Undervisninga startar i haustsemesteret (3. semester) og går over to semestre. Emnet skal normalt studerast i semester 3 og 4, innanfor ein fireårig komposisjonsutdanning. For studentar med anna føregåande instrumentalfordjuping kan den samla kombinasjonen MUG124 og MUG125 takast som ei tilleggsutdanning i grunnleggjande komposisjon over fire semester. Emnet vil gje studenten ei innføring i og forståing for kva som ligg bak kreative og kompositoriske prosessar, både som epokeuttrykk og som individuelt kunstnerisk uttrykk. Emnet byggjer vidare på MUG 124 og på dei musikkorienterande faga og vil òg femne delar av den vestlege kunstmusikktradisjonen utover eiga kreativt arbeid. Studenten vil øve opp vurderingsevna og den musikalske forståinga avulike tradisjonar og epokar, og av si eiga musikkskaping gjennom kreativt og analytisk arbeid. Studenten skal ved eksamen i MUG125 ha skaffet seg en god breddeoversikt over komposisjonsfaget og ha mottatt en systematisk oppfølging av sin musikkskaping og begynt å formulere et eget personlig uttrykk. Fagleg innhald Emnet skal utvikle ferdigheiten i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk. MUG125 Hoveddisiplin komposisjon 2 er eit innføringsemne med stor vekt på eiga musikkskaping i eit moderne kunstmusikalsk uttrykk, men som òg omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar. Studenten skal arbeide sjølvstendig, gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg, og gjennom aktiv deltaking i fellesseminar. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk og har gjennomført og bestått MUG124. Før eksamen i MUG125 skal MUG103 og MUG107 vera greidd. Evne og vilje til å uttrykkje seg musikalsk gjennom musikkskaping. Ei grunnleggjande oversikt over tradisjonelt og nyare musikkrepertoar, og ei oversikt over sentrale omgrep og problemstillingar frå musikkteori og musikkskaping. Emnet fokuserer på: - Komposisjon som kreativ prosess - Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon - Verkanalysar og repertoarforståing - Estetiske problemstillingar - Konsert- og formidlingspraksis - Ev. støtteinstrument Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan i tråd med studieplanen. Komposisjon som kreativ prosess: Studenten arbeidar med definerte oppgåver og eigne verk gjennom individuell rettleiing,i prosjekt og i seminar. Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon: Gjennom individuelle timar, seminar og eigenarbeid blir det gjeven ei innføring i grunnleggjande satsteknikkar og grunnleggjande instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag. Bruk av datamaskin høyrer med i dette arbeidet. Verkanalysar og repertoarkunnskap: Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått i rettleiing og/eller i seminarform. I tillegg skaffar studenten seg ei meir generell repertoaroversikt over sentrale verk og stilar gjennom lytting og/eller partiturlesing. Eit slikt individualpensum skalutformast i samråd med faglærar. Estetiske problemstillingar: Dei ovanfor nemnte komponentane skal òg granskast nærare som konkrete døme på sentrale problemstillingar innanfor musikalske rom, tid og uttrykk, meininga og funksjonen til kunstverket etc. - I samband med dette vil det i samråd med faglærar leggjast opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Konsert- og formidlingspraksis: Det blir forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar ved og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat spelast inn. I tillegg kan studenten bli aktivisert i obligatoriske prosjekt i regi av instituttet. Ev. støtteinstrument Studenter uten forutgående instrumentalutdanning på høyere nivå kan etter individuell vurdering tilbys undervisning på relevant støtteinstrument ut fra behov og ut fra instituttets generelle ressurssituasjon. En oversikt over gjennomgått repertoar og instrumentalopplæring skal godkjennes av faglærer før fremstilling til endelig eksamen. - Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar - Seminar for mindre gruppeeiningar (til dømes studentar på same studietrinn eller på same fordjupingsemne) - Fellesforum - Meisterklassar, seminar, ekskursjono.l. (jf. eigen semesterplan) - Prosjektveker - Verkframføring og medverknad i interne og/eller offentlege konsertar - Kurs Alexanderteknikk (jf. eigen semesterplan). - Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Alle selvstendige komposisjoner skal i prinsipp være tilgjengelige som partitur og lydfesting før fremstilling til eksamen. (Unntak kan gis for verk som urfremføres på selve eksamenskonserten.) - En oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar som omfatter ulike sentrale eldre og nyere homo- og polyfone teknikker, samt instrumentasjonsløsninger skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. - Studenten skal minst ein gong i løpet av studieåret leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar, og samstundes i arkiverbar form (tekst, lyd, video) frå seminar). Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. - Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike konsertframføringar minimum to gonger under studietida av emnet. Dette skal kunne dokumenterast før framstilling til avsluttande eksamen. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Eksamen blir gjennomført som mappevurdering. Mappa skal omfatte: - Minimum 3 komposisjonar, for ulike større eller mindre besetninger, med ei minimum samla speletid på 15 minutt, skrive under studiet under rettleiing. Partitur (eller anna verkdokumentasjon for verk i andre medier) skal normalt følgjast av lydfestingar. Verk som urfremføres ved avsluttende eksamen er unntatt dette lydfestingskravet. Studenten kan få dispensasjon frå dette lydfestingskravet i særskilde tilfelle. Minst eit verk skal ordinært fremføres i konsert i forbindelse med eksamen, med sensorane til stades. Eksamen skal vurderast av minst ein intern og ein ekstern sensor. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakter frå A - F Ut over sjølve karakterutfallet vil kandidaten i samtale med sensorane få ei tilbakemelding omkring dei framlagde komposisjonane. Mappa er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Jamleg evaluering skjer i dialog mellom hovedinstrumentlærar og student. Denne evalueringa vil vere basert på ein felles mal. Det skal rapporterast til administrasjonen at evaluering er gjennomført.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Emnet gjev ein introduksjon til musikkterapi med eit overblikk over feltet som grunnlag for vidare studium i faget. Grunnleggjande teoriar og omgrep, arbeidsmåtar og metodar, målgrupper og arbeidssettingar blir presenterte i eit historisk, kulturelt og systematisk perspektiv. Grunnleggjande bruksmusikalsk dugleik og kunnskapar i musikkteori. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid og vil inkludere førelesingar, gruppeoppgåver, videoobservasjonar og eigenerfaringskomponentar. Arbeid med emnet krev evne til sjølvstendig tilegning av pensumlitteratur og evne til munnleg og skriftleg drøfting og analyse av praksiserfaringar i lys av pensumlitteraturen. Som førebuing til eksamen blir disse dugleikane oppøvde gjennom diskusjonar, studentpresentasjonar, skriftlige oppgåver og heimearbeid. All undervisning er obligatorisk og omfattar Innføring i musikkterapeutiske teoriar og arbeidsmåtar (72 t). Det blir gitt ei munnleg og ei skriftleg oppgåve undervegs som må løysast for å kunne få godkjent emnet (jf. eigen semesterplan). Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før oppmelding til eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. 5 timars skriftleg eksamen. Minst to sensorar kor ein skal vera ekstern. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar. Undervisninga startar i haustsemesteret (og går evt. over to semester).
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust. Emnet gjev ei teoretisk og praktisk-metodisk innføring i pedagogisk musikkterapi, med tilpassa opplæring for elevar med særlege behov og musikkterapi i ein spesialpedagogisk samanheng. Ulike tradisjonar og tilnærmingar blir gjennomgått, med hovudvekt på utviklinga innanfor norsk musikkterapipraksis på dette feltet. Ein observasjonspraksis inngår og dessutan deltaking i ei relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe. Opptak på årsstudiet i musikkterapi. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid og blir lagt opp med varierte undervisningsformer med tanke på integrasjon av teoretisk og praktisk-metodisk kunnskapsstoff, og vil inkludere førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar og dessutan ei verkstadsform med fokus på å tileigne seg, prøve ut, få rettleiing på og vidareutvikle praktisk-metodisk dugleik i pedagogisk musikkterapi. Praksis kan skje både på dagtid, kveldstid og helger, eller i samband med framføringar, prosjekt, osb. Praksis vil ha kontinuerlig rettleiing. Det skal skrivast ein kort praksisrapport. Eit seminar med kommunikasjons- og relasjonserfaring inngår i emnet. Studentane har rett til rettleiing på semesteroppgåva. All undervisning er obligatorisk og omfattar Kurs i teori og metode i pedagogisk musikkterapi (60 t), Kommunikasjons- og relasjonsseminar (12 t) og Praksis (60 t). Obligatoriske aktivitetar omfattar minimum eitt framlegg og utprøving etter ei turnusordning i metodeverkstaden, utarbeiding av ei praktisk-metodisk arbeidsbok og dessutan ei munnleg prøve (jf. eigen semesterplan). Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er godkjende før oppmelding til eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Sjølvstendig skriftleg semesteroppgåve, gjerne essayistisk i stilen, på ca. 3200 ord: 8 s med linjeavstand halvannan, margar 2,5 cm og Times New Roman 12 som skrifttype. Når to eller fleire studentar skriv oppgåve i saman, blir sidetal utvida med 2/3 for kvar ny medforfattar. Døme: ca. 13 s for ei oppgåve skriven av 2 studentar. Oppgåva skal som hovudregel ta utgangspunkt i tema og problemstillingar knytt til praksis (jf. eigen semesterplan). Intern sensur. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår. Emnet tar sikte på å gje ei innføring i musikkterapi i eit økologisk og samfunnsorientert perspektiv. Teoretisk omfattar dette tema som person i kontekst, sosiale nettverk og sosial kapital, musikk- og helseomgrep i sosiokulturelt perspektiv og førebyggjande og helsefremmande arbeid gjennom musikk. Praktiske arbeidsformer omfattar alt frå opne miljøtiltak (som ein musikkafé eller utradisjonelle konserttilbod) til ulike integreringsprosjekt i eit lokalmiljø. Ei sentral problemstilling er korleis musikkterapitilbod kan fungere som støtte for deltaking, inkludering og utvikling av sosiale nettverk. Praksis inngår også og dessutan deltaking i ei relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe. Opptak på årsstudiet i musikkterapi. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid og blir lagt opp med varierte undervisningsformer med tanke på integrasjon av teoretisk og praktisk-metodisk kunnskapsstoff, og vil inkludere førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar og dessutan ei verkstadsform med fokus på å tileigne seg, prøve ut, få rettleiing på og vidareutvikle praktisk-metodisk dugleik i samfunnsmusikkterapi. Praksis blir vanlegvis konsentrert til ein prosjektperiode på 4 veker eit stykke ut i semesteret. Praksis kan skje både på dagtid, kveldstid og i helger, eller i samband med framføringar, prosjekt, osb. Praksis vil ha kontinuerlig rettleiing. Det skal skrivast ein kort praksisrapport. Eit seminar med kommunikasjons- og relasjonserfaring inngår i emnet. Studentane har rett til rettleiing på semesteroppgåva. All undervisning er obligatorisk og omfattar Kurs i samfunnsmusikkterapeutisk teori og metode (60 t), Kommunikasjons- og relasjonsseminar (12 t) og Praksis (60 t). Obligatoriske aktivitetar omfattar minimum eitt framlegg og utprøving etter ei turnusordning i metodeverkstaden og utarbeiding av ei praktisk-metodisk arbeidsbok (jf. eigen semesterplan). Etter gjennomført praksisperiode skal studentane dokumentere og formidle praksiserfaringane (jf. eigen semesterplan). Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er godkjende før oppmelding til eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Sjølvstendig skriftleg semesteroppgåve, vanlegvis i artikkelsjangeren med tilhøyrande akademiske krav. Omfang på ca. 4000 ord: 10 s med linjeavstand halvannan, margar 2,5 cm og Times New Roman 12 som skrifttype. Når to eller fleire studentar skriv oppgåve i saman, blir sidetal utvida med 2/3 for kvar ny medforfattar. Døme: 16-17 s for ei oppgåve skriven av 2 studentar. Oppgåva skal som hovudregel ta utgangspunkt i problemstillingar knytt til praksis, sjølv om annan empiri eller reine teorioppgåver også kan godkjennast (jf. eigen semesterplan). Minst to sensorar kor ein skal vera ekstern. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret. Det blir gjeve undervisning i alle semester (1-4). Emnet skal vidareutvikle dugleiken i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet og som kunstnarleg eigeuttrykk. Emnet går over fire semester og byggjer vidare på gjennomført MUG104 (komposisjon I) eller tilsvarande dokumenterte kunnskapar. Som MUG104 handsamar emnet moderne kunstmusikalsk komposisjon, men med større vekt på eiga kunstnarleg utvikling. Emnet gjev dermed rom for større grad av fordjuping og konsentrasjon omkring avgrensa tema, noko som òg vil kunne påverke innhaldet i dei ulike komponentane. Men fordjupinga skal framleis få perspektiv og styrkje gjennom undersøkingar av relevant musikk, komposisjonsteknikkar og aktuelle problemstillingar henta frå heile musikktradisjonen. Det sjølvstendige arbeidet til studenten står sentralt, gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg, og gjennom aktiv deltaking i fellesseminar. - Generell studiekompetanse og godkjent musikkfagleg opptaksprøve (jf. opptakskrav i fellesbrosjyre for utøvande musikkutdanning i Noreg). - Gjennomført MUG104 (Komposisjon I). - Tilsvarande dokumenterte kunnskapar/utdanning. Søkjaren må då framvise evne og vilje til å uttrykkje seg musikalsk gjennom musikkskaping, dokumentert gjennom opptaksprøve. Søkjaren bør ha ei funksjonell oversikt over tradisjonelt og nyare musikkrepertoar, og dessutan vere orientert i sentrale omgrep og problemstillingar frå musikkteori/estetikk og musikkskaping. Emnet fokuserer på: - komposisjon som kreativ prosess - komposisjonsteknikkar og instrumentasjon - verkanalysar og repertoarkunnskap - estetiske problemstillingar - konsert- og formidlingspraksis Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan. Komposisjon som kreativ prosess: Gjennom individuell rettleiing, i prosjekt og i seminar arbeidar studenten med definerte oppgåver og med eigne verk. - Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon: Gjennom individuelle timar, seminar og eige arbeid skal studenten arbeide vidare med utvalde satsteknikkar og instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag. Bruk av datamaskin høyrer med i dette arbeidet. - Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Verkanalysar og repertoarkunnskap: Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått i rettleiing og/eller i seminarform. I tillegg skaffar studenten seg ei meir generell repertoaroversikt over sentrale verk og stilar gjennom lytting og/eller partiturlesing. Eit slikt individualpensum blir utforma i samråd med faglærar. - Studenten skal minst ein gong per studieår leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar. Individualpensum og seminarmedverknad skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Estetiske problemstillingar: Dei ovanfor nemnte komponentane skal òg granskast nærare som konkrete døme på sentrale problemstillingar innanfor musikalske rom, tid og uttrykk, meininga og funksjonen til kunstverket etc. - I samband med dette skal det i samråd med faglærar bli lagt opp eit individualpensum. Individualpensumet skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande seminar. Konsert og formidlingspraksis: Det blir forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar ved og/eller utanfor instituttet, der arbeid og resultat blir spelt inn. I tillegg vil studenten bli aktivisert i obligatoriske prosjekt i regi av instituttet. - Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike konsertframføringar minimum fire gongar under studietida av emnet. Dette skal kunne dokumenterast før framstilling til avsluttande eksamen. - Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar - seminar for mindre gruppeeiningar (t.d. studentar på same studietrinn eller same fordjupingsemne) - fellesforum - meisterklassar, seminar o.l. (jf. eigen semesterplan) - verkframføring og medverknad i interne og/eller offentlege konsertar. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før oppmelding til eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Jamleg evaluering skjer i dialog mellom hovudlærar og studenten. Evalueringa skjer skriftleg eller munnleg, og skal førast i form av rapport. Det bli gjennomført evaluering av gruppeundervisning, prosjekt o.l. i form av spørjeskjema. Ein rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane. Eksamen blir gjennomført som mappevurdering. Mappa skal omfatte følgjande delar: - Minimum 3 ulike komposisjonar for større og mindre orkester, med ei minimum samla speletid på 30 minutt, skrive under studiet med rettleiing. Partitur skal normalt vere framført før eksamen, og vere dokument av medfølgjande lydfestingar. Elektroakustisk musikk skal dokumenterast som lydfesting, saman med høveleg dokumentasjon av produksjonsfasen (datautskrifter, programkode, datafiler, video osv.) I særskilde tilfelle kan studenten få dispensasjon frå kravet om lydfesting. - Eit på førehand avtalt utval øvingar frå komposisjonsteknikkar, der prøvar på både eldre og nyare teknikkar, både polyfone og homofone satsteknikkar, og dessutan problemstillingar omkring instrumentering er dokumenterte. - Ei analyseoppgåve på om lag 10 sider, over eit godkjent sjølvvalt tema, gjennomført under rettleiing i løpet av det siste studieåret. Kvar del i mappa er gyldig i to semester etter det semesteret studenten med normal progresjon skulle ha tatt eksamen. Eksamen skal vurderast av minst ein intern og ein ekstern sensor. Vurderingsuttrykk: bokstavkarakterar. Utover sjølve karakterutfallet vil kandidaten i samtale med eksamenskommisjonen få ei grundigare tilbakemelding omkring dei einskilde delane av mappa.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. Emnet skal hjelpe studenten til å meistre grunnleggjande direksjons- og vokalteknikk, og til å formidle uttrykk og interpretasjon andsynes ensemblet. Fagleg innhald Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i korleiing og høver særleg for studentar med song eller orgel som hovuddisiplin, men andre studentar kan òg søkje. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår. Studentane skal få øving i grunnleggjande direksjonsteknikk, innstuderingsmetodikk og interpretasjon. Studentane i studieeininga utgjer øvingskor. Akkompagnementspel skal normalt utførast av dei studentane som har tasteinstrument som hovudinstrument. Det skal arbeidast med korleiing, direksjonsteknikk og repertoar jamleg, i fellestimar og i mindre grupper. Studentane tek aktivt del i konsertar, liturgiske framføringar og andre prosjekt (til dømes innspelingar) knytt til undervisninga. Eigeninnsats omfattar førebuing av eige direksjonsrepertoar, innøving og prøveverksemd utan rettleiar. Fellesprosjekt med andre emneeiningar som barokkensemble 15/30 studiepoeng (MUV240/241), samtidsmusikk (MUV218), arrangering/instrumentasjon (MUV2076) og kontrapunkt/generalbass (MUV2077) er aktuelt når tilhøva ligg til rette for det. Det blir òg gjeve innføring i barnekormetodikk. Det blir òg gjeve innføring i barnekormetodikk. - Kurs i barnekormetodikk - observasjon av barnekorarbeid - konsertframføringar - fellestimar. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Eksamen skal gjennomførast som ein konsert der studenten leier innstuderinga og framføringa av eit repertoar på 15 minutt, a cappella eller med instrumentalfølgje. Intern sensur. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. Emnet skal førebu studentane på gudstenestleg arbeid som tilsette i Den norske kyrkja sine kyrkjelydar. Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i: - praktiske kunnskapar i gudstenestleg orgelspel med sikte på leiing av kyrkjelydssong og kunstnarleg innverknad på gudstenestelivet. - relevante kunnskapar innanfor liturgikk og hymnologi. Fagleg innhald Emnet er retta inn mot tenestegjering som kantor/organist i Den norske kyrkja. Dei liturgiske bøkene og ordningane til kyrkja blir lagt til grunn. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår med orgel som hovudinstrument. Søkjarar med anna hovudinstrument (til dømes piano) kan godkjennast dersom tilstrekkeleg ferdigheit i orgelspel kan dokumenterast ved opptaksprøve. 1. Liturgisk praksis: Dette emneområdet omhandlar primært gudstenestleg orgelspel. Det viktigaste undervisningsmaterialet er Gudstenestebok for Den norske kyrkja del I-II, gjeldande salme- og koralbøker, liturgisk musikk, Norsk Kantoribok, forspelsamlingar og musikk til kyrkjelege handlingar. Det skal arbeidast med: - teknikk, rytme, frasering osv. i koralspel, inkludert spel med framheva melodi i sopran og tenor - dei liturgiske ledda og deira funksjonelle samanheng - val, utarbeiding og framføring av koralforspel og følgjesatsar - spel ved ulike gudstenestetypar og kyrkjelege handlingar - val av høveleg musikk til liturgisk bruk - liturgisk resitativ og bibelske salmar (framføring og akkompagnement) - transponering av koralar og dei faste liturgiske songane. 2. Liturgisk teori: Eit pensum på om lag 500 sider skal leggjast opp. Pensumet skal omfatte følgjande moment: - Gudstenesteordningar til Den norske kyrkja - salmeval til desse - dei kyrkjelege handlingane - kyrkjeåret - kyrkjerommet og symbola - innføring i prinsipiell liturgikk - liturgihistorisk oversikt - Bibel- og idégrunnlaget til kyrkjemusikken. 3. Hymnologi: Omfattar innføring i salme- og koralhistorie med utgangspunkt i dei viktigaste salme- og koralbøkene som har vore i bruk frå reformasjonen til i dag. Nærare studium og innlæring av eit pensum på femti koralar, frå eldre og nyare tid, skal leggjast opp som eksempelmateriale. Undervisning i teori og praksis er integrert og omfattar ein kombinasjon av førelesingar, praktiske øvingar og skriftlege oppgåver. Nokre av dei praktiske øvingane kan, om mogleg, gjennomførast i ein kyrkjelyd under rettleiing av faglærar. - gruppeundervisning - øvingsgudstenester. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Praktisk/munnleg eksamen med to delar: 1. Prøve i liturgisk orgelspel som skal gjennomførast som ei fullstendig høgmesse. Koralspelet skal varierast, og minst éin koral skal utførast med framheva melodi. Oppgåva blir utlevert tre dagar før eksamen (eventuelle sundagar/heilagdagar kjem i tillegg til vanleg førebuingstid). Instituttet skaffar liturg. Alternativ liturg må godkjennast på førehand. Kandidaten skaffar sjølv forsongarar, men kan ikkje nytte registrant. 2. Prøve i teoretisk pensum, liturgisk song og salmesong. Kandidaten skal kunne resitere ei kollektbøn, delar av messa sitt ordinarium (inkludert kyrkjeårsvariantane) og ein eller fleire salmar frå koralpensumet utan notestøtte. Sensur med medverknad av ekstern sensor. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Liturgisk improvisasjon skal gi studentene grunnlag for å gi kirkelige handlinger og gudstjenester kunstnerisk rike uttrykk, personlig utforming og smidig utførelse. Fagleg innhald Faget liturgisk improvisasjon er rettet inn mot utøvelse på orgel innenfor rammen av gudstjenester og kirkelige handlinger. Faget baserer seg på kunnskapene innen Liturgisk teori og praksis, men utvikler disse i improvisatorisk form. Liturgisk improvisasjon går over to semestre og inngår som en naturlig del av kirkemusikkrelaterte studier. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår med orgel som hovedinstrument. Søkere med annet hovedinstrument kan godkjennes dersom tilstrekkelige ferdigheter i orgelspill dokumenteres ved opptaksprøve. Det blir arbeidet med " å utforme musikk som fungerer som kortere og lengre salmeforspill " å utforme musikk til pre- og postludium " melodiutsmykning med assosiasjon til stiler som barokk, romantisk og moderne " ekstemporalharmonisering Undervisning gis gjennom enkelt- eller gruppetimer, avhengig av påmelding og studentenes individuelle nivå. Det legges også opp øvingsgudstjenester sammen med klassen i liturgisk teori og praksis. For å kunne melde seg opp til eksamen, må studenten ha deltatt i undervisningen. Eksamen gjennomføres som en liturgisk tjeneste der studenten improviserer en hoveddel av musikken. Ekstern sensur. Bokstavkarakterar frå A til F. Forberedelse: 24 timer. Evaluering vil bli foretatt jevnlig.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust og vår. Undervisninga startar i haustsemesteret og går over begge semestra. Emnet skal utvikle ferdigheiten og kunnskapen innanfor arrangering og instrumentasjon. Fagleg innhald - Arrangering for ulike vokale og instrumentale ensembler - Transkribering - Partiturlesing og satsreduksjon - Instrumentasjon for korps og symfoniske besetninger Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår. Det blir arbeidd med: - arrangering i teori og praksis (standardbesetninger og ukurante besetninger) - instrumentasjonsprinsipper i korps og symfonisk orkester - instrumentkunnskap Høg arbeidsinnsats i form av jamleg oppgåveskriving er ein føresetnad. - Gruppetimer med presentasjon og korrigering av oppgåver - Individuell rettleiing i bruk av noteskrivingsprogram - Individuell rettleiing i arbeidet med mappeoppgavene Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Eksamen blir gjennomført som mappevurdering av fem innleverte arbeid: - en sang/vise arr. for stemmer og lite instrumentalensemble - et instrumentalt verk transkribert for et annet instrument - et arrangement for strykekvartett eller blåsekvintett el. lign. - pianoutdrag av en orkestersats - et arrangement for korps eller - en instrumentert sats for en symfonisk besetning Desse arbeida er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Intern sensur. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F.. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust og vår. Undervisninga startar i haustsemesteret og går over begge semestra. Emnet skal utvikle ferdigheiten og kunnskapen innanfor klassisk kontrapunkt og generalbass. Fagleg innhald Kontrapunkt i barokk stil Generalbass - teori og praksis Modal sats Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår. Det blir arbeidd med: - kontrapunktisk teori, analyse og øvelser - variasjonsteknikk - harmonisering av kirketonale melodier - realisering av continuostemmer og generalbasskoraler på papir og ved instrument Høg arbeidsinnsats i form av jamleg oppgåveskriving er ein føresetnad. - gruppetimar med presentasjon og korrigering av oppgåver - gruppeundervising i generalbasspill - individuell rettleiing i skriving av invensjon, fuge og variasjonsverk - individuell rettleiing i bruk av noteskrivingsprogram Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Eksamen blir gjennomført som mappevurdering av seks innleverte arbeid: - en 2-st. invensjon - en 3-st. fuge - et variasjonsverk - en kirketonal harmonisering - to realiserte generalbasstemmer Desse arbeida er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Intern sensur. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F . Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Studium over to eller fire semestre. Oppstart: Kun høstsemesteret. Emnet er en del av Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvende musikk som kan tas separat og fungere som musikkpedagogisk videreutdanning for studenter med lærerutdanning. Emnet kvalifiserer for arbeid som musikkpedagog på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskolen, i videregående opplæring, kommunale kulturskoler og frivillig musikkliv. Emnet omfatter musikkdidaktikk og praksis. Emnet inneholder musikkdidaktisk teori, didaktikk for undervisning i grunnskole og videregående skole, ensembledidaktikk, instrumentspesifikk didaktikk og oppgaveskriving Musikkfaglig universitets- eller høgskoleutdanning på 120 studiepoeng, tilsvarende 4 semester ved Griegakademiet, Institutt for musikk og 30 studiepoeng pedagogikk fra lærerutdanning. Praksisundervisning gis på fire områder: hovedinstrument, ensemble, grunnskole og videregående skole. Det forutsettes at tilpasset opplæring inngår i arbeidet med alle emnene. Emnet kan gjennomføres på to eller fire semester. Undervisningen i fagdidaktikk vil foregå på formiddagstid. Praksis kan foregå både på dagtid, kveldstid og helger, eller i forbindelse med konserter, prosjekter o.l. Praksis vil ha kontinuerlig veiledning. Studentene har rett til veiledning på prosjektoppgave og fagdidaktikkoppgave. Studiet krever evne til selvstendig tilegning av pensumlitteratur og evne til muntlig og skriftlig drøfting og analyse av praksiserfaringer i lys av pensumlitteraturen. Som forberedelse til eksamen oppøves disse ferdighetene gjennom diskusjoner, studentpresentajoner, skriftlige prøver og hjemmearbeider. All undervisning er obligatorisk. Fravær på mer enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. Praksis og instrumentspesifikk fagdidaktikk krever 100% fremmøte. Obligatoriske undervisningsaktiviteter må være godkjent før innlevering av eksamensarbeider. Gjennomførte obligatoriske undervisningsaktiviteter har gyldighet på to semester. Didaktikkundervisning: Musikkdidaktisk teori 24 t Fagdidaktikk for grunnskoleundevisning 24 t Åpen forelesningsserie i instrumentaldidaktikk 24 t Ensembledidaktikk 24 t Fagdidaktikk for undervisning i videregående skole 24 t Instrumentspesifikk instrumentaldidaktikk. 24 t Praksisundervisning: Praksis har et totalt omfang på 12-14 ukers fulltids studium. Studentene skal i løpet av studiet undervise 100 timer, som normalt fordeles slik: Praksis i grunnskoel 25 t Praksis i kulturskole/frivillig musikkliv 25 t Ensemblepraksis 25 t Praksis i videregående skole 25 t Andre obligatoriske undervisningsaktiviteter: Skriftlig semesterprøve, 5 t Praktisk undervisningforløp klasse, ca 30 min Instrumentaldidaktikkoppgave, ca 10 s. Praktisk prøve i ensembleledelse, ca 30 min. Etter gjennomført studium vil studentene motta spørreskjema der de blir bedt om å evaluere alle deler av studiet. Vurdering av den enkelte students praktiske lærerdyktighet skjer i samarbeid mellom øvingslærere og faglærere. Vurdering baseres på observasjon av studentens undervisning, veiledningsamtaler og dokumenter studenten har produsert. Øvingslærer har hovedansvar for den avsluttende vurderingen. Vurderingen uttrykkes med karakterene bestått/ikke bestått. Eksamen består av to skriftlige innleveringer: praksisrapport (ca. 20 sider) og fagdidaktikkoppgave (ca. 10 sider) og muntlig ev. muntlig/praktisk eksamen. Muntlig eksamen (ca. 30 min.) vil ta utgangspunkt i skriftlige arbeider, pensum og målene for fagenheten. Karakteren i fagdidaktikk fastsettes på grunnlag av en samlet vurdering av eksamens-prestasjonene. Dersom skriflige innleveringer vurderes til ikke bestått, gjennomfører kandidaten ikke muntlig/praktisk eksamensdel. Det gis bokstavkarakterkarakter. Eksamenskommisjonen består av faglærer(e) og to sensorer, hvorav minst en ekstern. Eksamen arrangeres normalt i vårsemesteret med anledning til ny eksamen i høstsemesteret.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga starter i haustsemesteret og er organisert over to semester. Det kan være aktuelt å gjennomføre deler av undervisninga som helgesamling. Emnet inneheld arbeid med korps under veiledning, direksjon, partiturarbeid og ensembledidaktikk. inneholder veiledet arbeid med korps, direksjon, partiturarbeid og ensembledidaktikk. Emnet organiseres normalt gjennom samarbeid med Norges Musikkorps Forbund (NMF). Læringsmål Emnet skal lære studenten til å mestre direksjonsteknikk samt utvikle evne til å formidle uttrykk og interpretasjon for eit ensemble. Det vert stilt krav om 120 studiepoeng i musikk tilsvarande dei to fyrste åra ved Griegakademiet, Institutt for musikk. Det vert halde opptaksprøve for alle som søkjer. Studentane tek aktivt del i øvingar, konsertar og andre typer prosjekt (f.eks. innspeling) knytt til undervisninga. Eigeninnsats er sett saman av forbereiing av eige direksjonsrepertoar, innøving og øving med øvingsensemble utan veileiar. Fellesprosjekter med andre studieemner (t.d. ulike tilbod innan arrangering, orkestering og komposisjon) er aktuelt når tilhøva ligg til rette for det. Det vert utarbeidd ein undervisningsplan som meir detaljert beskriv obligatoriske aktivitetar med fylgjande element: - praksis og observasjon - praksisrapport - partiturarbeid med vekt på arrangering/instrumentasjon - 3 konsertframføringer Studenten skal laga ein komposisjon, eit arrangement eller eit orkestreringsarbeid av 3-5 minutt lengde som vert framført i samband med eksamenskonsert. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktiviterar er gjennomførte og godkjende før eksamen. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. Eksamen vert gjennomført som konsert der studenten leier innstudering og fremføring av 30 minutt repertoar. Ekstern sensur. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F. Evaluering skjer i form av spørreskjema. Det vert utarbeida skriftlig rapport av emneansvarleg. Instituttets faglige leiing skal ha jevnlig kontakt med studentanes fagutvalg.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. Gjennom emnet skal studenten: - tileigne seg kunnskap, innsikt og ferdigheit i å akkompagnere/delta i samspel med instrumentalistar og songarar i breiast mogleg repertoar - utvikle musikalsk fleksibilitet, samarbeidsevne, kreativitet og formidlingsevne - stimulerast til å diskutere og verbalisere musikalske problemstillingar. Fagleg innhald MUV2121 (15 studiepoeng over to semester) rettar seg primært mot studentar med piano som hovudinstument, men studentar med hovudinstrumenta cembalo, orgel eller gitar kan òg søkje. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår. Gjennom studiet skal studenten arbeide med: - Eigen ferdigheit, interpretasjon og tileigning av repertoar. - Primavista-spel Faget kan òg omfatte kor-repetisjon og partiturspel, for cembalo, orgel og dessutan generalbass. Individuell rettleiing og samspelrettleiing står sentralt. Det er ein føresetnad at det blir inngått faste samspelsavtalar med medstudentar på ulike instrument. Det er påkravd med akkompagnement av minst èin songar. og samspel/akkompagnement, og med tekst- og språkforståing innan song. Studenten blir rådd til å følgje den undervisninga som blir gjeve i samband med fellesfora for vokalstudentar eller andre relevante akkompagnementsfora. - individuell rettleiing - fellestimar. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Repertoarkrav: Minimum 60 minutt med variert repertoar. Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (evt. 15. november), godkjent av faglærar. Stduenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innan 15. april (evt. 15. november). Studenten vel eit eksamensrepertoar på 20 min frå sitt repertoar (sjå ovanfor). Dette skal framførast som konsert. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F. Intern sensur. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. Gjennom emnet skal studenten: - tileigne seg kunnskap, innsikt og ferdigheit i å akkompagnere/delta i samspel med instrumentalistar og songarar med breiast mogleg repertoar - utvikle musikalsk fleksibilitet, samarbeidsevne, kreativitet og formidlingsevne - stimulerast til å diskutere og verbalisere musikalske problemstillingar. Fagleg innhald MUV2123 byggjer på MUV2121 eller tilsvarande, og rettar seg primært mot studentar med piano som hovudinstrument, men studentar med hovudinstrumenta cembalo, orgel eller gitar kan òg søkje. Innanfor dette emnet skal studenten velge én av følgjande: fordjuping innanfor ein epoke, ein sjanger eller eit bestemt instrumentfag komplettering i bredda, dvs. at studenten skal ha akkompagnert songarar, strykarar og blåsarar i løpet av emna MUV2121 og MUV2123. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår. MUV2121 eller tilsvarande må vere gjennomført. Gjennom studiet skal studenten arbeide med: - eigen ferdigheit, interpretasjon og tileigning av repertoar - primavista-spel. Faget kan òg omfatte kor-repetisjon og partiturspel, for cembalo, orgel og dessutan generalbass. Individuell rettleiing og samspelrettleiing står sentralt. Det er ein føresetnad at det blir inngått faste samspelsavtalar med medstudentar på ulike instrument. Det er påkravd med akkompagnement av minst èin songar. Repertoaret bør òg omfatte verk for strykarar og blåsarar. Studenten blir rådd til å følgje den undervisninga som blir gjeve i samband med fellesfora for vokalstudentar eller andre relevante akkompagnementsfora. Emnet kan samordnas med MUV217 Musikkdramatikk når forholda ligg til rette for det. - individuell rettleiing - fellestimar Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Repertoarkrav: Minimum 60 minutt med variert repertoar. Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (evt. 15. november), godkjent av faglærar. Stduenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innan 15. april (evt. 15. november). Studenten vel eit eksamensrepertoar på 30 min frå sitt repertoar (sjå ovanfor). Dette skal framførast som konsert. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F. Det blir normalt nytta ekstern sensur. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. Emnet skal saman med hovudinstrument gje studenten eit utvida kunstnarleg og teknisk fundament for kreativ, allsidig og sjølvstendig arbeid som musikar. Fagleg innhald Emnet MUV2151 skal utvikle utøvande ferdigheit, kunnskap og formidlingsevne i song eller på instrument. Emnet er eit bi-instrumentstudium og kan bli tilbode på instrument med eigne fagtradisjonar og eige repertoar, instrument som òg kan bli tilbode som hovudinstrument ved mange utdanningsinstitusjonar. Historiske variantar av hovudinstrument (til dømes cembalo, hammerklaver og barokke stryke- og blåseinstrument) kan studerast som biinstrument om tilhøva ligg til rette for det med tanke på lærekrefter. Instrumentalstudium som ligg nær opp til hovudinstrumentet kan i somme høve studerast som "spesialinstrument" (sjå eigen studieplan). Emnet blir ikkje tilbode på instrument som blir forventa å tilhøyre hovudinstrumentstudiet. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår. Opptaksprøve: 10 min sjølvvalt repertoar. Emnet fokuserer på: - eigen ferdigheit - instrumentkunnskap/stemmefysiologi - interpretasjons- og repertoarkunnskap - samspel. Eigen ferdigheit: Studenten skal utvikle grunnleggjande teknisk og musikalsk ferdigheit gjennom individuell rettleiing, eiga øving og samspel. Instrumentkunnskap/stemmefysiologi: Studenten skal få kjennskap til konstruksjonen, verkemåten og historikken til instrumentet/stemma. Det blir vist til relevant litteratur. Interpretasjons- og repertoarkunnskap: Studenten skal arbeide med minst to relevante sjangrar og/eller stilartar. Ensemblespel: Studenten bør vere med i ensemble (inkludert duo) med relevant spelerepertoar. - individuell rettleiing - fellestimar relatert til instrument/instrumentfamilie. Det inngår ingen akkompagnatørressurs i fageininga. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Repertoarkrav: Studenten skal innstudere minst 30 min repertoar, der 10 min er ensemblespel. Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (evt. 15. oktober), godkjent av faglærar. Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innen 15. april (evt. 15.oktober). Eksamen skal gjennomførast som ei konsertframføring av eit repertoar på 10 - 15 min, der inntil 5 min skal vere samspel. Vanskegraden på eksamensrepertoaret skal kvalifisere for opptak til MUV2152. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd. Det blir normalt nytta intern sensur. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. Emnet skal saman med hovudinstrument gje studenten eit utvida kunstnarleg og teknisk fundament for kreativ, allsidig og sjølvstendig arbeid som musikar. Fagleg innhald Emnet byggjer på gjennomført MUV2151 eller tilsvarande, og skal vidareutvikle utøvande ferdigheit, kunnskap og formidlingsevne i song eller på instrument. Emnet er eit bi-instrumentstudium og kan bli tilbode på instrument med eigne fagtradisjonar og eige repertoar, instrument som òg kan bli tilbode som hovudinstrument ved mange utdanningsinstitusjonar. Historiske variantar av hovudinstrument (til dømes cembalo, hammerklaver og barokke stryke- og blåseinstrument) kan studerast som bi-instrument om tilhøva ligg til rette for det med tanke på lærekrefter. Instrumentalstudium som ligg nær opp til hovudinstrument kan i somme høve studerast som "spesialinstrument" (sjå eigen studieplan). Emnet blir ikkje tilbode på instrument som blir forventa å tilhøyre hovudinstrumentstudiet. Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk og at MUV2151 eller tilsvarande er gjennomført. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår. Emnet fokuserer på: - eigen ferdigheit - instrumentkunnskap/stemmefysiologi - interpretasjons- og repertoarkunnskap - samspel. Eigen ferdigheit: Studenten skal utvikle grunnlegjande teknisk og musikalsk ferdigheit gjennom individuell rettleiing, eiga øving og samspel. Instrumentkunnskap/stemmefysiologi: Studenten skal få kjennskap til konstruksjonen, verkemåten og historikken til instrumentet/stemma. Det blir vist til relevant litteratur. Interpretasjons- og repertoarkunnskap: Studenten skal arbeide med minst to relevante sjangrar og/eller stilartar. Ensemblespel: Studenten bør vere med i ensemble (inkludert duo) med relevant spelerepertoar - individuell rettleiing - fellestimar relatert til instrument/instrumentfamilie. Det inngår ingen akkompagnatørressurs i fageininga. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Repertoarkrav: Minst 60 min repertoar (kan inkludere repertoar fra MUV2151 Biinstrument I), der 20 min er ensemblespel. Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (evt. 15. oktober), godkjent av faglærar. Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innen 15. april (evt. 15.oktober). Eksamen skal gjennomførast som ei konsertframføring av eit repertoar på 20 min, deler kan vere samspelsrepertoar. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar frå A til F. Det blir normalt nytta ekstern sensur, om eksamen kan samorganiserast med eksamen i tilsvarande hovuddisiplin Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret. Emnet kammermusikk er ope for instrumentalistar og songarar som ønskjer å utvide samspelserfaringa si i ei fast kammermusikkgruppe. Emnet kan òg, om tilhøva ligg til rette for det, veljast av studentar med komposisjon som hovuddisiplin. Studenten vil då, i samarbeid med dei utøvande studentgruppene, arbeide med komponering, innstudering og framføring av eigenkomponert musikk. Emnet kvalifiserer for opptak til Kammermusikk II. Gjennomført første studieår eller tilsvarande. Søkjarar med utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar må kunne dokumentere tilsvarande bakgrunn. Ei eiga prosjektskisse skal leggjast ved søknaden. Prosjektskissa, som blir vurdert av faglærarar, skal innehalde opplysningar om: - kven som er med i ensemblet (alle medlemane i ensemblet må individuelt søkje denne fageininga og føre opp same verk i prosjektskissa), ensemblet skal normalt ha 3-9 medlemer, men i særskilde høve kan òg duoar aksepterast. - Kva verk som blir føreslått innstudert/komponert (minst to verk), og speletida til verka. - Kven ein ønskjer som ansvarleg hovudrettleiar for prosjekta. Studenten skal, saman med dei andre medlemene i ensemblet, innstudere og framføre minst to verk (til saman minst 30 min). Det blir lagt stor vekt på individuell innsats og gruppearbeid. Grupperettleiing. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før oppmelding til eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Dette gjeld for heile gruppa. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane. Eksamen omfattar to til fire framføringar som normalt skal gjennomførast i løpet av 2. semester. Intern sensur med minst to faglærarar. Komposisjonsstudentar skal leggje fram partitur i samband med eksamensframføringane. Alle framføringane må vere godkjende. Godkjent framføring gjeld berre i den gruppa ein er teken opp til emnet i. Framføringane gjeld i to semester etter ordinært eksamenstidpsunkt. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret. Emnet kammermusikk II er ope for instrumentalistar og songarar som ønskjer å arbeide vidare i ei fast kammermusikkgruppe. Emnet kan òg, om tilhøva ligg til rette for det, veljast av studentar med komposisjon som hovuddisiplin. Studenten vil då, i samarbeid med dei utøvande studentgruppene, arbeide med komponering, innstudering og framføring av eigenkomponert musikk. Emnet byggjer på Kammermusikk I eller tilsvarande. Gjennomført emna MUG101 og kammermusikk I eller tilsvarande. Ei eiga prosjektskisse skal leggjast ved søknaden. Prosjektskissa, som blir vurdert av faglærarar, skal innehalde opplysningar om: - Kven som er med i ensemblet (alle medlemane i ensemblet må individuelt søkje denne fageininga og føre opp same verk i prosjektskissa), ensemblet skal normalt ha 3-9 medlemer, men i særskilde høve kan òg duoar aksepterast. - Kva verk som blir føreslått innstudert/komponert (minst to verk), og speletida til verka. - Kven ein ønskjer som ansvarleg hovudrettleiar for prosjekta. Studenten skal, saman med dei andre medlemene i ensemblet, innstudere og framføre minst to verk (til saman minst 30 min). Det blir lagt stor vekt på individuell innsats og gruppearbeid. Grupperettleiing. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før oppmelding til eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Dette gjeld for heile gruppa samla. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane. Eksamen omfattar to til fire framføringar som normalt skal gjennomførast i løpet av 2. semester. Intern sensur med minst to faglærarar. Komposisjonsstudentar skal leggje fram partitur i samband med eksamensframføringane. Alle framføringane må vere godkjende. Godkjent framføring gjeld berre i den gruppa ein er teken opp til emnet i. Framføringane gjeld i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. Studenten skal gjennom prosjekt og arbeid med scenisk grunntrening, regi og instruksjon tileigne seg innsikt i musikkdramatikk og dei ulike elementa knytt til musikkteaterproduksjon. Fagleg innhald Emnet høver for studentar med song som hovuddisiplin, og som ønskjer å fordjupe seg i musikkdramatikk. Det er ein føresetnad at studenten har gjennomført første studieår ved institutt for musikk med song som hovuddisiplin, eller tilsvarande. I særskilde høve (etter opptaksprøve) kan òg studentar med song som bidisiplin få studieplass. Emnet skal gje studenten kunnskap og erfaringar med: - kroppen som uttrykksmiddel - form og innhald i musikkdramatiske verk - scenografiske og teatertekniske verkemiddel - scenisk grunntrening - regi Emnet vil delvis samorganiserast med andre vokalstudium ved instituttet. Undervisninga omfattar fellesførelesingar og prosjektarbeid, og blir gjennomført i samsvar med ein eigen semesterplan. Det blir lagt stor vekt på gruppearbeid. I tillegg kjem tilrådd litteratur, innspelingar o.a. som det er ein føresetnad at studenten set seg inn i på eiga hand. Prosjektarbeid omfattar: - Deltaking i scenisk produksjon med profesjonell instruktør. - Praksis i eksternt musikkteaterprosjekt, godkjent av instituttet. Det kan vere på profesjonelt/semiprofesjonelt nivå. Det kan òg vere i samarbeid med frivillig musikkliv/musikkskular, grunnskular eller annan utdanningsinstitusjon. Praksisarbeidet kan utførast som songar/skodespelar eller som produsent, inspisient, scenearbeidar eller av ein annan teaterteknisk karakter. - Fellestimar - rettleia prosjektarbeid i gruppe. Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Dette gjeld for heile gruppa samla. Eksamen er scenisk framføring av prosjektarbeid. Intern sensur. Karakter: Greidd/Ikkje greidd. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. Emnet fokuserer på sentrale aspekt innan kunstmusikk frå ca. 1950 og fram til i dag, innanfor komposisjon, improvisasjon, utøving og interpretasjon. Fagleg innhald Emnet tek utgangspunkt i musikk frå vår eiga nære fortid og fram til vår eiga tid. Emnet høver godt for utøvarar både innan klassisk og jazz, og komponistar som ønskjer ein introduksjon til dei musikalske uttrykksformene i samtida. Gjennomført første studieår ved Griegakademiet, eller tilsvarande. Emnet omfattar: - ulike former for notasjon - sceniske verkemiddel - eksperimentelle teknikkar og særskilde effektar for ulike instrument - bruk av lydfesta materiale - elektroniske verkemiddel - intonering og mikrointervallar Studenten innstuderer to kontrasterande verk som blir framført på konsert. Det eine verket skal òg presenterast munnleg, og det andre skal omtalast i ein programtekst (1-2 sider). Gjennom eit eige lyttepensum skal studenten få kjennskap til og oversyn over sentrale samtidsverk. Det blir òg arbeidd med "intuitiv musisering," dvs. eksperimentering med grunnleggjande element (tonar, rytme, dynamikk og klangfarge) og former i musikken. - førelesingar - gruppearbeid - ensembleprøvar - konsertframføringar Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Eksamen omfattar ei vurdering av tre delar: 1. Konsertframføring, skal normalt gjennomførast i slutten av 1. semester. 2. Lytteprøve, skal normalt gjennomførast i midten av 2. semester. 3. Konsertframføring, skal normalt gjennomførast i slutten av 2. semester. Alle delane må vere greidde. Kvar del er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Kvar del skal vurderast av minst to interne faglærarar. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd. Den faglege leiinga ved instituttet skal òg ha jamleg kontakt med fagutvalet til studentane.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester. Emnet skal saman med hovudinstrument gje studenten eit utvida kunstnarleg og teknisk fundament for kreativ, allsidig og sjølvstendig arbeid som musikar. Fagleg innhald Emnet skal utvikle utøvande ferdigheit, kunnskap og formidlingsevne på spesialinstrument, dvs. eit instrument som står i nær slektskap med studenten sitt eige hovudinstrument, t.d. orkesterinstrument som kontrafagott, engelsk horn, bassklarinett, piccolo o.l. I tvilstilfelle skal programleiar avgjere kva instrument som kan studerast som spesialinstrument. Det blir fokusert på: - grunnleggjande teknisk og musikalsk ferdigheit - instrumentkunnskap - interpretasjon- og repertoarkunnskap knytt til relevante sjangrar og epokar. - samspel Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår. Greidd prøvespel med 10 min sjølvvalt repertoar. Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing. Ensemblespel kan inngå der det er relevant. Studenten bør ta del i fellesfora relatert til instrument/instrumentfamilie. Det inngår ingen særskild akkompagnatørressurs, men studenten kan eventuelt organisere dette sjølv med ein annan student, eller nytte hovudinstrumentakkompagnatøren etter avtale, og innanfor den totalramma som er gjeven. Studenten fører repertoarliste. - Individuell rettleiing - Minimum 2 framføringar i løpet av studieåret Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Studenten skal innstudere minst 60 min repertoar i løpet av fageininga. Eksamen omfattar ei vurdering av 2 framføringar i løpet av studieåret. Framføringane er gyldige i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Framføringane blir vurdert av minst to interne faglærarar. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd. Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
1 - 25 26 - 50 51 - 75 76 - 100 101 - 125 126 - 150 151 - 175 176 - 200 201 - 225 226 - 250 251 - 275 276 - 300 301 - 325 326 - 350 351 - 375 376 - 400 401 - 425 426 - 450 451 - 475 476 - 500 501 - 525 526 - 550 551 - 575 576 - 600 601 - 625 626 - 650 651 - 675 676 - 700 701 - 725 726 - 750 751 - 775 776 - 800 801 - 825 826 - 850 851 - 875 876 - 900 901 - 925 926 - 950 951 - 975 976 - 1000 1001 - 1025 1026 - 1050 1051 - 1075 1076 - 1100 1101 - 1125 1126 - 1150 1151 - 1175 1176 - 1200 1201 - 1225 1226 - 1250 1251 - 1275 1276 - 1300 1301 - 1325 1326 - 1350 1351 - 1375 1376 - 1400 1401 - 1425 1426 - 1450 1451 - 1475 1476 - 1500 1501 - 1525 1526 - 1550 1551 - 1575 1576 - 1600 1601 - 1625 1626 - 1650 1651 - 1675 1676 - 1700 1701 - 1725 1726 - 1750 1751 - 1775 1776 - 1800 1801 - 1825 1826 - 1850 1851 - 1875 1876 - 1900 1901 - 1925 1926 - 1950 1951 - 1975 1976 - 2000 2001 - 2025 2026 - 2050 2051 - 2075 2076 - 2100 2101 - 2125 2126 - 2150 2151 - 2175 2176 - 2200 2201 - 2201