Searching the World's top universities for courses with:

source
Universitetet i Bergen (X)
level
department
Norsk som andrespråk (X)
true *,score on 1 0 department:"Norsk som andrespråk" source:"Universitetet i Bergen" AND 2.2 25
Total results: 6

Universitetet i Bergen - Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv

Vårsemesteret. OBS: Endring i undervingssemester til haustsemesteret frå og med 2011. Inga undervisning i NORAN115 våren 2011. Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte. Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet har som tema litteratur og litteraturpedagogikk og tekstlingvistikk og pragmatikk i eit andrespråksperspektiv. Emnet fell såleis naturleg i to delar, ein språkleg og ein litterær del, men det er viktige sambandsliner mellom dei to delane. Medan emna NORAN101(-F), og 104(-F) hovudsakleg er fokusert på grammatiske, leksikalske og fonologiske tilhøve og innlæringa av desse lågare nivåa i språket, skal ein i NORAN115 utvide den språklege og språkpedagogiske horisonten til større språklege einingar som har med tekst og litteratur å gjere. Slik innsikt er for det første naudsynt fordi tekstnivået reint formelt representerer eit konvensjonsstyrt makrosystem som er uavhengig av, men har sterke sambandsliner til, dei lågare nivåa og er ein viktig del av den overordna totale språklege kompetansen. Ettersom både munnleg og skriftleg språkbruk må forståast som del av ein språkleg og utanomspråkleg kontekst, treng ein andrespråklærar innsikt i språkbruksvariasjon og tekstlingvistikk, Studenten får ei innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk relatert både til talespråk og skriftspråk. Innføringa skal ha ei viss teoretisk breidd, og stoffet skal setjast inn i ein andrespråksdidaktisk samanheng. Den andre halvdelen av emnet er litterær. Den litteraturen som er formidla på andrespråket, er ein uvurderleg innfallsport til forståing av den kulturelle referanseramma for språket. Samstundes er litteraturen eit didaktisk verkemiddel i språkundervisninga. Men litteraturen har ikkje minst ein eigenverdi, i andrespråks- liksom andre samanhengar. Den litterære delen gjev difor ei innføring i litteratur og litteraturpedagogikk ut frå dei spesielle føresetnader og utfordringar som undervisning i norsk som andrespråk har. Dei litterære tekstane på pensumet skal for det første skal pensum representere eit tverrsnitt av sentrale tekstar frå norsk litteraturhistorie. For det andre skal pensumet innehalde verk som handlar om emne som migrasjon, kulturmøte og liv i fleirspråklege og fleirkulturelle miljø. Tekstane skal representere spreiing på litterære genrar. Også verk av forfattarar med minoritetsspråkleg bakgrunn skal vera representerte. Hovudtyngda av tekstane skal vere opphavleg norskspråklege, men tekstar omsette til norsk skal også vere representerte. I tilknyting til dei litterære tekstane legg studentane opp eit teoripensum som set tekstane inn i ein litteraturhistorisk, litteraturteoretisk og litteraturdidaktisk samanheng. Teoretiske perspektiv som set tekstane inn i eit allmennlitterært, kontrastivt og tverrkulturelt lys som speglar norsk litteratur, vert prioritererte, og generell litteraturdidaktikk for minoritetsspråklege skal også vere representert. Litteraturdidaktikk for minoritetsspråklege i grunnskulen og den vidaregåande skulen dannar elles både den teoretiske og den praktiske hovudinnfallsvinkelen til utvalet og studiet av tekstane. Etter å ha fullført studiet skal studenten, som praktiserande andrespråkslærar vere i stand til å vurdere pragmatiske, tekstlege, litterære og kulturelle tilhøve relatert til den språkkunnskapen elevane skal tileigne seg. Slike vurderingar dannar grunnlaget for kunnskapsbserte pedagogiske avgjerder. Ingen NORAN101, NORAN104 Undervisningstype og -mengd: Førelesingar 4 timar i veka i om lag 13 veker. Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar i veka Samla undervisningsmengd: 52 timar førelesingar og 26 timar kollokvium per student. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. Det er obligatorisk å levere utkast til mappeoppgåvene og å motta rettleiing på dei. Instituttet gjev nærare retningslinjer. Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter. Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar og ei mappe med to oppgåver, ei språkleg og ei litterær. Eksamenssvaret vil saman med mappa danne grunnlag for evaluering og karaktergjeving, der eksamensvaret vil telje 60 % og mappa 40 % av karakteren.. Ein må ha stått på både mappeoppgåvene og eksamensoppgåva dersom ein skal ha stått på heile eksamen. Både den skriftlege prøva til eksamen og mappeoppgåvene skal skrivast på norsk, bokmål eller nynorsk etter fritt val. Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret. Kandidatar som stod på berre den skriftlege prøva eller mappa, kan ta eksamen i den andre delen. I mappa inngår oppgåvene frå undervisningssemesteret: kandidaten har høve til å forbetre dei, men kan ikkje få rettleiing. Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen
Score: 13.442498 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Sosiolingvistikk og tospråklegheit

Vårsemesteret. OBS: Endring i undervingssemester til haustsemesteret frå og med 2011. Inga undervisning i NORAN117 våren 2011. Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte. Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet set samtidige tospråklegheitsfenomen i Noreg inn i ein breiare sosiolingvistisk og språkhistorisk samanheng. Emnet omfattar ei orientering om sosiolingvistiske tilhøve i det norske språksamfunnet i vidaste forstand. Studenten får såleis både ei viss innsikt i den språklege variasjonen som finst i Noreg i dag, og ei forstå av den historiske bakgrunnen for han, ikkje minst framveksten av dei to skriftmålformene bokmål og nynorsk. Men hovudfokuset for emnet er det moderne Noreg som eit fleirspråkleg samfunn, tilhøvet mellom den språklege majoriteten og språklege minoritetar i Noreg, framveksten av minoritetsspråksbaserte varietetar av norsk og dessutan litt om den fleirspråklege utviklinga i Noreg og Norden. Stoffet vert sett inn i ein individuell og sosial tospråklegheitssamanheng, og dei andrespråksdidaktiske utfordringane desse tilhøva representerer, pregar både utvalet av pensum og innfallsvinkelen til studiet. Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne utøve profesjonen sin som språklærar ut frå ei kunnskapsbasert sosiolingvistisk referanseramme. Som språklærar skal han kunne sjå dei sosiolingvistiske perspektiva i elevane sin sosiale og kulturelle situasjon, både som rammevilkår for norsklæringa deira, som grunnlag for og forståing av eigne observasjonar av måten elevane brukar det norske andrespråket sitt på, og ikkje minst som grunnlag for refleksjonar omkring praktisk metodikk i språkundervisninga. Ingen NORAN101, NORAN104 Undervisningstype og -mengd: Førelesingar 2 timar i veka i om lag 13 veker. Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar kvar fjortande dag Samla undervisningsmengd: 26 timar førelesingar og 13 timar kollokvium per student. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. Ingen. Eksamen er ei munnleg prøve. Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen

Universitetet i Bergen - Språktesting og språkvurdering

Vårsemesteret. OBS: Endring i undervingssemester til haustsemesteret frå og med 2011. Inga undervisning i NORAN119 våren 2011. Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Se UHL §3-10. Emnet gjev innsikt i moderne språkvurderingsmetodar. Det omfattar språktesting som akademisk disiplin, men òg språkvurdering i vidare tyding: læra om måling og vurdering av språkferdigheit, utforsking av og refleksjon over kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og evaluering av framand- og andrespråksferdigheit, og dei teoretiske føresetnadene som ligg til grunn for desse prinsippa. Etter å ha fullført emnet skal studenten ha utvikla teoretisk kunnskaps basis til å gjennomføre praktisk vurdering av språkferdigheit hos språkinnlærarar, å evaluere kritisk eksisterande vurderingssystem og -praksisar, å gje råd om slike spørsmål til lekfolk og arbeidskollegaer, og til å ta del i fagleg arbeid i tilknyting til språktesting. Ingen. NORAN101, NORAN104 Undervisningstype og -mengd: Førelesingar 2 timar i veka i om lag 13 veker. Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar kvar fjortande dag Samla undervisningsmengd: 26 timar førelesingar og 13 timar kollokvium per student. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. Ingen. Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar. Oppgåva skal skrivast på norsk, bokmål eller nynorsk etter fritt val. Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen

1 - 6