Emnet gir studentane ei innføring og orientering i eit forskingsfelt i historiefaget som kan vere relevant for ei mastergradsoppgåve. Emnet er ope for studentar som er tekne opp på mastergradsstudiet i historie. Emnet er obligatorisk, og skal normalt takast i første semester. Studentane skriv ei semesteroppgåve. Val av tema skjer i samråd med rettleiar. All undervisning skjer i masterseminaret og studentane pliktar å delta aktivt i det masterseminaret dei høyrer inn under. Studentane skal munnleg presentere HIS301-oppgåva i masterseminaret og være opponent på innlegget til ein medstudent. Emnet vert evaluert jamleg. Studentane skal innan 1. desember i haustsemesteret og innan 1. juni i vårsemesteret levere inn, i to eksemplar, ei semesteroppgåve på 10-12 sider. For å kunne levere semesteroppgåva må studentane ha fått godkjent arbeidet i seminaret. Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
I dette emnet lærer studentane korleis dei skal førebu ei forskingsoppgåve med særleg vekt på problemformulering, avgrensing og kjeldekunnskap. Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB. For mastergradsstudentar i historie er emnet obligatorisk, og skal normalt takast i andre semester. Instituttet tilbyr ulike periode-/temaseminar, og studentane vel i starten av semesteret kva seminar dei vil delta i. Studentane skriv ei semesteroppgåve. Oppgåva vil kunne innehalde avgrensing av tema, problemformulering og drøfting av kva litteratur og kjelder som vil vera relevante for testing av hypotesar som er avleidde av problemformuleringa, gi konkrete døme på slike kjelder, drøfte problem knytt til bruken av dei og gjerne også døme på analyse. Studentane vil få rettleiing i dette arbeidet, og dei vil kunne leggja utkast fram til diskusjon i seminaret. Undervisninga vil elles vere organisert slik at det vil vere praktisk mogleg for ein student å arbeida med kjelder andre stader enn i Bergen. Emnet vert evaluert jamleg. Studentane skal innan 18. november i haustsemesteret og innan 18. mai i vårsemesteret levere inn, i to eksemplar, ei semesteroppgåve på 15-20 sider og elles framstille seg til ei munnleg prøve. Den munnlege prøva justerer karakteren på semesteroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter. Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Det blir undervist i emnet i alle vårsemester, og i haustsemester om instituttet har ressursar til det. Studiet er bygd opp kring ulike teknikkar som er aktuelle for studentar som arbeider med historie på mastergradsnivå. Studentane kan velje grad av spesialisering innafor dei ulike teknikkane. Kvar av desse teknikkane/disiplinane kan differensierast i omfang, frå fem studiepoeng til 15 studiepoeng. Studentane kan sjølv setje saman ulike teknikkar, slik at dei samla utgjer 15 studiepoeng. Instituttet vil vere fleksibelt med omsyn til kva teknikkar ein kan la gå inn i emnet, og undervisninga vil i ein viss grad vere tilpassa det studentane til ei kvar tid treng. Døme på teknikkar som instituttet normalt vil kunne tilby undervisning i: Paleografi, statistikk, databaseteknikkar, prosopografi/genealogi, demografi, munnleg historie/intervjuteknikk. Instituttet vil tilpasse undervisninga etter kor mange studentar som melder seg til dei enkelte teknikkane. Ein legg opp til stor grad av sjølvstudium frå studentane. Til kvar av teknikkane vil det liggja føre eit sjølvstudieopplegg, med framlegg til litteratur og øvingsoppgåver, gjerne tilgjengeleg på Internett. Dette sjølvstudieopplegget vil differensiere litteratur og øvingsoppgåver etter kor stor del dei ulike teknikkane utgjer av heile emnet. Instituttet vil utvise stor grad av fleksibilitet overfor studentar som tek relevante kurs ved andre lærestader eller institutt, særleg dersom instituttet ikkje sjølv kan tilby undervisning i ein relevant teknikk. Dersom studentar tar kurs/emne andre stader enn ved Historisk institutt, skal dette skje i samråd med rettleiar. Emnet vert evaluert jamleg. Studentane skal levere inn ei øvingsoppgåve i den utvalde teknikken, som må vere godkjent før dei kan gå opp til eksamen. Studentane skal framstille seg til ein munnleg prøve. Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Mastergradsgradssoppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som bygger på eit sjølvstendig studium av historiske kjelder og/eller historisk litteratur. HIS 350 er tilgjengeleg for studentar som er tekne opp til mastergrad i historie, og som har avlagt og bestått minst HIS 301 og HIS 303. Ein ventar at studentane jamleg deltek på masterseminar, og også legg fram delar av oppgåva si til diskusjon i seminaret. Alle studentar som er tekne opp til mastergradsstudiet ved Historisk institutt, har rett til individuell rettleiing i arbeidet med mastergradsoppgåva. Rettleiinga er regulert gjennom ei individuell rettleiingsavtale. Mastergradseksamen består av mastergradsoppgåva (80-110 sider) og ei munnleg prøve. Mastergradsoppgåva skal leverast elektronisk via Mi side. Oppgåva skal vere instituttet i hende innan 1. februar eller 15. mai i vårsemesteret og innan 20. november i haustsemesteret. Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Etter at karakteren på mastergradsoppgåva er fastsett, må studentane framstille seg til den munnlege prøven der mastergradsoppgåva blir diskutert. Den munnlege prøven justerar karakteren på mastergradsoppgåva som maksimalt kan endrast med éin bokstavkarakter.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. IDH101 omhandlar visse periodar i den vestlege idéhistoria der det skjer endringar som får stor innverknad på den vidare utviklinga av kulturen. Periodar og tema som vert handsama er: - overgangen frå renessansen til nytida - overgangen frå opplysningstida til romantikken - kritikk av opplysningstida For å få best mogleg forståing av dei rådande ideane i dei utvalde epokane, er pensum sett saman av både filosofiske, litterære, religiøse og vitskapelege tekstar. Emnet er obligatorisk i spesialiseringa i idéhistorie. Etter fullført emne skal studenten ha oversyn over sentrale fasar i den vestlege idéhistoria med særleg vekt på overgangen frå renessansen til nytida og frå opplysningstida til romantikken. Studentane skal elles kunne reflektere over samanhengen mellom intellektuelle problem og historiske hendingar. Examen philosophicum og Akademisk skriving Studentane bør ha gode kunnskapar i engelsk fordi mykje av pensum vil vere på engelsk. Undervisninga vert gjeve i form av førelesingar og/eller seminar. Det vert lagt opp til diskusjonar i etterkant av førelesingane og seminara, anten i plenum eller i mindre grupper. Instituttet anbefalar at studentane organiserer eigenstyrte kollokvia. Førelesingar/seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar. Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane. - Individuell rettleiing i samband med oppgåveskrivinga. Utkast til oppgåva må vere levert innan ein bestemt frist før ein avtaler den individuelle rettleiinga. - Studentar må gje skrifteleg svar på 6 av 12 spørsmål med innlevering annankvar veke. Svara må vere godkjende for at ein skal få oppgåva sensurert. Ei rettleia oppgåve på 4000-6000 ord. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva sensurert. Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning. Karakterskala frå A til F Emnet vert evaluert med jamne mellomrom. studierettleiar@fof.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust Norsk Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Idéhistorie omhandlar ulike idear og måtar å tenkje på som har vore med på å forme vår sjølvforståing og vårt syn på den verda mi lever i. Idéhistorie er eit fleirfagleg og tverrfagleg emne og tekstane vert henta frå ulike fag som filosofi, religion og litteratur. Det at ein i idéhistoria les tekstar frå ulike fag (og fagtradisjonar) reiser særskilde spørsmål knytte til bruk av metode. IDH102 skal difor gje ei innføring i sentrale metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget. Gjennom ulike døme på eldre og nyare idéhistorisk forsking vil ein også sjå om, og eventuelt korleis fokus og metodar i faget har vorte endra opp gjennom åra. Emnet er obligatorisk i spesialiseringa i idéhistorie. Etter fullført emne skal studentane ha kunnskap om sentrale metodiske og teoretiske spørsmål i moderne idéhistorisk forsking. Studentane skal også kunne nytte idéhistorisk metode for å analysere tekstar frå ulike (humanistiske) fag. Examen philosophicum og Akademisk skriving Studentane bør ha gode kunnskapar i engelsk fordi mykje av pensum vil vera på engelsk. Undervisninga vert gjeve i form av førelesingar og/eller seminar. Det vert lagt opp til diskusjonar i etterkant av førelesingane og seminara, anten i plenum eller i mindre grupper. Førelesningar/seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar. Kollokvia: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar. - Innlevering av ei oppgåve på mellom 2000 og 4000 ord. Innleveringsfristar vert sette av instituttet. Oppgåva må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen. - Munnleg framlegging på forelesning/seminar av utkast til obligatorisk oppgåve. 6-timars skuleeksamen. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning. Karakterskala frå A til F Emnet vert evaluert med jamne mellomrom. studierettleiar@fof.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust og vår Norsk Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet omfattar eit sjølvstendig skriftleg arbeid innan eit idéhistorisk tema. Originallitteratur og sekundærlitteratur skal liggje til grunn for den skriftlege oppgåva. Målet for emnet er at studenten - gjennom rettleiing frå faglærar - skal få øving i å identifisere ei idéhistorisk problemstilling, identifisere og artikulerer dei sentrale omgrepa i dei aktuelle periodane og at dei kan peike på kva følgjer og verknader ein kan seie at intellektuelle (eller idémessige) endringar har. Studenten vil og få øving i å finne fram til relevant sekundærlitteratur på eige hand. Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å arbeide sjølvstendig med idéhistoriske problemstillingar originaltekstar og relevant sekundærlitteratur. Examen philosophicum og Akademisk Skriving eller tilsvarande: IDH101, IDH102 og FIL111 Individuell rettleiing, 3 timar per student. (ev. supplert med grupperettleiing) - 3 timar individuell rettleiing - Innlevering av utkast til semesteroppgåve før siste rettleiingstime Ei rettleia oppgåve på mellom 6000 og 8000 ord. Oppgåva vert sensurert ved slutten av semesteret. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva sensurert. Karakterskala frå A til F Emnet vert evaluert med jamne mellomrom. studierettleiar@fof.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk, ev. dansk eller svensk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet skal gje studentane ei innføring i islandsk litteratur og islandske samfunnsforhold. Studiet byggjer på gjennomgåing av skjønnlitterære tekstar, for det meste i omsetjing, med hovudvekt på samtidslitteratur. Spesiell vekt blir lagd på å skildre samfunnsutviklinga slik ho avspeglar seg i desse tekstane, blant anna ved hjelp av artiklar om litteraturhistorie, einskildforfattarar og allmenn historie. Studentane skal kunne gje oversikt over einskilde delar av samfunnsutviklinga slik ho avspegla i pensumet, og i tillegg vere i stand til å analysere einskilde skjønnlitterære tekstar og setje innhaldet i samanheng med samfunnsutviklinga. Ingen Ingen Om lag 26 timar førelesingar, tilsvarande 1 dobbeltime i veka. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september. Ei munnleg innleiing på 10-15 minutt, om sjølvvalt tema. Innlevering av pensumliste. Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering. Frist for innlevering av førsteutkast til semesteroppgåva er tre veker før endeleg innlevering. Rettleiing på semesteroppgåva er obligatorisk og blir gjeven etter reglar som instituttet fastset. Eksamensform er ei rettleidd semesteroppgåve og ei teljande, munnleg prøve. Studenten vel i utgangspunktet emne for semesteroppgåva. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 5000 ord eller 30000 teikn, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Den munnlege prøva omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Det blir gjeve eigen karakter for oppgåva og den munnlege prøva. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %. Karakterskala A-F Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Som regel haust Norsk og italiensk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. ITAL001 er eit grunnkurs i italiensk språk for studentar utan førekunnskapar. Innføringskurs i italiensk skal gje grunnleggjande opplæring i moderne italiensk både munnleg og skriftleg på grunnlag av ein komplett lærepakke i språket. Etter fullført emne skal kandidatane - ha grunnleggjande kjennskap til italiensk språk og grammatikk - kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på eit elementært nivå Ingen ITAL001 byggjer ikkje på eksisterande kunnskapar i italiensk, men set krav til evne og vilje til uthaldande arbeid. Undervisninga er organisert som fellesundervisning og gruppearbeid med mykje studentaktivitetar. Det finst tilbod om sjølvinstruerande støtteopplegg i multimedialab. Om lag 6 timar i veka i 12 veker Ingen ITAL001 har todelt eksamen: 1) ei skriftleg prøve på 4 timar, som tel 50 prosent. Prøva inneheld grammatiske oppgåver ein skal svare på på norsk, og eit lite essay skrive på italiensk. 2) ei munnleg prøve som òg tel 50 prosent. Den munnlege prøva har form av høgtlesing og samtale på italiensk. Berre dei som har greidd den skriftlege delen av eksamen, kan gå opp til munnleg prøve. Munnleg og skriftleg eksamen må vere greidde i same semester. Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Italiensk og norsk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Emnet skal gi eit systematisk oversyn over det grammatiske systemet og ei innføring i lydsystemet i moderne italiensk. Det skal òg gje studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap. Emnet skal òg vere med på å øve opp evna hjå studentane til å uttrykkje seg på italiensk. Studentane skal ha fått grunnleggjande kunnskap om det italienske språksystemet, formidla gjennom eit presist, språkvitskapleg omgrepsapparat. Studentane skal ha utvikla evna til å uttrykkje seg på italiensk. Studentane skal ha fått den kompetansen som trengst for å kunne vidareutvikle kunnskapane sine, til dømes gjennom studiet av grammatikk på 200-nivå. Ingen For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det forkunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001. Undervisninga inneheld oversynsforelesningar og timar der studentane arbeider aktivt med å strukturere og formulere faglege resonnement innanfor emne som er gjennomgått på forelesingane. Studentane bør i tillegg arbeide med øvingar og oppgåver dei finn på multimedialaben eller på internett. Undervisninga i fonetikk er organisert som forelesingar. Omfanget er 6 timar i veka i 12 veker. Til emnet høyrer ei prøve i italiensk fonetikk som anten er godkjend deltaking i undervisninga eller ei intern munnleg prøve (godkjend/ikkje godkjend). Eksamen er ei 6 timars skriftleg prøve i grammatikk med fleire einskildoppgåver. Det skal til vanleg nyttast norsk for å svare på oppgåva i grammatikk. Studentane kan nytte eittspråkleg (italiensk-italiensk) ordbok godkjend av instituttet. Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Italiensk og norsk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Studenten skal få ei innføring i italiensk historie frå om lag 1800 og fram til i dag, og ei innføring i dei politiske, kulturelle og samfunnsmessige tilhøva i det 20. hundreåret. Emnet vektlegg òg tekstforståing. Tileigning av basiskunnskap om italiensk historie og samfunnstilhøve er nøye knytt til trening i å lese og uttrykkje seg skriftleg og munnleg på italiensk om desse emna. Ingen For å gjennomføre emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001. Undervisninga har form av oversynesførelesingar, munnlege øvingar og skriftlege øvingsoppgåver. Det vert undervist 6 timar kvar veke 12 veker. Studentane må delta på eit obligatorisk rettleiingsmøte med faglærer for å få høve til å levere eksamensoppgåva. Eksamen er ei semesteroppgåve på om lag 1800 ord skriven på tre veker og ein munnleg eksamen. Oppgåva skal skrivast på italiensk. Ved fastsetjing av endeleg karakter i emnet tel semesteroppgåva 40 % og munnleg eksamen 60 %. Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Italiensk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Emnet skal gje kjennskap til italiensk språk av i dag basert på eit pensum i grammatikk, som normalt vil vere på italiensk. ITAL201 kombinerer grammatikk og omsetjing til norsk basert på eit teoripensum og praktiske øvingar. Ved fullført emne skal kandidaten: ha ein djupare innsikt i språkvitskaplege omgrep og apparat for grammatisk analyse, ha ein djupare kunnskap om italiensk språkstruktur ha evne til å uttrykkje seg skriftleg på italiensk og vere i stand til å skrive resonnerande tekstar på italiensk omsetje middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar ha innsikt i kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og italiensk kunne vidareutvikle kunnskap og dugleik på sjølvstendig vis Ingen ITAL201 føreset førekunnskapar som svarar til emna på 100-nivå. Kvar student får tilbod om 4 timar undervisning i veka i 12 veker: 2 timar seminar i omsetjing frå italiensk til norsk 2 timar førelesing i italiensk grammatikk. Studentar som skal ta eksamen i ITAL201 må ha levert ei godkjend omsetjing frå italiensk til norsk med eit refleksjonsnotat på ca 1000 ord. Eksamen i emnet er todelt: Ei prøve på tre timar i grammatikk og ei prøve på 3 timar i omsetjing frå italiensk til norsk. Grammatikkoppgåva vil vera på italiensk, og det skal svarast på italiensk. Dei to prøvene er sjølvstendige delar av eksamen i emnet og tel kvar 50 prosent av den samla karakteren i emnet. Begge eksamendelane må vere greidde i same semester. Studentane har høve til å nytte si eiga italiensk-italienske ordbok under eksamen. Ordboka skal vera fri for tilføyingar. Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Italiensk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. ITAL252 omfattar studium av sentrale tekstar i eldre italiensk litteratur. Pensum inneheld sentrale tekstar frå 1300-tallet og 1500-tallet. Tekstane skal studerast i eit litteraturhistorisk og teoretisk perspektiv. ITAL252 skal gje ei djupare og vidare forståing av eldre italiensk litteratur. Etter fullført emne skal kandidaten: - ha innsikt i dei utvalte pensumverka - ha kunnskap om den kulturhistoriske konteksten til verka - kunne bruke dei tileigna omgrepa i sjølvstendige analysar av pensumtekster - ha kunnskap om sentrale litterære omgrep - kunne analysere tekstane tematisk og i kulturhistorisk perspektiv - kunne drøfte, skriftleg og munnleg, problemstillingar knytte til pensum - kunne formidle kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg italiensk - kunne planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid - kunne vidareutvikle kunnskapane sine, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv Ingen 100-nivå i italiensk eller tilsvarande Førelesingar og seminar 4 timer i veka i 12 veker Semesteroppgåva er rettleidd, og studentane må delta på to obligatoriske rettleiingsmøte for å ha høve til å levere oppgåva. Eksamen er todelt og vert arrangert i undervisningssemester: 1) Ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 4000 ord skriven på italiensk. 2) Ei munnleg prøve der problemkrinsen for samtala kan hentast frå heile pensumet i emnet. Semesteroppgåva tel 40 prosent og den munnlege prøva tel 60 prosent av den samla karakteren i emnet. Kandidatar som får karakteren F på semesteroppgåva, får ikkje gå opp til munnleg eksamen. Kandidatar som får F på den munnlege prøva, får F som samla karakter for emnet. Begge eksamensdelane må vere greidde i same semester. Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Det blir undervist i LITTITAL200 i vårsemesteret. LITTITAL200 omfattar studiar av sentrale tekstar i eldre italiensk litteratur i omsetjing. Pensum inneheld sentrale tekstar frå 1300-tallet og 1500-tallet, og femnar ulike litterære sjangrar. Tekstane skal studerast i eit litteraturhistorisk og teoretisk perspektiv. LITTITAL200 kan ikkje gå inn i ei spesialisering i italiensk. Undervisninga i LITTITAL200 går føre seg på norsk og blir organisert som førelesingar og seminar. Ein del av undervisninga skal være sams med studentane på ITAL202, slik at studentane vil få eit innsyn i den italienske originalteksten. LITTITAL200 blir evaluert og eventuelt justert med jamne mellomrom. LITTITAL200 har todelt eksamen: 1) ei rettleidd semesteroppgåve på ca.12-15 maskinskrivne sider (ca. 3500-5000 ord) skriven på norsk. 2) ei munnleg prøve der problemkrinsen for samtalen kan hentast frå heile pensumet i emnet. Når den endelege karakteren skal fastsetjast, tel semesteroppgåva 60 prosent og den munnlege prøva 40 prosent. Kandidatar som får karakteren F på semesteroppgåva, får ikkje gå opp til munnleg prøve. Kandidatar som får F på den munnlege prøva, får F som endeleg karakter for emnet.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Normalt vår Norsk og italiensk Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i italiensk ved UiB. Målet med emnet er ei fordjuping i lingvistikk eller litteraturteori. ITAL303 er eit valemne som skal ha klår fagleg relevans for italienskstudiet og som skal danne grunnlaget for studenten si spesialisering i ein disiplin. Emnet skal gje spesialkunnskap innan lingvistikk eller litteraturteori. Etter fullført emne skal kandidaten: - kunne arbeide sjølvstendig med problemstilling på grunnlag av faglege kunnskapar. - kunne bruke på sjølvstendig måte dei teoretiske reidskapane ein har skaffa seg i litterær eller lingvistisk analyse/teori - sjøvstendig kunne halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering. Bachelorgrad med spesialisering i italiensk. Italiensk 100- og 200-nivå eller tilsvarande. Italienskfaget gjev tilbod om språkleg eller litterært spesialieringsemne dersom det er kapasitet til å gjennomføre eit opplegg det er etterspurnad etter. Emnet vil difor normalt måtte takast som eit innlånt emne frå andre fag ved fakultetet eller frå tilboda av fellesfagleg karakter på masternivå. Emnet kan òg dekkjast inn gjennom studium ved til dømes eit italiensk universitet. Emnet kan òg realiserast som ein praksiskomponent, eventuelt med pedagogiske og didaktiske teoriinnslag. Emnet som vert definert som ITAL303 og det pensumet som vert knytt til opplegget, må godkjennast av koordinator på italienskfaget. Vurderingsforma for emnet som skal utgjere ITAL303 må godkjennast av fagkoordinator for italiensk. Dersom emnet blir gjeve ved italienskfaget blir eksamen teken på slutten av semesteret. Eksamen inneheld ei fem vekers skriftleg semesteroppgåve på 5000 ord, med obligatorisk rettleiing. Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Normalt vår Norsk og italiensk Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i italiensk ved UiB. ITAL304 skal utgjera det teoretiske grunnlaget for det sjølvstendige arbeidet med masteroppgåva. Målet med emnet er ei fordjuping i språkleg eller litterær problemstilling. Emnet skal utformast i samråd med rettleiar. Det kan vere av litterær eller lingvistisk art, eller det kan reflektere ei tverrfagleg tilnærming til det problemet som masteroppgåva skal utforske og som dette emnet skal danne basis for. Etter fullført språkleg emne skal studenten ha god innsikt i det teoretiske og metodiske grunnlaget for det feltet som er blitt gjennomgått, og kjennskap til nyare forsking innan dette feltet. Etter fullført litterært emne skal studenten ha god innsikt i problemstillingar knytte til litteratur og litteraturteori som er blitt gjennomgått, og kjennskap til nyare forsking innan det aktuelle feltet. Dugleik Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å gje sjølvstendig undervisning og drive utviklingsarbeid på feltet. Generell kompetanse Ved fullført emne skal studenten ha overblikk over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan gå vidare med forskingsarbeid på feltet. Bachelorgrad med spesialisering i italiensk. Italiensk 100- og 200-nivå eller tilsvarande. Undervisinga bli gitt i seminarform eller som individuell rettleiing. Om lag 8 til 12 dobbelttimar i semesteret. For å kunne gå opp til eksamen i ITAL304 må det leverast pensumliste til instituttet seinast ein månad etter siste frist for å melda seg opp til eksamen. Eksamen i ITAL304 er ei munnleg utgreiing om ei eller fleire sider av det teoretiske pensumet. Kandidaten får ei veke til å førebu det halvtimes lange innlegget sitt på, og eksamenspanelet (rettleiar og sensor) har høve til å komme med spørsmål i ein påfølgjande diskusjon. Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Italiensk og norsk Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i italiensk ved Universitetet i Bergen. Masteroppgåva er ei prøve i vitskapeleg arbeid innan italiensk lingvistikk eller litteraturvitskap. Masteroppgåva skal dokumentere evna hjå kandidaten til å arbeide sjølvstendig, langsiktig og systematisk med ei avgrensa problemstilling innanfor presise, faglege rammer. Oppgåva skal skrivast på italiensk og vil normalt vere på mellom 70 og 100 sider. Ein vel emne for masteroppgåva i samråd med faglærarane i byrjinga av det andre semesteret. Masterstudenten får oppnemnt ein rettleiar på grunnlag av innsend prosjektskisse. Alle masterstudentar har rett til individuell rettleiing på grunnlag av rettleiingskontrakt. Ved fullført mastergrad skal kandidaten ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskap innanfor eit avgrensa område ha grunnleggjande kunnskap om den valde disiplinens sentrale problemstillingar og metodar kunne arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysning på grunnlag av faglege kunnskapar kunne setje seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet kunne skaffe seg og gjere bruk av kunnskap på nye område innanfor faget kunne gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer meistre normene for akademisk skriving meistre IKT-verktøy som er naudsynt for å gjennomføre eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet sjølvstendig kunne halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering kunne formidle på italiensk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde meistre relevante kommunikative sjangrar kunne delta i den offentlege debatten som gjeld fagområdet Bachelorgrad med spesialisering i italiensk. Italiensk 100- og 200-nivå eller tilsvarande. Det blir gjeve inntil 30 timar med rettleiing. Masterstudentane må inngå rettleiingskontrakt med rettleiaren sin. Ei masteroppgåve på 70-100 sider, skriven på italiensk. Ei munnleg prøve som kan justere karakteren på masteroppgåva med ein bokstavkarakter. Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Annakvar vår (partalsår) Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Målet er å gi basiskunnskapar om det japanske samfunnet og om korleis det har utvikla seg til ein moderne nasjon. Studiet gir breie kunnskapar i realia (geografi, historiske epokar), og forståing for Japans kulturelle verdigrunnlag og historiske utvikling. Det blir kasta lys over ulike sider ved det moderne samfunnet, som utdanning, arbeidsliv, religiøsitet, familieproblematikk, minoritetar og tilhøvet til nabostatane. For dei som studerer det japanske språket, er dette emnet ei hjelp til å setja språket inn i ein vidare samanheng. JAP101 eller tilsvarande er obligatorisk i ei spesialisering i japansk ved UiB. Ingen Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, studentpresentasjonar og bruk av multimedia. 3 timer per veke i 12 veker. For å få gå opp til eksamen, skal studenten halde ein munnleg presentasjon om eit godkjend emne med støtteark eller liknande for medstudentar. Presentasjonen blir vurdert som godkjend / ikkje godkjend. 4 timar skriftleg eksamen. Eksamen blir arrangert i semester med undervisning, men moglegheit for å ta ny eksamen i det påfølgjande semesteret. Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Annakvar vår (partalsår) Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Målet er å gi ein teoretisk og praktisk introduksjon til det japanske språket med vekt på grammatikk, vokabular og skriftteikn. Studentane skal få ei forståing av språksystemet og lære grunnleggjande grammatikk, vokabular, dei to stavingssystema og om lag 150 kinesiske teikn. Hovudvekta ligg på normalt formelt språk, men uformelle former blir også introdusert. Studentane skal og få oppøving i munnleg dugleik, og parallelt med språkinnlæringa får dei grunnleggjande kulturell innsikt og kjennskap til daglegliv og skikkar. Studentane skal få eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 4. Ingen Undervisninga vil bli gitt i form av forelesingar og gruppearbeid. 4 timar forelesing og 2 timar samtalegrupper i veka i 12 veker. Dette emnet har jamlege obligatoriske heimeoppgåver . For å kunna gå opp til eksamen må studenten levera inn desse oppgåvene og få godkjend 75 prosent av dei. I tillegg blir det arrangert korte, skriftlege testar kvar månad, og studentane må ha greidd minst 3 av desse for å kunne ta eksamen i emnet. Det er obligatorisk oppmøte i samtalegruppene. Samla godkjende arbeidskrav er gyldige i eitt semester utover undervisningssemesteret . Skriftleg eksamen på 3 timar i lesedugleik, grammatikk og skrivedugleik. Eksamen blir arrangert i semester med undervisning, med moglegheit for å ta ny eksamen i det påfølgjande semesteret. Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studierettleiar@if.uib.no ellerstudieveilder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
God dugleik i engelsk Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppearbeid. Det er om lag 8 timar undervisning i uka. Vår Engelsk Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer å lære moderne mandarin over basisnivået. Studentane skal skaffe seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal skaffe seg eit vokabular på 400 ord knytte til daglegliv og universitetskvardag, samt 200 nye skriftteikn. Dei skal óg verte kjende med vanlege sosiale og kulturelle aktivitetar i Kina. Korrekt uttale vektleggjast. Etter fullført emne skal studentane kunne konversere, lese og skrive om daglegliv og universitetskvardag, og kunne fortelja att korte historier. KIN102 eller tilsvarande kunnskapar. Dette kurset har obligatorisk frammøte i undervisninga og jamlege obligatoriske heimeoppgåver. For å kunna gå opp til eksamen må studenten levera inn desse oppgåvene og få godkjend 75 prosent av dei, og være til stades på 75% av undervisningstimane. Skriftleg eksamen på tre timar, med justerande munnleg. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F. Eksamen blir arrangert i semester med undervisning, med moglegheit til å ta eksamen i følgjande semester. For å kunne ta eksamen i påfølgjande semester, må dei obligatoriske oppgåvene vere godkjend i undervisningssemesteret. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F der F er stryk. I samband med instituttet sitt arbeid for å betre studiet blir kursets studieopplegg jamt evaluert, m.a. ut frå tilbakemeldingar frå studentane. Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppearbeid. Det er om lag 8 timar undervisning i uka. Vår Engelsk Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer moderne mandarin over basisnivået. Studentane skal skaffe seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal meistre eit vokabular på 700 ord knytte til kvardags- og samfunnsliv, samt lære 300 nye skriftteikn. Dei skal óg lære å uttrykkje eigne synspunkt på ulike tema. Korrekt uttale vektleggast. Etter fullført emne skal studentane kunne lese og skrive om kvardags- og samfunnsliv og uttrykkje eigne synspunkt. Dei skal kunne delta i spontan konversasjon og rapportere i relativ detalj om alminnelege hendingar. KIN103 eller tilsvarande kunnskapar. (Førelesningane på KIN103 byrjar i starten av semesteret, mens KIN104 tar over i midten av semesteret). God dugleik i engelsk Dette emnet har obligatorisk frammøte i undervisninga og jamlege obligatoriske heimeoppgåver. For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere inn desse oppgåvene og få godkjent 75 prosent av dei, og vere til stades på 75% av undervisningstimane. Skriftleg eksamen på tre timar, med justerande munnleg. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F. Eksamen blir arrangert i semester med undervisning, med moglegheit til å ta eksamen i følgjande semester. For å kunne ta eksamen i påfølgjande semester, må dei obligatoriske oppgåvene vere godkjende i undervisningssemesteret. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F der F er stryk. I samband med instituttet sitt arbeid for å betre studiet blir emnets studieopplegg jamt evaluert, m.a. ut frå tilbakemeldingar frå studentane. Studierettlaiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Emnet strekk seg over to semester, med oppstart om hausten og eksamen om våren. Engelsk Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer grunnopplæring i moderne mandarin. Mandarin er hovudspråket i mellom anna fastlands-Kina og Taiwan, og er inngangsporten til ei av verdas eldste sivilisasjonar. Det er det språket i verda som har flest morsmålsbrukarar. Studentane skal tileigne seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal lære seg god uttale ved hjelp av transkripsjonssystemet Hanyu pinyin, eit grunnleggjande vokabular, samt eit visst tal skriftteikn. Etter fullført emne skal studentane kunne lese enkle tekstar og føre ein enkel samtale på mandarin. Generell studiekompetanse God dugleik i engelsk. Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppearbeid. Dette kurset har jamlege obligatoriske heimeoppgåver. For å kunna gå opp til eksamen må studenten levera inn desse oppgåvene og få godkjend 75 prosent av dei. Munnleg prøve på 15-20 minutt. Eksamen blir arrangert i vårsemesteret, etter to semester med undervisning. Det er moglegheit for å ta ny eksamen i påfølgjande haustsemester. For å kunne ta eksamen om hausten, må dei obligatoriske oppgåvene vere godkjend i undervisningssemestra. Det vert nytta karakterskala gradert frå A til F. I samband med instituttet sitt arbeid for å betre studiet blir kursets studieopplegg jamt evaluert, m.a. ut frå tilbakemeldingar frå studentane. studierettleiar@if.uib.no Universitetet i Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga strekk seg over to semester, med oppstart om hausten og eksamen om våren. Engelsk Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer vidaregåande innføring i moderne mandarin. Studentane skal tileigne seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal tileigne seg eit utvida vokabular og eit visst tal skriftteikn. Emnet gir og ein praktisk gjennomgang av grunntrekka i grammatikken. Etter fullført emne skal studentane kunne lese og skrive enkle tekstar, og føre samtalar om daglegdagse tema på mandarin. KIN621/KIN101 eller tilsvarande kunnskapar. God dugleik i engelsk. Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppearbeid. Dette kurset har jamlege obligatoriske heimeoppgåver. For å kunna gå opp til eksamen må studenten levera inn desse oppgåvene og få godkjend 75 prosent av dei. Skriftleg eksamen på tre timar, med justerande munnleg. Eksamen blir arrangert om våren, etter to semester med undervisning. Det er moglegheit for å ta eksamen i følgjande haustsemester. For å kunne ta eksamen om hausten, må dei obligatoriske oppgåvene vere godkjend i undervisningssemestra. Det vert nytta karakterskala gradert frå A til F. I samband med instituttet sitt arbeid for å betre studiet blir kursets studieopplegg jamt evaluert, m.a. ut frå tilbakemeldingar frå studentane. studierettleiar@if.uib.no Universitetet i Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Norsk. Strukturen i emnet er todelt. Den første delen tek opp offentleg helsepolitikk, medan den andre delen tek opp folkelege førestellingar av helse i eit kulturelt og historisk perspektiv. I den første delen vert det gjeve ei innføring i historia til den offentlege helsepolitikken og korleis slik politikk kan analyserast. Kva er grunngjevinga for bestemte trusseloppfatningar, kva har vore avgjerande for val av midlar og metodar, korleis har ulike delar vorte sett saman til ein meir heilskapleg offentleg helsepolitikk, og kva kan ein seie om resultata? I den andre delen vert det gjeve ein introduksjon til helsesystemet som eit kulturelt system. I helsesystemet finn ein både autorisert og ikkje-autorisert medisin. Innanfor det kulturelle perspektivet vert hovudvekta lagt på den folkelege tanke- og idéverda og dei førestellingane knytt til sjukdom og behandling som ein finn der. Den modellen av helsesystemet som vert presentert er ikkje bunden til tid og stad, og opnar difor opp for folkemedisin / alternativ medisinsk dokumentasjon både i eit historisk og eit notidsperspektiv. Det vert gjeve 12 dobbelttimar undervisning på emnet. Undervisinga kan ha form delvis som forelesing og delvis som seminar. Emnet vert evaluert jamleg. Seks timars skuleeksamen. Det vert nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F. Denne eksamenen er open for personar utan studierett. Vår Norsk HEMB250 Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan òg gå opp til eksamen i dette emnet. Læringsmål Studiet skal gje innsikt i kvifor og korleis det offentlege har arbeidd for å fremje helse i befolkninga og i teoretiske og metodiske perspektiv på dette arbeidet. Emnet skal bidra med kunnskap om korleis relasjonen mellom det offentlege og det alternative på helse- og sjukdomsfeltet vert uttrykt. Fagleg innhald Strukturen i emnet er todelt. Den første delen tek opp offentleg helsepolitikk, medan den andre delen tek opp folkelege førestellingar av helse i eit kulturelt og historisk perspektiv. I den første delen vert det gjeve ei innføring i historia til den offentlege helsepolitikken og korleis slik politikk kan analyserast. Kva er grunngjevinga for bestemte trusseloppfatningar, kva har vore avgjerande for val av midlar og metodar, korleis har ulike delar vorte sett saman til ein meir heilskapleg offentleg helsepolitikk, og kva kan ein seie om resultata? I den andre delen vert det gjeve ein introduksjon til helsesystemet som eit kulturelt system. I helsesystemet finn ein både autorisert og ikkje-autorisert medisin. Innanfor det kulturelle perspektivet vert hovudvekta lagt på den folkelege tanke- og idéverda og dei førestellingane knytt til sjukdom og behandling som ein finn der. Den modellen av helsesystemet som vert presentert er ikkje bunden til tid og stad, og opnar difor opp for folkemedisin / alternativ medisinsk dokumentasjon både i eit historisk og eit notidsperspektiv. Ved fullført emne har studentane kunnskap om kvifor det offentlege har arbeidd med befolkninga si helse, korleis det offentlege har søkt å fremje helse og kva helsepolitikken har hatt å seie. Emnet skal også gje studentane innsikt i det ikkje-autoriserte helsevesenet, kvifor nokon vel alternative behandlingsformer og kven som gjer det. Dette skal føre til forståing for kva kulturell meining dette kan få for den enkelte, og refleksjon knytt til kulturelle endringar, men også for kritisk resonnement i utviklinga av helsesystemet. Ingen Ingen Det vert gjeve 12 dobbelttimar undervisning på emnet. Undervisinga kan ha form delvis som forelesing og delvis som seminar. Ingen Seks timars skuleeksamen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett. Det vert nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk. Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet. Studierettleiar@ahkr.uib.no200 Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Vår KUVI255 Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Læringsmål Emnet er retta mot kulturelle uttrykk og prosessar i kvardagen. Gjennom studiet skal studenten få innsikt i korleis verdiar, vanar og handlingar er knytte til ulike og ofte skiftande livsformer og identitetar. Notida står sentralt, men kulturhistoria vert sett på som eit viktig rammeverk for å forstå korleis alternative måtar å forma kvardagen på, oppstår. Fagleg innhald Emnet rettar seg mot kulturelle uttrykk, problemområde og prosessar i kvardagen. Teoriar skal fungera som reiskapar for å gripa kompleksiteten i det daglege. Relevante tema er skaping av sosiale og kulturelle nettverk, søk etter opplevingar i den reelle så vel som i den virtuelle verda. Kvardagen står i eit spenningsfelt mellom etablerte og fleksible kulturmønster, som til dømes høgtider og livssyklusar. Han omfattar også dei fysiske omgjevnadane. Gjennom materielle former og gjenstandar vert både private og offentlege rom skapte. Desse er med på å forma både åtferd og oppfatningar av kvardagen. I ei global verd vert den lokale staden kopla til så vel vern som til skaping og omforming av tradisjonar. Dette er ein prosess der markering og profilering av det regionale står sentralt. Ei anna viktig side ved kvardagen er samanhangen med kulturelle praksisformer, styrde av kunnskap og kompetanse basert på tradisjon og innøvd handling. Kvardagslivet gjev også ein særs viktig grorbotn for ymse folkelege rørsler. Desse kan oppstå både som alternativ til og protest mot offentlege etablerte fellesskap. Tema som omfattar studiet av kvardagen kan nemnast i stikkordsform: materiell kultur med gjenstandar og fysiske manifestasjonar i det private og fysiske rommet, utøving av kvardagsleg verksemd med vekt på kunnskap og kompetanse i tradisjonsbaserte og innøvde handlingar og det folkelege organisasjonslivet med opphav både i lokale miljø og globale nettverk. Slike rørsler kan vera norskdomsrørsla, lekmannsrørsla, miljørørsla og Slow Food-rørsla for å nemna nokre. Kunnskapar Etter fullført studium skal studenten ha oppnådd kompetanse til å skildra og analysera forandringane ved viktige sider av dagleglivet både frå eit historisk og eit notidsperspektiv. Ferdigheiter Resultata av analysen der materielle og kulturelle og sosiale uttrykk står i sentrum, skal studenten kunna formidla skriftleg så vel som i munnleg form. Generell kompetanse Studenten har lært å skildra livsformer med vekt på dei materielle, sosiale og kulturelle sidene av dagleglivet med blikk på dei store samfunnsstrukturane. Det er nødvendig å utforska samspelet mellom prosessane på mikro- og makronivå for å kunna forstå og forklara brot med tidlegare livsformer så vel som framvoksteren av nye. Ingen Instituttet rår til at studentane har teke eksamen i KUVI101 før dei startar på KUVI105. Normalt om lag 12 førelesingar. Undervisinga blir gjeve gjennom førelesingar, seminar og omvisingar, eventuelt med ein mindre ekskursjon. Det vertlagt vekt på ulike empiriske nedslagsfelt i pensum og undervising som vil variera alt etter kven som underviser til ei kvar tid. Ingen Emnet har heimeeksamen på 7 dagar og etterfylgjande munnleg eksamen. Oppgåva skal ha et omfang på 3000 ord, omkring 8 sider. Oppgåva tel 80 % og munnleg eksamen tel 20% av samla karakter i emnet. Ordinær eksamen blir halden kvart undervisningssemester . Obligatoriske aktivitetar må vere gjennomførde for å gå opp til eksamen. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet. Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
1 - 25 26 - 50 51 - 75 76 - 100 101 - 125 126 - 150 151 - 175 176 - 200 201 - 225 226 - 250 251 - 275 276 - 300 301 - 325 326 - 350 351 - 375 376 - 400 401 - 425 426 - 450 451 - 475 476 - 500 501 - 525 526 - 550 551 - 575 576 - 600 601 - 625 626 - 650 651 - 675 676 - 700 701 - 725 726 - 750 751 - 775 776 - 800 801 - 825 826 - 850 851 - 875 876 - 900 901 - 925 926 - 950 951 - 975 976 - 1000 1001 - 1025 1026 - 1050 1051 - 1075 1076 - 1100 1101 - 1125 1126 - 1150 1151 - 1175 1176 - 1200 1201 - 1225 1226 - 1250 1251 - 1275 1276 - 1300 1301 - 1325 1326 - 1350 1351 - 1375 1376 - 1400 1401 - 1425 1426 - 1450 1451 - 1475 1476 - 1500 1501 - 1525 1526 - 1550 1551 - 1575 1576 - 1600 1601 - 1625 1626 - 1650 1651 - 1675 1676 - 1700 1701 - 1725 1726 - 1750 1751 - 1775 1776 - 1800 1801 - 1825 1826 - 1850 1851 - 1875 1876 - 1900 1901 - 1925 1926 - 1950 1951 - 1975 1976 - 2000 2001 - 2025 2026 - 2050 2051 - 2075 2076 - 2100 2101 - 2125 2126 - 2150 2151 - 2175 2176 - 2200 2201 - 2201