Searching the World's top universities for courses with:

source
Universitetet i Bergen (X)
level
department
Sosiologi (X)
true *,score on 1 0 department:"Sosiologi" source:"Universitetet i Bergen" AND 2.2 25
Total results: 34

Universitetet i Bergen - Samfunnsvitskapleg metode

Haust og vår Norsk Haust og vår Det er full poengreduksjon mellom 102-metodeemnet i sosiologi, samanliknande politikk og administrasjon og organisasjonsvitskap. Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i konkrete forskningsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis. Kurset gir ei generell innføring i samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling og analyse av forskjellige typar data. I kurset vert m.a. casestudier, historisk metode, komparativ metode, regresjonsanalyse og diskursanalyse, gjennomgått. Studentar som har gjennomført kurset skal kunne gjere greie for grunnleggjande omgrep innan samfunnsvitskapeleg metode. Dei skal kunne gjere velbegrunna metodeval, og gjere kritiske vurderingar av kjelder og data. Studentane skal kunne gjennomføre kvalitative intervjuer, kvalitative tekstanalyser, tabellanalyse, korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse. Dei skal dessutan ha kjennskap til mellom anna observasjon som metode, komparativ metode, historisk metode og case studiar. Studentane skal vere kjent med etiske problemstillingar i samfunnsvitskapleg forskning. SOS100 Invitasjon til sosiologi, og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar Førelesingar, seminar, kollokvie og laboratoriearbeid i PC-stover. Talet på førelesingstimar: rundt 36 Talet på seminar/kollokvietimar: 20-24 Innlevering av fire øvingsoppgåver, to i kvalitative og to i kvantitative metodar. Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra. Seks timers skriftleg eksamen (09:00-15:00). Tillatte hjelpemiddel på eksamen: Kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar: Alle modellar av typane: Casio FX-82 Hewlett-Packard HP30 Texas instruments TI-30 Fagleg ansvarleg for MET102 kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet. A-F Hanne Gravermoen ( hanne.gravermoen@sos.uib.no )
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar

Haust Norsk Haust og vår For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. Emnet skal gjere studentane kjende med samfunnsfaga si historie og gi ei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkjemåtar. Det skal formidle kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag. Det vert gitt ei innføring i samfunnsvitskapane si framvekst og utvikling fram til i dag, med vekt på klassiske tema og sentrale omgrep i faga. Ulike metodar, omgrep og modellar som samfunnsforskarar nyttar eller forutset i si forsking vert også introdusert. Bruk av teori, modellar, metode og empiri i samfunnsvitskapen blir kasta lys over gjennom eit utval av teoriar om sentrale samfunnsforhold. Emnet vil også ta opp tilhøvet mellom (den/dei) utforska, forskar og samfunn. Gjennom emnet skal studenten ha tileigna seg ei første, grunnleggjande oversikt over sentrale perspektiv, menneskemodellar, grunnomgrep, metodiske innfallsvinklar og problemstillingar som kjenneteiknar samfunnsvitskaplege studiar. Studenten skal vidare ha fått elementær kjennskap til sentrale bidrag til den samfunnsvitskaplege faghistoria. Endeleg skal studenten ha tileigna seg kunnskap om utvalde, sentrale teoriar og hypotesar innan ulike samfunnsvitskaplege disiplinar, og kunne drøfte deira relevans i høve til dagsaktuelle problemstillingar. Førelesingar Talet på førelesingstimar: 20-24 Ei innleveringsoppgåve (ca 2000 ord). Oppgåva må vere godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret. 4 timar skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no

Universitetet i Bergen - Individ og samfunn

Vår Norsk eller engelsk Vår og haust Emnet er ope for alle studentar ved UiB Emnet skal gje innsikt i tilhøvet mellom individ og samfunn, og tar i samband med dette føre seg sosiologiske omgrep og teoriar om tilhøvet mellom aktør og struktur, og tilhøvet mellom sosial handling og sosial orden. Døme på tema som vert tatt opp er sosial samhandling, sosialisering, identitet, sosial ulikskap, integrasjon, kjønn, etnisitet og urbanitet. Problemstillingane vert presentert gjennom eit utval av sosiologiske originaltekstar, omgrep og tema. Ein viser korleis dei er handsama i klassiske bidrag i faget, og kva for teoretiske perspektiv denne handsaminga har gitt opphav til. Studentane skal lære å bruke kunnskapen dei får om ulike syn på slike tema til å drøfte aktuelle samfunnsspørsmål. Studentane skal gjennom emnet ha fått kunnskap om sentrale problemstillingar og ulike teoretiske perspektiv knytt til studiet av tilhøvet mellom individ og samfunn. Dei skal ha tileigna seg evne til skriftleg og munnleg framstilling og drøfting av ulike teoretiske innfallsvinklar til sosiologiske tema som vert tatt opp i emnet. Ingen SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar Førelesingar Talet på førelesingstimar: 20-24 Ei innleveringsoppgåve (2500 ord, +/- 10%) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande semesteret. 7 dagars heimeeksamen der det skal skrivast ei oppgåve på 2.500-3.000 ord, og 4 timars skriftleg eksamen. Kvar del vert vekta 50% Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no

Universitetet i Bergen - Arbeid under kapitalismen

Vil variere Norsk SOS105 er et fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve. Emnet gjer ein introduksjon til sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av arbeid under kapitalismen, dvs. i studiet av arbeid både som lønsarbeid, slik det er strukturert av arbeidsmarknaden, og som konkret virksomheit knytt til arbeidsprosessar i føretak som produserer varer og tenester. Introduksjonen blir knytt til nyare sosiologisk forsking og aktuell debatt om arbeid som sosiologisk nøkkelkategori i det moderne "arbeidssamfunnet", om arbeidet si tyding for identitetsutvikling, om tendensane til individualisering og oppløysing av arbeidslivet som grunnlag for sosial tilhøyring og solidaritet, om endra kunnskapsbehov i arbeidet, om endringar i yrkes- og kvalifikasjonsstrukturar, om destandardisering og deregulering av arbeidsmarknaden, om fagorganisasjonar si stilling, om endringar i bedriftsoragnisasjonar og om nye former og strategiar for organisering av arbeid, om påverking av globale prosessar på arbeidsmarknad og arbeidsorganisasjon. Studentane skal ha tileigna seg kunnskap om sosiologiske omgrep og debatt om arbeidet sin subjektivering/meining, om ulike modeller for arbeidet sin organisering og leiing, om utviklingstrekk ved yrker og yrkesdanning, og om arbeidstakarane sin kollektive organisering og arbeidslivet sin interesseregulering. Studentane skal ha utvikla evna til å gjere greie for og drøfte spørsmål om utviklingstrekk innanfor desse problemområda i lys av endringsprosessar under kapitalismen dei siste tiåra. SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar Førelesingar 20-24 timer førelesingar. Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret. 6 timars skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emner på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no

Universitetet i Bergen - The Scandinavian Welfare Model and Gender Relations

Spring English Spring and autumn SOS109 is an in-depth course related to one of the Department of Sociology´s key research areas: Welfare, inequality and life course. The objective of our in-depth courses is to give students the opportunity to explore the theory traditions, research problems and discussions of our key research areas. Following a general introduction into the studies of different "Welfare State Regimes" and the key characteristics of the Scandinavian Model, this course will focus on analyses of the relationships between state policies and gender. The variations among Scandinavian countries and historical developments in terms of gender policies and ideologies will be illuminated. The main focus will be on work and care-related policies that influence the division of labour between women and men, both in the labour market and in the domestic sphere. The course will particularly concentrate on current challenges for gender equality, parenthood and care policies in Norway. Students should have become familiar with the idea of a "Welfare State Regime", the key characteristics of the Scandinavian Model, and in particular, the relationships between state policies and gender, and current challenges for gender equality, parenthood and care policies in Norway. They should also have acquired a good ability to discuss these issues and present their knowledge of them in writing. SV100 and SOS100 or equivalent Lectures and seminars. Lectures: 20-24 hours Seminars: 20-24 hours Mandatory term paper (3000 words +/- 10 percent). The essay will be commented and must be approved before the student can take the written exam. 6 hour written exam Grading A-F The course will be evaluated by students and lecturer according to an approved evaluation plan for all bachelor and master courses in sociology. E-mail: studieveileder@sos.uib.no

Universitetet i Bergen - Internasjonal migrasjon og etniske relasjoner

Vår Norsk Vår og haust Ingen SOS112 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: migrasjon, miljø og utvikling. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve. Emnet gir ein introduksjon til sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av internasjonal migrasjon og etniske relasjonar. Det leggast vekt på korleis migrasjon og etnisitet kan forståas i forhold til øvrig sosiologisk teori, både internasjonalt og nasjonalt. Korleis forstår vi dagens internasjonale migrasjonsmønstre i et historisk og globalt perspektiv? På kva slag måte utfordrast nasjonalstaten av migrasjon? På kva slags måte henger migrasjonsrelaterte manifestasjonar av "rase", etnisitet og religion saman med forandringar av våre samfunn, og korleis er dette relatert til kjønn og sosial klasse? Kva muligheiter/begrensninger følgjar av ulike ambisjonar i forhold til integrasjon og multikulturalisme som politiske målsettingar? Dette er blant de sentrale spørsmål emnet vil behandle. Emnet vil ha ein global orientering, med spesielt vekt på Europa og Noreg. Studenten skal kunne gjere greie for ulike perspektiv på relasjonen mellom internasjonal migrasjon, rasisme, "rase"/etnisitet og nasjonalstat. Han/ho skal kunne drøfte slike teoretiske perspektiv i høve til den tid og det geografiske område dei viser til, og vidare kunne drøfte aktuelle norske døme på IMER-feltet i lys av teori frå andre vestlege land. Ingen SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar 20-24 timar førelesingar Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret. 6 timar skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emnar på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no

Universitetet i Bergen - Velferd og ulikhet

Vår Norsk Vår og haust Ingen SOS 113 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: velferd, ulikhet og livsløp. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve. Emnet vil gi ei innføring i nokre sentrale teoretiske tradisjonar og perspektiv på velferd og ulikskap. Klassiske bidrag vil bli brukt som utgangspunkt for ei diskusjon av verdigrunnlaget for velferdsstaten og den særeigne, norske modellen. Vidare vil emnet ta opp problemstillingar knytt til korleis prosessar som individualisering, globalisering og migrasjon gir nye utfordringar for dagens velferdsstatar. Studentane tileignar seg kunnskap om teoritradisjonar, problemstillingar og faglege debatter om rammer og grunnlag for velferdsstaten sin framvekst og verkemåte, nasjonalt og internasjonalt. Dei får særleg kunnskap om korleis "den norske velferdsmodellen" er vaksen fram og kva slags normative, sosiale og politiske føringar som har hatt relevans for utforminga av modellen. Studentane utviklar innsikt i korleis prosesser som industrialisering, globalisering og internasjonal migrasjon endrar og utfordrar organisering av velferdsproduksjonen. Endeleg utviklar dei evner til å gjere greie for sentrale grunnlagsproblem som er knytt til forståing av sosial ulikskap, fattigdom og velferd, marginalisering og avhengigheit i studiar av samfunnet sin distribusjon av gode og byrder. SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar 20-24 timer førelesingar Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret. 6 timar skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emnar på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no

Universitetet i Bergen - Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar

Haust og vår Norsk eller engelsk Haust og vår Emnet skal gje studentane ei forståing av sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar - frå klassikarane til nyare sosiologisk teori. Målet er å gjere studentane i stand til å drøfte teoriar og perspektiv i høve til kvarandre. Emnet består i ein gjennomgang og drøfting av sosiologiske teoritradisjonar og perspektiv der ein drar linjer frå klassisk sosiologi til nyare bidrag, med vekt på dei nyare tradisjonane i faget. Studenten skal ha opparbeidd seg kunnskapar om og forståing av ulike sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar - frå klassikarane til nyare sosiologisk teori, med vekt på nyare tradisjonar i faget. Studentane skal vidare kunne drøfte teoriar og perspektiv i høve til kvarandre. SOS101 og SOS103 20-24 timar førelesningar Ca 20 timar seminar Ei innleveringoppgåve på 2000 ord og skriftlege kommentarar til to medstudentar sine oppgåver. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra. 6 timar skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no

Universitetet i Bergen - Bacheloroppgåve

Haust og vår Norsk Haust og vår Hovudmålsetjinga med bacheloroppgåva er at studentane skal foreta ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei sosiologisk problemstilling med utgangspunkt i anten sosiologisk litteratur eller eit empirisk datamateriale. Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve, og ei sjølvvalt sosiologisk fordjuping som skal resultere i ei sjølvstendig skriftleg oppgåve. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/ei problemstilling som anten vert drøfta ut frå eit eller fleire teoretiske perspektiv, tidlegare forsking eller empirisk analyse av kvantitative eller kvalitative data. Instituttet vil syte for at det føreligg ei liste med forslag til tema. Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane ha utvikla evne til å utforme ein sosiologisk problemstilling og eit opplegg for undersøkingar og analyse av eit eige valt tema. Dei skal ha utvikla ferdigheiter i innsamling og analyse av ulike typar empirisk og teoretisk materiale, samt i disponering og framstilling av sjølvstendig skriftleg sosiologisk arbeid. Studentane skal ha fått erfaring med munnleg formidling av eige arbeid, og utvikla praktiske ferdigheiter i bruk av kjelder og referansar og etiske normer knytt til heiderleg framferd i forskingsarbeid. MET102 og minst eitt av emna SOS101, SOS103 eller SOS104/105/106/108/109/110/111/112/113/114 SOS101, MET102, SOS103 og eitt av emna SOS104/SOS105/SOS106/SOS108/SOS109/SOS110/SOS111/SOS112/SOS113/SOS114 Førelesingar, seminar og rettleiing Innlevering av bacheloroppgåve og godkjent munnleg presentasjon av bacheloroppgåva. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret. Innlevering av ei bacheloroppgåve (7500 - 8000 ord) og munnleg eksamen. Ein student har i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same bacheloroppgåve i SOS202 fleire gonger. Dersom ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten: stille og gje svar på nye problemstillingar, og/eller trekkje inn nye kjelder/data, og/eller gjere ei radikalt endra analysedrøfting av problemstillingane/empirien. Studenten må søkje instituttet om å gå opp til ny eksamen i SOS202. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva. Instituttet ved emneansvarlege for SOS202, avgjer søknaden Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Sosiologisk analyse

Vår Norsk eller engelsk Vår og haust Målsetjinga med dette emnet er å utvikle studentane sine evne til kritisk lesing av sosiologiske studiar og ei djupare forståing av samspelet mellom teori, empiri og analytiske nivå i sosiologisk analyse. Ulike typar eksemplariske sosiologiske studiar vert gjort til gjenstand for intensiv gransking når det gjelder teoretisk og empirisk problematikk, analyseopplegg og vitskapleg argumentasjon. Studenten skal ha tileigna seg innsikt i korleis empirisk forankra sosiologisk kunnskap vert skapt og skal ha oppøvd evne til å peke ut og kritisk drøfte metodologiske aspekt og diskusjonar i samfunnsvitskaplege studiar. Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande Førelesingar og seminar Innlevering av essay om valt monografi (ca 3000 ord) som skal godkjennast av emneansvarlige. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret. 7 dagars heimeeksamen med utgangspunkt i gitt oppgåve over den valte monografien (ca 4000 ord). Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Metode - statistisk analyse

Vår Norsk og engelsk Vår og haust Gjennom dette emnet skal studentane utvikle ferdigheiter i bruk av statistiske analyseteknikkar, med vekt på regresjonsanalyse, og evne til kritisk forståing av forsking og resultat av forsking basert på slike teknikkar. Emnet vil dels bestå i gjennomgang av og opplæring i bruk av statistiske analyseteknikkar, og dels vere ein gjennomgang og drøfting av døme frå forsking der slike teknikkar er brukte. Studentane skal ha tileigna seg ei elementær forståing av statistisk testteori, og skal kunne utføre og tolke resultata av enkel krysstabellanalyse, lineær regresjonsanalyse med vanleg minste kvadratars metode, samt logistisk regresjonsanalyse. Dei skal og kunne vurdere om føresetnadene for bruk av desse metodane er innfridd. Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarende Førelesingar og seminar Ei oppgåve som skal leverast inn, først i utkast og deretter i endeleg utgåve. Oppgåva skal vere godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgande eksamenssemesteret. 5 timar skuleeksamen Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Velferd, ulikskap og livsløp

Årleg i haust og/eller vårsemesteret (fyrste gong våren 2010). Norsk eller engelsk SOS320 er eit valemne som er knytt til eit av forskingsprofilområda til instituttet: velferd, ulikskap og livsløp. Målet med emnet er å utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar på dette området. Både klassiske og nyare teoriar, diskusjonar og forsking vert tatt opp. Det vert lagt vekt på å setje norske debattar inn i ein komparativ kontekst. Forskinga til dei tilsette ved instituttet vil ha ein sentral plass i undervisninga. Difor vert det fokusert på tema som fordeling og bruk av offentlege velferdsytingar/-tenester, møtet mellom brukar og system og mellom velferdsmottakarar og -ytarar, og ulikskap og fattigdom. Hovudfokus vil variere frå semester til semester. Gjennom studiet skal studentane ha fått inngåande kunnskap om utvalde tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innanfor forskingsområdet velferd, ulikskap og livsløp, og ha øvd opp evnene sine til å utforme, drøfte og analysere sosiologiske problemstillingar knytt til denne temakrinsen. Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande. Førelesingar og seminar. Ingen Essay på 3000-4000 ord. Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Migrasjon, miljø og utvikling

Årleg i haust og/eller vårsemesteret (fyrste gong våren 2010). Norsk eller engelsk SOS 321 er eit valemne som er knytt til forskingsprofilområdet Migrasjon, miljø og utvikling. Målet med emnet er at studentane skal få kunnskap om nasjonale og internasjonale debattar på området som vert førde med forankring i sosiologisk relevante perspektiv. Nyare forsking på området vert presenterte, og ulike globaliseringsprosessar vert tematiserte. Hovudfokuset i undervisninga vil variere frå semester til semester. Gjennom studiet skal studentane ha fått inngåande kunnskap om utvalde tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innanfor forskingsområdet migrasjon, miljø og utvikling, og ha øvd opp evnene sine til å utforme, drøfte og analysere sosiologiske problemstillingar knytt til denne temakrinsen. Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande. Førelesingar og seminar. Ingen Essay på 3000-4000 ord. Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi

Årleg i haust og/eller vårsemesteret (fyrste gong våren 2010) Norsk eller engelsk SOS322 er eit valemne som er knytt til forskingsprofilområdet Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målet med emnet er at studentane skal få kunnskap om nyare forsking innanfor temakrinsen som dette området omfattar. Det vil òg bli fokusert på forskingsfelt som er relevante på tvers av fleire einskildtema, som klasser og sosial mobilitet. Kva hovudtema og relasjonar mellom tema det vert fokusert på i undervisninga vil variere frå semester til semester. Gjennom studiet skal studentane ha fått inngåande kunnskap om utvalde tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innanfor forskingsområdet arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi, og ha øvd opp evnene sine til å utforme, drøfte og analysere sosiologiske problemstillingar knytt til denne temakrinsen. Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande. Førelesingar og seminar. Ingen Essay på 3000-4000 ord. Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Prosjektutvikling

Vår Norsk og engelsk Vår og haust Å utvikle spesifikke kunnskapar og ferdigheiter for prosjektutvikling, knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking, og etiske problemstillingar, samt å gjennomføre forarbeid for eige masterprosjekt. Ein arbeider med utvalde emne knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking og etiske problem. Arbeidet skjer gruppevis og individuelt med forarbeid til eige masterprosjekt og utforming av prosjektskildring. Kvar student får også ein eigen rettleiar i samband med utviklinga av prosjektopplegget og prosjektskildringa. Studenten skal ha oppøvd grunnleggjande ferdigheiter i prosjektdesign: formulering av problemstillingar, val av perspektiv/teori og metode, presentasjon av aktuell forskingslitteratur, og drøfting av etiske problemstillingar. Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande Seminar og individuell rettleiing Eit utkast til prosjektskisse der tema og problemstilling er identifisert, samt at aktuell forskingslitteratur er forsøkt innarbeidd. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande semesteret. Innlevering av prosjektskildring. Bestått / ikkje bestått Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå ved instituttet. studieveileder@sos.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Masteroppgåva

Vår og haust Vår og haust Utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter, samt evne til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid. Masteroppgåva byggjer på eit sjølvstendig forskingsprosjekt som endar i ei avhandling. Det er ynskeleg at studentane vel eit prosjekttema som faller innanfor eitt av instituttet sine forskingsområde. Før studenten går i gang med sitt forskingsprosjekt, må han/ho levere ei prosjektskildring til godkjenning ved instituttet. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten ha oppnådd innsikt i utføringa av eit sjølvstendig forskingsarbeid innan gitte tidsrammer. Studenten skal ha utviklet forståing for korleis ei vitskapleg problemstilling skal utformast og forfølgjast gjennom bruk av sosiologisk teori og metode. Studenten skal ha oppnådd brei kunnskap om forskinga på det feltet som er relevant for oppgåva sitt tema, og utvikla evne til kritisk vurdering av denne forskinga. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten ha utvikla analytiske evner og metodiske ferdigheiter som gjer han/ho i stand til å raskt setje seg inn i nye problemstillingar, vurdere og tileigne seg ny fagkunnskap, og bruke denne kunnskapen i sjølvstendige analyser av aktuelle samfunnsspørsmål på ulike områder. Studenten skal også ha utviklet innsikt i og oppøvd evna til vurdering av grunnleggjande etiske problemstillingar ein stilles ovanfor i praktisk forskingsverksemd. SOS301, SOS302, SOS303, SOS304, SOS340 samt eitt valemne eller tilsvarande Seminar og individuell rettleiing Innlevering av masteroppgåve og munnleg eksamen. Masteroppgåva skal leverast elektronisk på emnet si heimeside på Mi side / Studentportalen. Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no
Score: 12.036267 Details | Listing | Web page

Universitetet i Bergen - Masteroppgåva

Vår og haust Norsk og engelsk Vår og haust Utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter, samt evne til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid. Masteroppgåva byggjer på eit sjølvstendig forskingsprosjekt som endar i ei avhandling. Det er ynskeleg at studentane vel eit prosjekttema som faller innanfor eitt av instituttet sine forskingsområde. Før studenten går i gang med sitt forskingsprosjekt, må han/ho levere ei prosjektskildring til godkjenning ved instituttet. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten ha oppnådd innsikt i utføringa av eit sjølvstendig forskingsarbeid innan gitte tidsrammer. Studenten skal ha utvikla forståing for korleis ei vitskapleg problemstilling skal utformast og forfølgjast gjennom bruk av sosiologisk teori og metode. Studenten skal ha oppnådd brei kunnskap om forskinga på det feltet som er relevant for oppgåva sitt tema, og utviklet evne til kritisk vurdering av denne forskinga. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten ha utvikla analytiske evner og metodiske ferdigheiter som gjer han/ho i stand til å raskt setje seg inn i nye problemstillingar, vurdere og tileigne seg ny fagkunnskap, og bruke denne kunnskapen i sjølvstendige analyser av aktuelle samfunnsspørsmål på ulike områder. Studenten skal også ha utvikla innsikt i og oppøvd evna til vurdering av grunnleggjande etiske problemstillingar ein stilles ovanfor i praktisk forskingsverksemd. SOS301, SOS302, SOS303, SOS304, SOS340 samt eitt valemne eller tilsvarande Seminar og individuell rettleiing Innlevering av rettleiingskontrakt (2. semester) og framdriftsrapport (3. semester). Innlevering av masteroppgåve og munnleg eksamen. Masteroppgåva skal leverast elektronisk via emnet si heimeside på Mi Side / Studentportalen. Karakterskala A-F Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i trådd med vedtatt evalueringsplan for bachelor- og masternivå i sosiologi. studieveileder@sos.uib.no

1 - 25 26 - 34