Vår Engelsk. Emnet skal gi ei fordjuping innan eit tema knytt til samfunn, kultur og teknologi. Temaet vil variera frå semester til semester, og innfallsvinkelen kan til dømes vere historisk, kjønnskritisk, etnografisk, mediekritisk eller filosofisk. Studentar skal utvikle evna til å reflektere kritisk omkring korleis teknologi påverkar og blir påverka av samfunnet. Dei skal kjenne og kunne bruke teoretiske omgrep og perspektiv på ein fruktbar måte. Emnet byggjer på HUIN106 eller tilsvarande grunnkunnskap om teknologi og samfunn. Ein reknar med at studentar har noko erfaring med akademisk skriving. Undervisninga er seminarbasert og det vert forventa at studentane tek aktivt del. Det vil vere ei obligatorisk oppgåve. Emneansvarleg avgjer omfang og innhald. Ved semesteroppgåve som eksamensform: Rettleiing er obligatorisk for alle studentar, og skal baserast på minimum to rettleiingsmøter. For å kunne gå opp til eksamen krevst det at studenten har deltatt i minst 75 prosent av undervisninga i emnet og i dei aktivitetane som undervisninga omfattar. Kursdeltaking blir godkjent av kursleiar. Eksamen kan vere ein skoleeksamen, mappevurdering eller ei rettleia semesteroppgåve. Eksamensforma blir bestemt av den som underviser i emnet og blir kunngjort saman med emnet. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. Alternativ 1: Heimeeksamen Eksamen er ein sju dagars skoleeksamen på 3500-5000 ord. Alternativ 2: Mappevurdering Studentane leverer inn ei mappe som inneheld eit utval av dei skriftlege arbeida dei har jobba med i løpet av semesteret. Mappa kan setjast saman av ulike element: diskusjonsinnlegg (f.eks. nettbasert diskusjonsforum), korte og/eller lengre oppgåver og artikkelsamandrag. Alternativ 3: Rettleia semesteroppgåve Eksamen i emnet er ei rettleia semesteroppgåve på omlag 5000 ord, som skal leverast i to maskinskrivne eksemplar. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet. Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk. Det vert undervist på engelsk om naudsynt. Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i Digital kultur. I dette emnet skal studentane arbeida med ei praktisk utviklingsoppgåve i digital kultur, eller gjere systematiske studiar av eksisterande teknologiar og/eller IKT-løysingar. Det praktiske utviklingsarbeidet kan til dømes dreia seg om utvikling av eit program, eit undervisningsopplegg, ein nettstad eller utvikling av ein informasjonsarkitektur. Arbeidet skal leia fram til eit produkt, i samanheng med ein realistisk brukskontekst. Arbeidet kan gjerne skje i eit miljø utanfor instituttet. Saman med det praktiske resultatet skal det liggja ved ein rapport på om lag 10 sider som sett prosjektet i samanheng med tidligare forsking og utvikling gjort innan feltet, dokumenterer arbeidsprosessen, analyserer resultatet, og gir ei eiga evaluering av prosess og resultat. Dersom ein vel å analysere eksisterande teknologiar kan det skje i ein konkret empirisk brukskontekst eller ein kan studere meir generelle aspekt som t.d. usability eller dei kulturelle implikasjonane denne har. Analysen skal vere på om lag 20 sider. Problemstilling og opplegg for prosjektet skal godkjennast av ein faglærar. Emnet skal gi studentane realistisk erfaring i arbeidet med å utforma, gjennomføra og evaluera eit praktisk utviklingsarbeid. Prosjektarbeidet skal gi arbeidsmessig relevant erfaring, og trena studentane i å knyta saman dei teoretiske og praktiske sidene av faget. DIKULT 301 DIKULT105, DIKULT205 eller tilsvarande. Det vil bli arrangert eit seminar over 5 til 7 gonger i tilknyting til emnet, i tillegg til at det blir gitt rettleiing. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. For å kunne gå opp til eksamen krevjast det at studenten har deltatt i minst 75 prosent av undervisninga i emnet og i dei aktivitetane som undervisninga omfattar. Det blir stilt krav om aktivitet i form av seminarinnlegg. Kursdeltaking vert godkjend av kursleiar. Grunnlaget for karaktersetjinga er resultatet av prosjektet og rapporten som skal følgja med. Det er i tillegg ein justerande munnleg prøve. Eksamen vert halden både vår og haust. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. PhD-studentar får karakteren bestått/ikkje bestått. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår. Engelsk. Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i Digital Kultur. Emnet skal gi ei forskingsbasert fordjuping innan eit tema knytt til informasjonsteknologiar samfunn, kultur. Emnet tek sikte på å formidla både forskingsperspektiv, og fordjuping i eit konkret applikasjonsområde. Vektlegginga av tema og val av applikasjonsområde vil variera frå semester til semester. Innfallsvinkelen kan til dømes vere historisk, kjønnskritisk, etnografisk, mediekritisk eller filosofisk. Studentar skal utvikle evna til å etablere ein sjølvstendig forskingsbasert refleksjon og argumentasjon om korleis teknologi påverkar og blir påverka av samfunnet og korleis nye kulturelle dimensjonar kjem til uttrykk. Studentane skal få kjennskap til sentrale intellektuelle debattar om tematikken og nytta slike perspektiv på ein fruktbar måte. Etter gjennomført kurs vil studentane kunne visa til og utvikla ei forskingsbasert forståing av sentrale kjenneteikn ved informasjonssamfunn, digital kultur og kunne argumentera heilheitleg om menneskelege dimensjonar ved informasjons- og kommunikasjonsteknologiar. Avlagt DIKULT206 eller tilsvarande er ein fordel. Kjennskap til akademisk skriving og bibliografiske standardar er eit krav. Emnet er fleirfagleg og byggjer på DIKULT106: Kultur og normer i informasjonssamfunnet og DIKULT206: Kritiske innfallsvinklar på teknologi og samfunn I eller tilsvarande. Interesse for og fagleg bakgrunn i humanoria, samfunnsvitskap eller estetiske fag er ein fordel. Innsikt i informasjonsteknologi utover basiskravene ved faget er ikkje påkravd, men vil koma til nytte. Undervisninga er seminarbasert og det vert forventa at studentane tek aktivt del. Deltakarane vil i den grad det er mogleg få kunne fordjupa seg i sentrale spørsmål med direkte relasjon til planlagd masteroppgåve eller PhD. Om del melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfrista 1. februar / 1. september. Det vil vere ei obligatorisk oppgåve. Emneansvarleg avgjer omfang og innhald. Obligatorisk oppgåve kan ikkje inngå som ein del av masteroppgåva eller doktorgradsavhandling, men kan relaterast aktivt til sentrale spørsmål i masteroppgåva. Emneansvarleg avgjer tvilstilfelle. Rettleiing er obligatorisk for alle studentar, og skal baserast på minimum to rettleiingsmøte. Eksamen i emnet er ei rettleia semesteroppgåve på omlag 5000 ord, som skal leverast i tre maskinskrivne eksemplar. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. PhD-studentar får karakteren bestått/ikkje bestått. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust/Vår Norsk. Det vert undervist på engelsk om naudsynt. Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i digital kultur. Mastergradsoppgåva er eit større skriftleg arbeid som skal vera resultat av ei sjølvstendig utforsking av ein relevant problemstilling i humanistisk informatikk. Oppgåva kan kombinera teoretiske, metodiske og teknologiutviklande perspektiv. Emnet for oppgåva blir valt i samråd med rettleiar. Mastergradsavhandlinga er eit arbeid med forskingskarakter, og målet er å arbeida fram ny, relevant kunnskap. Eit vellukka mastergradsarbeid krev praktisk dugleik, til liks med analytiske og kreative evner. Emnet for oppgåva blir valt i samråd med rettleiar. Gjennom arbeid med masteroppgåva skal studentane opparbeide seg evne til å finne fram til og handsama relevante problemstillingar på ein sjølvstendig måte. Masteroppgåva skal dokumentera studentanes evne til sjølvstendig arbeid, og visa at dei meistrar vitskapelege arbeidsteknikkar, teoriar og metodar. Etter gjennomført kurs skal studentane: vera i stand til å planlegga og gjennomføre eit større sjølvstendig prosjekt, kunne produsere akademiske tekstar på eit høgt nivå. Gjennomført og bestått DIKULT301 / HUIN301 Gjennomført fire emne på 300-nivå. Arbeidet med mastergradsoppgåva skjer med individuell rettleiing. Ved slutten av første semester av mastergradsstudiet skal det oppnemnast ein rettleiar for studentane. I prinsippet kan emnet for masteroppgåva veljast fritt i samråd med rettleiaren, innanfor dei totale rammene til faget, og ut frå eigne interesser og faglege føresetnader. Instituttet vil likevel rå til at studenten vurderer grundig om han eller ho vil delta i ei prosjektgruppe som blir leia av faglærarar med særskild interesse og kompetanse for prosjektområdet. Det kan vera svært krevjande å gjennomføra ei masteroppgåve viss ein er fagleg og personleg isolert. Det er elles høve til å lata rettleiaransvaret bli delt på meir enn éin person, og det er mogleg å knyta oppgåva til konkrete behov i ulike institusjonar eller bedrifter. Slike faktorar vil kunna vera med på å hindra isolasjon for dei som ikkje er med i ei prosjektgruppe. Dersom hovudrettleiaren skal vera ein person utanfor faget, må denne godkjennast av instituttet. Det er høve til å levera masteroppgåva som del av eit større prosjektarbeid, men arbeidsinnsatsen som er knytt til prosjektet, må kunna evaluerast individuelt. Det vil til dømes seia at éin person kan stå for programmering, medan ein annan står for utviklingsarbeid i tilknyting til innhald og design. Det er også mogleg at fleire personar deltek med like oppgåver i eit større prosjekt, men då innanfor klart avgrensa område. Masteroppgåva er til vanleg på mellom 50-110 sider (lineavstand 1,5 og teiknstorleik 12). Minimum på 50 sider gjeld for oppgåver som har ei programteknisk vinkling, medan maksimum på 110 sider er for oppgåver av teoretisk eller meir deskriptiv karakter. Studentane skal leggja fram ei prosjektskisse i løpet av det første semesteret. Tema, særdrag og omfang på oppgåva skal godkjennast av rettleiaren. Oppgåva skal også leverast i digitalt format. Alle masterstudentar må skriva ein kontrakt med Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. I kontrakten blir rettar og plikter for partane presiserte. Retten til å ha rettleiar er til dømes tidsavgrensa. Fristar for innlevering av masteroppgåva blir fastsette av Det humanistiske fakultet, som også har hovudansvaret for innhaldet i kontrakten. Eksamen er knytt til ei fagleg vurdering av mastergradsoppgåva. Etter at karakteren for oppgåva er fastsett, går studenten opp til munnleg eksamen. Her blir studenten eksaminert i sjølve mastergradsoppgåva. Den munnlege prøven justerer karakteren på masteroppgåva med inntil éin bokstav. Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F, der E er siste ståkarakter. Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium E-post: studierettleiar@lle.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Engelsk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje UA om å få gå opp til særskild eksamen. Ein kan ikkje få utteljing for både ENG101 og ENG111 (10 stp) eller ENG112 (5 stp). Studiet i fonetikk tek sikte på å gi studentane auka dugleik i og kunnskap om engelsk uttale. Studiet i grammatikk skal gi studentane ei innføring i enkel grammatisk teori og auka dugleik i rett bruk av engelsk. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk. ENG101 omfattar fonetikk og grammatikk. Fonetikkstudiet tek for seg grunnprinsippa for skildring og klassifisering av språklydar, med særleg vekt på lydsystemet i britisk engelsk (Received Pronunciation) eller amerikansk engelsk (General American). Ein legg vekt på uttale av enkeltord så vel som samanhengande tale. Det blir gitt ei innføring i prinsippa for ordtrykk og forenkling av lydkombinasjonar, trykk og rytme i ytringar og hovudtrekka i engelsk intonasjon. Grammatikkstudiet gir ei praktisk og teoretisk innføring i grunnleggjande tema i engelsk grammatikk, t.d. setningsanalyse, substantivet (inkl. samsvarsbøying), artiklar, pronomen, verbet. Ein legg vekt på ulikskapar mellom norsk og engelsk. Ingen Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. Undervisninga føreset kunnskapar tilsvarande EXFAC00SK Språk og kommunikasjon . Ein vil sterkt rå til at studentane har teke denne eksamenen før dei byrjar på engelskstudiet. Førelesing: 4 timar pr veke Grupper: 2 timar pr veke Det er ingen obligatoriske oppgåver, men kvar student kan få levere inn skriftlege oppgåver i fonetikk og grammatikk. Det blir arrangert eksamen i ENG101 kvart vårsemester. Eksamen er ein seks timars skoleeksamen. Ingen hjelpemiddel er tillatte ved eksamen. For å stå til eksamen må studentane greie minstekravet i kvart av dei to områda som er nemnte under Læringsutbyte/resultat . Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Engelsk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. På grunn av fagleg overlapping kan ein ikkje få utteljing for ENG125 i kombinasjon med ENG123/ENG124. Studiet har som mål å gi studentane auka innsikt i og kunnskap om britisk litteratur og kultur, og gjere dei i stand til å uttrykkje seg klart og presist om litterære og kulturelle spørsmål, både skriftleg og munnleg. ENG125 gir ei grunnleggjande innføring i britisk litteratur og kultur. Studentane skal utvikle evne til kritisk haldning til og sjølvstendig vurdering av pensumtekstane. Kurset gir ei innføring i tekstanalyse i dei litterære hovudmodusane prosa, drama og lyrikk. Dugleiken til å ta for seg både formelle og tematiske trekk blir oppøvd. Gjennom tolking og analyse av ei rekke litterære verk, vil det óg bli gitt ei forståing av dei viktigaste epokane og utviklingstrekk innafor britisk litteratur frå renessansen til vår eiga tid. Verka og epokane blir tolka i høve til viktige trekk av si tids samfunnstilhøve og politiske kontekst. Ingen Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skule med gode karakterar. Førelesing: 2 timar 2-3 gongar pr veke i 13 veker Seminar: 2 timar pr veke i 7 veker Ingen Det blir arrangert eksamen kvart semester med påfølgjande midtsemestereksamen. Eksamen er ein 6 timars skriftleg skuleeksamen. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisningen blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår og haust Engelsk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje UA om å få gå opp til særskild eksamen. I engelsk språk på 200-nivå kan ein ta eit kurs som kan utgjere enten ENG211 eller ENG251. Kurset tek opp ulike tema i engelsk språkhistorie og moderne engelsk lingvistikk. ENG211 eller tilsvarande er ein valfri del av spesialiseringa i engelsk. Studentar som tek to emne i engelsk på 200-nivå, vel anten emna ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251. Studiet skal gi utvida kunnskap om engelsk språk i eit moderne og historisk perspektiv. I tillegg har studentane øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk. Ingen Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet, og dessutan ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 (ENG123/ENG124) eller tilsvarande. Seminar: 4 timar pr veke i 12 veker Ingen Eksamen i ENG211 blir arrangert kvart semester. Eksamen er ein skriftleg seks timars skoleeksamen. Det blir gitt oppgåver både frå språkhistorie og moderne engelsk lingvistikk. Ein må greie eksamen i begge delane for å få ståkarakter i emnet. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Engelsk Opptak på integrert lærarutdanning med engelsk. Ein kan ikkje få utteljing for både ENG211 og ENG211L. Studiet skal gi utvida kunnskap om engelsk språk i eit moderne og historisk perspektiv. I tillegg har studentane øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk. Ingen Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet, og dessutan ENG101, ENG106/ENG106L, ENG122/ENG122L, ENG125 eller tilsvarande. Seminar: 4 timar pr veke i 12 veker Ingen Eksamen i ENG211L blir arrangert kvart semester. Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen. Det blir gitt oppgåver både frå språkhistorie og moderne engelsk lingvistikk. Ein må greia eksamen i begge delane for å få ståkarakter i emnet. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår og haust Engelsk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje UA om å få gå opp til særskild eksamen. ENG212 gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema. ENG212 eller tilsvarande er ein valfri del av spesialiseringa i engelsk. Studentar som tek to emne i engelsk på 200-nivå, vel anten emna ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251. Studiet skal gi utvida kunnskap om litteraturen og/eller kulturen i dei engelskspråklege landa, og øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk. Ingen Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Dessutan bør dei ha fullført ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 (ENG123/ENG124) eller tilsvarande. Seminar: 2 timar pr veke i 12 veker Teoriseminar: 2 timar pr veke i 10 veker Ingen Eksamen i ENG212 blir arrangert kvart semester. Eksamen er ein skriftleg seks timars skoleeksamen. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Engelsk Opptak på integrert lærarutdanning med engelsk. Ein kan ikkje få utteljing for både ENG212 og ENG212L. ENG212L gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema. ENG212L + ENG251 eller ENG211L + ENG252 er ein obligatorisk del av den integrerte lektorutdanninga. Studiet skal gi utvida kunnskap om litteraturen og/eller kulturen i dei engelskspråklege landa, og øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk. Ingen Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Dessutan bør dei ha fullført ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 eller tilsvarande. Seminar: 2 timar pr veke i 12 veker Teoriseminar: 2 timar pr veke i 10 veker Ingen Eksamen i ENG212L blir arrangert kvart semester. Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen der det blir gitt oppgåver frå engelskspråkleg litteratur og/eller eit kulturrelatert tema. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår og haust Engelsk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. I engelsk språk på 200-nivå kan ein ta eit kurs som kan utgjere anten ENG251 eller ENG211. Kurset tek opp ulike tema i engelsk språkhistorie og moderne engelsk lingvistikk. I ENG251 skriv studentane bacheloroppgåve i eit tema frå kurset. Studentane i samråd med faglærar vel kva tema som skal danne utgangspunkt for bacheloroppgåva. ENG251 eller ENG252 eller tilsvarande er ein obligatorisk del av spesialiseringa i engelsk. Studentar som tek to emne i engelsk på 200-nivå, vel anten emna ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251. Studiet skal gi utvida kunnskap om engelsk språk i eit moderne og historisk perspektiv. I tillegg har studentane øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk. Ingen Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet, og dessutan ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 (ENG123/ENG124) eller tilsvarande. Seminar: 4 timar pr veke i 12 veker Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med bacheloroppgåva. Minimum to rettleiingsmøte er obligatoriske. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som vert sette av faglæraren. Studentar som ikkje fylgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet. Eksamen i ENG251 blir arrangert kvart semester. Eksamen er ei rettleidd bacheloroppgåve på 4-5000 ord (tilsvarande 12-15 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i bacheloroppgåva. Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter. Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel bacheloroppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår og haust Engelsk Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. ENG252 gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema. ENG252 eller ENG251 eller tilsvarande er ein obligatorisk del av spesialiseringa i engelsk. Studentar som tek to emne i engelsk på 200-nivå, vel anten emna ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251. Studiet skal gi utvida kunnskap om litteratur og/eller kultur. Arbeidet med semesteroppgåva skal øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk. Ingen Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Dessutan bør dei ha fullført ENG101, ENG106, ENG122, ENG125 (ENG123/ENG124) eller tilsvarande. Seminar: 2 timar pr veke i 12 veker Teoriseminar: 2 timar pr veke i 10 veker Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med bacheloroppgåva. Minimum to rettleiingsmøte er obligatoriske. Studentane pliktar å halda dei fristane for innleveringar og rettleiing som vert sette av faglæraren. Studentar som ikkje fylgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet. Eksamen i ENG252 blir arrangert kvart semester. Eksamen er ei rettleidd bacheloroppgåve på 4-5000 ord (tilsvarande 12-15 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i bacheloroppgåva. Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter. Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel bacheloroppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vårsemesteret (6. semester av lærarutdanningsprogrammet) Engelsk og norsk Fagdidaktikk i engelsk er ein del av engelsklærarutdanninga på universitetet. Sentralt i studiet er spørsmål knytt til elevane sin kompetanseutvikling i engelsk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling. Et grunnleggjande spørsmål er korleis ein kan utvikle engelskfaglig kunnskap og relatere denne til det å være engelsklærer. Særskilt viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar støtter opp om arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring. Fagdidaktikk i engelsk er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga. Slik vil ein vise fram ein sams kunnskapsteoretisk samanhang for alle språk- og kulturfag og tydeleggjere likelydande danningsmål for språkfaga i skulen. Fagdidaktikk i engelsk bygger på Examen Scholae og 100-nivå i engelsk. For å kunne gå opp til eksamen i engelsk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av obligatoriske aktivitetar vil gå fram av semesterplanar. Studentane skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med fastsette prosedyrar for undervisningsevaluering Eksamensforma er ei rettleidd semesteroppgåve og ei munnleg prøve med førebuingsdel. Semesteroppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Det blir gitt eigen karakter for kvar av dei to prøvene, og ved utrekning av samla karakter blir dei to prøvene vekta likt. Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F. Engelsk institutt studieveileder.eng@uib.no
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vårsemesteret, 6. semester i integrert lektorutdanning for studentar som tar faget som fag I. Engelsk og norsk. Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet. Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet engelsk fagdidaktikk innanfor to hovudområde: Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning Tilrettelegging for læring Studentane skal: ha innsikt i språk, tekst og sjanger og kunne sjå desse i eit kulturperspektiv ha innsikt i engelsk som danningsfag og dugleiksfag kunne lage undervisingsopplegg der arbeidsformar og innhald er knytt til grunnleggjande fagforståing og innsikt i læringsprosessar i engelskfaget kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet Minimum 60 studiepoeng i engelsk på 100-nivå i språk og litteratur inkludert 5 studiepoeng engelsk fagdidaktikk. 2 forelesingar i 6 veker 2 seminar i 2 (3) veker (talet på studentar avgjer), obligatorisk framlegging For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterar eit undervisningsopplegg og drøftar det i lys av fagdidaktisk teori. Eksamensforma er ein heimeeksamen på 7 dagar med oppgitt emne, ca 2500 ord. Oppgåva vert skriven på engelsk. Nærare retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet. Studentar som er utanlands i semesteret har same eksamen som dei andre studentane med mindre det finst kompatible fagdidaktikkeiningar ved institusjonen dei oppheld seg ved. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F der F er stryk. Undervisinga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Institutt for framandspråk, e-post: studierettleiar@if.uib.no Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Engelsk Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB. ENG305 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, fonologi, syntaks, kognitiv lingvistikk, omsetjingsteori, pragmatikk, sosiolingvistikk, historisk lingvistikk eller kombinasjonar av desse. Emnet tek sikte på å gi utvida kunnskapar om engelsk språk, og å øve opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar. Studentar skal utvikle teoretisk innsikt i språkvitskaplege problemstillingar og praktisk dugleik som kan komme til nytte i arbeidet med masteroppgåva. Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Seminar: 2 timar pr veke i 12 veker Se Alternativ 2 og 3 under Vurderingsformer Det blir arrangert eksamen i ENG305 kvart semester. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylte for å kunne møte til eksamen. Eksamen i ENG305 kan vere ein skoleeksamen, mappevurdering eller ei rettleidd semesteroppgåve. Eksamensforma blir fastsett av den som underviser i emnet og blir kunngjord saman med emnet. Våren 2010 er eksamen ein seks timars skoleeksamen. Alternativ 1: Skoleeksamen Eksamen er ein seks timars skoleeksamen. Alternativ 2: Mappevurdering Studentane leverer inn ei mappe som inneheld eit utval av dei skriftlege arbeida dei har jobba med i løpet av semesteret. Mappa kan setjast saman av ulike element: diskusjonsinnlegg (f.eks. nettbasert diskusjonsforum), korte og/eller lengre oppgåver og artikkelsamandrag. Alternativ 3: Rettleidd semesteroppgåve Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 7500 ord, som skal leverast i tre maskinskrivne eksemplar. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Engelsk Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB. Emnet er eit spesialisert studium i eit tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur frå eit kritisk og teoretisk perspektiv. Innhaldet i emnet vil variera frå semester til semester. Kurstilbodet kan omfatta britisk, amerikansk, og/eller annan engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Tekstmaterialet kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane vil lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv. Etter fullført emne skal studenten kunne drøfte tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur frå ein kritisk og teoretisk ståstad, og med ei analytisk tilnærming. Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Seminar: 2 timar pr veke i 12 veker Ingen Det blir arrangert eksamen i ENG306 kvart semester. Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over oppgitt tema. Heimeeksamen skal vere på mellom 3000 og 3300 ord, og skal leverast i tre maskinskrivne eksemplar. I tillegg er det ei munnleg prøve, som får eigen karakter. Når den endelege karakteren for emnet skal fastsetjast, tel heimeeksamen tre firedelar og den munnlege prøva ein firedel. Kandidatar som får karakteren F på heimeeksamen, får ikkje gå opp til munnleg prøve. Kandidatar som får F på den munnlege prøva, får F som endeleg karakter for emnet. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisningen blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Haust Engelsk Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB. ENG307 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk, engelskspråkleg litteratur, engelskspråkleg kultur, eller i eit emne av tverrfagleg karakter. Det vil variere frå semester til semester om det vert tilbod om kurs både i lingvistikk og litteratur/kultur. Kurs i lingvistikk er spesialiserte studium i tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Tilbodet kan til dømes vera kurs med tema frå anvendt lingvistikk, fonologi, syntaks, kognitiv lingvistikk, omsetjingsteori, pragmatikk, sosiolingvistikk, historisk lingvistikk eller kombinasjonar av desse. Kurs i litteratur/kultur er spesialiserte studium i eit tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur frå eit kritisk og teoretisk perspektiv. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Kurstilbodet kan omfatte britisk, amerikansk og/eller annan engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Tekstmaterialet kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane vil lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv. Emne i lingvistikk tek sikte på å gi utvida kunnskapar om engelsk språk, og å øve opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar Studentar skal utvikle teoretisk innsyn i språkvitskaplege problemstillingar og praktisk dugleik som kan komme til nytte i arbeidet med masteroppgåva. Kurs i litteratur og/eller kultur skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Seminar: 2 timar pr veke i 12 veker Ingen Det blir arrangert eksamen i ENG307 kvart semester. Eksamen er ein seks timars skoleeksamen. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Engelsk Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB. ENG309 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, fonologi, syntaks, kognitiv lingvistikk, omsetjingsteori, pragmatikk, sosiolingvistikk, historisk lingvistikk eller kombinasjonar av desse. Emnet tek sikte på å gi utvida kunnskapar om engelsk språk, og å øve opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar. Studentar skal utvikle teoretisk innsikt i språkvitskaplege problemstillingar og praktisk dugleik som kan komme til nytte i arbeidet med masteroppgåva. Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Seminar: 2 timar pr uke i 12 uker Se Alternativ 2 og 3 under Vurderingsformer Det blir arrangert eksamen i ENG309 kvart semester. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylte for at ein skal kunne møte til eksamen. Eksamen i ENG309 kan vere ein skoleeksamen, mappevurdering eller ei rettleidd semesteroppgåve. Eksamensforma blir fastsett av den som underviser i emnet og blir kunngjord saman med emnet. Våren 2010 er eksamen ein seks timars skoleeksamen. Alternativ 1: Skoleeksamen Eksamen er ein seks timars skoleeksamen. Alternativ 2: Mappevurdering Studentane leverer inn ei mappe som inneheld eit utval av dei skriftlege arbeida dei har jobba med i løpet av semesteret. Mappa kan setjast saman av ulike element: diskusjonsinnlegg (f.eks. nettbasert diskusjonsforum), korte og/eller lengre oppgåver og artikkelsamandrag. Alternativ 3: Rettleidd semesteroppgåve Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 7500 ord, som skal leverast i tre maskinskrivne eksemplar. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Engelsk Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB. Masteroppgåva er eit vitskapleg arbeid i spesialdisiplinen til studenten, og kan med fordel ha tilknyting til eit av dei valte masteremna. Ved fullført mastergrad skal kandidaten - ha brei generell kunnskap innanfor faget og dybdekunnskapar innanfor eit avgrensa område - ha grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen - kunna arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar - kunna setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet - kunna skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget - kunna gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer - kjenna normene for akademisk skriving - kunna bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet - sjølvstendig kunna halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering - kunna uttrykkja på engelsk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde - kjenna til relevante kommunikative sjangrar - kunna ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Tilrådd startgrunnlag for masteroppgåva er kursdelen av mastergradsstudiet i engelsk. Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde studiesemesteret. Prosjektskisser og utkast til delar av masteroppgåva blir lagde fram på work-in-progress-seminar der studentane mellom anna vil få rettleiing i formelle og metodiske aspekt ved oppgåveskrivinga. Ein ventar at studentane på ein aktiv måte tek del i den seminarrekkja som ligg nærast opp til eige emneområde, både ved å presentere eigne innlegg og ved å ta del i diskusjonar om det andre legg fram. Det er spesielt viktig at studentane tek del i dette seminaret dei to semestra dei arbeider med oppgåva. Studenten får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttstyrar. Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva så tidleg som mogleg i andre semester. Som ledd i arbeidet med masteroppgåva skal studentane halde og få godkjent tre innlegg ved eitt av instituttet sine work-in-progress-seminar for masterstudentar (lingvistikk eller litteratur og kultur): 1. ei prosjektskisse med ein kort bibliografi, 2. eit utkast til eit kapittel av masteroppgåva, 3. ein kommentar til kapittelutkastet til ein av dei andre studentane. Det første innlegget skal helst haldast i løpet av studenten sitt andre undervisningssemester. Innlegg nummer to og tre skal haldast i 3. eller 4. semester. Det blir arrangert eksamen i ENG350 kvart semester. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylte for at ein skal kunne møte til eksamen. Endeleg mastergradseksamen (d.v.s. innlevering av masteroppgåva og avsluttande munnleg prøve) kan gjennomførast i byrjinga og slutten av kvart semester. Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret. Masteroppgåva skal skrivast på engelsk og vere på mellom 70 og 110 sider. Den munnlege prøva har tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren for masteroppgåva opp eller ned med ein karakter. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vårsemesteret, 8. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar med engelsk som førstefag. Engelsk og norsk Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet. Emnet skal gi studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde: - Strategiar for språkkompetanse - Tekstforståing og læringsprosessar - Rettleiing og vurdering Studentane skal kunne: - drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring og kompetanseutvikling. - undersøke læring i eige klasserom i engelskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg. - rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst og kultur, og kunne vurdere elevane sitt læringsutbytte. - vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til dei ulike emna i skolefaget, og kunne grunngi val og vurderingar i samsvar med eige fagsyn. - kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet. 100-nivå og 200-nivå i engelsk språk, litteratur og engelsk fagdidaktikk: 100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skolen i 7. semester. Ingen Forelesing: 2 timar i 8 veker Seminar: 2 timar i 2 veker For å kunne gå opp til eksamen må studentane - ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer ein eller fleire pensumtekstar og drøftar han/dei i lys av eigne erfaringar og språksyn. - ha levert eit førsteutkast til prosjektoppgåva Eksamensforma er ei rettleia prosjektoppgåve der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet. Oppgåva vert skriven på engelsk. Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, kor F er stryk. Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. studieveileder@if.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Undervisninga er lagd til vårsemesteret. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, unntaksvis engelsk EUR102 Innføring i europeiske kulturar er eit samarbeid mellom følgjande språkfag ved Institutt for framandspråk: engelsk, fransk, italiensk, russisk, spansk og tysk . Emnet er sett saman av 2 hovuddelar: 1) Dagens samfunn sett i historisk perspektiv: Kulturell og nasjonal identitet, religion, skole, kjønnsroller, etniske grupper, fleirspråklegheit, innvandrarkulturar. 2) Media, litteratur og kunst: Film, visuell kunst, skjønnlitteratur, litteraturhistorie, fjernsyn og andre media si rolle. Andre tema enn dei føreslått her kan vere aktuelle innanfor kvar av gruppene. Studiet krev generell studiekompetanse. Undervisninga blir gitt i form av 40 timar (20 dobbelttimar) forelesingar. Studium og undervisning blir evaluerte kvart vårsemester. Eksamenssvara kan skrivast på eit skandinavisk språk eller engelsk og består av to sjølvstendige delar som tel respektive 40% og 60% av den samla karakteren. For å få samla karakter i emnet må begge eksamensdelane vere greidd. Del I (40% av samla karakter): Ei 4-vekers semesteroppgåve som består av eit essay på ca 2500 ord. Kvar student kan få inntil ein halv time rettleiing på grunnlag av innlevert disposisjon til oppgåva. For å kunne avleggje eksamen i eit semester utan undervisning, må oppgåva ha blitt levert inn i eit undervisningssemester. Del II (60% av samla karakter): Ein 4-timars skriftleg eksamen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Engelsk Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet tar sikte på å gje studentane ei grunnleggjande innføring i hovuddrag av Europa sin økonomi med vekt på kunnskap om og innsikt i europeisk økonomisk utvikling og dei utfordringane europeiske økonomi møter i dag. Emnet skal gje oversikt over viktige prosessar som har ført fram mot våre dagars europeiske økonomi. I undervisninga blir hovudvekta lagt på den demografiske og økonomiske utviklinga i Europa i etterkrigstida. Hovuddelar er: Økonomisk vekst og strukturendringar etter andre verdskrig. Det inkluderar utvikling og bruk av menneskelege og tekniske ressursar så vel som innovasjon. Tilpassing til ulik ressursfordeling, herunder og endringar i folkesetnaden. Globalisering, europeisk økonomisk samling etter sosialismen sitt samanbrot i Aust-Europa. Emnet er obligatorisk for studentar på bachelorprogram i Europastudiar, men emnet kan og studeras av andre. Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie. Kunnskapar: Ved fullført emne skal studenten ha kunnskap om utviklinga av institusjonar, system og prosessar som har påverka europeisk historie sidan 1945. Studenten skal kjenne til sentrale teoriar og debattar om denne utviklinga. Ferdigheiter: Studenten skal vise evne til å vurdere historiske problemstillingar kritisk. Studenten skal også demonstrere ferdigheiter gjennom å analysere faglitteratur, og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette. Generell kompteanse: Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid. Ingen Gode kunnskapar i engelsk er viktig. Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (normalt 15 førelesningar). Ingen 6-timars skriftleg skuleeksamen. Obligatoriske arbeidskrav må vera gyldige for å kunna møte til eksamen. Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret). Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Utdanningsavdelinga. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Emnet vert evaluert jamleg. Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 23 09/ 55 58 30 70 Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk Ope emne FIL 105 skal gje ei innføring i moderne sinnsfilosofi. Denne disiplinen tek opp tilhøvet mellom dei mentale eller psykologiske aspekta ved ein person og personen si kroppslege side. Temaet har ein historie som går tilbake til tidleg gresk filosofi, men i ein moderne kontekst representerer Descartes' dualisme den klassiske utfordringa som ulike sinnsfilosofiske retningar i det 20. hundreåret har prøvd å overvinne. Emnet har til føremål å presentere dei viktigaste moderne alternativa til denne dualismen, samt å syne at vi framleis slit med nokre av Descartes' grunnproblem, trass i framsteg i mange delspørsmål. Eit spørsmål som er særskilt aktuelt innan kognitiv vitskap er om kunstig intelligens er mogleg, eller om i det minste det menneskelege medvitet kan oppfattast som ei datamaskin. Dette spørsmålet vert teke opp i ein meir generell filosofisk kontekst innan emnet sinnsfilosofi. Etter fullført emne skal studentane ha tileigna seg eit oversyn over dei viktigaste retningane innan moderne sinnsfilosofi på ein måte som er relevant for studentar på dei ulike faga som er med i bachelorprogrammet i kognitiv vitskap. Minimum eit semesters fagstudium utover førstesemesterstudiet. Undervisninga er basert på førelesningar og kollokvium, og det vert rekna med aktiv deltaking frå studentane. Førelesningar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar. Kollokvia: 2 timar per veke i 12 veker, totalt 24 timar. Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane. Studentar må gje svar på 12 mindre spørsmål som dei får utdelt i byrjinga av semesteret. Svara må vere godkjende for at ein skal få gå opp til endeleg eksamen (5-timars skuleeksamen). 5-timars skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Eksamen vert arrangert kvart semester. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til skuleeksamen i emnet. Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning. Karakterskala frå A til F Emnet vert evaluert med jamne mellomrom. studierettleiar@fof.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
Vår Norsk FIL111 erstattar FIL101. Ope emne Emnet omfattar lesing av utvalde filosofiske originaltekstar frå antikken fram mot i dag, samt lesing av filosofihistoriske oversiktsverk. Med utgangspunkt i utvalde originaltekstar og med støtte i sekundærlitteratur, vil sentrale og grunnleggjande filosofiske problemstillingar verte tematiserte. Spørsmålet om kva filosofi er vil stå sentralt i arbeidet med tekstane, likeins filosofiske teoriar om til dømes kunnskap, vitskap, moral, samfunn, politikk, religion og kunst. Spørsmålet om tradisjonen og filosofihistoria si verdi for filosofien sin eigenart vil verte diskutert, med utgangspunkt i både eldre og nyare filosofiske originaltekstar. Kjønnsperspektivet vil vere representert i litteraturen og undervisninga. Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å: - lese filosofiske originaltekstar frå ulike historiske epokar på eiga hand - gjere greie for dei grunnleggjande filosofiske problemstillingane som finst i tekstane - kunne plassere tekstane i ein filosofihistorisk samanheng. Examen philosophicum og Akademisk skriving Undervisninga er basert på førelesningar, seminar og grupperettleiing. Det vert rekna med aktiv deltaking frå studentane Førelesningar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar. Seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar. Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane. - Studentar må gje skrifteleg svar på 6 av 12 spørsmål med innlevering annankvar veke. Svara må vere godkjende for at ein skal få oppgåva sensurert. - Obligatorisk deltaking på 8 av 13 seminar. 1 vekes heimeoppgåve på mellom 3000 og 5000 ord. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva sensurert. Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning. Karakterskala frå A til F Emnet vert evaluert med jamne mellomrom. studierettleiar@fof.uib.no Bergen
Score: 6.1839666 Details | Listing | Web page
1 - 25 26 - 50 51 - 75 76 - 100 101 - 125 126 - 150 151 - 175 176 - 200 201 - 225 226 - 250 251 - 275 276 - 300 301 - 325 326 - 350 351 - 375 376 - 400 401 - 425 426 - 450 451 - 475 476 - 500 501 - 525 526 - 550 551 - 575 576 - 600 601 - 625 626 - 650 651 - 675 676 - 700 701 - 725 726 - 750 751 - 775 776 - 800 801 - 825 826 - 850 851 - 875 876 - 900 901 - 925 926 - 950 951 - 975 976 - 1000 1001 - 1025 1026 - 1050 1051 - 1075 1076 - 1100 1101 - 1125 1126 - 1150 1151 - 1175 1176 - 1200 1201 - 1225 1226 - 1250 1251 - 1275 1276 - 1300 1301 - 1325 1326 - 1350 1351 - 1375 1376 - 1400 1401 - 1425 1426 - 1450 1451 - 1475 1476 - 1500 1501 - 1525 1526 - 1550 1551 - 1575 1576 - 1600 1601 - 1625 1626 - 1650 1651 - 1675 1676 - 1700 1701 - 1725 1726 - 1750 1751 - 1775 1776 - 1800 1801 - 1825 1826 - 1850 1851 - 1875 1876 - 1900 1901 - 1925 1926 - 1950 1951 - 1975 1976 - 2000 2001 - 2025 2026 - 2050 2051 - 2075 2076 - 2100 2101 - 2125 2126 - 2150 2151 - 2175 2176 - 2200 2201 - 2201