Searching the World's top universities for courses with:

source
Universitetet i Bergen (X)
level
department
Samfunnsøkonomi (X)
true *,score on 1 0 department:"Samfunnsøkonomi" source:"Universitetet i Bergen" AND 2.2 25
Total results: 19

Universitetet i Bergen - Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsøkonomi

Vår Norsk Haust/vår Målet med kurset er å gi ei elementær innføring i mikroøkonomiske teori og å gjere studentane kjende med sentrale omgrep og analytiske resultat innanforkonsument-, produksjon- og marknadsteori. Det vert fyrst gitt ein introduksjon til teorien om etterspørselen til den enkelte konsument etter varer og tenester. Etter dette går ein gjennom produksjons- og kostnadsteorien og utleier med bakgrunn i denne den enkelte produsent si tilpassing. Vidare vil ein ta for seg sentrale delar av marknadsteorien. Det blir her lagt vekt på å karakterisere ulike typar av marknader, så som frikonkurranse, monopol og mellomformer av desse. Kurset vert avslutta med ei innføring i teori om tilbod av og etterspørsel etter arbeidskraft. Studentane skal ha god innsikt i rasjonalitetshypotesa marknadsteorien byggjer på. Dei skal vite korleis nyttemaksimerande forbrukarar og profittmaksimerande produsentar opptrer i ein marknad. Dei skal vita korleis prisar vert danna i ein marknad med fullkomen konkurranse. Dei skal vita kvifor prisar ikkje alltid fangar opp alle reelle verknader av økonomiske val. Dei skal kjenna til korleis ein monopolist set prisar i vare- og faktormarknader, og det velferdstapet som fylgjer av marknadsmakt. Studentane skal kunne ulike modellar som vert brukt for å studere marknader med strategisk konkurranse. Studentane skal kunna bruka si innsikt i ulike marknadsformer for å vurdera korleis ulike tiltak påverkar produsent- og konsumentoverskott. Ingen ECON140/MAT101. Kan lesast parallelt med ECON140. Førelesingar. Seminarundervisning. Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. Skriftleg 3 timar eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av seminar og førelesing vert gjennomført i løpet av semesteret Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Makroøkonomi I

Vår Norsk Haust/vår Målsetjinga med kurset er å gi studentane ei innføring i makroøkonomiskeomgrep og samanhengar. Kurset tar til med ei innføring i makroøkonomiske omgrep som nasjonalprodukt, privat og offentleg konsum, sparing, investering, eksport og import. Det vert lagt vekt på å vise korleis desse storleikane kan målast, bestemmast og står i høve til kvarandre. Vidare vil ein gå igjennom teorien for korleis sentrale målstorleikar, t.d. arbeidsløyse, inflasjon og rentenivå, kan påverkast ved hjelp av offentleg finans- og pengepolitikk. Studentane skal ha fått ei innføring i dei sentrale makroøkonomiske nøkkelomgrepa og dei viktigaste sambanda i nasjonalrekneskapen. Studentane skal òg ha kunnskap om korleis desse nøkkelstorleikane venteleg heng saman med kvarandre, spesielt rente, valuta, prisstigning og aktivitetsnivå. Ein stor bolk av kurset tek føre seg sentrale keynesianske modellar som IS-MP modellen og IS-LM modellen. Ei første drøfting av inflasjon og rolla til inflasjonsforventingane høyrer og med. Det vert venta at studentane kan nytte modellane til å drøfta aktuelle makroøkonomiske hendingar i Noreg og verda - og at dei forstår kva som ligg bak bruken av dei to sentrale makroøkonomiske politikkinstrumenta i Noreg, nemleg inflasjonsmålet til Noregs Bank og handlingsregelen for bruk av pengar over statsbudsjettet. Ingen ECON140 / MAT101. Kan lesast parallelt med ECON140. Førelesingar. Seminarundervisning. Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. Skriftleg 3 timar eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av seminar og førelesing vert gjennomført i løpet av semesteret. Institutt for økonomi: e-post: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Matematikk for økonomer

Vår Norsk Haust/vår MAT101: 7 studiepoeng, MAT111: 5 studiepoeng. Kurset skal gjere studentane i stand til å betre møte dei krav som vert stilt til matematikk som ein står overfor på mastergrad og andre økonomikurs. Kurset begynner med innføring i elementær algebra, likningar og funksjoner av ein variabel. Kurset fortsetter så med derivasjon og kontinuitet og implisitt derivasjon. Vidare studerer ein finansmatematikk og maksimums- og minimumsproblem. Så følgjer ei innføring i integralregning og presentasjon av funksjoner av fleire variablar samt derivasjon av implisitt gitte funksjoner. Kurset vert avslutta med optimeringsproblem for funksjoner av fleire variablar og maksimering og minimering under biføresetnader (Lagranges metode). Studentane skal i dette kurset lære å beherske dei mest grunnleggande matematiske metodane som brukast i andre kurs i samfunnsøkonomi, spesielt i forhold til mikroøkonomisk teori og bruk. Sentralt i kurset står teorien for situasjonar der økonomiske aktørar har muligheit til å foreta val mellom ulike alternativ, og der kva val dei gjennomfører har økonomiske konsekvensar som er enten av ønskelig eller ikkje-ønskelig karakter. I matematisk terminologi handlar kurset altså først og fremst om maksimering eller minimering av funksjoner, der det kan, men ikkje treng å vere, avgrensingar på kva val som er moglege. For å kunne beherske metoden for å løyse slike matematiske problem, er det naudsynt å forstå andre grunnleggjande matematiske omgrep, spesielt det å kunne berekne den deriverte av ein funksjon som derfor er ein sentral del av kurset. Andre mindre tema som ligg til grunn for andre kurs innanfor samfunnsøkonomi blir også gjennomgått, her under enkel finansmatematikk. Ingen Førelesingar. Rekneøvingar. Seminar. Eksamensoppgåvene er eit modifisert utval av oppgåver gjennomgått på rekneøvingane. 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av seminar og førelesing vert gjennomført i løpet av semesteret. Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Videregående matematikk og optimering

Vår Norsk Haust/vår Kurset skal gjere studentane i stand til å betre møte dei krav som vert stilt til matematikk som ein står overfor på mastergrad og andre økonomikurs. Emnet tek opp lineær algebra, funksjonar av fleire variablar, komparativ statikk og optimering med fleire variablar og restriksjonar. I optimering vert det lagt vekt på både Lagrange og Kuhn-Tucker metodane. Studenten skal kjenne til og kunne anvende følgjande omgrep innanfor lineær algebra: Addisjon, subtraksjon og skalarmultiplikasjon av vektorar, lengde av vektor, avstand mellom vektorar og indre produktet mellom vektorar, linjer og plan i rommet, hyperplan, parametriske og ikkje-parametriske likningar for linjer og plan i rommet samt lineært avhengige og uavhengige vektorar. Innanfor matrisealgebra skal studenten kjenne til og bruke addisjon og multiplikasjon av matriser, identitetsmatrisen, inverse matrise og lineære likningssystem på matriseform. Studentane skal kunne bruke Gauss-Jordan's rekkeroperasjonar for å kunne løyse lineære likningssystem. Studenten skal kjenne til rangen til ein matrise og korleis rangen brukast til å studere lineære likningssystem. Studenten skal også kjenne til determinantar og Cramers regler for løysing av lineære likningssystem samt eigenverdiar og eigenvektorar til ein matrise. Innanfor funksjonsanalyse skal studenten ha tileigna seg god forståing og kunne bruke partiell deriverte, total differensial, gradient vektor og retningsderiverte samt implisitt derivasjon. I tillegg skal studenten kjenne til og forstå annen ordens partiell deriverte og Hessematrisen samt system av implisitte funksjoner og homogene funksjoner. Studenten skal ha tileigna seg god forståing og kunne bruke Lagrange og Kuhn-Tucker's metode for løysing av optimeringsproblem med restriksjonar. Studenten skal kjenne til kvadratiske former, positive og negative semi definite matriser, konvekse mengde og funksjoner samt omhyllingsteoremet for optimeringsproblem med restriksjonar. Ingen ECON140 eller MAT101. Førelesingar 36 timar, rekneøvingar 18 timar, seminar 18 timar. 3 timar skriftleg eksamen Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av seminar og førelesing vert gjennomført i løpet av semesteret. Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Miljø- og ressursøkonomi I

Vår Norsk Haust/vår Målsetjinga for kurset er å gi ei brei innføring i sentrale tema innanfor miljø- og ressursøkonomi. Kurset gir ei innføring i miljøøkonomi og økonomisk teori for utnytting av naturressursar. Nokre sentrale tema er: Eksterne verknader og forureining. Bærekraftig utvikling og internasjonale CO2-avtalar. Petroleumsutvinning. Vekst og hausting av fiskeressursar. Kurset er delt i to. I den miljøøkonomiske delen skal studentane ha tileigna seg oversikt over og forståing av dei mest sentrale miljøspørsmåla internasjonalt og nasjonalt som, mellom anna, klimaendring og internasjonale CO2-avtaler. Vidare skal studentane ha inngåande kjennskap til det økonomiske grunnlaget for miljøpolitikken og økonomiske synspunkt på bruken av verkemiddel i miljøpolitikken: Miljøavgift, omsettelige utsleppsløyve og direkte regulering. I den ressursøkonomiske delen skal studentane ha oppnådd innsikt i viktige omgrep som ressursrente, eksterne verknader, effisiens og bærekraft. Studentane skal også kjenne til økonomiske prinsipp for optimal hausting/utvinning og forvaltning av naturressursar, (her under olje og gass, skog og fisk), samt analyse av ulike typar regulering av ressursuttak. Ingen ECON110 og ECON140. Førelesingar. Seminarundervisning. Godkjent innleveringsoppgåve. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av seminar og førelesing vert gjennomført i løpet av semesteret. Institutt for økonomi epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Velferdsstatens økonomi

Uregelmessig Norsk Målet med kurset er å gi ei forståing av offentleg inngrep i økonomien. Marknadssvikt og fordelingsomsyn er årsaker til at offentleg sektor har ei dominerande rolle i moderne økonomiar. Kurset gir ei teoretisk drøfting til offentlege inngrep i økonomien. Offentlege overføringar av fleire slag blir diskutert. Dette gjeld direkte inntektsoverføringar, eller ulike former for sosialforsikring som krev premieinnbetalingar på førehand. Kurset vil også diskutera problemstillingar knytt til helse- og utdanningssektoren. Den teoretiske drøftinga av offentlege styringsproblem vil bli illustrert med døme frå norsk politikk. Kurset vil også innehalde døme på korleis kostnadsnytteanalyse vert nytta som underlag for offentlege avgjerder/vedtak. Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om kva vi meiner med ein velferdsstat. Studenten skal ha oppnådd innsikt i korleis vi kan bruke økonomisk metode til å analysere velferdsstaten. Vidare skal studenten kunne gjera greie for ulike former for marknadssvikt, som asymmetrisk informasjon, samt forstå grunngjevinga for ein stor offentleg sektor i moderne økonomiar. Studenten skal ha oversikt over ulike sosialforsikringsordningar og forstå kvifor denne typen ordningar fungerer dårlig i ein marknad utan innblanding frå det offentlege. Studenten skal kunne vurdere ulike trygdeordningar basert på økonomisk teori, samt vere i stand til å bidra med konstruktive forslag og innspel i den offentlege debatten omkring reformforslag i velferdsstaten, både i forhold til trygdeordningar og utfordringar i helsesektoren. ECON210 Forelesingar. Seminarundervising. Godkjent innleveringsoppgåve. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Evaluering av seminar og forelesing vert gjennomført i løpet av semesteret. Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Politisk økonomi - økonomiske perspektiver

Vår Norsk Studentane skal ha kunnskap om korleis økonomisk politikk faktisk blir utforma gjennom samspel mellom ulike samfunnsaktørar. Spesielt må studentane kunne analysere korleis organiseringa av politiske prosessar påverkar makroøkonomisk politikk og fordelingspolitikk. Mykje av pensum i samfunnsøkonomi dreier seg om korleis økonomisk politikk bør utformast. Dette emnet tar for seg korleis økonomisk politikk faktisk blir utforma gjennom samspel mellom ulike samfunnsaktørar, herunder velgjarar, politiske parti og interessegrupper. Sentralt i emnet er korleis organisering av politiske prosessar påverkar makroøkonomisk politikk og fordelingspolitikk. Studentane skal sitte igjen med ei oversikt over sentrale teoriar for korleis økonomisk politikk faktisk blir utforma gjennom samspel mellom ulike samfunnsaktørar, her under veljarar, politiske parti og interessegrupper. Studenten skal ha tileigna seg grunnleggande kunnskap om korleis ulike beslutningsreglar og -prosedyrar verkar i direkte og representative demokratiske system. Studenten skal mellom anna kunne gjere greie for viktige omgrep som medianveljarteoremet, rent-seeking, og stemmeparadokset. Studenten skal vere i stand til å bruke den teoretiske kunnskapen til drøfting og analyse av praktiske og aktuelle økonomisk-politiske problemstillingar. ECON110, 130, 140, 210, 230, 240 Forelesingar. Seminarundervisning. Godkjent innleveringsoppgåve. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Evaluering av seminar og forelesing vert gjennomført i løpet av semesteret. Steinar Vagstad/Sigve Tjøtta/ Institutt for økonomi
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Internasjonal makroøkonomi

Uregelmessig (vår) Norsk Målet med kurset er å gi studentane innsikt i forhold som forklarer kapitalrørsler og renteforskjellar mellom land. Det vil bli lagt spesiell vekt på å forklare kva for faktorar som bestemmer valutakurs i eit land, og kva rolle valutakursen speler for å rette opp ubalanser i økonomien i landet. Styrkar og veikskapar ved ulike valutakursregime blir også diskutert inngåande. I Noreg har ein valt å leggja inflasjonsstyring til grunn for penge- og valutakurspolitikken. Det vil bli lagt vekt på å forklare dette regimet. Studentane skal ha kunnskapar om grunnleggande valutakursteoriar som rente- og kjøpekraftsparitet. Kunnskapane skal dekke teori så vel metodar for å teste teoriane. Studentane skal dessutan kunne bedømme korleis ulike valutakursregime fungerer. I moderne økonomiar kan ikkje pengepolitikken sjåast skilt frå valutakurspolitikken. Studentane skal kjenne til fordeler og ulemper ved ulike måtar å drive pengepolitikk på, som rentestyring, pengemengdestyring og inflasjonsstyring. Dessutan skal de ha konkrete kunnskapar om korleis pengepolitikk drives i økonomiar som den norske, europeiske og amerikanske. Studentane skal kjenne til det som bestemmer den langsiktige utviklinga for inflasjon og renter i et land. De skal også vite kva som kjenneteiknar utviklinga mellom land, dvs. den langsiktige utviklinga i nominell og reell valutakurs. På kort sikt er ulike land kjenneteikna av forstyrringar. Studentane skal ha grundige kunnskapar i korleis ein kan bruke penge- og finanspolitikk til å rette opp i slike forstyrringar. ECON230 Forelesinger. Seminarundervisning. Ei godkjent innleveringsoppgåve med tilbakemelding. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Evaluering av seminar og forelesing vert gjennomført i løpet av semesteret. Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Investering og finansiering I

Uregelmessig Norsk Haust/vår Å gi ei god forståing av finansielle forhold - og kunne rekne ut verdiar av investeringar. Kurset gir ei innføring i finansteori, i hovudsak frå eit føretaksøkonomisk synspunkt. Tema er verdsetting av realinvesteringar og verdipapir, både under full visse og under uvisse. Studentane skal: kjenne til dei viktigaste formene for verdipapir vite korleis ein verdsetter marknadsomsette verdipapir og investeringsprosjekt vite korleis ein bør investere i verdipapir vite korleis ein bør ta omsyn til usikkerheit. unngå ein del vanlege feil i finansmarknaden, ved å forstå korleis informasjon og forskjellige psykologiske faktorar påverkar marknadsaktørane og marknadene. kjenne grunntrekka i det norske kapitalskattesystemet og korleis dette påverkar verdsetting. I tillegg skal dei kunne rekne ut optimale verdiar og løysingar i enkle situasjonar av typane nemnd ovanfor. Ingen ECON110, ECON140. Førelesingar og seminarundervisning. Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei to følgjande semestera. 4 timars skuleeksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av seminar og førelesing vert gjennomført i løpet av semesteret. Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Bacheloroppgave

Haust/vår Norsk Haust/vår Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei samfunnsøkonomisk problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet. Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve i tillegg til ei sjølvvalt økonomisk problemstilling/prosjektskildring som skal resultere i den ferdige oppgåva. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftas ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei empirisk analyse av kvantitative data. Institutt for økonomi bidrar med ei liste med forslag til tema og problemstillingar. Studentane skal ha utvikla ferdigheiter til å gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei samfunnsøkonomisk problemstilling. Studentane må i kurset sjølv velje problemstilling og finne eigna litteratur og skal gjennom dette ha utviklet forståing av god kjeldebruk. I kurset må studentane framstille sitt arbeid både skriftleg og munnleg, kurset gir derfor studentane evner til å framstille sitt eige arbeid både skriftleg og munnleg samt kritisk kommentere andre sine tekster. ECON110, 130, 140, 210, 230 og 240. Det er mogleg å gjennomføre ECON290 på to forskjellige måtar: med undervisning og rettleiing (versjon A) og utan undervisning og rettleiing (versjon B). Begge versjonane er opne for alle studentar på kurset, men versjon A er tilrådd av institutt for økonomi. Versjon A: Fellesseminar (3 timar) og grupperettleiing (8 timar) leia av ein vitskapleg tilsett. Versjon B: Ingen rettleiing. Versjon B er basert utelukkande på sjølvsstudium. Versjon A: Godkjent prosjektskildring, deltaking på 1. og 2. gruppesamling. Versjon B: Ingen obligatoriske arbeidskrav. Versjon A: Samla vurdering av bacheloroppgåva (2/3) og munnleg aktivitet (1/3). Munnlege aktivitetar er presentasjon på 1. og 2. samling og opposisjon på 2.samling, samt endeleg presentasjon på bachelorseminaret. Versjon B: Vurdering av bacheloroppgåva. Karakterskala A-F Evaluering av seminar og førelesing vert gjennomført i løpet av semesteret. Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Utviklingsøkonomi II

Uregelmessig (vår) Norsk eller engelsk Haust/vår I dette kurset tar vi stilling til spørsmålet om kvifor dei fattige landa er fattige. Med andre ord prøver vi å analysere dei årsaker til fattigdom og underutvikling som kjenneteiknar LDC-landa. Vi er spesielt interessert i å identifisere kva som er unikt med organisering av ein fattig økonomi: til dømes kan dette vere ein eller fleire økonomiske/ikkje-økonomiske institusjonar, som genererer vedvarande fattigdom. Vi bruker ei mikro-teoretisk tilnærming til den ovannemnte problemstillinga og vi avgrensar fokuset vårt til landa i Sør-Asia. Blant andre emne legg vi spesielt vekt på følgjande: Kva er skilnaden mellom økonomisk vekst og utvikling? Organisering av faktormarknaden på landsbygda (rurale område): spesielt ser vi på arbeidsmarknad og kredittmarknad, den vonde sirkelen av fattigdom, underernæring og arbeidsløyse. Vi ser også på fattigdom og verknadene på miljø- og ressursforvaltning. Førelesingar. Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen samt godkjent deltaking på ein av nokre få spesialførelesningar som blir nytta til debatt og liknande. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei to følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av førelesingar vert gjennomført i løpet av semesteret Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Helseøkonomi

Uregelmessig (haust) Norsk Formålet med kurset er å gi studentane eit grunnlag for økonomiske analysar av helsesektoren og helsepolitiske spørsmål. Kurset tar opp ei rekkje problemstillingar knytt til styring og finansiering av helsesektoren, samt korleis ein skal vurdere lønsemd av helsetiltak og behandlings-former. Studentane blir gjort kjende med korleis ein bør utforme finansierings-system for å sikre effektiv styring av sjukehus og andre helseinstitusjonar, kriterier for vurdering av om legemiddel skal gi rett til refusjon, og om bruken av middel i helsesektoren sikrer ei rettvis fordeling av helse i befolkninga. Det vert lagt på å gjere problema relevant for styringsutfordringar og reformer i den norske helsesektoren. Studentane skal få kunnskap til å gjennomføre økonomiske analyser av helsesektoren. Kunnskapen skal dekke fleire områder, som insentivmekanismar i finansieringsordningar, forsikringsaspekt og etterspørsel etter helse. Hovudvekta er på det teoretiske, men også metodar for å teste teoriar vil bli diskutert. Studentane skal dessutan kunne bedømme forventa effektar av ulike helsepolitiske tiltak. Kurset vektlegger aktiv deltaking frå studentane si side. Det forventes at studentane skal presentere utvalde deler av pensum for kvarandre. ECON221 Forelesingar. To obligatoriske innleveringar som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Evaluering av seminar og forelesing vert gjennomført i løpet av semesteret Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Anvendt arbeidsmarkedsøkonomi

Uregelmessig Norsk Haust/vår Ingen Å gi studentane ei elementær innføring i sentrale deler av arbeidsmarknadsteorien, med vekt på korleis teorien kan tillempast for empirisk analyse. Kurset gir ein gjennomgang av sentrale element i feltet arbeidsmarknadsøkonomi, med gjennomgang av teori for mellom anna arbeidsmarknadsdeltaking, arbeidstilbod og lønnsdanning. Det blir lagt vekt på å vise empiriske tillempingar av dei teoriane som blir gjennomgått, så som trygdesystemet sine verknader på arbeidsmarknadsdeltaking og arbeidstilbod, samanhengar mellom utdanning og arbeid/produktivitet m.m. Empirisk implementering blir handsama, mellom anna gjennomgang av datakjelder, måleproblem, økonometrisk spesifikasjon og identifikasjon. Studentane skal gjennom kurset ha tileigna seg kunnskapar om sentrale trekk ved den norske arbeidsmarknaden. Basert på kunnskap om dei fundamentale tilbods- og etterspurnadsforholda i denne marknaden, skal studentane ha oppnådd kunnskap om tema som arbeidsmarknadsdeltaking, arbeidsløyse, lønnsdanning, diskriminering m.m. Kurset er empirisk orientert, noko som skal gi studentane utbytte i form av kjennskap til korleis institusjonelle forhold, t.d. trygde- og utdanningssystemet, påverkar arbeidsmarknaden og kjennskap til arbeidsmarknadsdata som kan brukast til analyse av denne marknaden. Den empiriske delen, mellom anna gjennomgang av tema som måleproblem, modellspesifikasjon og identifikasjon, skal førebu studentane i å uføra økonometriske arbeidsmarknadsanalysar, med sikte på skriving av masteroppgåve innan dette feltet. Ingen ECON340. For dei som ikkje har eksamen i ECON340, vil det bli tilbydd ei kort leseliste for sjølvstudium i nokre utvalde emne i økonometri. Førelesing Godkjent innleveringsoppgåve. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av førelesingar vert gjennomført i løpet av semesteret. Institutt for økonomi post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Makroøkonomisk analyse

Vår Norsk Haust/vår Kurset har som mål å gi studentane innsikt i sentrale delar av moderne makroøkonomisk teori, samt å øve opp evnene deira til å gi sjølvstendige og kritiske vurderingar av kor godt teoriane kaster lys over empiriske funn. Makroøkonomien prøver å svare på sentrale samfunnsspørsmål. Kvifor er det så stor forskjell mellom fattige og rike land, og korleis kan eventuelle ulikskapar jamnast ut eller gjerast mindre? Kva er årsaka til store svingingar i økonomien? Kvifor finst det arbeidsløyse? Korleis skapast inflasjon? Kva for høve til styring har offentlege styringsmakter og kva for styringsinstrument er mest effektive? Moderne makroøkonomi er basert på mikrobaserte modellar bygd på åtferda til rasjonelle aktørar. Vidare er tidsaspektet, og difor forventningane til dei økonomiske aktørane om framtida, eit viktig element i makroøkonomifaget. Gjennom faget skal studentane lære å gjere bruk av ein serie ulike modellar til å analysere og forstå ulike fenomen i økonomien. Dei ulike modellane er konstruert for å analysere avgrensa problemstillingar. Dette gjer at faget kan framstå noko fragmentert. I alle høve er dei ulike modellane nødvendige for å få ei djupare forståing av faget. Kurset omhandlar sentrale tema innan kortsiktig og langsiktig analyse. Studentane skal sitte igjen med ei djupare forståing for penge- og finanspolitikk og kva muligheiter myndigheiter har til å påverke utfall i økonomien. Studentane skal i tillegg ha oversikt over korleis dei tema som vert tatt opp, forholder seg til den historiske utviklinga i faget. I forhold til vekstteori skal studentane sitte igjen med ei forståing av kva som kan gi langsiktig vekst og kva som kan gjere at det er så store økonomiske forskjellar mellom land i verden. Vidare skal studentane kunne jobbe med enkle overlappande generasjonsmodellar til mellom anna å diskutere pensjonssystem. For alle tema i kurset gjeld at studentane ventes å tileigne seg kunnskap som gjer dei i stand til å analysere og kritisere ukjente tekster, samt skrive eigne tekster om relaterte tema. Førelesingar. Seminarundervisning. Ei godkjent innleveringsoppgåve. I godkjenninga kan både skriftleg og munnleg presentasjon inngå. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av seminar og førelesing vert gjennomført i løpet av semesteret Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Intertemporal makroøkonomi

Uregelmessig (haust) Engelsk/norsk I kurset vil det bli tatt opp ulike teorier for valutakursdanning. Det blir fokusert på teoretiske så vel som empiriske spørsmål. Ulike egenskaper ved valutakursregimer blir også drøftet. Noen land egner seg som fastkursland, mens andre bør velge flytende valutakurs. I det siste tiåret har noen land lagt til grunn inflasjonsstyring for pengepolitikken. Dette systemet har også vært diskutert å innføre i Norge. I kurset vil det blant annet bli drøftet hvordan et slikt system bør utformes for å unngå for store svingninger i arbeidsledigheten. Valutamarkedet er spesielt på den måten at spekulanter tidvis har stor innflytelse. Spekulasjon og spekulanters rolle vil bli tatt opp som eget tema. Det legges vekt på å se valutamarkedet som en del av en helhet, der flere markeder inngår. Først presenteres tilfellet der alle ressurser blir utnyttet. Rammen er aktører som optimerer over tid. Det legges vekt på at studentene skal kunne utlede tilhørende Euler-vilkår. Dette gjøres i ulike sammenhenger og med ulik grad av kompleksitet. Studentene skal kunne forstå hva som bestemmer reell valutakurs i en økonomi hvor alle ressurser blir utnyttet. Tilfellet med rigide varepriser er interessant, fordi nominell valutakursutvikling blir forskjellig fra tilfellet når vareprisen er fleksibel. Studentene skal beherske analysen når vareprisen er rigid. De skal spesielt kjenne til fenomenet "overshooting". ECON330 Forelesingar. Godkjent innleveringsoppgåve. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Evaluering av seminar og forelesing vert gjennomført i løpet av semesteret Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Internasjonal makroøkonomi II

Vår Norsk Haust/vår Studentane skal vere i stand til å utreie og svare på sentrale spørsmål innanfor området internasjonal makroøkonomi. Studentane skal ha kunnskap om grunnleggjande teoriar som den monetære fleksiprismodellen og "sticky-price-modellen". Studentane skal vidare ha forståing for kva som avgjer viktige makroøkonomiske storleikar som prisar, valutakursar, rente og produksjon. Det er viktig å kjenne til verknadane både på kort og lang sikt. I mange land praktiserast inflasjonsstyring. Studentane skal kjenne til teorien bak denne styringsforma, og skal også kjenne til andre styringsformer som til dømes pengemengdstyring. I kurset blir det lagt vekt på å skildre kva rolle forventningar har for utviklinga i dei viktige makroøkonomiske storleikane. Studentane skal vite relevansen av forventningar og overraskande hendingar (nyhende). Vi lever i ei globalisert verd. Eit sentralt kjenneteikn ved moderne økonomiar er at kapitalrørslene er perfekte, og ein har også handelsstrømmar mellom land som er prega av lave toller og transaksjonskostnader. Desse samanhengane er skildra ved kjøpekraftsparitet samt nominell og realrenteparitet. Det vert lagt vekt på at studentane forstår i kva grad slike samanhengar gjeld i praksis. ECON230 Ingen 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: Casio FX-82 Hewlett-Packard HP30 Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av kurset blir gjennomført i løpet av semesteret. Institutt for økonomi. E-post: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Økonometri II

Vår Norsk Eit viktig siktemål med kurset er å gå gjennom økonometriske modellar som er mykje brukt i hovudoppgåver, men som ikkje er dekka i introduksjonskurset (ECON340). For tida omfattar menyen av paneldata-, diskret val-, seleksjons- og forløpsdata-modellar. I kurset blir det gjennomgått kva ein kan oppnå med å ta i bruk dei respektive modelltypane, og kva for estimatorar som må nyttast. Det vil bli gitt døme på bruk av relevante dataprogram. Gjennom kurset skal studenten ha tileigna seg kunnskap om eit utval økonometriske modellar og forståing for kva typar problemstillingar dei ulike modellane er eigna til å belyse. Utvalet av modellar som vert gjennomgått omfattar instrumentvariabel regresjon, modeller med diskret avhengig variabel, forløpsanalyse og modeller for å analysere paneldata. Vidare skal studenten ha opparbeidd kunnskap om relevante estimatorer, og kritisk kunne ta stilling til om nødvendige føresetnader er oppfylt for at valt estimator har dei ønska statistiske eigenskapar. Studenten skal vidare ha opparbeidd evne til å gjennomføre ein avansert økonometrisk analyse ved hjelp av programverktøyet STATA, og kunne tolke og drøfte resultata frå slike analyser i lys av økonomisk teori. ECON340 Førelesingar. To obligatoriske innleveringar som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: Casio FX-82 Hewlett-Packard HP30 Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Karakterskala A-F Evaluering av førelesingar vert gjennomført i løpet av semesteret Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Konkurransepolitikk

Uregelmessig (vår). Emnet vert arrangert våren 2010. Norsk ECON360 gir 5 studiepoeng i reduksjon. Målet er å gjennomgå sentrale deler av næringsøkonomisk teori ("industrial organization") samt konkurranserettsregler i Noreg og EU. Dernest skal studentane kunne anvende økonomisk teori og rettsregler på konkrete konkurransepolitiske saker. Hovuddelen av kurset er sett av til å gjennomgå klassiske konkurransepolitiske emne både frå eit juridisk og samfunnsøkonomisk perspektiv. Etter ein generell innføring i konkurranseanalyse vil emna misbruk av dominerande stilling, kartell, vertikale restriksjonar og fusjoner bli gjennomgått etter tur. Omlag ein fjerdedel av forelesingane vil bli gitt av ein juridisk fagperson, medan resten av kurset vil omhandle samfunnsøkonomisk teori. Forkunnskapar frå ECON160 og ECON310 er ei føremon, men kurset kan også takast uavhengig av desse. I forhold til ECON 160 er det litt tematisk overlapp, men ECON365 tar opp ei rekkje nye emne og legg større vekt på formalisering. Bachelor i samfunnsøkonomi. Forkunnskapar frå ECON 160 og ECON 310 er ei føremon, men kurset kan også takast uavhengig av desse. I forhold til ECON 160 er det litt tematisk overlapp, men ECON 365 tar opp ei rekkje nye emne og legg større vekt på formalisering. Førelesningar og seminar Godkjent innleveringsoppgåve. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera. 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel til eksamen: Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: - Casio FX-82 - Hewlett-Packard HP30 - Texas instruments TI-30 Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. Evaluering av seminar og førelesing vert gjennomført i løpet av semesteret Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Masteroppgave

Vår/haust Norsk, engelsk ved behov Haust/vår Studenten skal vise at ho/han er i stand til å nytte økonomisk metode til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, metode og resultat på ein oversiktleg måte. Masteroppgåva er eit fagleg sjølvstendig arbeid som kan vere teoretisk eller empirisk. Studenten vel tema i samråd med rettleiar, basert på prosjektskissa levert i 2. semester. Gjennomført kursdel i mastergraden. Individuell rettleiing. I 2. semester av masterstudiet leverer studenten ei prosjektskisse til instituttet. Innleveringsfristar er 1. november og 1. mai. Studentane får ei skriftleg tilbakemelding på skissa 1. desember/1. juni med innkalling til samtale med den i staben som har vurdert prosjektskissa. Munnleg eksamen. Innleveringsfristar for oppgåva: 1. juni, 1. september, 1. desember, 1. februar. Karakterskala A-F Evaluering vert gjennomført i løpet av semesteret Oppnemd rettleiar Institutt for økonomi: epost: post@econ.uib.no
Score: 11.8802185 Details | Listing | Web page

1 - 19