seminara på Voss. 5) Tilleggsinstrument: Studenten skal velje eitt folkemusikkinstrument som bi-instrument, munnharpe, trefløyte, langeleik, toradar, fele/hardingfele o a. Studentar i spel kan velje song som bi-instrument. Studenten vil få tilbod om noko individuell undervisning på det instrumentet som vert valt. Undervisninga er obligatorisk med minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt. Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som greidd/ikkje greidd før avsluttande eksamen. I eksamenssemesteret skal det leggjast fram ei repertoarliste på 180 minutt spel / 120 minutt song med anna materiale enn det som vart lagt fram til opptaksprøva. Repertoarlista skal vere godkjent av faglærar og leverast inn til studieadministrasjonen innan fastsett frist. Studentane skal levere inn skriftleg rapport med evaluering av opplegg og undervisning i emnet ved slutten av kvart semester. Leiinga av studiet skal ta omsyn til desse evalueringane ved vidare planleggjing. Spelet/songen vert vurdert ved ein avsluttande, offentleg eksamenskonsert på 45 minutt. Det blir gjeve bokstavkarakter. Eksamenskommisjonen er samansett av ein ekstern sensor, ein representant for studiet og ein representant for Griegakademiet. Representanten for Griegakademiet har det administrative ansvaret.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret. Det blir gjeve undervisning i alle semestra (1-4). Emnet skal utvikle dugleiken, kunnskapen og formidlingsevna innan utøving i song eller på instrument og skal normalt gjennomførast i løpet av semester 1-4. Studenten skal arbeide sjølvstendig gjennom øving, samspel og individuell rettleiing. Emnet er ope for studentar med klassisk- eller jazzprofil. Generell studiekompetanse og godkjent musikkfagleg opptaksprøve (Jf. opptakskrav i fellesbrosjyre for utøvande musikkutdanning i Noreg). Emnet fokuserer på: Eigendugleik Innstuderings- og øvingsteknikk Instrumentkunnskap/stemmefysiologi Interpretasjons- og repertoarkunnskap Ensemblespel Konsert og formidlingspraksis Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan. Eigendugleik: Eigendugleik omfattar arbeid med: - aktuelle spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar - bladlesing og rask innstudering - gehørspel/song og improvisasjon Innstuderings- og øvingsteknikk Her blir innstuderingsmetode og øvingsteknikk handsama for å oppnå effektivitet i øvinga og for å unngå belastningsskadar. Instrumentkunnskap/stemmefysiologi: Studenten får innføring i: - verkemåten til instrumentet/fysiologien og fonetikken til stemma - den historiske utviklinga til instrumentet/vokaltradisjonen Interpretasjons- og repertoarkunnskap: Vurdering og utprøving av ulike tolkingsmåtar knytta til relevante skular og epokar. Det blir gjeve innføring i folkemusikk, organisert som vekeskurs ved Ole Bull Akademiet. Ensemblespel: Studenten deltek i ensemble av ulik storleik. Studentar med klassisk piano, cembalo og gitar som hovuddisiplin skal òg akkompagnere/spele generalbass. Konsert- og formidlingspraksis: Arbeid med framsyning og publikumskontakt (scenisk førebuing, presentasjonsteknikk (skriftleg/munnleg) og programsamansetjing i høve til ulike målgrupper). Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar. Individuell rettleiing med akkompagnatør. Fellesfora knytt til instrument/instrumentgruppe. Ulike samspelaktivitetar i ensemble av ulike storleik (jf. eigen semesterplan). Meisterklassar, seminar o.l. (jf. eigen semesterplan). Innføring i folkemusikk organisert som vekeskurs på Ole Bull Akademiet. Minimum 4 framføringar av solistisk karakter på interne og/eller offentlege konsertar. Kurs i arbeidsfysiologi og Alexanderteknikk (jf. eigen semesterplan). Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før oppmelding til eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Undervisninga i fellesfora og prosjektveker skal leggjast til rette slik at studenten får relevante oppgåver. Repertoarkrav: Klassisk: - minst 90 min. solorepertoar, eventuelt med akkompagnement - normalt minst 60 min. samspelrepertoar. For pianistar: 30 min. Jazz: - Studenten skal innstudere minst 24 komposisjonar (normalt 6 per semester), som representerer ulike stilistiske tilnærmingar og uttrykksformer. Repertoar skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverast på eige skjema innan 1.mars/1.oktober, godkjent av faglærar. Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen, akkompagnatøren og studenten. Denne evalueringa vil vere basert på ein felles mal og blir skriftleg utarbeidd. Det blir òg gjennomført evaluering av gruppeundervisning, prosjekt o.l. i form av spørjeskjema. Ein rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane. Eksamen omfattar ei konsertframføring med eit repertoar på 30 minutt. Klassisk: - Inntil 10 min. kan vere kammermusikk (normalt minst 3-9 utøvarar). Jazz: - Inntil 10 min. kan vere solorepertoar Eksamen blir vurdert av minst ein intern og ein ekstern sensor. Kandidaten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innan 6 veker før eksamensdato. Før eksamen blir gjennomført skal emnet MUG103 (eller tilsvarande) vere greidd.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret. Det blir gjeve undervisning i alle semestra (1-4). Emnet skal utvikle dugleiken, kunnskapen og formidlingsevna på orgel og skal normalt gjennomførast i løpet av semester 1-4. Studenten skal arbeide sjølvstendig gjennom øving, samspel, konsertering, gudstenestepraksis og individuell rettleiing. Generell studiekompetanse og godkjent musikkfagleg opptaksprøve (jf. Opptakskrav i fellesbrosjyre for utøvande musikkutdanning i Noreg). Emnet omfattar: - solo- og samspel - liturgisk spel - improvisasjon - innføring i orgelkunnskap - konsert- og formidlingspraksis Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan. Solo- og samspel: Studenten skal tileigne seg eit repertoar fordelt på dei epokar som er viktigast for instrumentet, inkludert norsk musikk og musikk frå vår eiga tid. Det skal omfatte både frie og koralbundne verk. Studenten skal opptre med solistisk repertoar ved minst fire konsertar (interne eller offentlege). Det skal leggjast tilrette for samspel (orgel som del av ulike ensemble) og akkompagnement (av kor og/eller solistar). Liturgisk spel: Grunnleggjande koral- og liturgispel med utgangspunkt i normalsatsane i gjeldande koralbøker og ordningar. Akkompagnement av bibelske salmar. Modulasjon med og utan koralmotiv. Transponering av koralar og liturgiske ledd ½ - 1 trinn. Besifringsspel (i fyrste rekkje på piano). Studenten skal tenestegjere som organist ved minst éi øvingsgudsteneste. Improvisasjon: Grunnleggjande øvingar i form av kadensar, sekvensar, imitasjonar etc. Ekstemporalharmonisering. Improvisasjon av einskilde liturgiske satsar som forspel, følgjesatsar og akkompagnement til liturgiske resitativ. Orgelkunnskap: Det blir gjeve innføring i den klanglige oppbygginga, konstruksjonen og funksjonen til orgelet, og dessutan ei oversikt over dei viktigaste historiske orgeltypane og musikk skrive for desse. Det skal arbeidast med å setje opp disposisjonar for orgel av ulike storleikar. Det blir gjeve praktisk rettleiing i stemming av røyrstemmer og enkel feilretting. Konsert- og formidlingspraksis: Arbeid med framsyning og publikumskontakt (scenisk førebuing, presentasjonsteknikk (skriftleg/munnleg) og programsamansetjing i høve til ulike målgrupper. Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar. Fellesfora. Kammermusikkgrupper. Meisterklassar, seminar o.l. (jf. eigen semesterplan). Innføring i folkemusikk organisert som vekeskurs på Ole Bull Akademiet. Minimum 4 framføringar av solistisk karakter på interne og/eller offentlege konsertar. Kurs i arbeidsfysiologi og Alexanderteknikk (jf. eigen semesterplan). Det er ein føresetnad at all undervisning er gjennomført og godkjent før oppmelding til eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Anna: Det skal visast til relevant litteratur og lyttepensum. Undervisning i fellesfora og prosjektveker skal leggjast til rette slik at studenten får relevante oppgåver. Studenten skal tileigne seg: - minst 90 min. solorepertoar - minst 30 min. samspelrepertoar Repertoar skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverast på eige skjema innan 1. mars /1. oktober, godkjent av faglærar. Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen, akkompagnatøren og studenten. Denne evalueringa er basert på ein felles mal, og vert utarbeidd skriftleg. Det blir òg gjennomført evaluering av gruppeundervisning, prosjekt o.l. i form av spørjeskjema. Ein rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane. Emnet MUG103 skal vere greidd før eksamen blir gjennomført. Eksamen i orgel solospel og orgelkunnskap blir gjennomført etter følgjande ordning: Orgelkunnskap: Munnleg prøve som omfattar teori og stemming/feilretting. Vurderingsuttrykk: Greidd/ikkje greidd Orgelspel: Konsertframføring av eit repertoar på 30 minutt. Inntil 10 minutt kan vere samspel. Kandidaten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av ekstern sensor innan 6 veker før eksamensdato. Begge deleksamenar må vere greidd. Kvar del er gyldig i 2 semester etter ordinær eksamen.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Emnet startar i haustsemesteret (1. semester) og går over 2 semester. Emnet skal gje kunnskap og ferdigheit som støttar hovuddisiplinen og musikkorienteringa slik at studenten får eit godt grunnlag for å arbeide som sjølvstendig og allsidig musikar. Emnet eller tilsvarande må vere greidd for å kunne ta eksamen i emnet MUG121/MUG123/MUG125. Fagleg innhald Emnet gjev innføring i utøvande støtteferdigheitar. Det blir arbeidd med: - bruksklaver - ensembleleiing - improvisasjon - musikkteknologi Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk med godkjend musikkfagleg opptaksprøve. . - individuell rettleiing i bruksklaver - deltaking i øvingskor/ensemble - kurs i improvisasjon - kurs i musikkteknologi - kurs i direksjon kor/orkester, -kurs i øvingsteknikk Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Eksamen omfattar fire oppgåver: - 3 framføringar med bruksklaverrepertoar bestemt av faglærer. - Dirigere framføring av eit mindre kor/ensembleverk Intern sensur. Alle delar må vere godkjende. Vurderingsuttrykk: Greidd/ikkje greidd Jamleg evaluering skjer i dialog mellom emneansvarleg og student. Denne evalueringa vil vere basert på ein felles mal. Det skal rapporterast til administrasjonen at evaluering er gjennomført.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret. Det blir gjeve undervisning i emnet i alle semester (1-4). Emnet skal utvikle dugleiken i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk. MUG104 er eit innføringsemne i moderne kunstmusikalsk musikkskaping som òg omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar. Emnet skal normalt studerast i semester 1-4, men for studentar med anna føregåande instrumentalfordjuping kan det òg takast som ei tilleggsutdanning over fire semester. Studenten skal arbeide sjølvstendig, gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg, og gjennom aktiv deltaking i fellesseminar. Generell studiekompetanse og godkjent musikkfagleg opptaksprøve (jf. opptakskrav i fellesbrosjyre for utøvande musikkutdanning i Noreg). Evne og vilje til å uttrykkje seg musikalsk gjennom musikkskaping. Ei grunnleggjande oversikt over tradisjonelt og nyare musikkrepertoar, og ei oversikt over sentrale omgrep og problemstillingar frå musikkteori og musikkskaping. Emnet fokuserer på: - Komposisjon som kreativ prosess - Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon - Verkanalysar og repertoarkunnskap - Estetiske problemstillingar - Konsert- og formidlingspraksis Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan. Komposisjon som kreativ prosess: Studenten arbeidar med definerte oppgåver og eigne verk gjennom individuell rettleiing, i prosjekt og i seminar. - Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon: Gjennom individuelle timar, seminar og eigenarbeid blir det gjeven ei innføring i grunnleggjande satsteknikkar og grunnleggjande instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag. Bruk av datamaskin høyrer med i dette arbeidet. - Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Verkanalysar og repertoarkunnskap: Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått i rettleiing og/eller i seminarform. I tillegg skaffar studenten seg ei meir generell repertoaroversikt over sentrale verk og stilar gjennom lytting og/eller partiturlesing. Eit slikt individualpensum skal utformast i samråd med faglærar. - Studenten skal minst ein gong per studieår leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar. Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Estetiske problemstillingar: Dei ovanfor nemnte komponentane skal òg granskast nærare som konkrete døme på sentrale problemstillingar innanfor musikalske rom, tid og uttrykk, meininga og funksjonen til kunstverket etc. - I samband med dette vil det i samråd med faglærar leggjast opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande seminar. Konsert- og formidlingspraksis: Det blir forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar ved og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat spelast inn. I tillegg kan studenten bli aktivisert i obligatoriske prosjekt i regi av instituttet. - Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike konsertframføringar minimum to gonger under studietida av emnet. Dette skal kunne dokumenterast før framstilling til avsluttande eksamen. - Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar - Seminar for mindre gruppeeiningar (til dømes studentar på same studietrinn eller på same fordjupingsemne) - Fellesforum - Meisterklassar, seminar o.l. (jf. eigen semesterplan) - Innføring i folkemusikk organisert som vekeskurs på Ole Bull Akademiet - Verkframføring og medverknad i interne og/eller offentlege konsertar - Kurs i arbeidsfysiologi og Alexanderteknikk (jf. eigen semesterplan). Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før oppmelding til eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Jamleg evaluering skjer i dialog mellom hovudlærar for emnet og studenten. Evalueringa skjer skriftleg eller munnleg, og ein rapport blir utforma. Det blir òg gjennomført evaluering av gruppeundervisning, prosjekt o.l. i form av spørjeskjema. Ein rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane. Eksamen blir gjennomført som mappevurdering. Mappa skal omfatte: - eit på førehand avtalt utval øvingar frå komposisjonsteknikkar, der prøvar på både eldre og nyare teknikkar, både polyfone og homofone, og dessutan instrumentering er dokumentert. - Ei analyseoppgåve på ca. 10 sider over eit godkjent sjølvvalt emne, gjennomført under rettleiing i løpet av det siste studieåret. - Minimum 3 komposisjonar, for større og mindre orkester, med ei minimum samla speletid på 15 minutt, skrive under studiet med rettleiing. Partitur skal normalt følgjast av lydfestingar. Studenten kan få dispensasjon frå dette i særskilde tilfelle. Eksamen skal vurderast av minst ein intern og ein ekstern sensor. Vurderingsuttrykk: bokstavkarakterar. Utover sjølve karakterutfallet vil kandidaten i samtale med eksamenskommisjonen få ei grundigare tilbakemelding omkring dei einskilde delane av mappa. Kvar del i mappa er gyldig i to semester etter det semesteret studenten med normal progresjon skulle hatt eksamen. Emnet basisfag (eller tilsvarande) må vere greidd før eksamen kan gjennomførast.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Emnet startar i haustsemesteret og går over 2 semester. Emnet er lagt til 3. og 4. semester i bachelorprogrammet . Etter fullført emne vert det forventa at studentane har bygd opp eit forråd av viktige musikkteoretiske omgrep, eit relevant lytterepertoar, samt ein musikkanalytisk beredskap. Til saman skal omgrep og musikk skapeforståing av klassisk musikkhistorie som stilhistorie. Fagleg innhald: Det vert gjeve innføring i: -europeisk kunstmusikk frå antikken til ca. 1970 -norsk musikkhistorie fra ca. 1800 til ca. 1970 -stil- og verkanalytiske metoder -oppgåveskriving Klassisk musikkhistorie vert fortløpande søkt sett inn i ein breiare kunst- og idéhistorisk samanheng. Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 700 sider og eit felles lytterepertoar på 20 verk. Grunnleggjande kunnskaper i musikkteori, uten at desse treng være formelt dokumentert. Undervisning består av forelesingar og oppgåveseminar. Oppgåveseminar Oppgåver All undervisning er obligatorisk og må vera gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Mappevurdering av 2 innleverte arbeider. Kvart arbeid skal ha eit omfang på 8-10 sider (Times 12, 1 ½ linjeavstand, ca. 4000 ord). Studenten vel eitt av arbeida som skal verta vurdert med gradert karakter og slått saman med karakteren for den muntlege prøven Munnleg eksamen med utgangspunkt i lesepensum og lytterepertoar. . To interne sensorar. Oppgåve og munnleg bler vekta likt i karakteren. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F.. Det vert gjennomført evaluering i form av spørreskjema. Det vert utarbeidd ein skriftleg rapport av emneansvarleg.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisningen starter hvert høstsemester, og går over 2 semestre. Emnet er obligatorisk i føsrste studieår. Emnet tar sikte på å skjerpe studentenes forståelse av tonal musikk. Gjennom arbeid med forskjellige satstyper og stilarter tilstrebes bredde, med funksjonell harmonikk som overordnet ramme. Fagleg innhald Emnet består av sats- og hørelære. Disse forsøkes integrert dersom forholdene ligger til rette. I satslære gis innføring i elementære satsteknikker med hovedvekt på dur/moll-koralen og noen grunnprinsipper i polyfon sats. I hørelære inkluderes primavista sang og rytme, ulike former for auditiv analyse av musikkeksempler, enkle kombinasjonsøvelser/polyrytmikk, funksjonslytting, besifringsspill, samt melodi-, rytme- og akkorddiktat. Det er ein føresetnad å vera oppteken til bachelorgrad i musikk. Undervisning i delemnene gis i form av forelesning/fellesundervisning, jevnlig arbeid med gitte oppgaver, gruppeundervisning og individuell veiledning. Førelesningar Oppgåveinnlevering av gitte oppgåver, normalt 5 til 8. Vurderingsforma omfattar to deler som vektas likt: Satslære: minimum 5 godkjente oppgaver. Oppgavene til mappene velges ut i samråd med faglærer. Hørelære: muntlig eksamen. Mappa i satslære må være bestått før muntlig eksamen. Vurderingsuttrykk: bestått/ikke bestått Intern sensur Ein bestått eksamensdel er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Det vert gjennomført evaluering i form av spørreskjema. Det vert utarbeidd ein skriftleg rapport av emneansvarleg
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisningen starter hvert høstsemester, og går over 2 semestre. Emnet er obligatorisk i andre studieår. Emnet omfattar sats- og høyrelære. Desse vil integrerast dersom tilhøva ligg til rette for det. Satslære omfattar fordjuping i generalbass og kontrapunkt, og dessutan arbeid med relevante satstypar, inkludert analyse og imitasjon. Høyrelære omfattar primavistasong og -rytme, fritonalitet, auditiv analyse, kombinasjonsøvingar/polyrytmikk, funksjonslytting, besifringsspel, og dessutan melodi-, rytme- og akkorddiktat. Emnet utfyller musikkteori I. Læringsmål Emnet tek sikte på å gje studentane nærare innsyn i sentrale teoretiske emne, og gjev såleis høve til fordjuping der musikkteori I går i breidda. Det er ein føresetnad å vera oppteken til bachelorgrad i musikk og ha gjennomført emnet MUG 107 Musikkteori I, eller tilsvarande. Det blir gjeve undervisning i delemna i form av førelesing/fellesundervisning, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Førelesningar Oppgåveinnlevering av gitte oppgåver, normalt 5 til 8. Vurderingsforma omfattar to deler som vektas likt: Satslære: minimum 5 godkjente oppgaver. Oppgavene til mappene velges ut i samråd med faglærer Hørelære: muntlig eksamen. Mappa i satslære må være bestått før muntlig eksamen. Vurderingsuttrykk: bestått/ikke bestått Intern sensur Ein bestått eksamensdel er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Det vert gjennomført evaluering i form av spørreskjema. Det vert utarbeidd ein skriftlig rapport av emneansvarlig.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Emnet er lagt til 1. eller 2. studieår i BA-programmet Etter fullført kurs vert det forventa at studentane har bygd ei grunnleggjande og historisk fundert forståing for jazz som musikalsk uttrykksform og kjennskap til sosio-kulturelle høve rundt jazz som fenomen. I tillegg skal emnet gi ei innføring i nokre grunnleggjande problem (innhaldsmessig og metodisk) knytt til historieframstelling. Til saman skal dette skape grunnlag for ei kritisk fundert forståing for jazzhistorie. Fagleg innhald Det vert gjeve innføring i jazzens røter ulike retningar/epokar innan jazz, inkl. grunnleggjande forståing for kva som konstituerer desse, både musikalsk og sosio-kulturelt spesialiserte emner av jazzhistorisk relevans tekstanalyse/kjeldekritikk og oppgåveskriving. Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 700 sider og eit felles lytterepertoar på 35-40 komposisjonar. Det er ein føresetnad å vera oppteken til bachelorgrad i musikk. Undervisningen består av forelesninger og oppgåveseminar. Førelesningar Minst 2 oppgaveinnleveringer All undervisning er obligatorisk og må være gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Mappevurdering av 2 innleverte arbeider. Kvart arbeid skal ha eit omfang på 8-10 sider (Times 12, 1 ½ linjeavstand, ca. 4000 ord). Studenten vel eitt av arbeida som skal verta vurdert med gradert karakter og slått saman med karakteren for den munnlege prøven Munnleg eksamen med utgangspunkt i lesepensum og lytterepertoar. . To interne sensorar. Oppgåve og munnleg bler vekta likt i karakteren. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F. . Det vert gjennomført evaluering i form av spørreskjema. Det vert utarbeidd ein skriftleg rapport av emneansvarleg.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisningen starter i høstsemester, og går over 2 semestre . Emnet tar sikte på å utvikle studentenes skapende kompetanse. Gjennom arbeid med forskjellige uttrykksformer tilstrebes en bred orientering, med jazztradisjon som overordnet ramme. Fagleg innhald Emnet består av gehør/improvisasjon og arrangering/komponering. I gehør/improvisasjon gis innføring i skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, enkel polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjoner. Basis for alle disse delemnene er vektlegging av interaksjon, og vil derfor foregå i ensemble. Transkribsjonsarbeid vil også gå inn som metode i dette emnet. I arrangering/komponering gis innføring i rytmikk, akkordlære (inkl. enkel blokkharmonisering og reharmonisering), instrumentasjon og formforståelse. Delemnet vil i størst mulig grad være basert på praktisk arbeid og utprøving i egnede ensembler. Det er ein føresetnad å vera oppteken til bachelorgrad i musikk. Delemnene gehør/improvisasjon og arrangering/komponering søkes integrert dersom forholdene ligger til rette. Undervisningen skal være praktisk orientert og studentene utgjør et basisensemble for faglig utvikling og utprøving.Undervisning i delemnene gis i form av gruppeundervisning og individuell veiledning. Studentene organiseres normalt i grupper på opptil 6. Oppgåveinnlevering, minimum 5 oppgåver. Førelesningar All undervisning er obligatorisk. Fravær på mer enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett Gehør/improvisasjon: muntlig eksamen. Jazzarrangering/komposisjon: Mappevurdering (min. 5 arbeider). Vurderingsuttrykk: bestått/ikke bestått Begge deleksamener må være bestått. Intern sensur Dei to eksamensdelane kan gjennomførast i ulike semestre. Det vert gjennomført evaluering i form av spørreskjema. Det vert utarbeidd ein skriftleg rapport av emneansvarleg.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisningen starter i høstsemesteret, og går over 2 semestre. Emnet tar sikte på å gi studentene en dypere forståelse i de delemnene som har vært presentert i musikkteori/jazz 1. Fagleg innhald Emnet kompletterer musikkteori jazz 1. Bestått MUG110 Musikkteori I eller tilsvarande. Det er ein føresetnad å vera oppteken til bachelorgrad i musikk. Delemnene gehør/improvisasjon og arrangering/komponering søkes integrert dersom forholdene ligger til rette. Undervisningen skal være praktisk orientert og studentene utgjør et basisensemble for faglig utvikling og utprøving. I gehør/improvisasjon gis fordypning i skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjoner. Basis for alle disse delemnene er vektlegging av interaksjon, og undervisningen vil derfor foregå i ensemble. Individuelt transkribsjonsarbeid vil også gå inn som metode i dette delemnet. I arrangering/komponering gis fordypning i rytmikk, avansert blokkharmonisering og reharmonisering, instrumentasjon og formforståelse. Delemnet vil i størst mulig grad være basert på praktisk arbeid og utprøving i egnede ensembler. Undervisning i delemnene gis i form av gruppeundervisning og individuell veiledning. Studentene organiseres normalt i grupper på opptil 6. Oppgåveinnlevering, minimum 5 oppgåver. Førelesningar All undervisning er obligatorisk. Fravær på mer enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett Gehør/improvisasjon: muntlig eksamen. Jazzarrangering/komposisjon: Mappevurdering (min. 5 arbeider). Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F. En av vurderingene gehør/improvisasjon eller jazzarrangering/komposisjon vil bli gjennomført med ekstern sensur. Begge deleksamener må være bestått. Dei to eksamensdelane kan gjennomførast i ulike semestre. . Det vert gjennomført evaluering i form av spørreskjema. Det vert utarbeidd ein skriftleg rapport av emneansvarleg.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle: stilistisk differensiert interpretasjonsevne teknisk og musikalsk ferdigheit eit breitt repertoar personlig uttrykk og formidlingsevne personleg uttrykk Faglig innhald Emnet er sett saman av følgjande: eigenferdigheit innstuderings- og øvingsteknikk instrumentkjennskap/stemmefysiologi interpretasjons- og repertoarforståing ensemblespel konsert- og formidlingspraksis Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk med godkjend musikkfagleg opptaksprøve. Emnet fylgjer instituttets undervisningsplan. Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar. Arbeidsfysiologiske emner vert gjeve som klasse-/gruppeundervisning og individuell rettleiing. Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan og sjå til at studieplanen sine krav vert fulgt. Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metoder for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar. Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkningsmåter knytt til relevante skular og stilepoker. Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal óg akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis. Spesielt for orgel: Liturgisk spill: Undervisning i grunnleggjande koral- og liturgispel med utgangspunkt i normalsatsane i gjeldande koralbøker og ordningar. Koralforspill, akkompagnement av bibelske salmar, modulasjon, transponering av koralar og liturgiske ledd og besifringsspel. Orgelkunnskap: Kurs med innføring i den klanglege oppbygginga, konstruksjonen og funksjonen til orgelet, og dessutan ei oversikt over dei viktigaste historiske orgeltypane og musikk skrive for desse. Det vert arbeidd med å setje opp disposisjonar for orgel av ulike storleikar. Det vert gjeve praktisk rettleiing i stemming av røyrstemmer og enkel feilretting. Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktiviteter i emneplanen vert gjennomført.. individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan) prosjektveker (jf. eigen semesterplan) meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan) innføring i folkemusikk organisert som vekekurs på Ole Bull Akademiet kurs i arbeidsfysiologi (jf. eigen semesterplan) Orgelstudentar: Munnleg prøve i orgelkunnskap som omfattar teori og stemming/feilretting. Orgelprøva må takast i emnet MUG120 eller MUG121. . Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Repertoarkrav: Minst 45 minutt solorepertoar, eventuelt med akkompagnement. -Samspelrepertoar (jamfør spesifikk instrumentplan) Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (evt. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar. Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innen 15. april (evt. 15.oktober). Det vert halde eksamen etter andre semester. Eksamen omfatter ei konsertframføring med repertoar på 15 minutt. Intern sensur med minst to sensorar, kor ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje-greidd Jamleg evaluering skjer i dialog mellom hovedinstrumentlærar, akkompagnatør og student. Denne evalueringa vil vere basert på ein felles mal. Det skal rapporterast til administrasjonen at evaluering er gjennomført.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret (3. semester) og går over to semester. Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle: stilistisk differensiert interpretasjonsevne teknisk og musikalsk ferdigheit eit breitt repertoar personlig uttrykk og formidlingsevne personleg uttrykk Faglig innhald Emnet er sett saman av følgjande: eigenferdigheit innstuderings- og øvingsteknikk instrumentkjennskap/stemmefysiologi interpretasjons- og repertoarforståing ensemblespel konsert- og formidlingspraksis Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk og har gjennomført eksamen i emnet MUG120 eller tilsvarande. Før eksamen i emnet skal MUG103 og MUG107 vera greidd. Emnet fylgjer instituttets undervisningsplan. Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar. Arbeidsfysiologiske emner vert gjeve som klasse-/gruppeundervisning og individuell rettleiing. Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan og sjå til at studieplanen sine krav vert fulgt. Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metoder for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar. Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkningsmåter knytt til relevante skular og stilepoker. Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal óg akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis. Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktiviteter i emneplanen vert gjennomført.. individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan) prosjektveker (jf. eigen semesterplan) meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan) kurs i Alexanderteknikk (jf. eigen semesterplan) minimum to framføringar av solistisk karakter på interne og/eller offentlege konsertar Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Repertoarkrav: - minst 90 min. solorepertoar (inkl. 45 min. fra MUG120 eller tilsvarande), eventuelt med akkompagnement -Samspelrepertoar (jamfør spesifikk instrumentplan) - Repertoar skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (evt. 15. november), godkjent av hovudinstrumentlærar. Kandidaten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innen 15. april (evt. 15. november). Spesielt for orgel: Liturgisk improvisasjon: Grunnleggjande improvisasjonsøvingar i form av kandensar, sekvensar, imitasjonar o.l., samt generalbasspel, ekstemporalharmonisering og improvisasjon av koralforspel og følgjesatsar. Det vert halde eksamen etter andre semester (semester 4). Eksamen omfatter ei konsertframføring med repertoar på 30 minutt (kan innehalde repertoar frå MUG120). Inntil 10 minutt av eksamen kan vere kammermusikk (normalt 3-9 utøvarar). Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakter frå A - F.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret (1. semester) og går over to semester. Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som improviserande musikar ved å utvikle: gehørspel/improvisasjon stilistisk differensiert interpretasjonsevne teknisk og musikalsk ferdigheit eit breitt repertoar personlig uttrykk og formidlingsevne Faglig innhald Emnet er sett saman av følgjande: eigenferdigheit innstuderings- og øvingsteknikk instrumentkjennskap/stemmefysiologi interpretasjons- og repertoarforståing ensemblespel konsert- og formidlingspraksis Eigenferdigheit tek m.a. opp improvisasjonskunnskap, spele-/vokalteknikkar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song. Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metoder for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar. Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkningsmåter knytt til jazz som musikalsk uttrykk. Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk.. individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar/-ar fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan) prosjektveker (jf. eigen semesterplan) meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan) innføring i folkemusikk organisert som vekekurs på Ole Bull Akademiet. kurs i arbeidsfysiologi (jf. eigen semesterplan) Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Repertoarkrav: Minst 45 minutt repertoar/12 komposisjonar av ulik karakter Repertoar skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april(evt. 15. november), godkjent av hovudinstrumentlærar. Kandidaten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innen 15. april (evt. 15. november). Det vert halde eksamen etter andre semester. Eksamen omfatter ei konsertframføring med repertoar på 15-20 minutt. Intern sensur med minst to sensorar, kor ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje-greidd Jamleg evaluering skjer i dialog mellom hovedinstrumentlærar og student. Denne evalueringa vil vere basert på ein felles mal. Det skal rapporterast til administrasjonen at evaluering er gjennomført.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret (3. semester) og går over to semester. Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som improviserande musikar ved å utvikle: gehørspel/improvisasjon stilistisk differensiert interpretasjonsevne teknisk og musikalsk ferdigheit eit breitt repertoar personlig uttrykk og formidlingsevne Faglig innhald Emnet er sett saman av følgande delemner: eigenferdigheit innstuderings- og øvingsteknikk instrumentkjennskap/stemmefysiologi interpretasjons- og repertoarforståing ensemblespel konsert- og formidlingspraksis Eigenferdigheit tek m.a. opp improvisasjonskunnskap, spele-/vokalteknikkar, skalaer og etyder og primavistaspel/- song. Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metoder for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar. Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkningsmåter knytt til jazz som musikalsk uttrykk. Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk og har gjennomført eksamen i emnet MUG122 eller tilsvarande. Før eksamen i emnet må MUG109 eller MUG103 vera greidd. Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar. Arbeidsfysiologiske emner vert gjeve som klasse-/gruppeundervisning og individuell rettleiing. Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktiviteter i emneplanen vert gjennomført.. individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar/-ar fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan) prosjektveker (jf. eigen semesterplan) meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan) kurs i Alexanderteknikk (jf. eigen semesterplan) minimum to framføringar av solistisk og kollektiv karakter på interne og/eller offentlege konsertar, til saman min. 60 minutt. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Repertoarkrav: minst 90 minutt repertoar/12 komposisjonar (inkl. 45 min. fra MUG122) av ulik karakter. Repertoar skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april(evt. 15. november), godkjent av hovudinstrumentlærar. Kandidaten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innen 15. april (evt. 15. november). Det vert halde eksamen etter andre semester (semester 4). Eksamen omfatter ei konsertframføring med min. 5 komposisjonar frå eige repertoar, til saman på 30 minutt. Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakter frå A - F Jamleg evaluering skjer i dialog mellom hovedinstrumentlærar og student. Denne evalueringa vil vere basert på ein felles mal. Det skal rapporterast til administrasjonen at evaluering er gjennomført.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret (1. semester) og går over to semester. Emnet vil gje studenten ei innføring i og forståing for kva som ligg bak kreative og kompositoriske prosessar, både som epokeuttrykk og som individuelt kunstnerisk uttrykk. . Emnet byggjer vidare på dei musikkorienterande faga og vil femne delar av den vestlege kunstmusikktradisjonen. Studenten vil øve opp vurderingsevna og den musikalske forståinga av ulike tradisjonar og epokar gjennom kreativt og analytisk arbeid. Studenten skal ved eksamen i MUG124 ha skaffet seg en breddeoversikt over komposisjonsfaget og ha mottatt en systematisk oppfølging av sin musikkskaping og gjennom det begynt å bli seg bevisst om mulige personlige formspråk. Fagleg innhald MUG124 er eit innføringsemne i moderne kunstmusikalsk musikkskaping som òg omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar. Emnet skal utvikle ferdigheiten i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk. Emnet skal normalt studerast i semester 1-2, men for studentar med anna føregåande instrumentalfordjuping kan den samla kombinasjonen MUG124 og MUG125 òg takast som ei tilleggsutdanning i grunnlegjande komposisjon over fire semester. Studenten skal arbeide sjølvstendig, gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg, og gjennom aktiv deltaking i fellesseminar. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk med godkjend musikkfagleg opptaksprøve. Evne og vilje til å uttrykkje seg musikalsk gjennom musikkskaping. Ei grunnleggjande oversikt over tradisjonelt og nyare musikkrepertoar, og ei oversikt over sentrale omgrep og problemstillingar frå musikkteori og musikkskaping. Emnet fokuserer på: - Komposisjon som kreativ prosess - Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon - Verkanalysar og repertoarforståing - Estetiske problemstillingar - Konsert- og formidlingspraksis - Ev. støtteinstrument Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan i samsvar med studieplanen. - Komposisjon som kreativ prosess: Studenten arbeidar med definerte oppgåver og eigne verk gjennom individuell rettleiing, i prosjekt og i seminar. - Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon: Gjennom individuelle timar, seminar og eigenarbeid blir det gjeven ei innføring i grunnleggjande satsteknikkar og grunnleggjande instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag. Bruk av datamaskin høyrer med i dette arbeidet. Verkanalysar og repertoarforståing: Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått i rettleiing og/eller i seminarform. I tillegg skaffar studenten seg ei meir generell repertoaroversikt over sentrale verk og stilar gjennom lytting og/eller partiturlesing. Eit slikt individualpensum skal utformast i samråd med faglærar. Estetiske problemstillingar: Dei ovanfor nemnte komponentane skal òg granskast nærare som konkrete døme på sentrale problemstillingar innanfor musikalske rom, tid og uttrykk, meininga og funksjonen til kunstverket etc. - I samband med dette vil det i samråd med faglærar leggjast opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Konsert- og formidlingspraksis: Det blir forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar ved og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat spelast inn. I tillegg kan studenten bli aktivisert i obligatoriske prosjekt i regi av instituttet. Ev. støtteinstrument: Studenter uten forutgående instrumentalutdanning på høyere nivå kan etter individuell vurdering tilbys undervisning på relevant støtteinstrument, ut fra behov.En oversikt over gjennomgått repertoar og instrumentalopplæring skal godkjennes av faglærer før fremstilling til endelig eksamen. - Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar - Seminar for mindre gruppeeiningar (til dømes studentar på same studietrinn eller på same fordjupingsemne) - Fellesforum - Meisterklassar, seminar, ekskursjon o.l. (jf. eigen semesterplan) - Innføring i folkemusikk organisert som vekeskurs på Ole Bull Akademiet - Verkframføring og medverknad i interne og/eller offentlege konsertar - Kurs i arbeidsfysiologi (jf. eigen semesterplan). -Prosjektveker - Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Alle selvstendige komposisjoner skal i prinsipp være tilgjengelige som partitur og lydfesting før fremstilling til eksamen. (Unntak kan gis for verk som urfremføres på selve eksamenskonserten, men skal da lydfestes der.) - En oversikt overgjennomførte arbeid og øvingar som omfatter ulike sentrale eldre og nyere homo- og polyfone teknikker, samt instrumentasjonsløsninger skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. - Studenten skal minst ein gong i løpet av studieåret leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar, og samstundes i arkiverbar form (tekst, lyd, video) frå seminar). - Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. - Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike interne eller eksterne konsertframføringar minimum to gonger under studietida av emnet. Dette skal kunne dokumenterast før framstilling til avsluttande eksamen. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Eksamen blir gjennomført som mappevurdering. Mappa skal omfatte: - Minimum 2 - to komposisjoner/arbeidsprøver/etyder, min. 5 min. skrive under studiet med rettleiing. Partitur skal følgjast av lydfesting. Eksamen skal vurderast av minst ein intern sensor. Vurderingsuttrykk: Greidd/ikkje greidd Mappa er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt Jamleg evaluering skjer i dialog mellom hoveddisiplinlærar og student. Denne evalueringa vil vere basert på ein felles mal. Det skal rapporterast til administrasjonen at evaluering er gjennomført.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret (3. semester) og går over to semestre. Emnet skal normalt studerast i semester 3 og 4, innanfor ein fireårig komposisjonsutdanning. For studentar med anna føregåande instrumentalfordjuping kan den samla kombinasjonen MUG124 og MUG125 takast som ei tilleggsutdanning i grunnleggjande komposisjon over fire semester. Emnet vil gje studenten ei innføring i og forståing for kva som ligg bak kreative og kompositoriske prosessar, både som epokeuttrykk og som individuelt kunstnerisk uttrykk. Emnet byggjer vidare på MUG 124 og på dei musikkorienterande faga og vil òg femne delar av den vestlege kunstmusikktradisjonen utover eiga kreativt arbeid. Studenten vil øve opp vurderingsevna og den musikalske forståinga avulike tradisjonar og epokar, og av si eiga musikkskaping gjennom kreativt og analytisk arbeid. Studenten skal ved eksamen i MUG125 ha skaffet seg en god breddeoversikt over komposisjonsfaget og ha mottatt en systematisk oppfølging av sin musikkskaping og begynt å formulere et eget personlig uttrykk. Fagleg innhald Emnet skal utvikle ferdigheiten i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk. MUG125 Hoveddisiplin komposisjon 2 er eit innføringsemne med stor vekt på eiga musikkskaping i eit moderne kunstmusikalsk uttrykk, men som òg omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar. Studenten skal arbeide sjølvstendig, gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg, og gjennom aktiv deltaking i fellesseminar. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk og har gjennomført og bestått MUG124. Før eksamen i MUG125 skal MUG103 og MUG107 vera greidd. Evne og vilje til å uttrykkje seg musikalsk gjennom musikkskaping. Ei grunnleggjande oversikt over tradisjonelt og nyare musikkrepertoar, og ei oversikt over sentrale omgrep og problemstillingar frå musikkteori og musikkskaping. Emnet fokuserer på: - Komposisjon som kreativ prosess - Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon - Verkanalysar og repertoarforståing - Estetiske problemstillingar - Konsert- og formidlingspraksis - Ev. støtteinstrument Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan i tråd med studieplanen. Komposisjon som kreativ prosess: Studenten arbeidar med definerte oppgåver og eigne verk gjennom individuell rettleiing,i prosjekt og i seminar. Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon: Gjennom individuelle timar, seminar og eigenarbeid blir det gjeven ei innføring i grunnleggjande satsteknikkar og grunnleggjande instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag. Bruk av datamaskin høyrer med i dette arbeidet. Verkanalysar og repertoarkunnskap: Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått i rettleiing og/eller i seminarform. I tillegg skaffar studenten seg ei meir generell repertoaroversikt over sentrale verk og stilar gjennom lytting og/eller partiturlesing. Eit slikt individualpensum skalutformast i samråd med faglærar. Estetiske problemstillingar: Dei ovanfor nemnte komponentane skal òg granskast nærare som konkrete døme på sentrale problemstillingar innanfor musikalske rom, tid og uttrykk, meininga og funksjonen til kunstverket etc. - I samband med dette vil det i samråd med faglærar leggjast opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Konsert- og formidlingspraksis: Det blir forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar ved og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat spelast inn. I tillegg kan studenten bli aktivisert i obligatoriske prosjekt i regi av instituttet. Ev. støtteinstrument Studenter uten forutgående instrumentalutdanning på høyere nivå kan etter individuell vurdering tilbys undervisning på relevant støtteinstrument ut fra behov og ut fra instituttets generelle ressurssituasjon. En oversikt over gjennomgått repertoar og instrumentalopplæring skal godkjennes av faglærer før fremstilling til endelig eksamen. - Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar - Seminar for mindre gruppeeiningar (til dømes studentar på same studietrinn eller på same fordjupingsemne) - Fellesforum - Meisterklassar, seminar, ekskursjono.l. (jf. eigen semesterplan) - Prosjektveker - Verkframføring og medverknad i interne og/eller offentlege konsertar - Kurs Alexanderteknikk (jf. eigen semesterplan). - Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Alle selvstendige komposisjoner skal i prinsipp være tilgjengelige som partitur og lydfesting før fremstilling til eksamen. (Unntak kan gis for verk som urfremføres på selve eksamenskonserten.) - En oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar som omfatter ulike sentrale eldre og nyere homo- og polyfone teknikker, samt instrumentasjonsløsninger skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. - Studenten skal minst ein gong i løpet av studieåret leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar, og samstundes i arkiverbar form (tekst, lyd, video) frå seminar). Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. - Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike konsertframføringar minimum to gonger under studietida av emnet. Dette skal kunne dokumenterast før framstilling til avsluttande eksamen. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Eksamen blir gjennomført som mappevurdering. Mappa skal omfatte: - Minimum 3 komposisjonar, for ulike større eller mindre besetninger, med ei minimum samla speletid på 15 minutt, skrive under studiet under rettleiing. Partitur (eller anna verkdokumentasjon for verk i andre medier) skal normalt følgjast av lydfestingar. Verk som urfremføres ved avsluttende eksamen er unntatt dette lydfestingskravet. Studenten kan få dispensasjon frå dette lydfestingskravet i særskilde tilfelle. Minst eit verk skal ordinært fremføres i konsert i forbindelse med eksamen, med sensorane til stades. Eksamen skal vurderast av minst ein intern og ein ekstern sensor. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakter frå A - F Ut over sjølve karakterutfallet vil kandidaten i samtale med sensorane få ei tilbakemelding omkring dei framlagde komposisjonane. Mappa er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Jamleg evaluering skjer i dialog mellom hovedinstrumentlærar og student. Denne evalueringa vil vere basert på ein felles mal. Det skal rapporterast til administrasjonen at evaluering er gjennomført.
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page
Emnet gjev ein introduksjon til musikkterapi med eit overblikk over feltet som grunnlag for vidare studium i faget. Grunnleggjande teoriar og omgrep, arbeidsmåtar og metodar, målgrupper og arbeidssettingar blir presenterte i eit historisk, kulturelt og systematisk perspektiv. Grunnleggjande bruksmusikalsk dugleik og kunnskapar i musikkteori. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid og vil inkludere førelesingar, gruppeoppgåver, videoobservasjonar og eigenerfaringskomponentar. Arbeid med emnet krev evne til sjølvstendig tilegning av pensumlitteratur og evne til munnleg og skriftleg drøfting og analyse av praksiserfaringar i lys av pensumlitteraturen. Som førebuing til eksamen blir disse dugleikane oppøvde gjennom diskusjonar, studentpresentasjonar, skriftlige oppgåver og heimearbeid. All undervisning er obligatorisk og omfattar Innføring i musikkterapeutiske teoriar og arbeidsmåtar (72 t). Det blir gitt ei munnleg og ei skriftleg oppgåve undervegs som må løysast for å kunne få godkjent emnet (jf. eigen semesterplan). Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før oppmelding til eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. 5 timars skriftleg eksamen. Minst to sensorar kor ein skal vera ekstern. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar. Undervisninga startar i haustsemesteret (og går evt. over to semester).
Score: 10.819111 Details | Listing | Web page