Vår. Norsk. Vår og haust. KUVI256 Emnet er opent for studentar med studierett ved UiB. Læringsmål KUVI106 tek sikte på å gje ei innføring i korleis kjønn og seksualitet kan analyserast frå eit kulturvitskapleg perspektiv, både i vår eiga tid og i andre historiske periodar. Sentrale spørsmål dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar. Fagleg innhald KUVI106 rettar søkjelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar, og søkjer å avdekkja dei kulturelle mønstra som er med å forma individa til dei tilsynelatande faste kategoriane mann og kvinne, hetero og homo. Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekkja vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori. Kunnskapar: Ved fullført emne skal studentane ha kunnskap om ulike måtar å analysera kjønn og seksualitet ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv. Ferdigheiter: Studentane har fått kjennskap til relevante problemstillingar og forskingsarbeid innan fagområdet. Generell kompetanse: Studentane kan skriva ein resonnerande tekst og kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan fagområdet. Ingen. Ingen. Undervisinga blir gjeve i form av førelesingar og seminar. Normalt omkring 10 førelesingar. Studenten skal skriva to oppgåver med oppgjeve emne. Kvar oppgåve skal vera på om lag 1200 ord (ca. 3 sider). Faglærar gjev skriftleg tilbakemelding på oppgåva, men inga rettleiing ut over dette. Fristar for innleveringar blir kunngjort i Studentportalen. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende. Seks timars skuleeksamen. Ordinær eksamen blir halden kvart semester. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for å kunna møta til eksamen. Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk. Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet. Studierettleiar@ahkr.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Vår KUVI105 Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Læringsmål Emnet er retta mot kulturelle uttrykk og prosessar i kvardagen. Gjennom studiet skal studenten få innsikt i korleis verdiar, vanar og handlingar er knytte til ulike og ofte skiftande livsformer og identitetar. Notida står sentralt, men kulturhistoria vert sett på som eit viktig rammeverk for å forstå korleis alternative måtar å forma kvardagen på, oppstår. Fagleg innhald Emnet rettar seg mot kulturelle uttrykk, problemområde og prosessar i kvardagen. Teoriar skal fungera som reiskapar for å gripa kompleksiteten i det daglege. Relevante tema er skaping av sosiale og kulturelle nettverk, søk etter opplevingar i den reelle så vel som i den virtuelle verda. Kvardagen står i eit spenningsfelt mellom etablerte og fleksible kulturmønster, som til dømes høgtider og livssyklusar. Han omfattar også dei fysiske omgjevnadane. Gjennom materielle former og gjenstandar vert både private og offentlege rom skapte. Desse er med på å forma både åtferd og oppfatningar av kvardagen. I ei global verd vert den lokale staden kopla til så vel vern som til skaping og omforming av tradisjonar. Dette er ein prosess der markering og profilering av det regionale står sentralt. Ei anna viktig side ved kvardagen er samanhangen med kulturelle praksisformer, styrde av kunnskap og kompetanse basert på tradisjon og innøvd handling. Kvardagslivet gjev også ein særs viktig grorbotn for ymse folkelege rørsler. Desse kan oppstå både som alternativ til og protest mot offentlege etablerte fellesskap. Tema som omfattar studiet av kvardagen kan nemnast i stikkordsform: materiell kultur med gjenstandar og fysiske manifestasjonar i det private og fysiske rommet, utøving av kvardagsleg verksemd med vekt på kunnskap og kompetanse i tradisjonsbaserte og innøvde handlingar og det folkelege organisasjonslivet med opphav både i lokale miljø og globale nettverk. Slike rørsler kan vera norskdomsrørsla, lekmannsrørsla, miljørørsla og Slow Food-rørsla for å nemna nokre. Kunnskapar Etter fullført studium skal studenten ha oppnådd kompetanse til å skildra og analysera forandringane ved viktige sider av dagleglivet både frå eit historisk og eit notidsperspektiv. Ferdigheiter Resultata av analysen der materielle og kulturelle og sosiale uttrykk står i sentrum, skal studenten kunna formidla skriftleg så vel som i munnleg form. Generell kompetanse Studenten har lært å skildra livsformer med vekt på dei materielle, sosiale og kulturelle sidene av dagleglivet med blikk på dei store samfunnsstrukturane. Det er naudsynt å utforska samspelet mellom prosessane på mikro- og makronivå for å kunna forstå og forklara brot med tidlegare livsformer så vel som framvoksteren av nye. Ingen Instituttet rår til at studentane har teke eksamen i KUVI101 før dei startar på KUVI255. Normalt om lag 12 førelesingar. Undervisinga blir gjeve gjennom førelesingar, seminar og omvisingar, eventuelt med ein mindre ekskursjon. Det vert lagt vekt på ulike empiriske nedslagsfelt i pensum og undervisning som vil variera alt etter kven som underviser til ei kvar tid. Det er obligatorisk å møta til rettleiing under arbeidet med semesteroppgåva. Eksamen er sett saman av ei skriftleg bacheloroppgåve og ein munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord (12-15 sider). Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder. Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva. Begge eksamensdelane skal avleggjast i undervisningssemesteret . Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet. Studierettleiar@ahkr.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Vår KUVI106 Emnet er opent for studentar med studierett på UiB. Læringsmål KUVI106 tek sikte på å gje ei innføring i korleis kjønn og seksualitet kan analyserast frå eit kulturvitskapleg perspektiv, både i vår eiga tid og i andre historiske periodar. Sentrale spørsmål dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar. Fagleg innhald KUVI106 rettar søkjelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar, og søkjer å avdekkja dei kulturelle mønstra som er med å forma individa til dei tilsynelatande faste kategoriane mann og kvinne, hetero og homo. Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekkja vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori. Kunnskapar: Ved fullført emne skal studentane ha kunnskap om ulike måtar å analysera kjønn og seksualitet ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv. Ferdigheiter: Studentane har fått kjennskap til relevante problemstillingar og forskingsarbeid innan fagområdet. Generell kompetanse: Studentane kan skriva ein resonnerande tekst og kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan fagområdet. Ingen Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI101-A før ein tar til på KUVI256. Normalt 10 førelesingar, samt rettleiing på bacheloroppgåva. Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloroppgåva i to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student. Det andre utkastet er ei ferdig utforma oppgåve som vil bli diskutert og kommentert av rettleiar og student. Studenten leverer så den endelege versjonen av oppgåva. Eksamen er sett saman av ei skriftleg bacheloroppgåve og ein munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord (12-15 sider). Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder. Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva. Begge eksamensdelane skal avleggjast i undervisningssemesteret . Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 30 29/ 55 58 33 70 Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Vår HEMB111 Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Læringsmål Studiet skal gje innsikt i kvifor og korleis det offentlege har arbeidd for å fremje helse i befolkninga og i teoretiske og metodiske perspektiv på dette arbeidet. Emnet skal bidra med kunnskap om korleis relasjonen mellom det offentlege og det alternative på helse- og sjukdomsfeltet vert uttrykt. Fagleg innhald Strukturen i emnet er todelt. Den første delen tek opp offentleg helsepolitikk, medan den andre delen tek opp folkelege førestellingar av helse i eit kulturelt og historisk perspektiv. I den første delen vert det gjeve ei innføring i historia til den offentlege helsepolitikken og korleis slik politikk kan analyserast. Kva er grunngjevinga for bestemte trusseloppfatningar, kva har vore avgjerande for val av midlar og metodar, korleis har ulike delar vorte sett saman til ein meir heilskapleg offentleg helsepolitikk, og kva kan ein seie om resultata? I den andre delen vert det gjeve ein introduksjon til helsesystemet som eit kulturelt system. I helsesystemet finn ein både autorisert og ikkje-autorisert medisin. Innanfor det kulturelle perspektivet vert hovudvekta lagt på den folkelege tanke- og idéverda og dei førestellingane knytt til sjukdom og behandling som ein finn der. Den modellen av helsesystemet som vert presentert er ikkje bunden til tid og stad, og opnar difor opp for folkemedisin / alternativ medisinsk dokumentasjon både i eit historisk og eit notidsperspektiv. Ved fullført emne har studentane kunnskap om kvifor det offentlege har arbeidd med befolkninga si helse, korleis det offentlege har søkt å fremje helse og kva helsepolitikken har hatt å seie. Emnet skal også gje studentane innsikt i det ikkje-autoriserte helsevesenet, kvifor nokon vel alternative behandlingsformer og kven som gjer det. Dette skal føre til forståing for kva kulturell meining dette kan få for den enkelte, og refleksjon knytt til kulturelle endringar, men også for kritisk resonnement i utviklinga av helsesystemet. Ingen Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI101 før ein tar til på KUVI259. Det vert gjeve 12 dobbelttimar undervisning på emnet. Undervisinga kan ha form delvis som forelesing og delvis som seminar. Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloroppgåva i to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student. Det andre utkastet er ei ferdig utforma oppgåve som vil bli diskutert og kommentert av rettleiar og student. Studenten leverer så den endelege versjonen av oppgåva. Eksamen er sett saman av ei skriftleg bacheloroppgåve og ein munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord (12-15 sider). Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder. Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva. Begge eksamensdelane skal avleggjast i undervisningssemesteret . Det vert nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk. Studierettleiar@ahkr.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår. Norsk. Emnet er opent for studentar med studierett på UiB. Læringsmål: KUVI 202 har som mål å gje innføring i kunnskapsbasert formidling. Emnet tek sikte på å utvikla teoretisk innsikt, kreativ tenking og praktisk dugleik når det gjeld å få fram kunnskap og bestemte bodskapar til ulike målgrupper. Forståinga av samspelet mellom teori og praksis i ein formidlingsstrategi og av valet mellom formidlingsformer blir tileigna ved at studentane utviklar eit eige formidlingskonsept under tett oppfølgjing av den emneansvarlege. Fagleg innhald: KUVI 202 legg vekt på ein læringsprosess i kulturfagleg formidling som knyter saman teoretisk og praktisk kunnskap. Det blir gjeve innsyn i og kunnskap om tradisjonelle så vel som nyare formidlingsformer, som utstilling, ulike slag installasjon, kulturløype, temakveld, biletspel, festival og musikkevenement. Det blir gjeve innsyn i prinsippa for god formidling gjennom val av og samspel mellom bilete, gjenstand, tekst, lyd, lys, lukt og rom. Noko av læringa går føre seg i samarbeid med fleire museum. Her får studentane høve til å diskutera og evaluera kunnskapsinnhald, form og formidlingspotensial i ulike utstillingar. Kunnskapar: Ved endt studium har studentane fått breid kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innafor kulturfagleg formidling og har definert dette i eit praktisk konsept. Ferdigheiter: Studentane kjenner til og kan bruka relevante metoder for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte. Dei kan også skriva ein resonnerande tekst. Generell kompetanse: Studentane kan utføra prosjektbasert arbeid, planleggja og gjennomføra arbeidsoppgaver som strekkjer seg over tid og kan meistra relevante kommunikative sjangrar. Ingen. Instituttet anbefaler at ein har avlagt eksamen i KUVI101 og KUVI102 og i to valfrie emne på 100-nivå i kulturvitskap før ein startar på KUVI202, men dette er ikkje eit krav. Normalt 10-12 førelesingar. Undervisinga er basert på førelesingar og seminar, samt ein ekskursjon. Mykje av arbeidet er prosjektorganisert. Studentane blir organiserte i grupper med frå 3 til 5 medlemmer. Gruppa utarbeider konsept og tekstar til det valte formidlingsprosjektet i samråd med faglærar. Ei anna arbeidsform kan vera å gje ei skriftlig evaluering av til dømes eksisterande utstillingar, festivalar og spel. Faglærar gjev minst to rettleiingar på gruppa sitt arbeid i løpet av semesteret. Studentane fører loggbok over arbeidet. Loggboka, som dokumenterer prosess og medverknad, skal signerast av alle i gruppa, og leverast inn saman med prosjektoppgåva. Frist for innlevering blir publisert i Studentportalen. Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende. Eksamen er knytt til resultatet av gruppa sitt arbeid, og evalueringa er todelt. Fyrste del er ei vurdering av gruppa sitt skriftlege fellesarbeid, prosjektoppgåva, som vil få ein felles bokstavkarakter. Andre del er ein individuell justerande munnleg eksamen knytt til gruppearbeid og fellespensum. Eksamen blir berre arrangert i vårsemesteret. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylde for å kunne møte til eksamen. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 30 29/ 55 58 33 70 Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår. Norsk. KUVI258 Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan òg gå opp til eksamen i dette emnet. Læringsmål Emnet skal gje føresetnader for å forstå musea sin funksjon og virkemåte og den rolla dei spelar i samfunnet. Fagleg innhald Museologi tematiserer musea si tyding og rolle i samfunnet som eit felt for produksjon av førestillingar om fortid og samfunn. Emnet tar opp spørsmål som: Kva er eit museum? Kva for museum finst? Korleis endrar musealiseringa statusen til ein gjenstand, og korleis skjer overgangen frå "vanlege ting" til "kulturarv". Kunnskapar: Studentane har fått kunnskapar om museumsfeltet og dei sentrale oppgåvene som musea har og kan gjera greie for teoretiske perspektiv som er relevante for feltet. Ferdigheiter: Vidare har dei tileigna seg evne til kritisk refleksjon i forhold til musea si rolle og funksjon, også i forhold til konkret museumsarbeid. Generell kompetanse: Studentane kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innafor same fagområdet. Ingen. Instituttet anbefaler at ein har avlagt eksamen i KUVI101 og KUVI102 og i to valfrie emne på 100-nivå i kulturvitskap før ein startar på KUVI203. Normalt 13 førelesingar, og 5 arbeidsseminar. Undervisninga blir gjeve som førelesingar, seminar og ekskursjonar som vil tematisera verksemda til utvalde museum og samlingar. Ingen. Eksamen er ein 7-dagars heimeeksamen med ei justerande munnleg prøve. Det skriftlege eksamensarbeidet skal vera på om lag 3000 ord (ca. 8 sider). Ordinær eksamen blir halden kvart vårsemester. Eksamen er open for personar utan studierett. Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk. Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet. Studierettleiar@ahkr.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Vår KUVI203 Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Læringsmål: Emnet skal gje føresetnader for å forstå musea sin funksjon og virkemåte og den rolla dei spelar i samfunnet. Fagleg innhald: Museologi tematiserer musea si tyding og rolle i samfunnet som eit felt for produksjon av førestillingar om fortid og samfunn. Emnet tar opp spørsmål som: Kva er eit museum? Kva for museum finst? Korleis endrar musealiseringa statusen til ein gjenstand, og korleis skjer overgangen frå "vanlege ting" til "kulturarv". Kunnskapar: Studentane har fått kunnskapar om museumsfeltet og dei sentrale oppgåvene som musea har og kan gjera greie for teoretiske perspektiv som er relevante for feltet. Ferdigheiter: Vidare har dei tileigna seg evne til kritisk refleksjon i forhold til musea si rolle og funksjon, også i forhold til konkret museumsarbeid. Generell kompetanse: Studentane kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innafor same fagområdet. Ingen Instituttet tilrår at ein har avlagt eksamen i KUVI101-A og KUVI102 og i to valfrie KUVI-emne på 100-nivå før ein startar på KUVI258. Normalt 13 førelesingar, og 5 arbeidsseminar. Undervisninga blir gjeve som førelesingar, seminar og ekskursjonar som vil tematisera verksemda til utvalde museum og samlingar. Det er obligatorisk rettleiing på semesteroppgåva. Eksamen er sett saman av ei skriftleg bacheloroppgåve og ein munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord (12-15 sider). Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder. Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva. Begge eksamensdelane skal avleggjast i undervisningssemesteret . Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk. Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet. Studierettleiar@ahkr.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust. KUVI301 består av eit fellespensum som gjev fordjupa innsikt i nyare kulturvitskaplege teoriar og vitskapsteoretiske problemstillingar. Emnet er valfritt og kan bytast ut med emne på masternivå frå andre fag eller andre universitet. Innpassing av slike emne må godkjennast av seksjonen før studenten kan melda seg opp til eksamen i emnet. Opptak på masterstudiet i kulturvitskap. Undervisinga vert gitt i form av førelesingar eller seminar over tema frå pensum. Med utgangspunkt i undervisning og pensum skal studenten skrive ei oppgåve med sjølvvald tittel. Oppgåva skal vere på ca. 3 sider (1200 ord). Frist for innlevering av oppgåva vert publisert i Studentportalen. Emnet vert jamleg evaluert. Eksamen er ein 7 dagars heimeeksamen med ei munnleg prøve. Karakter på heimeeksamen og munnleg prøve skal kvar telje halvparten av endeleg karakter. Det vert nytta bokstavkarakterar. For å kunne gå opp til eksamen, må den obligatoriske oppgåva vere godkjent av faglærar. Ordinær eksamen vert halde kvart semester.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Det vert gitt undervisning i emnet i haustsemesteret. KUVI 302 består av ei prosjektskildring som skal vera ei førebuing til arbeidet med masteroppgåva. Emnet er obligatorisk. Opptak på masterstudiet i kulturvitskap. Det vert organisert seminar der studentane legg fram prosjektskisser i skriftleg form. Rettleiar og faglærar gjev to kollektive og tre individuelle tilbakemeldingar på arbeidet. Emnet vert evaluert jamleg. Eksamen består av ei prosjektskildring på omlag 4000 ord (ca. 10 sider) der studenten skal gjere greie for masterprosjektet sitt. Karakterane bestått/ ikkje bestått vert nytta. Ordinær eksamen vert halde kvart semester. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylde for å kunna møta til eksamen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår. Norsk Vår. Emnet er opent for studentar som er tekne opp på masterprogrammet i kulturvitskap. Emnet tek opp nokre utvalde tema i kulturvitskapen: Ulike interessefelt, perspektiv og teoriar som pregar og har prega faget vil stå i sentrum. Emnet tek og opp ulike genrar som er aktuelle for formidling, og studentane vil få høve til å uttrykkje seg fagleg gjennom desse. Døme på slike genrar er essay, kronikk, bokmelding og debattinnlegg. Emnet legg slik vekt på både ei forståing av eigenarten til faget og måtar å formidle kulturvitskap på. Kunnskapar: Ved fullført emne skal studenten ha innsikt i faget sin eigenart og ulike måtar å formidle kulturvitskap på. Ferdigheiter: Studenten kan reflektere over teoriar, metodar og tolkingar i lys av fagspesifikke tema og perspektiv. Studenten skal også beherske ulike genrar som er aktuelle for kulturvitskapleg formidling. Generell kompetanse: Studenten har oversyn over eige fagområde og kan kommunisere i faglege fora og med ålmenta. Ingen Ingen Studenten skal i eit sluttseminar halde ein munnleg presentasjon, samt vere opponent på ein medstudent sin munnlege presentasjon. Studenten skal i løpet av semesteret produsere eitt eller fleire skriftlege arbeid på til saman om lag 10 sider (4000 ord). Det vert gjeven ein felles karakter på dei skriftlege arbeida. Gradert skala frå A til F og der F er stryk. Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet. Studierettleiar@ahkr.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Det vert undervist i emnet i vårsemesteret. KUVI 304 består av eit pensum i kulturvitskapeleg metode og forskingsetikk. Emnet skal munne ut i ei skriftleg oppgåve om metodiske og forskingsetiske problemstillingar. Aktuelle tema er kvalitativ dokumentanalyse, kvalitativt forskingsintervju, observasjonar, og analysestrategiar. Emnet er obligatorisk i masterstudiet i kulturvitskap. Normalt skal studenten ha teke eksamen i KUVI 301 og KUVI 302 før han eller ho startar på KUVI 304. Det vert organisert eit seminar der litteratur, problemstillingar og utkast vert diskuterte. Tema for den skriftlige oppgåva skal veljast i samråd med emneansvarleg og skal ta for seg sentrale metodiske og forskingsetiske problemstillingar. For at studenten skal ha full nytte av emnet bør desse problemstillingane ha tilknyting til utført feltarbeid. Det er obligatorisk både å levera inn utkast til oppgåva og å møte til rettleiing to gonger. Fristane for innleveringar og rettleiingar vert individuelt avtalt mellom emneansvarleg og den enkelte student. Det er emneansvarleg som rettleiar dei innleverte utkasta til den skriftlege oppgåva. Emnet vert evaluert jamleg. Eksamen består av ei rettleia skriftleg oppgåve på til saman 4000 ord (om lag 10 sider). Det vert nytta bokstavkarakterar. Ordinær eksamen vert halde kvart semester. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylde for å kunne møte til eksamen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
I andre semester av mastergradsstudiet skal det oppnemnast fast rettleiar for studenten. Masteroppgåva er eit skriftleg arbeid som byggjer på eit sjølvstendig studium av eit forskingsmateriale. Emnet for oppgåva skal veljast i samråd med rettleiar. Masteroppgåva byggjer på KUVI302: Prosjektskildring. Fullført KUVI 301 og KUVI302. I første semester av masterstudiet får studenten tildelt ein mellombels rettleiar. Studenten får tildelt fast rettleiar når emnet KUVI302 Prosjektskildring er bestått. Til arbeidet med masteroppgåva er det knytt individuell rettleiing. Student og rettleiar skriv under på ei rettleiingskontrakt som klargjer rettar og plikter for begge partar. Omfanget av oppgåva skal vere på 70-110 sider. Emnet vert evaluert jamleg. Eksamen er ei endeleg fagleg vurdering av masteroppgåva. Etter at karakteren for oppgåva er fastsett, framstiller studenten seg for ein munnleg eksamen. Her vert studenten eksaminert i sjølve masteroppgåva. Den munnlege eksamenen kan justere karakteren på oppgåva med inntil ein karakter. Det vert nytta bokstavkarakterar. Den ferdige oppgåva skal leverast i fem eksemplar til Institutt for kulturstudiar og kunsthistorie innan dei fristane som fakultetet har sett. Bandmateriale og utskrifter som fylgjer med oppgåva, skal leverast saman med oppgåva.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust eller vår. Norsk. Haust eller vår. Læringsmål Emnet skal gje ei grunnleggjande innføring i regionale, nasjonale og europeiske mattradisjonar i eit kulturhistorisk perspektiv. Ein vil leggja vekt på praktisk kunnskap om konservering, tilverking og bruk av forskjellige matemne. Fagleg innhald Studiet skal gje ei innføring i matkultur ut frå eit kulturhistorisk og kulturteoretisk perspektiv. Formålet er at studentane skal tileigna seg grunnleggjande kunnskapar om mat- og måltidskultur og gjennom komparasjon skaffa seg innsikt i kulturhistorie og kulturteori. I studiet vert det òg lagt vekt på formidling av kunnskap om og utvikling av lokal matkultur. Kunnskapar: Ved endt studium har studentane tileigna seg kunnskapar om og innsikt i historiske endringar og prosessar på det matkulturelle området, og dei har fått teoretisk og praktisk innsikt og røynsle med utvalde konserverings-, vidareforedlings- og tillagingsprosessar på matområdet. Studentane har også fått kjennskap til landbrukspolitiske rammer for matproduksjonen i dag. Ferdigheiter: Studentane har fått røynsle frå og kan gjera greie for praktiske arbeidsprosessar på matområdet. Dei kan skriva ein resonnerande tekst om eit matkulturelt tema. Generell kompetanse: Studentane kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innanfor fagområdet. Studentar under 25 år må dokumentera generell studiekompetanse. Ingen opptakskrav for søkjarar over 25 år. Opplegget kombinerer nettundervisning og individuelt og gruppebasert læringsarbeid på nett med studiesamlingar, der ein har praktiske øvingar/demonstrasjonar, diskusjonar og oppgåvesamarbeid i smågrupper og i plenum. Som ein del av innføringa skal det leverast minst to innlegg i diskusjonsforum og eit refleksjonsnotat (ca. 350 ord). Ei individuell skriftleg oppgåve (2000 ord eller ca. 5 sider), og ei gruppeoppgåve kring eit praksisrelatert tema som gruppa har felles ansvar for (2000 ord eller ca. 5 sider). Individuell munnleg eksamen. I den samla vurderinga tel den individuelle skriftlege oppgåva 40 %, gruppeoppgåva 40 % og munnleg eksamen 20 %. Det vert nytta bokstavkarakterar (A-F). Undervisninga vert jamleg evaluert.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust og vår Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Sjå UHL § 3-10 Emnet vil gi ein oversikt over historia til biletet og skulpturen frå antikken og fram til i dag, satt inn i ein brei teoretisk, kulturhistorisk- og sosial kontekst. Emnet skal gi studentane ei innsikt i kva visuell kultur og kunsthistorie handlar om, og korleis dei manifesterar seg i historia. Emnet gir grunnleggjande kunnskap om visuell kultur og kunst frå antikken og fram til i dag, samt introduserar til sentrale metodiske og teoretiske tema i kunsthistoriefaget. Ingen. Ingen. Undervisinga vert gitt i form av førelesingar, på om lag 12 dobbelttimar. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Ingen. 6-timars skuleeksamen Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
vår Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Sjå UHL § 3-10 Emnet vil gi ein oversikt over historia til biletet og skulpturen frå ca. år 1000 og fram til ca. 1750, dvs. til etableringa av kunstinstitusjonen, sett i ein brei kulturhistorisk- og sosial kontekst. Tematikken kan variera noko frå semester til semester. Emnet skal gi studentane ei brei innsikt i den visuelle kulturen i perioden. Emnet gir kunnskap om visuell kultur og kunst i Vest-Europa frå mellomalderen og fram til ca. 1750. Ingen. Ingen. Førelesingar: Om lag 12 dobbelttimar. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Ingen. 7-dagars heimeeksamen med ein justerande munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på 15 sider med halvannan linjeavstand og 12 punkt Times eller liknande. Munnleg eksamen kan justera karakteren på oppgåva med éin bokstavkarakter opp eller ned. Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Sjå UHL § 3-10. Emnet presenterar og drøfter karakteristiske trekk ved kunsten og den visuelle kulturen frå 1700-talet og fram til vår eiga tid. I dette står utviklinga av kunstinstitusjonen, modernismen og den høgst samansette ettermoderne kunsten sentralt. Men emnet tar og opp ulike tema, som til dømes mangfaldet og dei ulike brukskontekstane innanfor den ikkje-institusjonelle biletkulturen - og spørsmål knytte til tolking og historisk kontekstualisering. Val av tema kan variera frå semester til semester. Emnet tar sikte på å gi ei generell innføring i kunsten og den visuelle kulturen frå omkring 1700 og fram til vår eiga tid. Det rettar seg og mot å utvikle evna til å nærme seg det enkelte bilete eller kunstverk som historisk dokument og estetisk objekt. Emnet gir kunnskap om moderne kunst og biletkultur. Ingen. Ingen. Førelesingar: Om lag 12 dobbelttimar. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Ingen. 7 dagars heimeksamen med justerande munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på 15 sider med 1 ½ linjeavstand og 12 punkt times eller liknande. Munnleg eksamen kan justere karakteren på oppgåva med éin bokstavkarakter opp eller ned. Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Sjå UHL § 3-10 Emnet skal gi innføring i sentrale retningar innafor arkitekturutviklinga, men kan ta opp ulike tema og tematisere ulike historiske periodar frå semester til semester. Andre kunstartar med relevans for den arkitektoniske utforminga, som skulpturfeltet, utsmykking, grafisk design, innreiingsdesign og samanheng med omgjevnader og landskap, kan og verte trekte inn. Emnet skal gi studenten kunnskap om arkitektur i eit regionalt, lokalt og internasjonalt perspektiv, samt kjennskap til arkitekturen si rolle i ein utvida samfunnskontekst. Studiet gir arkitekturhistorisk kompetanse og ein bevisstheit om arkitektur og design som ein integrert del av kunsthistoria. Gjennom konkrete døme tar emnet opp tema som er nyttig for arbeid innan museumsvesen, offentleg forvaltning og undervisning. Studiet er og relevant for arkitektstudentar. Emnet er særs godt eigna i kombinasjon med andre estetiske fag og kulturfag. Ingen. Ingen. Førelesingar: På om lag 12 dobbelttimar. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Ingen. Eksamen er ein munnleg prøve, der delar av temaa vert gitt på førehand. To dagar før fastsett eksamenstidspunkt får studenten ei individuell oppgåve som skal presenterast munnleg. I tillegg vil studenten bli beden om å kommentere fire ulike arkitektoniske verk som er omtalte og avbilda i pensum. Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust og vår. Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Sjå UHL § 3-10 Emnet skal gi ei grunnleggjande innføring i bilete- og kunstteoriar frå antikken til vår tid. Ulike historiske definisjonar og måtar å forstå visuelle uttrykk på vil stå i fokus. Undervisinga vil vera både kronologisk og tematisk organisert. Dei historiske teoriane sin aktualitet for den faglege debatten om kva kunsthistorie er og kan vera vil verte vektlagde. Emnet skal gi kunnskapar om estetisk teori og bileteteori og øva opp evna til å reflektera over teoretiske problem. Emnet gir studentane kompetanse til å handtere teoretiske problem i omgangen med kunst og visuell kultur. Ingen. Førelesingar: Om lag 12 dobbelttimar Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Ingen Eksamen femner om ein 7-dagars heimeeksamen med ein justerande munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på 15 sider med halvannan linjeavstand og 12 punkt Times eller liknande. Munnleg eksamen kan justera karakteren på oppgåva med éin bokstavkarakter opp eller ned. Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. Det tar utgangspunkt i den antikke kunsten med spesiell vekt på bruk av antikken i seinare tid. Innan den klassiske tradisjonen vert antikke referansar analysert i moderne og samtidskunst, 19.-21.århundre: kopiar av spesifikke skulpturar, sitat av fragmenter eller bruk av antikt formspråk i nye verk. I forholdet mellom antikk og (post)moderne vert omgrep som det klassiske, original og kopi, parafrase og appropriasjon drøfta. Innhaldet i kurset kan variera frå år til år, men tema vert anten henta frå antikk og bysantinsk kunst eller frå resepsjonen av denne. KUN 110 og Årsstudium. Tilrådd startgrunnlag for studiet er KUN 111: Antikk og tidlig mellomalder. Undervisninga vert gitt som førelesingar og/eller seminar over utvalte emne eller problemstillingar innan perioden sin kunst. Studenten skal skrive ei skriftleg oppgåve med tema frå det kurset som vert tilbydd i undervisningssemesteret. Oppgåva skal leverast til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte i Studentportalen. Det er obligatorisk å levere oppgåva til rettleiing to gonger. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt vert publisert i Studentportalen ein av dei første dagane etter innleveringane. Eksamen er ei rettleidd skriftleg oppgåve med tema frå kurset det gjeldande semesteret.. Det ferdige arbeidet skal ha eit omfang på om lag 15 maskinskrevne sider med halvannan linjeavstand og 12 punkt Times eller annan skrifttype.. A-F, der A er best Emnet vert evaluert jamleg.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. Temaet er knytt til moderne kunst frå 1945 og frametter, og kan variera frå semester til semester. Emnet skal gi studentane gode kunnskapar om kunstnarar, kunstverk og estetiske problemstillingar i kunsten i etterkrigstida. Ingen. KUN110 og emne tilsvarande eit årsstudium i kunsthistorie, inkludert KUN114: Moderne Biletkultur Førelesingar: Om lag 12 dobbelttimar. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Det er obligatorisk å levere semesteroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mi Side. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt vert publisert på Mi Side ein av dei første dagane etter innleveringane. Eksamen er ei rettleidd skriftleg oppgåve med tema frå kurset det gjeldande semesteret. Det ferdige arbeidet skal ha eit omfang på om lag 15 maskinskrivne sider med halvannan linjeavstand og 12 punkt Times eller annan skrifttype. Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår. Norsk. Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i Kunsthistorie Emnet er ei fordjuping i forskingsfeltet til masteroppgåva. Emnet skal læra studentane å avgrensa problemstillingar og arbeida systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer. Emnet styrkjer kompetansen i å arbeide vitskapeleg. Eksamen i KUN311 og KUN301 skal vere greidd før ein kan ta KUN321. Ingen. Studenten skal halde to munnlege seminarinnlegg med tilknyting til mastergradsoppgåva. Dei munnlege innlegga skal ikkje vare lenger enn 30 minutt. Tema for innlegga skal veljast i samråd med rettleiar. Rettleiar deltar på seminaret når studenten held innlegga sine. Deltaking på seminaret er obligatorisk, og vert godkjend med maksimum 20 prosent fråvær. Dei obligatoriske munnlege innlegga skal leverast i skriftleg form i same semester som det munnlege seminaret, og dei skriftlege innlegga utgjer eksamen i emnet. Omfanget av dei skriftlege innlegga skal vera 10 sider med halvannan linjeavstand og 12 punkt Times eller liknande skrifttype. (Karakteren vert fastsett av emneansvarleg og rettleiar.) Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår. Norsk. Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i Kunsthistorie. Emnet er knytt til individuelle eller kollektive forskingsprosjekt i det kunsthistoriske fagmiljøet. Studentane gjer ein avtale med emneansvarleg om ei oppgåve innafor ramma til prosjektet. Oppgåva kan til dømes vera feltarbeid, materialinnsamling, eller eit teoretisk eller kunsthistorisk problem. Emnet skal gje studentane erfaring med å arbeida innanfor ramma til eit konkret forskingsprosjekt. Emnet gjev spesialkompetanse i kunsthistorie innafor eit aktuelt forskingsfelt, og skal bidra til å utvikle analytiske evner og teoretisk og metodisk refleksjon. Det gjev og allmenn forskingskompetanse som kan kome til nytte ved seinare arbeid med masteroppgåva og i kulturinstitusjonar og kunnskapsbedrifter av ulike slag. Ingen. KUN301 og KUN311 Undervisinga kan vere både førelesingar, seminar, workshops og/eller feltarbeid. Undervisingar føreset aktiv deltaking frå studentane. Studentane skal leggja fram arbeidet sitt til drøfting på eit seminar, ein workshop eller liknande og levera ei skriftleg oppgåve på 15 sider med halvannan linjeavstand og 12 punkt Times eller liknande skrifttype. Deltaking på seminar/ workshop er obligatorisk, og vert godkjent med maksimum 20 prosent fråvær. Ei skriftleg oppgåve på 15 sider med halvannan linjeavstand og 12 punkt Times eller liknande skrifttype Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust/Vår Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i Kunsthistorie Masteroppgåva er tyngdepunktet i masterstudiet. Arbeidet skal vera forskingsprega, og skal munne ut i ei sjølvstendig, vitskapeleg undersøking og framstilling av eit kunsthistorisk materiale eller eit teoretisk problem innanfor visuell kultur i vid tyding. Mastergradsstudiet tek sikte på å gje ei grundig innføring i kunsthistoriske og vitskaplege problemstillingar, og i kunstvitskapelege metodar og framstillingsformer. Gjennom arbeidet med mastergradsoppgåva skal studentane dokumentera at dei kan finne fram til og avgrense problemstillingar, og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer. Mastergradsstudiet gir spesialkompetanse i kunsthistorie og allmenn forskingskompetanse som kan kome til nytte ved seinare arbeid i kulturinstitusjonar og kunnskapsbedrifter av ulike slag. Ingen. Fullført kursdel for mastergraden i kunsthistorie. Masterstudentar får oppnemnd fast rettleiar etter at kurset KUN 311: Prosjektførebuing er godkjend (sjå emneomtale). Alle mastergradsstudentar må skriva kontrakt med fakultetet og institituttet, der rettar og plikter er presiserte. Mastergradsoppgåva er eit skriftleg arbeid som byggjer på eit sjølvstendig studium av eit forskingsfelt. Oppgåva skal vera på 70-90 tekstsider (23000-33000 ord) og skal svara til ein samla arbeidsinnsats på to semester (60 studiepoeng). Mastergradsoppgåva skal leverast i elektronisk format og innan dei fristar fakultetet har fastsett. Etter at oppgåva er godkjend og evaluert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som er knytt til oppgåva. Munnleg eksamen kan justera karakteren for mastergradsoppgåva med éin karakter opp eller ned. Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår. Norsk Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. KVIK101: Introduksjon til kjønnsforsking - kjønnsforskingas aktualitet i dagens globaliserte samfunn er ein innførande, fleirfagleg modul som skal a) gje ein presentasjon av den historiske utviklinga av kvinneforskingas første fase i 1960-70-åra som eit politisk, feministisk og fleirfagleg prosjekt. Sentrale omgrep som kvinneforsking, kvinneundertrykking, patriarkat og seksisme vil bli drøfta. Det vil bli fokusert både på norske og internasjonale bidrag til denne utviklinga. b) gjennomgå utviklinga frå kvinneforsking til kjønnsforsking. Dette inneber ei problematisering av kvinneforskingas første fase på grunnlag av forståingar av kjønn som noko som skapast gjennom språk og symbol så vel som gjennom historisk erfaring. Den aukande interessa for menn sine kjønnsidentitetar innan maskulinitetsforsking vil inngå som ein del av denne utviklinga. Sentrale spørsmål som vil bli drøfta i denne samanhengen er: Har kjønn alltid hatt den same tydinga? Har kjønn den same tydinga overalt? Kva for rolle speler kjønn og kjønnsforskjell i dagens globaliserte samfunn? Og kva for rolle speler globaliseringa for vår oppfatning av kjønn og kjønnsforskjell? c) gje eit overblikk over idear knytte til kjønn og seksualitet innan ulike teoriutviklingar - dvs. feministisk teori, psykoanalyse, såkalla skeiv teori (queer theory), og postkolonialistisk teori. Spørsmål som vil bli tekne opp er mellom anna: Kjem kjønnet 'innanfrå' eller 'utanfrå'? Blir vi fødde med et kjønn eller er kjønn noko vi blir - og i så tilfelle korleis? Er likestilling ei sjølvfølgje? Har kvinner noko til felles fordi dei er kvinner? Har menn noko til felles fordi dei er menn? Kva er forholdet mellom feministisk teori og mannsforsking? d) gje ein introduksjon til teoriar om seksualitet og kjønnsforskjell ut frå ulike kulturelle perspektiv. Undervisninga knytt til KVIK101 er fleirfagleg og derfor veleigna til å fungere som ei grunnleggjande innføring i sentrale omgrep og spørsmål som gjeld kjønn og seksualitet innan ei rekkje fagområde - til dømes sosiologi, filosofi, historie, litteraturvitskap, sosialantropologi, medisin, psykologi og helsefag. KVIK101 - Introduksjon til kjønnsforsking - kjønnsforskingas aktualitet i dagens globaliserte samfunn - tek sikte på å gje ei brei innføring i kjønnsforsking for å vise korleis analyser av problemstillingar knytt til kjønn og seksualitet kan vere ein nøkkel til å forstå dagens globaliserte samfunn. Studenten skal opparbeide innsikt i den historiske utviklinga av kjønnsforskingsfeltet, ei generell oversikt over sentrale problemstillingar i fagfeltet så vel som evne til å gjere greie for ulike retningar innan kjønnsteorien. Ingen Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Undervisninga vil bli gitt som dobbelførelesingar (2 x 45 minuttar) og omhandlar: " Frå kvinneforsking til kjønnsforsking " Menn og maskulinitetar " Kjønnsteori " Forståingar av kjønn og seksualitet ut frå ulike kulturelle perspektiv. Kollokvieundervisning. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. i) Det er obligatorisk oppmøte på 75% av kollokviesamlingane i løpet av semesteret. ii) Studenten skal skrive eit framlegg i løpet av semesteret. Framlegget kan vere anten eit munnleg innlegg eller ei skriftleg innlevering. 6-timars skuleeksamen. Studenten må ha gjennomført dei obligatoriske aktivitetane for å kunne gå opp til eksamen. Karakterskala A-F. Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
1 - 25 26 - 50 51 - 75 76 - 100 101 - 125 126 - 150 151 - 175 176 - 200 201 - 225 226 - 250 251 - 275 276 - 300 301 - 325 326 - 350 351 - 375 376 - 400 401 - 425 426 - 450 451 - 475 476 - 500 501 - 525 526 - 550 551 - 575 576 - 600 601 - 625 626 - 650 651 - 675 676 - 700 701 - 725 726 - 750 751 - 775 776 - 800 801 - 825 826 - 850 851 - 875 876 - 900 901 - 925 926 - 950 951 - 975 976 - 1000 1001 - 1025 1026 - 1050 1051 - 1075 1076 - 1100 1101 - 1125 1126 - 1150 1151 - 1175 1176 - 1200 1201 - 1225 1226 - 1250 1251 - 1275 1276 - 1300 1301 - 1325 1326 - 1350 1351 - 1375 1376 - 1400 1401 - 1425 1426 - 1450 1451 - 1475 1476 - 1500 1501 - 1525 1526 - 1550 1551 - 1575 1576 - 1600 1601 - 1625 1626 - 1650 1651 - 1675 1676 - 1700 1701 - 1725 1726 - 1750 1751 - 1775 1776 - 1800 1801 - 1825 1826 - 1850 1851 - 1875 1876 - 1900 1901 - 1925 1926 - 1950 1951 - 1975 1976 - 2000 2001 - 2025 2026 - 2050 2051 - 2075 2076 - 2100 2101 - 2125 2126 - 2150 2151 - 2175 2176 - 2200 2201 - 2201