Searching the World's top universities for courses with:

source
Universitetet i Bergen (X)
level
department
Psykologi (X)
true *,score on 1 0 department:"Psykologi" source:"Universitetet i Bergen" AND 2.2 25
Total results: 130

Universitetet i Bergen - Generell psykologi 1

Vår og haust Norsk PS103 + PSYK101 = 10 studiepoeng i reduksjon. PSYK120 + PSYK101 = 10 studiepoeng i reduksjon. Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Emnet tek sikte mot å gje eit første grunnlag til forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar. Studentane vil gjennom dei tre hovudblokkane i emnet verte kjende med psykologien sitt biologiske og kognitive fundament. I tillegg vil dei få kjennskap til sentrale teoriar om og metodar i studiet av menneskeleg utvikling. Biologisk psykologi skal gje studenten ei grunnleggjande forståing av kvifor biologisk psykologi har ei slik sentral stilling innanfor faget psykologi. Studenten skal bli kjend med hjernen sin oppbygning og funksjon. Studenten skal også bli kjend med det evolusjonsteoretiske grunnlaget for dyr og menneske sin adapsjon/tilpassing til miljøet. Sentrale fenomen som læring, hugs og emosjonar vert presentert, samt deira betyding for helse og sjukdom. Kognitiv psykologi skal gje studenten ei generell innføring i teoriar om, perspektiv på, og metodar til å studere kognisjon. Studiet skal gje ein gjennomgang av sentrale funn og ein diskusjon av nokre viktige applikasjonar av kognitiv psykologi. Utviklingspsykologi skal gje studenten ei vidare innføring i perspektiv, metodar og teoriar innan utviklingspsykologi. Det vert ein gjennomgang av sentrale teoriar og funn, samt ein diskusjon av viktige utfordringar i denne disiplinen. Innanfor biologisk psykologi skal studenten kunne gjere greie for og diskutere: organiseringa av det sentrale og perifere nervesystem samt korleis nevronar kommuniserer og ulike former for prosessering i nervesystemet hovudtankane i evolusjonspsykologi interaksjonen mellom individet sine genetiske føresetnader (genotyp) og individet sine erfaringar (fenotyp) diskutere læring og emosjonar sin funksjon i eit evolusjonsperspektiv hovudtrekk av relasjonen mellom hjernestrukturar og åtferd: særskild emosjonar, læring og hugs gjere greie for omgrepa homeostase, indre miljø, og fysiologisk ´set-point´ gjere greie for den homeostatiske reguleringa av: - eting og eteåtferd - temperatur - væskeinntak aktiveringsomgrepet (arousal) og kunne gjere kortfatta greie for aktivering, særskild med tanke på relasjonen til motivasjon, emosjonar og homeostase skildre situasjonelle, affektive, fysiologiske og instrumentelle/åtferdsmessige aspekt av emosjonar gjere greie for og diskutere ulike teoriar for forholdet mellom stimulus/kontekst, affekt og åtferd/fysiologi den funksjonelle betydinga av emosjonar, særskild frykt og aggresjon og skal kunne diskutere forholdet mellom biologiske og psykologiske aspekt av desse tilstandane gjere greie for stressomgrepet og faktorar som er av betyding for utvikling av stress relaterte sjukdommar samanhengen mellom psykisk belastning og kroppslege forandringar, korleis dette kan meistras og korleis langvarig aktivering kan føre til utvikling av kroppsleg sjukdom Innanfor kognitiv psykologi skal studenten kunne gjere greie for og diskutere: ulike teoretiske perspektiv på tenking, medrekna informasjonsomsettingsperspektivet skildre og drøfte ulike sider ved menneskeleg kunnskapsrepresentasjon spesifikt presentere og drøfte forskingsfunn og teoriar på følgjande tematiske område: - persepsjon og merksemd - språk og omgrepsdanning - hugs og gløymske - tenking og resonnering - problemløysning, kreativitet og ekspertise - bedømmingsprosessar, avgjerdstaking og sosial kognisjon Innanfor utviklingspsykologien skal studenten kritisk kunne gjere greie for, og diskutere: utviklingspsykologien sine historiske røter omgrepet utvikling og psykologisk endring gjennom livsløp nokre sentrale tema (som t.d. .kontinuitet/ diskontinuitet, stabilitet/ikkje stabilitet, arv - miljø debatten) sentrale perspektiv innan faget (som t.d. sosiokulturell tilnærming og psykodynamisk tilnærming til utvikling) sentrale temaområde innan feltet (som t.d. tilknyting, kognitiv utvikling og identitetsutvikling) teoriar til nokre sentrale teoretikarar (som t.d. Piaget, Bowlby, Freud, Erikson og Vygotsky) typiske temaområde og teoriar knytt til ulike aldrar (gamle, vaksne, unge, born, spedborn). Ingen Førelesingar i biologisk psykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Førelesingar i kognitiv psykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Førelesingar i utviklingspsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Seminarundervisning i grupper 2 timar per veke i 9 veker, totalt 18 timar. Ingen 6 timars skuleeksamen der ein skal svare på 90 fleirvalsspørsmål og 3 av 6 essayoppgåver. Både essaydelen og fleirvalsdelen må vere greidd for å unngå stryk. Det blir gitt ein samla karakter. Når det gjeld fleirvalsoppgåvene blir det gitt eit poeng for kvart rette svar. Det blir ikkje gitt minuspoeng for feil svar. Spørsmål og svaralternativ på fleirvalsoppgåvene blir berre gitt på engelsk der pensumlitteraturen er på engelsk. Ingen hjelpemiddel er tillatne. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Bergen
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Generell psykologi 2

Vår og haust Norsk PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon PS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon PS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon PSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet skal gje studenten ei første fordjuping i psykologifaget sitt sosiale fundament. I tillegg skal studenten få kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom. Emnet inneheld også ei grunnleggjande innføring i psykologifaget sine forskingsmetodar. Personlegdomspsykologi skal gje studenten ei forståing av korleis trekk, biologi og intrapsykiske faktorar kan forklare personlegdom. Sentrale tema er tilhøvet mellom person og situasjon, stabilitet og endring, arv og miljø, psykoanalyse og nyere psykoanalyse, og individuelle forskjellar i motivasjon og åtferd. Sosialpsykologi skal gje studenten teoriar og omgrep til å forstå det psykologiske omfanget av samspel mellom menneske i ulike sosiale situasjonar. Eit overordna perspektiv i sosialpsykologien er at individet ikkje kan studerast isolert frå sitt forhold til andre individ, og frå dei sosiale samanhengane individa er ein del av. Metode skal gje studentane kunnskap om vitskapeleg forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk og pedagogisk forsking. Studentane får ei grunnleggjande innføring i kva som karakteriserer kunnskapsprosessar knytt til vitskap og forsking. Dei skal få kjennskap til sentrale vitskapstradisjonar, kunne gjere greie for kva premiss dei byggjer på og drøfte kriteriar som kan nyttast for å vurdere forsking innanfor dei ulike tradisjonane. Innanfor personlegdomspsykologi skal studenten kunne gjere greie for og diskutere: Kva som kjenneteikner personlegdomspsykologi Forskingsmetodar i personlegdomspsykologi Måling av personlegdom Det trekkteoretiske bidrag til personlegdomspsykologien (ulike trekkteoriar, korleis trekk målast, korleis trekk kan vere stabile og endrast) Det biologiske bidrag til personlegdomspsykologien (genetikk, fysiologi, evolusjon) Det intrapsykiske bidraget til personlegdomspsykologien (psykoanalyse, nyere psykoanalyse, motivasjon) Innanfor sosialpsykologien skal studenten kunne gjere greie for og diskutere: Historiske, kulturelle og samfunnsmessige perspektiv på sosialpsykologien sin utvikling Sentrale omgrep og teoretiske perspektiv: normer og roller, haldningar og verdiar Individ og kollektiv: perspektiv på sjølv og identitet, gruppa som sosial eining. Sosial samhandling: i ulike relasjonar, på ulike arenaer og i ulike kulturelle samanhengar. Sosial forståing: sosial konstruksjon, persepsjon og attribusjon. Kommunikasjon og påverknad Ulike sosiale fenomen: konflikt og samarbeid, fordommar og diskriminering, konformitet og avvik, venskap og kjærleik, prososial og antisosial åtferd. Sosialt liv i grupper og mellom grupper: funksjon, struktur og prosess Innanfor metode skal studentane kunne gjere greie for og diskutere: Grunntrekk ved vitskapelig metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar. Kva eit vitskapeleg paradigme er. Etiske dilemma ved forsking generelt. Likskapar og skilnadar mellom kvalitativ og kvantitativ metodisk framgangsmåte. Operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet. Ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasus, arkivstudiar, survey, feltmetodikk, intervju og tekstanalyse). Eksperimentelle design (val av design, t.d. eksperiment og ikkje-eksperimentelle metodar). Ingen Førelesingar i metode 8 x 2 timar, totalt 16 timar. Førelesingar i sosialpsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Førelesingar i personlegsdomspsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Seminarundervisning i grupper 2 timar per veke i 9 veker, totalt 18 timar. Ingen 6 timars skuleeksamen der ein skal svare på 90 fleirvalsspørsmål og 3 av 6 essayoppgåver. Både essaydelen og fleirvalsdelen må vere greidd for å unngå stryk. Det blir gitt ein samla karakter. Når det gjeld fleirvalsoppgåvene blir det gitt eit poeng for kvart rette svar. Det blir ikkje gitt minuspoeng for feil svar. Spørsmål og svaralternativ på fleirvalsoppgåvene blir berre gitt på engelsk der pensumlitteraturen er på engelsk. Ingen hjelpemiddel er tillatne. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Bergen
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Motivasjonspsykologi

Haust og vår Norsk Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet skal gje ei systematisk innføring i korleis menneskeleg motivasjon er resultat av samhandling mellom individet sin åtferd, emosjonar, kognisjon, individuelle forskjellar og tilhøve i miljøet. Studentane skal få innsikt i a) ulike typar motivasjon, b) korleis motivasjon er ein viktig føresetnad for læring, som påverkar både læringsprosess og prestasjonar, c) strategiar for sterkare og meir føremålstenleg motivasjon og yting, d) korleis motivasjon både kan vere eit uttrykk for relativt stabile individuelle skilnader i personlegdom og resultat av tilpassing til omgjevnadene sine forventninger, og e) samanhengen mellom motivasjon, meistring og sjølvoppfatning. Etter fullførd emne skal studentane kunne gjere greie for: Teori og metode Sentrale omgrep i motivasjons- og prestasjonspsykologien Forskingsmetodar som nyttast i studiet av motivasjon og prestasjonar Dei mest sentrale teoriane om motivasjon og prestasjonar Ulike typar motivasjon Indre og ytre motivasjon Målorientering: Ego-orienterte mål (prestasjonsmål) og oppgåveorienterte mål (læringsmål) Prestasjonsmotivasjon Implisitte og sjølvattribuerte motiv Motivasjon og behov Korleis motivasjon kan skildrast som tilfredsstilling av ulike fysiologiske, psykologiske og sosiale behov Tilhøvet mellom psykologiske og sosiale behov Individuelle forskjellar i sosiale behov (prestasjon, makt og relasjonar) Personlegdom og motivasjon Tilhøvet mellom ekstraversjon, nevrotisisme og lykke Aktivering og kontroll Ubevisst motivasjon Vekstmotivasjon og positiv psykologi Verdien av eigne opplevingar Forventing om meistring (´self-efficacy´) Eigne årsaksforklaringar (attribusjonsstil) Emosjonar og motivasjon Korleis emosjonar verkar motiverande Ulike typar emosjonar Kognitive og biologiske aspekt ved emosjonar Motivasjon, strategiar og læringsmiljø Pedagogiske verkemiddel i samband med auke av motivasjon Sjølvregulert læring Leiing og motivasjon Inspirerande leiing Personlegdom og leiing Fundamentale behov og leiing Motivasjon, prestasjonar og sjølvoppfatning Dei mest sentrale sjølvoppfatningsomgrepa, slik som sjølvvurdering, forventing om meistring og sjølvakseptering Dei mest sentrale teoriane om sjølvoppfatning Samanhengen mellom motivasjon, prestasjonar og sjølvoppfatning Verdien av andre sine forventningar Ingen PSYK100 Innføring i psykologi Førelesingar 2 timar per veke i 14 veker, totalt 28 timar. Seminar 2 timar per veke i 6 veker, totalt 12 timar. Ingen Skriftleg skuleeksamen på 4 timar der studentane skal svare på 1 av 2 oppgåver. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Bergen
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Biologisk og kognitiv psykologi

Vår Norsk PSYK120 + PSYK101 = 10 studiepoeng i reduksjon. Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i kognitiv vitskap. Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament. Emnet tek sikte mot å gje eit første grunnlag til forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar. Studentane vil gjennom dei to hovudblokkane i emnet verte kjende med psykologien sitt biologiske og kognitive fundament. Biologisk psykologi skal gje studenten ei grunnleggjande forståing av kvifor biologisk psykologi har ei slik sentral stilling innanfor faget psykologi. Studenten skal bli kjend med hjernen sin oppbygning og funksjon. Studenten skal også bli kjend med det evolusjonsteoretiske grunnlaget for dyr og menneske sin adapsjon/tilpassing til miljøet. Sentrale fenomen som læring, hugs og emosjonar vert presentert, samt deira betyding for helse og sjukdom. Kognitiv psykologi skal gje studenten ei generell innføring i teoriar om, perspektiv på, og metodar til å studere kognisjon. Studiet skal gje ein gjennomgang av sentrale funn og ein diskusjon av nokre viktige applikasjonar av kognitiv psykologi. Innanfor biologisk psykologi skal studenten kunne gjere greie for og diskutere: organiseringa av det sentrale og perifere nervesystem samt korleis nevronar kommuniserer og ulike former for prosessering i nervesystemet hovudtankane i evolusjonspsykologi interaksjonen mellom individet sine genetiske føresetnader (genotyp) og individet sine erfaringar (fenotyp) diskutere læring og emosjonar sin funksjon i eit evolusjonsperspektiv hovudtrekk av relasjonen mellom hjernestrukturar og åtferd: særskild emosjonar, læring og hugs gjere greie for omgrepa homeostase, indre miljø, og fysiologisk ´set-point´ gjere greie for den homeostatiske reguleringa av: - eting og eteåtferd - temperatur - væskeinntak aktiveringsomgrepet (arousal) og kunne gjere kortfatta greie for aktivering, særskild med tanke på relasjonen til motivasjon, emosjonar og homeostase skildre situasjonelle, affektive, fysiologiske og instrumentelle/åtferdsmessige aspekt av emosjonar gjere greie for og diskutere ulike teoriar for forholdet mellom stimulus/kontekst, affekt og åtferd/fysiologi den funksjonelle betydinga av emosjonar, særskild frykt og aggresjon og skal kunne diskutere forholdet mellom biologiske og psykologiske aspekt av desse tilstandane gjere greie for stressomgrepet og faktorar som er av betyding for utvikling av stress relaterte sjukdommar samanhengen mellom psykisk belastning og kroppslege forandringar, korleis dette kan meistras og korleis langvarig aktivering kan føre til utvikling av kroppsleg sjukdom Innanfor kognitiv psykologi skal studenten kunne gjere greie for og diskutere: ulike teoretiske perspektiv på tenking, medrekna informasjonsomsettingsperspektivet skildre og drøfte ulike sider ved menneskeleg kunnskapsrepresentasjon spesifikt presentere og drøfte forskingsfunn og teoriar på følgjande tematiske område: - persepsjon og merksemd - språk og omgrepsdanning - hugs og gløymske - tenking og resonnering - problemløysning, kreativitet og ekspertise - bedømmingsprosessar, avgjerdstaking og sosial kognisjon Ingen Samla undervisning utgjer 20 x 2 t undervisning, fordelt mellom 12 x 2 t forelesingar, og 8 x 2 t seminar. Seminara er spesielt tilpassa bachelorprogrammet i kognitiv vitskap, slik at studentane lærer om korleis biologisk og kognitiv psykologi er knytt til datamodellar og simulasjonar. Derfor blir seminar tilbudt separat for studentane i kognitiv vitskap. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsettingane skal verte dekt av forelesingar og seminar. Det ventast derfor at desse kompletterast med sjølvstudiar. For å lette studenten sitt arbeid med stoffet vert det tilbudd IKT-basert stønad på Internett. Undervisninga er den same som for den biologiske og den kognitive delen av PSYK101. Ingen 4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 60 fleirvalsspørsmål og 2 av 4 essayoppgåver. Både essaydelen og fleirvalsdelen må vere greidd for å unngå stryk. Det blir gitt ein samla karakter. Når det gjeld fleirvalsoppgåvene blir det gitt eit poeng for kvart rette svar. Det blir ikkje gitt minuspoeng for feil svar. Spørsmål og svaralternativ på fleirvalsoppgåvene blir berre gitt på engelsk der pensumlitteraturen er på engelsk. Ingen hjelpemiddel er tillatne. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Bergen
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Psykologiske forskingsmetodar A

Vår Norsk PSYK102 + PSYK202A = 5 studiepoeng i reduksjon. PS102 + PSYK202A = 5 studiepoeng i reduksjon. PSYK202B + PSYK202A = 10 studiepoeng i reduksjon. Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram: Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi Bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid Bachelorprogrammet i generell psykologi Bachelorprogrammet i pedagogikk Psykologiske forskingsmetodar A er satt saman av 3 delar: innføring i metode, kvalitativ metode og kvantitativ metode. Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapeleg forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk og pedagogisk forsking. Studentane får ei grunnleggjande innføring i kva som karakteriserer kunnskapsprosessar knytt til vitskap og forsking. Dei skal få kjennskap til sentrale vitskapstradisjonar, kunne gjere greie for kva for premiss dei byggjer på og drøfte kriterium som kan nyttast for å vurdere forsking innanfor dei ulike tradisjonane. Emnet skal vidare gje studentane kunnskap om kva som karakteriserar ein kvalitativ metodisk framgangsmåte. Studentane skal ha skaffa seg eit generell oversyn over kjenneteikn ved dei mest nytta kvalitative datainnsamlings- og analysemetodane, til dømes intervju, observasjon, case- og tekstanalyse. Studentane skal også kunne drøfte etiske problem og dilemma som er knytt til vitskapeleg arbeid. Innanfor kvantitative metodar skal emnet gje studentane kunnskap i parametrisk og ikkje-parametrisk statistikk som er sentral innan pedagogisk og psykologisk forsking. Innføring i metode Studentane skal kunne gjere greie for og diskutere: Grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar. Kva eit vitskapeleg paradigme er. Etiske dilemma ved forsking generelt. Likskapar og skilnadar mellom kvalitativ og kvantitativ metodisk framgangsmåte. Operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet. Ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasus, arkivstudiar, survey, feltmetodikk, intervju og tekstanalyse). Eksperimentelle design (val av design, til dømes eksperiment og ikkje-eksperimentelle metodar). Kvalitativ metode Studentane skal kunne: Gjere greie for kva som kjenneteiknar kvalitative metodar og syne kva for bruksområde dei høvar seg for. Drøfte sterke og svake sider ved ulike kvalitative metodetilnærmingar som feltmetodikk, observasjon, intervju og tekstanalyse. Syne at dei kjenner problemstillingar knytt til data sin truverdigskap og gyldigheit. Ha fått erfaring med å vurdere empiriske artiklar. Kvantitativ metode Studentane skal kunne: Gjere greie for ulike typar utval i surveymetode (tilfeldige utval, klyngeutval og bekvemmelighetsutval). Gjere deskriptiv statistikk (som mål på sentraltendens, spreiing og frekvensanalysar). Gjere greie for ulike statistiske kriterium for reliabilitet og validitet i surveymetodikk. Gjere greie for mønster mellom observasjonar, inkl. korrelasjonsomgrepet. Greie ut om sannsynsomgrepet og relatere dette til signifikanstesting samt gjere greie for H0, H1, type I og type II feil. Gjere greie for enkle analysar som kjikvadrat, t-testar, Mann-Whitney og Wilcoxon. Forstå og gjere greie for variansanalyse. Forstå og gjere greie for regresjonsanalysar. Ha kjennskap til faktoranalysar. Trekkja valide slutningar på basis av dataanalysar. Ingen Førelesingar i innføring i metode 8 x 2 timar, totalt 16 timar. Førelesingar i kvalitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Førelesingar i kvantitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Ingen 8 dagars heimeeksamen. Oppgåva si lengde bør normalt vere omlag 10 sider med linjeavstand 1.5, fontstorleik 12, og med standard margar (2,54 cm venstre/ høgre, topp og botn). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Bergen
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Psykologiske forskningsmetoder B

Vår Norsk PSYK202A + PSYK202B = 10 studiepoeng i reduksjon. PSYK202C + PSYK202B = 5 studiepoeng i reduksjon. Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram: Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi Bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid Bachelorprogrammet i generell psykologi Bachelorprogrammet i pedagogikk Psykologiske forskingsmetodar B er satt saman av 3 delar: kvalitativ metode, kvantitativ metode og statistikkprogram. Emnet skal gje studentane kunnskap om kva som karakteriserer ein kvalitativ metodisk framgangsmåte. Studentane skal ha skaffa seg eit generelt oversyn over kjenneteikn ved dei oftast nytta kvalitative datainnsamlings- og analysemetodar, til dømes intervju, observasjon, case- og tekstanalyse. Studentane skal også kunne drøfte etiske problem og dilemma som er knytt til vitskapeleg arbeid. Innanfor kvantitative metodar skal emnet gje studentane kunnskap i parametrisk og ikkje-parametrisk statistikk som er sentral innan pedagogisk og psykologisk forsking. Emnet skal også gje studentane kunnskap i praktisk bruk av, samt evne til å tolke output frå statistikkprogram. Kvalitativ metode Studentane skal: Kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar kvalitative metodar og syne kva for bruksområde dei høvar seg for. Kunne drøfte sterke og svake sider ved ulike kvalitative metodetilnærmingar som feltmetodikk, observasjon, intervju og tekstanalyse. Syne at dei kjenner problemstillingar knytt til data sin pålitelegskap og gyldigheit. Ha fått erfaring med å vurdere empiriske artiklar. Kvantitativ metode Studentane skal kunne: Gjere greie for ulike typar utval i surveymetode (tilfeldige utval, klyngeutval og bekvemmelighetsutval). Gjere deskriptiv statistikk (som mål på sentraltendens, spreiing og frekvensanalysar). Gjere greie for ulike statistiske kriteriar for reliabilitet og validitet i surveymetodikk. Gjere greie for mønster mellom observasjonar, inkl. korrelasjonsomgrepet. Greie ut om sannsynsomgrepet og relatere dette til signifikanstesting samt gjere greie for H0, H1, type I og type II feil. Gjere greie for enkle analysar som kjikvadrat, t-testar, Mann-Whitney og Wilcoxon. Forstå og gjere greie for variansanalyse. Forstå og gjere greie for regresjonsanalysar. Ha kjennskap til faktoranalysar. Trekke valide slutningar på basis av dataanalysar. Statistikkprogram Studentane skal kunne: Gjere seg kjend med den generelle organisering av filer, dataark og variabelark i statistikkprogram. Opprette ei fil, lage variabelnamn og leggje inn «labels», samt punche data. Rekode variablar, lage syntax-filar. Gjere og tolke deskriptive analysar av data ved hjelp av statistikkprogram. Gjere og tolke analysar av måleinstrumentar sin indre konsistens Gjere og tolke parametriske testar som Pearsons produktmomentkorrelasjon, t-testar, variansanalyse og regresjonsanalyse og faktoranalyse i programpakken. Gjere og tolke ikkje-parametriske testar som kjikvadrat, Spearmans rho, Wilcoxon, Mann-Whitney, Kuskal-Wallis og Friedman. Forklare og tolke analysar i samsvar med hypotesetesting og statistisk signifikans. PSYK102 Generell psykologi 2 Førelesingar i kvalitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Førelesingar i kvantitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Dataøvingar i statistikk i grupper 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Ingen 8 dagars heimeeksamen. Oppgåva si lengd bør normalt vere omlag 10 sider med linjeavstand 1.5, fontstorleik 12, og med standard margar (2,54 cm venstre/ høgre, topp og botn). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Bergen
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Statistikk (SPSS)

Vår Norsk PSYK202B + PSYK202C = 5 studiepoeng i reduksjon. Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram: Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi Bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid Bachelorprogrammet i generell psykologi Bachelorprogrammet i pedagogikk Emnet skal gi studentene kunnskap i praktisk bruk av samt evne til å fortolke output fra statistikkpakken SPSS. Etter fullførd emne skal studentene kunne: Gjøre seg kjent med den generelle organisering av SPSS vedr. type filer, dataark og variabelark. Opprette en fil, lage variabelnavn og legge inn "labels", samt punche data. Rekode variabler, lage syntax-filer. Gjøre og fortolke deskriptive analyser av data vha. SPSS. Gjøre og fortolke analyser av måleinstrumenters indre konsistens Gjøre og fortolke parametriske tester som Pearsons produkt-moment korrelasjon, t-tester, variansanalyse og regresjonsanalyse i programpakken. Gjøre og fortolke ikke-parametriske tester som kjikvadrat, Spearmans rho, Wilcoxon, Mann-Witney, Kuskal-Wallis og Friedman. Forklare og fortolke analyser i henhold til hypotesetesting og statistisk signifikans. Ingen Dataøvingar i statistikk i grupper 6 x 2 timar, totalt 12 timar. Ingen 4 dagars heimeeksamen. Oppgaven si lengd bør normalt vere omlag 6 med linjeavstand 1.5, fontstørrelse 12, og med standard marger (2,54 cm venstre/ høyre, topp og bunn). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Bergen
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Miljø og risikopersepsjon

Vår Norsk PSYK240 + PSYK241 = 10 studiepoeng i reduksjon Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet skal gje studentane innføring i dei viktigaste teoriane og perspektiva på korleis menneske vurderer risiko og uvisse, samt tar val under uvisse. Studentane vil få kjennskap til teoriar og empiriske funn frå risikopersepsjonstradisjonen og dømmings- og avgjerdspsykologi. Særskild fokus vil rettast mot miljøpsykologi, miljøøydeleggingar og persepsjon av naturmiljøet. Emnet skal innleiingsvis gje studentane ei oversikt over miljøpsykologien som forskingsfelt og ei forståing av det føreliggjande kursets plassering i dette biletet. Studentane skal læra seg dei mest sentrale omgrepa som nyttast når ein skal analysere risikopersepsjon og risikovurderingar og ha kunnskapar om dei viktigaste feiltendensane i risikovurdering nytta på miljøproblematikken og faktorar som verker inn på slike risikovurderingar. Kurset skal trene studentane i kritisk analyse av medias omtale av miljøproblematikk. Via media er miljøproblem og miljøkatastrofar blitt ein del av vår kvardag. Nokon gonger er det snakk om dramatiske hendingar som trugar liv og helse. Andre gonger er det snakk om så å seie usynlege problem, til dømes stråling og giftstoff som ikkje utan vidare lar seg observere. Det er ikkje alltid samsvar mellom den dekning ein miljøtrugsel får i media og den faktiske trugselen som eksisterer. Psykologisk forsking om dømmingspsykologi, risikopersepsjon og risikovurdering har synt at vanlege menneskes evne til å vurdere risiko i liten grad samanfaller med kva såkalla "ekspertar" (statistikarar med meir) vurderer som risikabelt. Psykologisk risikoforsking syner at våre feilvurderingar følgjer bestemte predikerbare mønstre og påverkast av forhold som nøkternt vurdert ikkje burde ha verdi. Dessutan gjennomsyrast lekfolk sine risikovurderingar ofte av viktige prinsipp (til dømes "føre var" prinsippet: aktsemd med tanke på nye og ukjente risikokjelder) som statistikarar i mindre grad tar inn i sine risikomodellar. Ulike risikoomgrep og kriteriar for risikovurdering skaper eit potensielt motsetningsforhold mellom lekfolk og ekspertar, som mellom anna media utnytter for å skape interesse for enkelthendingar. Naturmiljøet representerer ein viktig ressurs med tanke på livskvalitet og helse. Miljøpsykologiske undersøkingar har vore med på å kaste lys over dette. Ein har mellom anna undersøkt ulike gruppers preferansar for naturlandskap og ein har sett på kva for aspekt ved slike landskap som har størst appell. Vidare har ein synt at eksponering av natur i motsetnad til eksponering av bymiljø utan naturinnslag verkar nedstressande og har målbare positive effektar også på fysiologiske parametre. Etter fullførd emne skal studentane kunne drøfte: Miljøtruslar - ei typologisering. Befolkningas vurdering av miljøtrugslar. Faktorar som påverkar miljømessige risikovurderingar. Sentrale menneskelege heuristikkar og bedømmingsstrategiar under uvisse. Kognitive teoriar om risikopersepsjon, medrekna den "psykometriske" tradisjon. Ingen Samla undervisning utgjer 24 timar som vert delt mellom førelesningar, seminar og organisert gruppearbeid. Gruppearbeidet dannar basis for presentasjon av vitskapelige artiklar i seminar. Ingen 5 timars skriftleg skuleeksamen. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Bergen
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Miljø og risikopersepsjon - med semesteroppgåve

Vår Norsk PSYK241 + PSYK240 = 10 studiepoeng i reduksjon Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet skal gje studentane innføring i dei viktigaste teoriane og perspektiva på korleis menneske vurderer risiko og uvisse, samt foretar val under uvisse. Studentane vil få kjennskap til teoriar og empiriske funn frå risikopersepsjonstradisjonen og dømmings- og avgjerdspsykologi. Særskild fokus vil rettast mot miljøpsykologi, miljøøydeleggingar og persepsjon av naturmiljøet. Emnet skal innleiingsvis gje studentane ei oversikt over miljøpsykologien som forskingsfelt og ei forståing av det føreliggjande kursets plassering i dette biletet. Studentane skal læra seg dei mest sentrale omgrepa som nyttast når ein skal analysere risikopersepsjon og risikovurderingar og ha kunnskapar om dei viktigaste feiltendensane i risikovurdering nytta på miljøproblematikken og faktorar som verker inn på slike risikovurderingar. Kurset skal trene studentane i kritisk analyse av medias omtale av miljøproblematikk. Via media er miljøproblem og miljøkatastrofar blitt ein del av vår kvardag. Nokon gonger er det snakk om dramatiske hendingar som trugar liv og helse. Andre gonger er det snakk om så å seie usynlege problem, til dømes stråling og giftstoff som ikkje utan vidare lar seg observere. Det er ikkje alltid samsvar mellom den dekning ein miljøtrugsel får i media og den faktiske trugselen som eksisterer. Psykologisk forsking om dømmingspsykologi, risikopersepsjon og risikovurdering har synt at vanlege menneskes evne til å vurdere risiko i liten grad samanfaller med kva såkalla "ekspertar" (statistikarar med meir) vurderer som risikabelt. Psykologisk risikoforsking syner at våre feilvurderingar følgjer bestemte predikerbare mønstre og påverkast av forhold som nøkternt vurdert ikkje burde ha verdi. Dessutan gjennomsyrast lekfolk sine risikovurderingar ofte av viktige prinsipp (til dømes "føre var" prinsippet: aktsemd med tanke på nye og ukjente risikokjelder) som statistikarar i mindre grad tar inn i sine risikomodellar. Ulike risikoomgrep og kriteriar for risikovurdering skaper eit potensielt motsetningsforhold mellom lekfolk og ekspertar, som mellom anna media utnytter for å skape interesse for enkelthendingar. Naturmiljøet representerer ein viktig ressurs med tanke på livskvalitet og helse. Miljøpsykologiske undersøkingar har vore med på å kaste lys over dette. Ein har mellom anna undersøkt ulike gruppers preferansar for naturlandskap og ein har sett på kva for aspekt ved slike landskap som har størst appell. Vidare har ein synt at eksponering av natur i motsetnad til eksponering av bymiljø utan naturinnslag verkar nedstressande og har målbare positive effektar også på fysiologiske parametre. Etter fullførd emne skal studentane kunne drøfte: Miljøtruslar - ei typologisering. Befolkningas vurdering av miljøtrugslar. Faktorar som påverkar miljømessige risikovurderingar. Sentrale menneskelege heuristikkar og bedømmingsstrategiar under uvisse. Kognitive teoriar om risikopersepsjon, medrekna den "psykometriske" tradisjon. Ingen Samla undervisning utgjer 24 timar som vert delt mellom førelesningar, seminar og organisert gruppearbeid. Gruppearbeidet dannar basis for presentasjon av vitskapelige artiklar i seminar. Ingen Eksamen er satt saman av to delar: Del 1: Semesteroppgåve. Denne tel 1/3 av samla karakter Del 2: 5 timars skuleeksamen. Denne tel 2/3 av samla karakter. Ved sensur av emnet nyttast karakterskala A-F. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Bergen
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Bacheloroppgåve i generell psykologi

Vår Norsk Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i generell psykologi. Bruke forskingsmessig og teoretisk kunnskap, dokumentere vitskapelig tenkje- og arbeidsmåte i form av ei skriftleg oppgåve i tilnærma vitskapelig journalformat. Oppgåva kan byggjast på empirisk eller teoretisk datagrunnlag. Studenten skal gjennom denne prosjektoppgåva dokumentere evne til å avgrense eit problemområde, stille opp klare hypotesar og nytte adekvat metodikk. Oppgåva skal vidare dokumentere kunnskap innan eit eller fleire av dei basale psykologiske områda eller eitt av fordjupingsområda i psykologi som vert tilbudd som valfritt emne. Studenten må ha bestått 1.semestersstudiet (30 studiepoeng), i tillegg må eksamen vere bestått i følgjande emne før ein kan melde seg opp i PSYK250: PSYK101 PSYK102 PSYK207 PSYK208 Studenten må ha bestått PSYK202B seinast same semester som ein tar PSYK250. Emnet er bygd både på individuell rettleiing og rettleiing i grupper. Rettleiinga vil skje ved personleg kontakt og via internett. Ingen Bacheloroppgåve (max. 7000 ord eksklusive referansar, appendix og tabellverk). Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Bergen
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Psykologstudiet - hovudoppgåve

Vår og haust. Undervisninga går over 2 semestre. Ein går ut fra at omlag 9 studiepoeng nyttast i 9. semester og 21 studiepoeng i 10. semester. Norsk eller engelsk Typer av oppgåver: Som døme på oppgåvetype, vil vi her nemne: Teoretisk oppgåve Eit avgrensa psykologisk problem vert søkt granska gjennom litteraturstudiar. Det vert kravd framstilling av teori, samt diskusjon og tolking av forskingsresultat. Teoretiske oppgåver kan også vere av rein omgrepsmessig art og ta for seg vår grunnleggjande forståing av ulike psykologiske fenomen. Arbeidet skal føra fram til spesifikke konklusjonar, til vurdering av teoriar, omgrep, forslag til korleis forsking eller forsøk skal kunne gjennomførast for å få svar på vesentlege problemstillingar m.m. Eksperimentelle undersøkingar Eit avgrensa psykologisk problem vert søkt granska gjennom eit eller fleire laboratoriumeksperiment. Det vert lagt vekt på adekvat eksperimentelt design og metodebruk. Talet på forsøkspersonar må tilpassast ressursar og tidsramma for oppgåva. Feltstudiar eller surveyundersøkingar Nokre problemstillingar lar seg best granska ved å undersøkje større populasjonar eller grupper av individ med til dømes visse demografiske kjenneteikn. Ofte vil ein for slike føremål måtte utarbeide eit spørjeskjema eller standardisert intervju for å gjennomføre den ønska kartleggjinga. Det må mellom anna leggjast vekt på at spørjeskjemaet/.intervjuet er adekvat utforma og at utvalet av respondentar er representativt. Delarbeid innan eit større forskingsprosjekt: Studenten kan få høve til å vera med i eit større pågåande forskingsprosjekt, til dømes ved ein av våre avdelingar. Studentane sin medverknad vil kunne arte seg ulikt alt etter i kva fase av prosjektet dei kjem inn, men som hovudregel vil arbeidet gå ut på at studentane, i samråd med rettleiar, vel ut ei avgrensa problemstilling innan prosjektet som dei søkjer å granska ved å samle inn nye data eller å analysere eit eksisterande datatilfang. Studentane sitt arbeid må stå fram som eit sjølvstendig bidrag til hovudprosjektet. Pilotundersøking Oppgåva har som mål å førebu ei etterføljande, meir omfattande undersøking. Forstudia vert skildra og resultata vurderast med tanke på planleggjinga og opplegget av den seinare hovudundersøkinga. Utvikling av måleinstrument eller særskilde analysemetodar Med utgangspunkt i ein psykologisk dimensjon eller variabel utviklast eit bestemt registreringsinstrument. Instrumentet sin reliabilitet og validitet vert via særskild merksemd. Også standardisering av eksisterande metode på eit norsk materiale kan representere ei aktuell oppgåve. Utvikling av nye dataanalysemetodar kan også vere aktuelt under føresetnad av at oppgåva også syner korleis dei kan nyttast på eit psykologisk datatilfang. Kasuistisk analyse Føremålet med denne type oppgåve er å gje ei individuell skildring av ein eller fleire personar sin psykologiske tilstand eller utvikling. Det kan gjelde ein problemløysingsprosess, ein klinisk behandlingsprosess, ein rekonstruksjon av ein utviklingsgang over lengre tid eller ei skildring av eitt eller fleire kasus for å granske eit teoretisk problem. Kvalitative studier Eit problem søkast belyst ved å samle inn og analysere datamateriale kvalitativt. Analysemetoder kan til dømes vere narrativ analyse , diskursanalyse og analyse av kvalitative forskingsintervju. Utgreiingsarbeid Psykologar må ofte i sine yrkesfunksjonar skrive utgreiingar. Det synes difor rimeleg at studentane gjennom si hovudoppgåve kan få erfaring med slikt arbeid. Krava til eit utgreiingsarbeid som hovudoppgåve er at emnet for utgreiinga har klar relevans til psykologiske problemstillingar eller psykologar sin yrkesutøving. Det kan til dømes handle om å greia ut om behovet for visse psykologiske tenester innan ein bestemt sektor, eller liknande. Utgreiinga bør ha ei klart definert målsetting og byggja på ei framstilling og vurdering av relevant empirisk materiale, eventuelt i relasjon til eksisterande fagpolitiske eller politiske målformuleringar. Det vert lagt vekt på klårleik, presisjon og logikk i utgreiinga si oppbygging og konklusjonar. Nokre hovudoppgåver vil naturleg kunne vere ein kombinasjon av dei ulike døma på oppgåvetypar som er nemnt ovanfor. Kva vert det lagt vekt på ved bedømming av oppgåva? Ved bedømming av oppgåva vil det mellom anna bli lagt vekt på: klårleik og presisjon i problemstillinga problemstillinga sin relevans for psykologisk teori eller praksis gjennomtenkt metodeval, dette gjeld både kvalitative og kvantitative sider at den utvalde litteraturen er dekkjande og at det finst klårleik og relevans i framstillinga og logikken i utviklinga av resonnement korrekt presentasjon av resultat korrekt tolking av resultat, særskild når det gjeld mogleik for generalisering gjennomarbeida oppsummering og konklusjon korrekte tilvisningar og dekkjande referanselitteratur oppgåvas form og enkelheit originalitet og kreativitet Vanlege feil i hovudoppgåvene: Dei vanlegaste feila som oppstår i hovudoppgåvene er: at det vert sett i verk overgeneralisering eller det vert trekt for bastante konklusjonar til dømes gjennom ei samanblanding av statistisk signifikans og vitskapeleg eller praktisk betyding, eller at ikkje-signifikante resultat vert tillagt for stor vekt at data vert innsamla før problemstillinga er tilstrekkeleg presisert og klårgjort at det oppstår slurvefeil i oppgåva på grunn av sterk tidsnaud i avslutningsfasen at det oppstår avvik frå standarden når det gjeld referansar, teksting av tabellar og figurar, uoversiktlege tabellar m.m. generelt mangelfull språkleg gjennomarbeiding av oppgåva med uklåre og innvikla formuleringar og upresis bruk av fagtermar m.m. at oppgåva er utflytande og overskrider normene for omfanget Hovudoppgåveseminar: Seminaret er eit tilbod til studentane og har som mål å gje studentane ei orientering om dei reglar og retningslinjer som utgjer ramma for hovudoppgåvearbeidet. Studentane skal bli gjort kjend med dei problem og vanskar som kan oppstå i samband med planleggjing og gjennomføring av ulike former for hovudoppgåveopplegg, til dømes teoretiske oppgåver, empiriske undersøkingar, kasuistiske analyser eller delstudiar innan større forskingsprosjekt. Ved gjennomgang av aktuelle hovudoppgåveplanar skal studentane få erfaring med å avgrense og analysere ei problemstilling, utarbeide disposisjon for oppgåva og å leggje ein realistisk arbeidsplan for å gjennomføre eit hovudoppgåveprosjekt. Avdelingane vil gje ein kort presentasjon av aktuelle hovudoppgåveprosjekt innan sine fagmiljø. Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å bli tatt opp til profesjonsstudiet vert det kravd årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Studentar har krav på rettleiing med hovudoppgåva og plikt til å søkje rettleiing. Det vil bli haldt eit orienteringsmøte om aktuelle hovudoppgåveprosjekt for studentane i 6. semester. Studentane må velje hovudoppgåveprosjekt og inngå rettleiingskontrakt ( http://www.uib.no/psyfa/studentinformasjon/profesjon/profesjon.htm ) fortrinnsvis innan utgangen av 6. semester og seinast innan 7. semester. Studentane som utfører empirisk forskingsarbeid kan også få rettleiing i den statistiske handsaminga av data, men ein forventar at studentane normalt sjølv skal utføre sine dataanalysar (Sjå ellers Retningslinjer for oppgåverettleiarar). Ingen Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart tredje semester. Hovudoppgåva kan skrivast i tilnærma artikkelform etter APA-standarden 6th ed. Den kan også skrivast som ein artikkel. Dersom studentar vel å skrive ein tilnærma artikkelform skal hovudoppgåva utformast etter prinsippa i APA-standarden innan eit omfang på 40-80 tekstsider (A-4, dobbel linjeavstand, venstre-, topp-, og botnmarg, minst 3 cm), avhengig av oppgåva sin art og antal medarbeidarar. Referanseliste og appendiks kjem i tillegg. Oppgåva kan avvike noko frå artikkelforma, ved at innleiinga syner ein breiare gjennomgang av litteratur og ein meir omfattande presentasjon av bakgrunn og problemstillingar enn det ein vanlegvis finn i artiklar. Likeins kan diskusjonen vere meir inngåande enn det som er normalt for artikkelformatet. Dei andre delane av oppgåva skal følgje APA-standard. Det skal vere eit samandrag på norsk og på engelsk, kvart på omlag 200 ord. Hovudoppgåva kan skrivast på engelsk. Inntil tre studentar kan samarbeide om hovudoppgåva. Sidetalet treng ikkje å auke med talet på forfattarar, men ein vil stille større krav til prosjektet sitt omfang og til arbeidsmengde. Det vert forventa at alle forfattarane har medverka med bortimot likeverdig innsats i arbeidet. Artikkel: Dersom hovudoppgåva skrivast som ein artikkel kan den leverast som manuskript ferdig for levering til publisering, sendast til vurdering for publisering, eller som ein publisert artikkel. Den skal følgje tidsskrifta sine reglar for utforming av artiklar. Det krevast at disse reglane vedleggast ved innlevering. Vedtekne reglar om forfatterskap gjeld (til dømes Vancouver reglane http://www.icmje.org/ ), men det må framgå kva som er studentens eige bidrag. Omfanget av oppgåva er på 20-30 sider (12p Times New Roman eller Courier eller liknande, dobbel linjeavstand, venstre-, høgre, topp-, og bunnmarg, minst 3 cm), avhengig av tidsskrift og artikkelens art, som representerar omlag 5-6 trykte sider lik APAs tidsskrifter. Det skal vere eit samandrag på norsk og eit på engelsk, kvart på omlag 200 ord. Inntil tre studentar kan samarbeide om artikkelen. Mal for forside vil bli sendt alle 10. semester studentar ved semesterstart, saman med anna informasjonsmateriell. Frist for innlevering er 24. november for haustsemesteret og 15. april for vårsemesteret. Hovudoppgåva vert vurdert av ein komité på 3 medlemmar. Rettleiar skal ikkje vere medlem av bedømmingskomiteen. Det vert gitt utførleg tilbakemelding om oppgåva. Det vert nytta gradert karakterskala (bokstavkarakterar). Det psykologiske fakultet
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Klinisk bruk av hypnose

Haust og vår Norsk. Studentane vil bli gjort kjend med rasjonalen for å anvende hypnose i behandling. Basiskunnskap om induksjonsmetodar saman med grunnleggjande praktisk trening i hypnoseinduksjon vil leggjast vekt på. Det vert venta at studentane skal tileigne seg kunnskap om evalueringsmetodar for hypnotiserbarhet. Kunnskap om skilnaden mellom å bruke direkte og indirekte induksjonsmetodar vil utviklast. Erfaringar med subjektive opplevingar som vender lys mot transetilstanden vil vere ei viktig kunnskapskjelde for deltakarane å bli kjent med. Betydinga av å arbeide innanfor sentrale personlegdomsteoriar og terapimodellar vil leggjast vekt på som grunnleggjande premiss for å bruka hypnose terapeutisk. Det vil bli gitt døme på klårgjering av korleis hypnose nyttast i behandlinga av ein del sentrale psykologiske tilstandsbilete. Kvar enkelt student vil på emnet utføre minst ein hypnoseinduksjon og observere to andre induksjonar. Dette kurset er eit tilbod som utelukkande vert gitt til studentane det semesteret dei avleggjer avsluttande eksamen. Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Emnet omfattar 20 timar, og undervisninga vil veksle mellom førelesing, seminar og praktiske øvingar. Innanfor øvingsdelen venter ein stor grad av eigenaktivitet hos studentane. Sjå vurdering/eksamensformer Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester. Obligatorisk frammøte (80%) og at studenten har gjennomført og sjølv opplevd ein hypnoseinduksjon. Bestått/ikkje bestått. Avdeling for klinisk psykologi Førstekonsulent Berit Fosheim: berit.fosheim@psykp.uib.no
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Fordjupingskurs i arbeids- og organisasjonspsykologi - aksjonsvitenskap

Vår og haust. Norsk Studentane skal oppnå: innsyn i aksjonsvitskapleg teori oversyn over aksjonsvitskapleg ideologi - relatert til andre relevante teoriar å kunne nytte konkrete modellar for analyse og forbetring av kommunikasjon å kunne reflektere over eigne defensive mekanismar så vel som gjenkjenne desse hos andre å meistra aksjonsvitskapleg kasusmetodikk Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Undervisninga vil skje i seminarform. Lærar vil gje ei oversiktsførelesing om teori, ideologi, modellar og omgrep. Studentane vil setja opp eigne case etter ein spesifikk mal. Sidan vil kvar student sitt case bli satt i fokus gjennom diskusjonar, rollespel og ved å knytte døme frå casearbeidet til teorien. Sjå vurdering/eksamensformer Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering skal skje minimum kvart 3. semester. Utarbeiding av eige case og arbeid i seminaret med eige case. Bestått/ikkje bestått. Avdeling for samfunnspsykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Fordjupingskurs i kultur og psykopatologi: mental helse i eit krysskulturelt perspektiv.

Vår Engelsk Emnet vil komme nærare inn på følgjande temaområde: kultur og mental helse: sentrale omgrep og problemstillingar kulturelle modellar for helse og sjukdom: Filosofisk og teoretisk fundament kultur og metodologi: Klassifikasjonssystem og implikasjonar av desse uttrykksformer av sentrale mental helse lidingar kulturbundne syndrom akkulturasjon, multikulturellisme og mental helse krysskulturell og multikulturell behandling: Helseoppsøking, behandling og prognose Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Kurset vert gitt i form av førelesingar, seminar med studentpresentasjonar og gruppediskusjonar. Ingen Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering skal skje minimum kvart 3. semester. Studentane skal skrive eit essay som grunnlag for godkjenning av kurset. Karakteren er bestått/ikkje bestått. Avdeling for samfunnspsykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Kvalitetsutvikling i helsetjenesten

Haust Norsk Undervisninga skal drøfte kvifor det er påkravd å integrere kvalitetssikring og kvalitetsutvikling som del av mellom anna psykologtenestar. Lovpålegg og etiske plikter granskast. Det vert gjort greie for sentrale omgrep som kvalitet, kvalitetssikring, kvalitetsutvikling, intern kontroll, kvalitetssystem og kvalitetsrevisjon. Indikatorar og standardar for psykologiske tenester vert illustrert og problematisert mellom anna i lys av krav om at tenester skal vere kunnskapsbaserte. Kvalitetsleiing og prosessar i utviklingsarbeid vert gjennomarbeida med fokus på prinsipp som bruker medverknad, deltaking frå medarbeidarar og relevansen av dokumentasjon av tenester. Grunnleggjande problemstillingar som regelstyrt versus målstyring relatert til kompetansenivå vert diskutert. Modellar og arbeidsmåtar i kvalitetsarbeidet vert illustrert med døme frå psykologiske/psykiatriske modellar. Eksternpraksis må vere gjennomført. Emnet er difor eit tilbod til studentane på 10. semester. Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Seminarform Sjå vurdering/eksamensformer Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester. Obligatorisk frammøte (80%). Bestått/ikkje bestått. Avdeling for klinisk psykologi Førstekonsulent Berit Fosheim: berit.fosheim@psykp.uib.no
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Utviklingspsykologi

Haust og vår Norsk Studentane skal kunne gjere greie for følgjande hovudtema: utviklingspsykologien sine historiske røter, plasseringa i psykologifaget og utviklingspsykologien sin relevans for ulike praksisfelt ulike perspektiv på psykologisk endring og utvikling og sentrale teoriar på området sentrale diskusjonar om utviklingsomgrepet (til dømes kontinuitet-diskontinuitet, stadietenking, reversibilitet/irreversibilitet, retning på utvikling) sentrale temaområde innan feltet slik det internasjonalt framstår i dag, mellom anna intersubjektivitet og relasjonar (tilknyting, kjønnsrelasjonar, venskapsrelasjonar), identitetsutvikling, utvikling av språk og kommunikasjon, perseptuell og kognitiv utvikling, moralutvikling og sosialisering typiske temaområde og teoriar knytte til ulike aldrar (gamle, vaksne, unge, born, spedborn) utvikling av internaliserande og eksternaliserande problem dei viktigaste metodane innan utviklingspsykologi, som observasjonsmetodar, eksperimentelle tilnærmingar, bruk av intervju og spørjeskjema, kasusskildringar, longitudinelle design og kohortsamanlikningar, samt det å nytta andre personar enn dei utforska som informasjonskjelder (lærarar, vener). Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Studentane skal tileigne seg kunnskapar gjennom eiga lesing, samtalar med medstudentar, og gjennom førelesingar og seminar. Vidare skal studentane vera med i ei observasjonsøving og ei intervjuøving, samt skrive sjølvbiografi. Undervisninga vil skje som: oversiktsførelesingar praktiske øvingar gruppearbeid skriving av sjølvbiografi Deltaking i intervjuøvinga, observasjonsøvinga og sjølvbiografien skal godkjennast før det vert gitt høve til å gå opp til eksamen. Det vert ikkje gitt høve til å dele opp emnet over fleire semester. Dei obligatoriske aktivitetane må difor takast same semester. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldig i to semester (det semesteret ein gjennomfører aktivitetane og det påfølgande semesteret). Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester. 6 timars skuleeksamen. Det vert nytta graderte karakterar (bokstavkarakterar). Avdeling for samfunnspsykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Semesteroppgave, utviklingspsykologi

Haust og vår Norsk eller engelsk Innanfor dei fem basalområda (utviklingspsykologi, biologisk og medisinsk psykologi, kognitiv psykologi, personlegheitspsykologi og sosialpsykologi) skal det skrivast ei obligatorisk semesteroppgåve. Oppgåvene kan vere anten empiriske (byggja på kvantitativ eller kvalitativ analyse av innsamla data av eige eller allereie føreliggjande datamateriale) eller teoretiske (eit avgrensa psykologisk problem som søkjast granska gjennom litteraturstudiar). Minst to av oppgåvene skal vere empiriske og minst ei teoretisk. Oppgåva skal handle om eit tema knytt til det aktuelle basalfaget, men kan fokuserast etter studentane sine eigne interesseområde. Det er ein føresetnad at studentane arbeider sjølvstendig med semesteroppgåva og det vert gitt avgrensa rettleiing. Som ein hovudregel vert tema bestemt av faglærar, men studenten kan også velje eigne tema under føresetnad av faglærar sin godkjenning. Studenten sitt val av tema for semesteroppgåve skal godkjennast av faglærar seinast 1 månad etter semesterstart. Arbeid som forskingsassistent kan ikkje erstatte kravet om to empiriske eller ei teoretisk oppgåve. Av dei resterande to semesteroppgåvene kan ei av semesteroppgåvene byttast ut med ulønna arbeid som forskningsassistent. Det er ei forutsetning at forskningsassistenten, så langt som mogleg, får delta i flest mulige faser av pågåande prosjekter. Arbeidet må ikkje være einsidig punchearbeid, statistisk bearbeiding eller liknande. Emne er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Deltaking på semesteroppgåvekonferansen. På semesteroppgåvekonferansen skal semesteroppgåva/arbeid som forskingsassistent leggjast fram munnleg. Full dags nærvære vert kravd. Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet si prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester. Semesteroppgåva skal vere utforma som ein artikkel som følgjer APA-standarden. Den kan vere empirisk, teoretisk eller ha review-form. Dersom den er empirisk, kan den byggjast på kvalitative eller kvantitative data. Inntil 3 studentar kan arbeide saman om oppgåva. Lengda skal vere på maksimum 6000 ord, eksklusiv tabellar og referansar. Oppgåva skal klart syne kva som er originale fagarbeid, kva som er andre si omarbeiding og kva som er eige bruk av andre sitt stofftilfang. All dokumentasjon skal ha klare referansar. Alle direktesitat skal vere markert med hermeteikn, og med tilvising til det refererte arbeid og sidetal. Arbeid som forskningsassistent skal ha eit effektivt arbeidsomfang på til saman 120 timer. Dette utgjer arbeid i ca. 4 veker. Ved avslutta forskningassistentarbeid skal studenten: 1. Utarbeide skriftleg rapport om arbeidet. Den skriftlege rapporten skal vere på maksimum 2000 ord, eksklusiv forside og abstract, og inneholde: a) generell oversikt over forskningsomådet av metode og eventuelle resultat. b) bakgrunnen for prosjektet: beskrivelse av metode og eventuelle resultat. 2. Gi ein munnleg presentasjon av rapporten (15 min.) med påfølgande godkjenning. Det vert nytta gradert karakterskala (bokstavkarakterar). Avdeling for samfunnspsykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Introduksjonskurs

Haust og vår Norsk Studentane skal kjenna til: aktuell lovgjeving og etiske retningslinjer som har særskild relevans for verksemda som student ved profesjonsstudiet i psykologi læringsmiljøet sin innverknad for fagleg deltaking og utvikling og den einskilde sitt ansvar for å delta i å utvikle eit godt læringsmiljø på kullet ulike læringsformer som akademisk kunnskap og praksiskunnskap studentane skal bli orientert om praktiske tilhøve i Christiesgt. 12 (nøkkelkort med meir) emnet skal stimulera til at studentane raskt kjem i gong med å læra å kjenne kvarandre studentane skal skrive under studenterklæringa Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Undervisninga skjer gjennom førelesingar, praktiske øvingar og gruppearbeid. Emnet er på 9 arbeidsdagar for studentane og vert lagt til dei to første vekene i 1. semester. Det utgjer omlag 70 arbeidstimar for studentane, inkludert undervisning, sjølvstudium, gruppearbeid og ulike aktivitetar. Sjå vurdering/eksamensformer Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykolgiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart tredje semester. Obligatorisk deltaking/frammøte (80%). Førelesinga om etikk og profesjonslovgiving er 100% obligatorisk. Bestått/ikkje bestått. Avdeling for samfunnspsykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Metodekurs 1

Haust og vår Engelsk Studentane skal kunne drøfta og gje att: ulike kunnskapsteoretiske paradigme ulike forskingsdesign (eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design: longitudinelle design: kvalitative forskingsmetodar) den prinsipielle gongen i eit forskingsprosjekt Studentane skal meistra elementær skildrande statistikk: elementære statistiske omgrep og deskriptiv statistikk (målenivå, mål på sentraltendens, spreiingsmål, samanlikning av gjennomsnitt, korrelasjonar) prinsippet om oppdeling av totalvarians i delkomponentar og føresetnadene for dette enkel regresjon Studentane skal kjenne til elementær slutningsstatistikk: utvalsfordelingar punktestimering og konfidensintervall hypotesetesting sentrale testar: Chi-kvadrat test, T-test, F-test styrkje-analysar ("power analysis") Studentane skal læra bruk av statistisk programvare: leggje inn innsamla talmateriale i ein database utføre enkle statistiske prosedyrar Studentane skal kjenne til grunnprinsipp i innsamling og analysar av kvalitativt materiale. Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Undervisninga vil skje som: oversiktsførelesingar praktiske øvingar gruppearbeid innlevering av oppgåver Ingen Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester. 3 timars skuleeksamen. Bestått/ikkje bestått. Avdeling for samfunnspsykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Vitenskapelig forfatterskap og presentasjon (APA)

Haust og vår Norsk og engelsk Studentane skal: lære hovudtrekk i ein skriftleg vitskapleg rapport i fagområdet psykologi lære korleis ein presenterar vitskapleg materiale i munnleg form og i ei posterform meistra referering i samsvar med APA-systemet få ei forståing av det særskilde ved sjangeren vitskapleg tekst lære akademisk skrivestil få ei innføring i publiseringskulturen i psykologiske fagområde kjenne til retningslinjer for medforfattarskap kjenne til retningslinjer for offentleggjering av vitskaplege funn få ei innføring i publiseringa si verdi i akademisk verksemd generelt Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Undervisninga vil skje som: oversiktsførelesingar praktiske øvingar studentpresentasjonar gruppearbeid Sjå vurdering/eksamensformer Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester. Mappevurdering: 2 individuelle arbeidsoppgåver og 1 posterpresentasjon. Bestått/ikkje bestått. Avdeling for samfunnspsykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Biologisk- og medisinsk psykologi

Haust og vår Norsk Biologisk psykologi er oppteken av det biologiske grunnlaget for oppleving og åtferd. Undervisninga skal gje studentane forståing av biologiske føresetnader og avgrensingar for utviklinga av normal åtferd. Undervisninga skal dessutan gje studentane innsyn i samspelet mellom psykiske og somatiske prosessar ved helse og sjukdom. Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Undervisninga vil skje som: førelesingar gruppearbeid rettleia laboratorieøvingar rettleia kollokvie demonstrasjonar hjernedisseksjon i grupper under rettleiing Delar av undervisninga kan bli gitt i blokkar som inneheld ein introduksjonsførelesing, gruppearbeid og presentasjon av gruppearbeid. Innleid lærarkompetanse kan bli nytta i særskilde tilfelle. Godkjende lab.øvingar i fys.psyk. Godkjende lab.øvingar i psykofysiologi og kurs i psykofys. reg.metode Førelesing i forskingsetikk Hjernedisseksjon Prosjektoppgåve Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisingsevaluering. Evaluering av undervisinga skal skje minimum kvart 3. semester. Skriftleg eksamen på 6 timar, satt saman av fleirvalsoppgåver og essayoppgåve. Det nyttast gradert karakterskala (A-F). Avdeling for biologisk og medisinsk psykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Semesteroppgave, biologisk- og medisinsk psykologi

Haust og vår Norsk eller engelsk Innanfor dei fem basalområda (utviklingspsykologi, biologisk og medisinsk psykologi, kognitiv psykologi, personlegdomspsykologi og sosialpsykologi) skal det skrivast ei obligatorisk semesteroppgåve. Oppgåvene kan vere anten empiriske (byggja på kvantitativ eller kvalitativ analyse av innsamla data av eige eller allereie føreliggjande datamateriale) eller teoretiske (eit avgrensa psykologisk problem som søkjast granska gjennom litteraturstudiar). Minst to av oppgåvene skal vere empiriske og minst ei teoretisk. Oppgåva skal handle om eit tema knytt til det aktuelle basalfaget, men kan fokuserast etter studentane sine eigne interesseområde. Det er ein føresetnad at studentane arbeider sjølvstendig med semesteroppgåva og det vert gitt avgrensa rettleiing. Som ein hovudregel fastsetjast tema av faglærar, men studenten kan også velje eigne tema under føresetnad av faglærar sin godkjenning. Studenten sitt val av tema for semesteroppgåva skal godkjennast av faglærar seinast 1 månad etter semesterstart. Arbeid som forskningsassistent kan ikkje erstatte kravet om to empiriske eller ei teoretisk oppgåve. Av dei resterande to semesteroppgåvene kan ei av semesteroppgåvene byttast ut med ulønna arbeid som forskningsassistent. Det er ei forutsetning at forskningsassistenten, så langt som mogleg, får delta i flest mulige faser av pågåande prosjekter. Arbeidet må ikkje være einsidig punchearbeid, statistisk bearbeiding eller liknande. Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Deltaking på semesteroppgåvekonferansen. På semesteroppgåvekonferansen skal semesteroppgåva/arbeid som forskingsassistent leggjast fram munnleg. Full dags nærvære vert kravd. Studentane evaluerer undervisninga og rettleiinga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering skal skje minimum kvart 3. semester. Semesteroppgåva skal vere utforma som ein artikkel som følgjer APA-standarden. Den kan vere empirisk, teoretisk eller ha review-form. Dersom den er empirisk, kan den byggjast på kvalitative eller kvantitative data. Inntil 3 studentar kan arbeide saman om oppgåva. Lengda skal vere på maksimum 6000 ord, eksklusiv tabellar og referansar. Oppgåva skal klart vise kva som er originale fagarbeid, kva som er andre si omarbeiding og kva som er eige bruk av andre sitt stofftilfang. All dokumentasjon skal ha klare referansar. Alle direktesitat skal vere markert med hermeteikn, og med tilvisning til det refererte arbeid og sidetal. Arbeid som forskningsassistent skal ha eit effektivt arbeidsomfang på til saman 120 timer. Dette utgjer arbeid i ca. 4 veker. Ved avslutta forskningassistentarbeid skal studenten: 1. Utarbeide skriftleg rapport om arbeidet. Den skriftlege rapporten skal vere på maksimum 2000 ord, eksklusiv forside og abstract, og inneholde: a) generell oversikt over forskningsomådet av metode og eventuelle resultat. b) bakgrunnen for prosjektet: beskrivelse av metode og eventuelle resultat. 2. Gi ein munnleg presentasjon av rapporten (15 min.) med påfølgande godkjenning. Det vert nytta gradert karakterskala (bokstavkarakterar). Avdeling for biologisk og medisinsk psykologi.
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Medisinsk helsepsykologi

Haust og vår Norsk eller engelsk Undervisninga i medisinsk helsepsykologi skal gje studentane kunnskap om utvalde aspekt i samband med biologiske, psykologiske og sosiale faktorar ved sjukdom og helse. Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Undervisninga vil skje som: førelesingar gjesteførelesingar gruppearbeid Sjå vurdering/eksamensformer Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester. Obligatorisk frammøte (80%) og gjennomføring av gruppearbeid, inkludert ein avsluttande presentasjon av gruppearbeidet. Bestått/ikkje bestått. Avdeling for biologisk og medisinsk psykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Metodekurs 2

Haust og vår Norsk Studentane skal kunne: eksperimentell design ikkje-parametrisk statistikk ANOVA/MANOVA (faktorielt design/repeterte målingar) meta-analyse innføring i bruk av relevant programvare filhandtering Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Undervisninga vil skje som: førelesingar gruppearbeid PC-timar eigenaktivitet Seksjon for psykometri vil ha hovudansvar for undervisning i statistikk. Deler av metodeundervisninga vil integrerast med rettleiing i samband med utarbeiding av semesteroppgåva i 2. semester. Det føresetjast at litteraturstudiar vil skje parallelt med undervisninga, slik at studentane aktivt kan vera med i undervisninga. Ingen Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester. 3 timars skuleeksamen. Bestått/ikkje bestått. Avdeling for samfunnspsykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Humanfysiologi, genetikk og evolusjonsteori

Vår og haust Norsk Studentane skal kunne: humanfysiologi basal nevrofysiologi og nevrofarmakologi basal nevroanatomi basal genetikk og atferdsgenetikk evolusjonsteori Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng). Undervisninga på PSYK324 vert gitt før undervisninga i PSYK321A i 2. semester. Undervisninga vil skje som: førelesingar IKT-basert eigenaktivitet Delar av undervisninga vert gitt av eksterne lærarar. Ingen Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester. Fleivalsprøve (Multiple choice). Bestått/ikkje bestått. Avdeling for biologisk og medisinsk psykologi
Score: 10.539354 Details | Listing | Web page

1 - 25 26 - 50 51 - 75 76 - 100 101 - 125 126 - 130