| source Universitetet i Bergen (X) |
level |
department Spansk språk og latinamerikastudium (X) |
Vår Spansk Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. SPLA101 omfattar grammatikk, fonetikk og praktisk språkbruk. Grammatikkstudiet gir ei grundig innføring i moderne spansk språk og fonetikkstudiet gir ei grundig innføring i moderne spansk fonetikk. I tillegg blir det gitt ei innføring i praktisk språkbruk. Studentane skal gjennom grammatikkstudiet og kurset i praktisk språkbruk vinna kunnskap om sentrale tema i og problemstillingar innan spansk språk og øva seg opp i bruk av språket. Studentane skal være i stand til å bruka faglege kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv. Ingen Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skole. Undervisninga i grammatikk blir gitt i form av førelesingar to timar i veka i 12 veker. Det blir undervist i sentrale delar av pensum. Praktiske øvingar i grammatikk er knytte opp til førelesingane. Undervisninga i fonetikk blir gitt i form av førelesingar to timar i veka i seks veker. Det blir undervist i sentrale delar av pensum. Praktiske øvingar i fonetikk er knytte opp til førelesingane. Det blir gruppeundervisning med fokus på praktisk spansk to timar i veka i seks veker (tre grupper). Det er tre obligatoriske oppgåver: ei i grammatikk, ei i fonetikk og ei i praktisk spansk. Desse må utførast innan fristen for den enkelte aktivitet. Aktivitetane blir vurderte som godkjent/ikkje godkjent. Alle dei tre aktivitetane må være godkjende før ein kan få vurdering i emnet. Vurderingsforma er ein 6-timars skoleeksamen med spørsmål frå pensum i grammatikk og fonetikk. Eksamen inneheld òg ei oppgåve i praktisk spansk. For å kunna gå opp til eksamen må studentane ha fått godkjent dei obligatoriske aktivitetane som er nemnde under Obligatoriske arbeidskrav i undervisningssemesteret. Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på alle eksamensdagane. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene, t.d. lime/stifte saman grammatikkdelen. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 12.140545 Details | Listing | Web page
Vår Spansk, men på somme førelesingar norsk eller engelsk Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. Studiet gir eit generelt oversyn over særtrekk og fellestrekk ved dei spansktalande landa i Latin-Amerika, og dessutan innsyn i emne som gjeld samfunn og kultur i desse landa. Studentane skal vinna kunnskap om sentrale tema og problemstillingar i dei spansktalande samfunna og kulturane i Latin-Amerika, og på same tid få innsyn i ulike fagtradisjonar og deira måte å tilnærma seg Latin-Amerika på. Studentane skal analysera fagstoff og trekka eigne slutningar. Dei skal vidare utvikla evna til å skjøna og bruka moderne spansk munnleg og skriftleg i prosjektbaserte arbeid. Ingen Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skole. Undervisninga er basert på førelesingar, gruppeundervisning og konversasjon, og legg derfor til grunn at studentane tar aktivt del i undervisningstilbodet. Det blir gitt førelesingar to timar i veka i 12 veker, og gruppeundervisning to timar i veka i 12 veker (3 grupper). Studentane skal i løpet av studiet førebu presentasjonar av tema frå ulike delar av pensum på spansk, både skriftleg og munnleg. Det blir gitt tilbakemelding på arbeidet med desse presentasjonane undervegs, i samband med undervisninga. Det skriftlege arbeidet skal vera på maksimalt 1500 ord (Times New Roman 12, dobbel linjeavstand) og den munnlege presentasjonen skal vara i om lag fem minutt. Både det skriftlege og det munnlege arbeidet fungerer som ei førebuing til avsluttande eksamen i emnet. Det obligatoriske arbeidskravet må vera oppfylt for å kunne få vurdering i emnet. Vurderingsforma i emnet er todelt: Eit skriftleg arbeid på spansk (om lag 2000 ord) over eit emne frå pensum. Studentane kan velja mellom eit utval tema som blir gitt av lærarane . Det blir gitt tilbakemelding på arbeidet med denne oppgåva undervegs i semesteret, i samband med undervisninga. Innleveringsfristen blir kunngjord på Mi side, og i samband med undervisninga. Oppgåva skal leverast i 3 eksemplar ved Institutt for framandspråk. Semesteret blir avslutta med ein munnleg eksamen der kandidaten held ein presentasjon (8-10 min.) av eit emne frå ein annan del av pensum enn det som gjeld for det skriftlege arbeidet. Tema for presentasjonen blir gitt av lærarane. Kandidaten vil òg få spørsmål frå resten av pensum. Det skriftlege arbeidet skal være greidd før ein kan ta munnleg eksamen i emnet, og både oppgåva og munnleg eksamen må være greidde før det blir gitt studiepoeng for emnet. Kvar av dei to vurderingsdelane tel 50% i utrekninga av den samla karakteren. Det er høve til å ta den munnlege eksamenen inntil to semester etter at den skriftlege oppgåva er greidd. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen

Vår og haust Spansk SPLA251(100 %) Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søke UA om å få gå opp til særskild eksamen. SPLA201 er eit fordjupingsemne i spansk språk på 15 studiepoeng. Grammatikk, med særleg vekt på latinamerikanske variantar, blir gitt kvart undervisningssemester. Semantikk, pragmatikk, dialektologi, målsoge eller omsetjingsteori vil rotera mellom dei ulike semestra. I kombinasjon med SPLA252, SPLA253 eller eitt av emna TRANSHF (med omsetjing mellom spansk og norsk), LITTEHF, ALLV202, KVIK203 eller KVIK204 kan emnet danna spesialiseringa i Spansk språk og latinamerikastudium. Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis. Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i språkvitskaplege emne i: A) grammatikk med særleg vekt på latinamerikanske variantar (morfologi, syntaks), i tillegg B) semantikk, pragmatikk, dialektologi, målsoge eller omsetjingsteori. Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering. Ingen SPLA201 baserer seg på spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA101. Undervisninga er samansett av førelesingar, seminar og gruppeøvingar. Det blir gitt grammatikkførelesingar to timar i veka i 12 veker, førelesingar i El español de América to timar i veka i 12 veker og gruppeøvingar to timar i veka i seks veker. Studentane lyt ta aktivt del i seminara og gruppeøvingane, mellom anna med skriftlege oppgåver og munnlege innleiingar. Undervisninga går saman med SPLA251. Ingen Vurderingsforma er ein 6-timars skriftleg skoleeksamen med oppgåver frå båe pensumdelar. Dei to delane veg likt når karakteren blir sett. For at studenten skal få ståkarakter i emnet må oppgåver frå begge pensumdelar være vurdert til ståkarakter. Ein skal svara på eksamen på spansk. Ved karakterfastsetjinga blir både den språklege dugleiken og det faglege innhaldet vurderte. Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på alle eksamensdagane. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen

Vår og haust Spansk SPLA252 (100 %) Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søke UA om å få gå opp til særskild eksamen. SPLA202 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk litteratur på 15 studiepoeng. Tema for undervisninga vil variera frå semester til semester. I kombinasjon med SPLA251, SPLA253 eller eitt av emna TRANSHF (med omsetjing mellom spansk og norsk), LITTEHF, ALLV202, KVIK203 eller KVIK204 kan emnet danna spesialiseringa i Spansk språk og latinamerikastudium. Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit tema frå latinamerikansk litteratur, t.d. ein periode, ein sjanger, eit tema, ein nasjonallitteratur eller liknande. Ein kan henta temaet i tekstutval frå 1492 og fram til vår eiga tid. Studentane skal ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innafor eit avgrensa område. Dei skal kunna arbeida sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar. Studentane skal kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte. Ingunn SPLA202 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA102. Undervisninga er organisert som seminar, og går over 12 veker, med 4 undervisningstimar i veka. Undervisninga går saman med undervisninga på SPLA252. Ingen Vurderingsforma er ein 6-timars skriftleg skoleeksamen. Ein skal svara på eksamen på spansk. Ved karakterfastsetjinga blir både den språklege dugleiken og det faglege innhaldet vurderte. Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på alle eksamensdagane. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen

Vår og haust Spansk SPLA253 (100 %) Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søke UA om å få gå opp til særskild eksamen. SPLA203 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap på 15 studiepoeng. Tema kan variera frå semester til semester. I kombinasjon med SPLA251, SPLA252 eller eitt av emna TRANSHF (med omsetjing mellom spansk og norsk), LITTEHF, ALLV202, KVIK203 eller KVIK204 kan modulen danna spesialiseringa i Spansk språk og latinamerikastudium. Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis. Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit emne frå latinamerikansk kulturkunnskap, t.d. ein periode, eit land, eit tema. Ein kan henta emnet i eit tekstutval frå perioden 1492 og fram til vår eiga tid. Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering. Ingen SPLA203 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA103. Studietilbodet inneheld både førelesingar, diskusjons- og skriveseminar. Undervisninga går saman med SPLA253. Tal på førelesingar er to timar i veka i 12 veker. Det blir dessutan gitt seminar to timar i veka i 12 veker. Ingen Ein 6-timars skriftleg skoleeksamen. Ein skal svara på eksamen på spansk. Ved karakterfastsetjinga blir både den språklege dugleiken og det faglege innhaldet vurderte. Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på alle eksamensdagane. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen

Vår og haust Spansk SPLA201(100 %) Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. SPLA251 er eit fordjupingsemne i spansk språk på 15 studiepoeng. Grammatikk, med særleg vekt på latinamerikanske variantar, blir gitt kvart undervisningssemester. Semantikk, pragmatikk, dialektologi, målsoge eller omsetjingsteori vil rotera mellom dei ulike semestra. I kombinasjon med SPLA202/SPLA252, SPLA203/SPLA253 eller eitt av emna TRANSHF (med omsetjing mellom spansk og norsk), ALLV201, LITTEHF, ALLV202, KVIK203 eller KVIK204 kan emnet danna spesialiseringa i Spansk språk og latinamerikastudium. Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis. Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i språkvitskaplege emne i: A) grammatikk med særleg vekt på latinamerikanske variantar (morfologi, syntaks), i tillegg B) semantikk, pragmatikk, dialektologi, målsoge eller omsetjingsteori. Dei skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering. Ingen SPLA251 baserer seg på spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA101. Undervisninga er samansett av førelesingar, seminar og gruppeøvingar. Det blir gitt grammatikkførelesingar to timar i veka i 12 veker, førelesingar i El español de América to timar i veka i 12 veker og gruppeøvingar to timar i veka i seks veker. Studentane lyt ta aktivt del i seminara og gruppeøvingane, mellom anna med skriftlege oppgåver og munnlege innleiingar. Undervisninga går saman med SPLA201. Den rettleidde oppgåva som blir omtala under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halde seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Det blir sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing per e-post/tlf. blir ikkje gitt. Ei rettleidd oppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal være på om lag 12 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ein samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn. To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall være på 15 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein felles karakter på oppgåva. Det ferdige arbeidet skal leverast i 3 eksemplar ved Institutt for framandspråk. Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel båe 50 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SPLA251. Båe eksamensdelane må være greidde i same semester. Vurderingsforma rettleidd oppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad. Dei som vel to av spanskemna på 200-nivå, kan maksimalt velja eit av oppgåveemna med 250-kode i same semester. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen

Vår og haust Spansk SPLA202 (100 %) Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. SPLA252 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk litteratur på 15 studiepoeng. Tema for undervisninga vil variera frå semester til semester. I kombinasjon med SPLA201/SPLA251, SPLA203/SLA253 eller eitt av emna TRANSHF (med omsetjing mellom spansk og norsk), ALLV201, LITTEHF, ALLV202, KVIK203 eller KVIK204 kan emnet danna spesialiseringa i Spansk språk og latinamerikastudium Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit tema frå latinamerikansk litteratur, t.d. ein periode, ein sjanger, eit tema, ein nasjonallitteratur eller liknande. Ein kan henta temaet i tekstutval frå 1492 og fram til vår eiga tid. Studentane skal ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område. Dei skal kunna arbeide sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar. Studentane skal kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte. Ingen SPLA252 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA102. Undervisninga er organisert som seminar og går over 12 veker, med 4 undervisningstimar i veka. Undervisninga går saman med undervisninga på SPLA202. I tillegg kjem individuell rettleiing i samband med utarbeiding av oppgåve. Den rettleidde oppgåva som blir omtala under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Det blir sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing per e-post/tlf. blir ikkje gitt. Ei rettleidd oppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal være på om lag 12 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ein samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn. To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall være på minst 15 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein felles karakter på oppgåva. Det ferdige arbeidet skal leverast i 3 eksemplar ved Institutt for framandspråk. Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel båe 50 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SPLA252. Båe eksamensdelane må være greidde i same semester. Vurderingsforma rettleidd oppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad. Dei som vel to av spanskemna på 200-nivå, kan maksimalt velja eit av oppgåveemna med 250-kode i same semester. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen

Vår og haust Spansk SPLA203 (100 %) Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB. SPLA253 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap på 15 studiepoeng. Tema kan variera frå semester til semester. I kombinasjon med SPLA201/SPLA251, SPLA202/SPLA252 eller eitt av emna TRANSHF (med omsetjing mellom spansk og norsk), ALLV201, LITTEHF, ALLV202, KVIK203 eller KVIK204 kan modulen danna spesialiseringa i Spansk språk og latinamerikastudium. Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis. Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit emne frå latinamerikansk kulturkunnskap, t.d. ein periode, eit land, eit tema. Ein kan henta emnet i eit tekstutval frå perioden 1492 og fram til vår eiga tid. Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering. Ingen SPLA253 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA103. Studietilbodet inneheld både førelesingar, diskusjons- og skriveseminar. Undervisninga går saman med SPLA203. Tal på førelesingar er to timar i veka i 12 veker. Det blir dessutan gitt seminar to timar i veka i 12 veker. Den rettleidde oppgåva som blir omtala under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halde seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Det blir sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing per e-post/tlf. blir ikkje gitt. Ei rettleidd oppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal være på om lag 12 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ein samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn. To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall være på 15 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein felles karakter på oppgåva. Det ferdige arbeidet skal leverast i 3 eksemplar ved Institutt for framandspråk. Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel båe 50 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SPLA253. Båe eksamensdelane må være greidde i same semester. Vurderingsforma rettleidd oppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad. Dei som vel to av spanskemna på 200-nivå, kan maksimalt velja eit av oppgåveemna med 250-kode i same semester. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen

Vår Spansk Emnet er ope for alle masterstudentar i spansk språk og latinamerikastudium ved UiB. SPLA302 er eit fordjupingsemne i spanskamerikansk litteratur. I emnet inngår seminardeltaking og sjølvstendig arbeid innan eit litteraturfagleg problemfelt. Studentane skal oppnå analytisk og teoretisk fordjuping i eit emne frå spanskamerikansk litteratur. Dei skal kunna formulera problemstillingar for, planlegga og gjennomføra forskings- og utviklingsoppgåver, samt ha kunnskap om forskingsfronten på sitt fagområde. Dei skal kunna delta i debattar innafor sitt fagområde i internasjonale fora. Bachelorgrad med spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudium. Tema for undervisninga kan variera frå semester til semester. Undervisninga er samansett av førelesingar og/eller seminar fire timar i veka i 12 veker og individuell rettleiing knytt til ei oppgåve. Det er obligatorisk å levera to utkast av oppgåva til rettleiing og å møta til rettleiing to gonger i løpet av semesteret. Rettleiing per e-post vil berre bli gitt i heilt særskilte høve og då etter godkjenning av søknad til instituttet. Fristane for innlevering av utkasta blir kunngjorde i samband med førelesinga/seminaret. Studentane skriv ei rettleidd oppgåve (essay) på 15-20 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) på spansk, pluss bibliografi. Tema for oppgåva blir godkjent av faglærar og vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret (skal leverast i tre eksemplar). To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall være på 20-25 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein sams karakter på oppgåva. Studentane skal i løpet av masterstudiet ha skrive minimum ei av dei rettleidde oppgåvene på SPLA301, SPLA302 og SPLA303 individuelt. For å kunna levera den rettleidde oppgåva i undervisningsfritt semester (haustsemesteret), må dei obligatoriske aktivitetane være unnagjorde i vårsemesteret. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen

Vår Spansk Emnet er ope for alle masterstudentar i spansk språk og latinamerikastudium ved UiB. SPLA303 er eit fordjupingsemne i spanskamerikansk historie på 15 studiepoeng. Det femner om seminardeltaking og sjølvstendig arbeid med eit historisk problemområde. Studentane skal utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning til analyse av problemstillingar i spanskamerikansk historie og kultur, og leggja til rette for vidare fordjuping innanfor fagfeltet. Studentane skal kunna formulera problemstillingar for, planlegga og gjennomføra forskings- og utviklingsoppgåver, samt ha kunnskap om forskingsfronten på sitt fagområde. Dei skal kunna delta i debattar innafor sitt fagområde i internasjonale fora. Bachelorgrad med spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudium. Tema for undervisninga kan variera frå semester til semester. Undervisninga er samansett av førelesing og/eller seminar og individuell rettleiing knytt til ei oppgåve. Førelesingane/seminara kan anten bli gitt som fire timar i veka i tolv veker eller i større undervisningsbolkar. Det er obligatorisk å levera to utkast av oppgåva til rettleiing og å møta til rettleiing to gonger i løpet av semesteret. Fristane for innlevering av utkasta blir kunngjorde i samband med førelesinga/seminaret. Studentane skriv ei rettleidd oppgåve (essay) på 15-20 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) på spansk, pluss bibliografi. Tema for oppgåva blir godkjent av faglærar, og vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret (skal leverast i tre eksemplar). To studentar kan velja å gå saman om å skriva éi oppgåve, og oppgåva skal i så fall være på 20-25 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Det blir gitt ein sams karakter på oppgåva. Studentane skal i løpet av masterstudiet ha skrive minimum ei av dei rettleidde oppgåvene på SPLA301, SPLA302 og SPLA303 individuelt. For å kunna levera den rettleidde oppgåva i undervisningsfritt semester (haustsemesteret), må dei obligatoriske aktivitetane være unnagjorde i vårsemesteret. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen

Vår og haust Spansk Emnet er ope for alle masterstudentar i spansk språk og latinamerikastudium ved UiB. Masteroppgåva utgjer den viktigaste delen av masterstudiet, og er normert til to semester med intensivt arbeid. Tema for masteroppgåva kan etter samråd med faglærar i prinsippet veljast fritt, men vil i praksis være styrt av kapasiteten på faget. Tema og problemstilling for masteroppgåva skal være knytte til éin av hovuddisiplinane i faget. Masteroppgåva skal skrivast på spansk og bør normalt ha eit omfang på 70-100 sider. Ved fullført mastergrad skal kandidaten ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område ha grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen kunna arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar kunna setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet kunna skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget kunna gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer kjenna normene for akademisk skriving kunna bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet sjølvstendig kunna halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering kunna uttrykkja på spansk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde kjenna til relevante kommunikative sjangrar kunna ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet Bachelorgrad med spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudium. Studenten har krav på 30 timar med rettleiing. Student og institutt skal teikna ein innbyrdes forpliktande rettleiingskontrakt i første eller andre semester, alt etter kva semester studenten følgjer emnet SPLA304. Tema for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar. Ei masteroppgåve skriven på spansk på 70-110 sider. Det er to fristar for innlevering av masteroppgåva kvart semester. Etter at masteroppgåva er vurdert, blir det halde ei munnleg prøve. Dette er ein samtale kring problemstillingar i masteroppgåva, og kan endra den endelege karakteren med ein bokstavkarakter. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 12.140545 Details | Listing | Web page
Vår og haust Norsk og spansk Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom SEVU. Målet med kurset er å gi ei grunnleggjande innføring i moderne spansk språk, og leggja til rette for studentane sitt første møte med spansk og latinamerikansk kultur og samfunnstilhøve. Kurset er sett saman av fleire nettbaserte komponentar: høyrespel, lærebok, grammatikk, video, øvingar og blogg, synkronundervising, diskusjonsfora og samlingar. Eit høyrespel på tre og ein halv time, illustrert med ein teikneserie, er hovudkomponenten i kurset. Emnet SLAN600 er eit innføringskurs i moderne spansk språk. Studentane skal opparbeida seg grunnleggjande språkkunnskapar i spansk. Kurset skal òg leggja til rette for studentane sitt første møte med spansk og latinamerikansk kultur og samfunnstilhøve. Kurset skal gi dei ein grunnkompetanse som gjer det mogleg å byrja på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium. Krav Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Det blir ikkje kravd forkunnskapar i spansk. Undervisninga er nettbasert. Det blir undervist i sentrale delar av pensum gjennom nettbaserte førelesingar og gruppeundervisning med lærar. I tillegg blir det organisert studentkollokvium der studentane kan diskutera oppgåver som er utarbeidde av førelesar. Studentane får òg tilbod om oppfølging gjennom diskusjonsforum. Undervisninga er fordelt på 45 min førelesing og 45 min gruppeundervisning pr veke. Det er to samlingar (ikkje obligatoriske) i Bergen, kvar på to dagar, i løpet av kurset. Eit emne på 10 studiepoeng svarar i arbeidsmengd til 1/6 årsverk. Studentane må rekna med monaleg eigeninnsats i tillegg til aktiv deltaking i undervisninga. For å kunne gå opp til eksamen skal seks obligatoriske øvingsoppgåver være utførte. Oppgåvene kan være utfyllingsoppgåver, skildring av bilete eller video, kommentarar i blogg, tekstar om oppgitte emne og frie tekstar. Omfanget for oppgåvene vil variere med type og tema. Ei skriftleg prøve på fire timar og ei munnleg prøve med ein samtale på spansk. Den skriftlege og den munnlege delen av eksamen tel båe 50 prosent av samla karakter. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 12.140545 Details | Listing | Web page
Vår Spansk Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom SEVU. Kurset skal gi studentane oversyn over hovudtrekka i latinamerikansk historie og samfunnstilhøve frå 1492 og fram til i dag, med hovudvekt på det 19. og 20. hundreåret. Studiet kastar lys over særtrekk ved dei ulike spanskamerikanske landa, og har særleg fokus på Mexico, Argentina, Cuba og Chile. Studentane vinn innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet latinamerikansk historie, kultur og tradisjonar. Vidare skal studentane analysera fagstoff og trekka eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv. Ingen Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Forkunnskapar i spansk på språknivå 2 frå vidaregåande skole, eller spansk innføringskurs. Studentane blir rådde til å ta eksamen i SLAN611 før dei startar på SLAN612. Det blir undervist i sentrale delar av pensum gjennom nettbaserte førelesingar og gruppeundervisning med lærar. Studentane får òg tilbod om oppfølging gjennom diskusjonsforum. Undervisninga er fordelt på 45 min førelesing og 45 min gruppeundervisning pr veke. Tidspunkt: Sein ettermiddag/tidleg kveldstid (ikkje fredagar). Ingen Eit skriftleg arbeid der problemstilling/tema for oppgåva blir gitt fire veker før innlevering. Studentane skal svara på oppgåva på spansk og lengda på oppgåva skal være om lag 2400 ord. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 12.140545 Details | Listing | Web page
Vår Spansk Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom SEVU. Emnet gir kunnskapar om sentrale delar av spanskamerikansk litteratur med hovudvekt på det 20. hundreåret og - etter kvart - det 21. hundreåret. Kurset skal gi studentane eit breitt oversyn over moderne spanskamerikansk litteratur. Studiet skal gi studentane eit oversyn over hovudtendensar i spanskamerikansk litteraturhistorie frå 1492 og fram til i dag. Studentane skal arbeida med eit representativt utval tekstar frå ulike nasjonallitteraturar, sjangrar og epokar, og utvikla ei analytisk forståing for eigenarten ved tekstane. Studiet skal gi innsikt i sentrale tema og problemstillingar innan spanskamerikansk litteratur. Studentane skal analysera fagstoff og trekka eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv. Ingen Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Forkunnskapar i spansk på språknivå 2 frå vidaregåande skole, eller spansk innføringskurs. Studentane blir rådde til å ta eksamen i SLAN611 og SLAN612 før dei startar på SLAN614. All undervisning er nettbasert. Undervisninga går føre seg i lærarstyrte grupper, der ein samtalar om pensumtekstane på spansk. Det blir lagt vekt på både den litteraturhistoriske konteksten og på dei formelle og tematiske kvalitetane ved tekstane. I tillegg blir det organisert studentkollokvium der studentane kan diskutere oppgåver som er utarbeida av førelesar. Studentane får òg tilbod om oppfølging gjennom diskusjonsforum. Gruppeundervisninga med lærar er fordelt på to gonger à 45 min. pr veke. Tidspunkt: Sein ettermiddag/tidleg kveldstid (ikkje fredagar). Studentane skal i løpet av semesteret levera tre kortare oppgåver (kvar på om lag 1500 ord) på spansk som blir retta og kommenterte av førelesar. Mappevurdering. Studentane vel ut to av dei obligatoriske oppgåvene nemnde under "obligatoriske arbeidskrav", arbeider vidare med dei og leverer dei i ei mappe. Endeleg omfang skal være om lag 2400 ord for kvar av oppgåvene. Dei to oppgåvene tel båe 50 % av endeleg karakter. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 12.140545 Details | Listing | Web page
Vår Spansk Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom SEVU. Fagdidaktikk i spansk er eit emne som er utvikla med særleg tanke på nyutdanna spansklærarar, men som òg vil være nyttig for andre som ønskjer fagleg påfyll. Kurset tar for seg sentrale språkdidaktiske problemstillingar med fokus på korleis læreplanen sine kompetansemål for 2. framandspråk kan gjennomførast praktisk i undervisninga. Kurset legg særskilt vekt på utvikling av munnleg og digital dugleik. Eit kort studieopphald i Spania inngår i emnet. Kurset vil ta teoretisk utgangspunkt i sentrale pensumtekstar, men legg vekt på ei praktisk tilnærming. Konkrete oppgåver knytt til læreplanen sine kompetansemål vil derfor utgjera ein stor del av studiet. På denne måten vil studentane opparbeida seg ei "verktykasse" av munnlege og digitale aktivitetar som kan nyttast i eigen undervisning. Eit viktig element i kurset vil være refleksjon over eigne og andre sine undervisningsopplegg. Studentane sin eigen røyndom med undervisning vil bli trekt inn som ein verdifull ressurs i arbeidet med språkdidaktiske problemstillingar. Studiet består av fire didaktiske målområde: Språkutvikling Kommunikasjon Bruk av IKT i undervisninga Planlegging, gjennomføring og vurdering av språkopplæringa i høve til LK 06 Gjennom studiet skal studentane få eit visst innsyn i teoriar om språklæring og sentrale språkdidaktiske problemstillingar. Studentane skal utvikla evne til å planlegga undervisninga i høve til læreplanen og ulike læringsmåtar hjå elevane. Studentane skal òg vidareutvikla sin munnlege kompetanse for å stimulera til økt bruk av målspråket i eigen undervisning. Vidare skal studentane utvikla sin pedagogiske digitale kompetanse slik at dei i større grad kan integrera IKT som ein del av eiga undervisning. Best resultat vil studentane oppnå om dei kan praktisera aktivitetane dei lærer fortløpande i eit klasserom. Det er derfor ein føremon om studentane er aktive som spansklærarar medan dei tar dette emnet. Emnet kan ikkje være del av ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium, men kan inngå som frie studiepoeng i ei bachelorgrad. Ingen Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Studenten bør ha avlagt minst 30 studiepoeng på 100-nivå i spansk, tilrådd SLAN611 og SLAN613 eller tilsvarande. Undervisninga omfattar: - 10 nettbaserte førelesningar - 10 nettbaserte gruppetimar med lærar - 2 samlingar/workshops - Eit studieopphald (ei veke) i Spania. Ei nettbasert audio-visuell læringsplattform vil bli nytta til undervisninga i førelesningar og grupper. Tema som blir introduserte i førelesningstimane blir utgangspunkt for studentarbeidet i gruppetimane. I gruppetimane får studentane tilbakemelding frå medstudentar og rettleiing av lærar på arbeida sine. Dei to samlingane er sett av til arbeid med munnleg og digital dugleik. Studentane skal presentera eit av dei obligatoriske arbeidskrava og delta i praktiske/munnlege aktivitetar. Studentane må gjennomføra to obligatoriske aktivitetar til fastsette fristar. Den eine aktiviteten er framlegg av eit arbeid frå utanlandsopphaldet, laga og presentert i programmet Photostory. Den andre aktiviteten er innlevering av ei refleksjonsoppgåve over undervisningsmetodar. Frammøte på to samlingar i Bergen samt studieopphald i Spania er obligatorisk. Dei obligatoriske arbeidskrava må være godkjende for at studentane skal kunne gå opp til eksamen i emnet. Vurderinga av emnet er todelt. Eit skriftleg arbeid på spansk (om lag 2400 ord) kor studenten utarbeider eit eige undervisningsopplegg. Det skriftlege arbeidet skal femne om planlegging, gjennomføring i klasserommet og vurdering av opplegget. Studentar som ikkje har ei klasse å undervise skal, i det skriftlege arbeidet, planleggje eit undervisningsopplegg, skildre ei tenkt gjennomføring og vurdere mulige utfordringar ved opplegget. Ein munnleg eksamen (om lag 20-30 minutt) som er todelt. A) Ein diskusjon kring semesteroppgåva og gjennomføringa av undervisningsopplegget i klasserommet eller eit tema som blir oppgitt på førehand. B) Samtale med fokus på skilnader mellom Noreg og Spania, knytt til Spania-opphald og pensum. Det skriftlege arbeidet skal være greidd før ein kan ta munnleg eksamen i emnet, og både oppgåva og munnleg eksamen må være greidde før det blir gitt studiepoeng for emnet. Kvar av dei to vurderingsdelane tel 50 % i utrekninga av den samla karakteren. Båe deleksamenane må være greidde i same semester. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no Bergen og Murcia